ÅRSRAPPORT 2022

Verdiskapingsfylket

Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt leiande næringsliv og ein innovativ offentleg sektor

Oppsummering av status for 2022:

Skaparkraft, programmet for langsiktig omstilling av næringslivet og satsing på berekraftig eksport, vart operasjonalisert frå 1. januar 2022 og programmet delte ut 15,7 millionar kroner i tilskot til 22 ulike prosjekt. Formålet med programmet er å styrke eksportnæringane i fylket og stimulere til utvikling av nye næringar gjennom samarbeidsprosjekt og tilskotsordningar innanfor fire satsingsområde: Grøne industrielle løft, Smart teknologi, Fornybar energi og Kompetanse i og for næringslivet.

Gründertenesta hoppid.id er utvikla vidare og bidrog til 338 nye forretningsidear og alle kommunane har fått kompetanseheving Reiselivsnæringa har fått støtte til marknadsføring av fylket og det er gjennomført samlingar i dei fire bedriftsnettverka der reiselivsbedrifter, matprodusentar og kulturaktørar samarbeider om nye produkt. Det er ei eiga satsing på kulturarven vår langs historiske strekningar, det er gitt tilskot til utvikling av profesjonell kunst og kultur og det er gitt to filmstipend.

Det er ein tydeleg auke i forskings- innovasjons og digitalseringsprosjekt som fylkeskommunen finansierer og deltek i. Det gjeld innan alle fagområda i fylkeskommunen. Prosjektet Digi Møre og Romsdal har bidratt til kompetanseheving på digitalisering både i fylkeskommunen og i alle kommunane.

Fylkeskommunen har i 2021 prioritert store ressursar på å gjere transportsystemet trygt, smart og miljøvennleg, og tilpassa innbyggjarane og næringslivet sine behov. Fylkesstrategi for samferdsel er førande for arbeidet.

Ein viktig føresetnad for å ta del i det grøne skiftet, er å ha tilgang på klimanøytral energi. Det er i 2022 fullført konseptvalsutgreiing for framtidig Kraftnett Nordmøre og Romsdal.

Fylkeskommunen har i 2022 lagt grunnlaget for å styrke arbeidet med seriøst arbeidsliv i fylket i den nye fylkesstrategien og modellen for seriøst arbeidsliv.

Møre og Romsdal skal ha eit omstillingsdyktig næringsliv som grip moglegheitene i det grøne skiftet og opprettheld og styrkar si internasjonale konkurransekraft

  • Gjennom programmet Skaparkraft er det gitt tilskot til utviklingsprosjekt på 15,7 mill. kroner til 22 ulike prosjekt. Dette har utløyst utviklingsarbeid til ein verdi på 28,8 mill. kroner når eigenandelen frå søkar vert medrekna. (Ev lenke til - Årsrapport for Skaparkraft kommer – det blir lagt inn lenke så snart den er klar)
  • Produksjon og nyskapande prosjekt har blitt stimulert gjennom den nye tilskotsordninga Profesjonell kunst og kultur. 1 million kroner vart delt ut til 14 mottakarar innan alle kunstnarlege uttrykk.
  • Det har blitt arbeidd med ei stimulering av kunstfelta film og scenekunst. To filmstipend er lyst ut med søknadsfrist 15. februar 2023.
  • Gjennom programmet Ein Bit av Historia, har fylkeskommunen bidratt til å utvikle kulturminne- og miljø som eit berekraftig produkt i reiseliv. Dette er primært gjort gjennom tilskotsordninga Verdiskaping langs historiske ferdselsårer, og Kulturarv i reiseliv.

Møre og Romsdal skal skape fleire og betre nyetableringar og løfte fram bedrifter med potensial for vekst og internasjonalisering

  • Alle kommunar har deltatt på kompetansehevande tiltak i regi av hoppid.no
  • Høg aktivitet i næringslivet har gitt noko lågare tal nyetableringar i 2022 samanlikna med året før.
  • Kulturavdelinga og kompetanse- og næringsavdelinga samarbeider om innsiktsanalyse for kulturell og kreativ næring. Denne legg grunnlaget for nye tiltak som skal styrke næringa.
  • Nytt tilskot til verdiskaping innan kulturell og kreativ næring er lyst ut.

Møre og Romsdal skal vere leiande i arbeidet med å skape lokale og miljøvennlege produkt og tenester, basert på lokale ressursar og lokal kultur

Møre og Romsdal skal styrke omstillings- og innovasjonsevna, utnytte digitale moglegheiter, og auke bruken av forsking, internasjonalt samarbeid og innovative innkjøp

  • Det er gitt 26 mill. kroner i tilskot til 32 prosjekt frå Regionale forskingsfond Møre og Romsdal og 8 prosjekt frå MobPro - forprosjekt for å mobilisere til forskingsbasert innovasjon. Dette har utløyst FoU-arbeid på totalt 66,5 mill. kroner når eigenandel frå tilskotsmottakarane er medrekna.
  • 94 prosent av husstandane i fylket har no fått tilbod om breiband med kapasitet på minst 100 Mbit/s og Møre og Romsdal er no det fylket i landet med best dekning. Du kan lese meir om dekninga av breiband i nyheitssaka vår på mrfylke.no
  • Gjennom Smartere transport i Norge har SINTEF utarbeidd fleire nye forskingsrapportar for prosjektet i Møre og Romsdal. Doktorgradsstipendiaten som er tilsett ved NTNU Ålesund i samband med Smartere transport-prosjektet, kvalitetssikrar no eigne bølgesimuleringsmodellar opp mot faktiske ver- og vinddata frå smarte bøyer utplassert i Valderhaugfjorden. Arbeidet skal på sikt kunne gje god og riktig informasjon til autonome system i passasjerbåtar.
  • FRAM samarbeider med fleire andre fylkeskommunar og kollektivselskap, for å utvikle ei ny mobilitetsplattform. Dette vil gi ny betalingsløysing på alle bussar og hurtigbåtar, og ny nettbutikk og app.
  • Samferdselsområdet har i 2022 bidratt i arbeidet med å revidere Nordsjøkommisjonens handlingsplan for 2030 innanfor transport- og mobilitetsområdet. Gruppa har i tillegg laga ein rapport med oversikt over miljøvenlege og innovative transport- og shippingløysingar i medlemsregionane.
  • Møre og Romsdal 2025 er regional innovasjonspartnar i KS Partnarskap for radikal innovasjon sitt arbeid med ungt utanforskap.
  • Digi Møre og Romsdal (delsatsing i MR2025) - alle kommunane i fylket har inngått avtale om varig digitaliseringssamarbeid frå 1.1.2023.
  • Det er laga utviklingsplan for databasen MøreRom som gir oversikt over lokalhistoriske årsskrift i fylket.
  • Det er samarbeidd med Riksantikvaren om kulturmiljødata med god praksis for informasjon i kulturmiljøforvaltninga.
  • LD studio/DIGGA har laga ei virtuell læringsplattform for å stimulere til meir audiovisuelt innhald i UKM. Rundt 200 barn og unge sjekka ut plattforma og 50 laga innhald i prosjektet.
  • Mollanfilm har laga “Fylgja” - ein interaktiv produksjon i den kulturelle skolesekken (DKS) etter eit innovativt innkjøp i 2021. Produksjonen er laga saman med elevar frå Atlanten ungdomsskole i Kristiansund etter fleire workshops.
  • Det har vorte jobba vidare med å få oppretta eit regionalt kompetansesenter for dans knytt til Operaen i Kristiansund (OIK).
  • Det er inngått eit aktivt eigarskap i Vestnorsk filmsenter
  • Fylkeskommunen deltek i det nasjonale prosjektet DigIn, som skal sørge for fleire og betre digitale innhaldstenester i biblioteka.
  • Forprosjekt for tilskot- og dialogplattforma “min side” er gjennomført. Dialog med KS er oppretta og KS har kome med tilbod om prøveperiode. Det arbeidast videre med korleis KS "min side" kan sjåast i samanheng med programmet "Nye digitale arbeidsformer"
  • Fylkeskommunen har gjennom verdiskapingsprogrammet Ein bit av historia utvikla digitale univers basert på kulturhistorisk forsking gjennom FoU-samarbeid
  • Prosjektarenaen har gjennomført fysiske kurs i prosessleiing for 70 tilsette, i tillegg til webinar og e-læring tilgjengeleg for alle.
  • Prosjektarenaen har vore ein aktiv samhandlingsarena for mange tverrfaglege workshops og samarbeid, både med interne og eksterne deltakarar. Eksempel har det vore samarbeid med internasjonal seksjon for å kartlegge og visualisere prosessar for internasjonalt arbeid for betre tilgjengeleg informasjon.

Møre og Romsdal skal ha eit transportsystem som er trygt, smart og miljøvennleg, og er tilpassa innbyggjarane og næringslivet sine behov

  • I 2022 hadde FRAM ein pilot på FRAM Svipp som er ein bestillingstransport til/frå Ørsta/Volda flyplass. Formålet var å pilotere nye mobilitetsløysingar og betre tilbodet til flyplassen.
  • Det er i 2022 gjennomført 2 891 intervju med reisande og 1 003 webintervju for å måle kundetilfredsheita med kollektivtransporten i fylket. Undersøkingane viser at 90 prosent av dei spurte er svært godt eller godt nøgd med reisa.
  • Det er gjennomført ei kampanje med gratis buss i samband med oppstart av bompengeinnkrevjing i Bypakke Ålesund. Resultatet av bompengar og gratis buss har gitt ein auke i talet på kollektivreiser i Ålesund.
  • Det vart frakta nærmare 4,3 mill. køyretøy på fylkesvegferjene i Møre og Romsdal i 2022. Dette er over 4 prosent meir enn i 2021, og 1 prosent meir samanlikna med 2019, som er siste normalår før pandemien. Samstundes med at talet på køyretøy auka i 2022, gjekk talet for attståande bilar ned med 15 prosent samanlikna med 2019.
  • I 2022 har mobilitetsmiljøet i FRAM på Campus Kristiansund blitt etablert. I denne samanheng har FRAM fokus på å utforme/utvikle transportsystemet og transporttilbodet i samspel med andre aktørar sine tilbod.
  • Samferdselsområdet har starta arbeidet med å utarbeide ein plan for kartlegging av vedlikehaldsetterslep. Det er satt i gang fleire tiltak for å få utarbeidd ein slik plan, og arbeidet blir vidareført i 2023.
  • Samferdselsområdet skal også utbetre tunnelar etter krav i tunnelsikkerheitsforskrifta i samsvar med vedtatt investeringsprogram 2022-31. Her er måloppnåinga i 2022 på 33 prosent. Grunnen til dette er forsinka framdrift i noko av arbeidet, kor oppstart er flytta til februar 2023.
  • To av dei fem store investeringsprosjekta på fylkesvegnettet som vart avslutta i 2022 gjekk over vedteke kostnadsramme, resten var innanfor ramma.
  • Undervegsevalueringa som vart gjennomført mot sluttfasen av Nordøyvegprosjektet, kartla økonomiske verknadar og framtidstru hos nærings- og reiseliv på øyene. Dei ulike aktørane opplevde positiv vekst og økt sysselsetting knytt direkte til bygginga og trur at vegen vil ha positiv verknader i framtida.
  • På fylkesvegnettet vart det i 2022 utført større vedlikehaldstiltak mellom anna på fv. 63 Grande, fv. 5876 Runde og fv. 5948 Fremmerholen.
  • Det er asfaltert om lag 186 km fylkesveg i 2022.
  • Kvart år gjennomfører vi ulike trafikktryggingstiltak langs fylkesvegnettet. Bygging av rundkøyring og gangvegar med gangfelt gir sikrare ferdsel både for mjuke trafikantar og anna trafikk. I 2022 er det utført trafikktryggingstiltak på sju strekningar: fv. 6200 Skjærgådsvegen i Smøla kommunem. fv. 538 Frænavegen i Molde kommun, fv. 6206 Kveldssolvegen i Ålesund kommune, fv. 6102 Kvalvikveien i Kristiansund kommune, fv. 663 Elnesvågvegen og fv. 64 Nåsvegen i Hustadvika kommune og fv. 61 Hareidsvegen i Hareid kommune
  • Skredsikring av Ågothammaren (Eikesdalen i Molde kommune) vart ferdigstilt i 2022.
  • I 2022 starta arbeidet med bygging av gang- og sykkelveg langs fv. 65 mellom Vindøla og Røv i Surnadal kommune.Du kan lese meir om gang- og sykkelveg langs fv. 65 mellom Vindøla og Røv på mrfylke
  • Ny Folla bru i Surnadal vart opna i oktober 2022. Du kan lese meir om prosjektet på mrfylke.no

Møre og Romsdal skal ha eit mangfaldig arbeidsliv som legg til rette for likestilling og inkludering, og som legg reglar og avtalar i arbeidslivet til grunn

  • Fylkestinget vedtok i juni Fylkesstrategi for seriøst arbeidsliv
  • For alle vegprosjekt blir det gjennomført inntakskontroll for kvar nye underentreprenør i tråd med seriøsitetsbestemmingar og kontrakt.
  • Samferdselsområdet hadde mål om å ferdigstille system for kontraktsoppfølging for FRAM i 2022. Arbeidet starta i slutten av 2022, men på grunn av kapasitetsutfordringar vart ikkje arbeidet ferdigstilt og arbeidet blir derfor vidareført i 2023.
  • 17 personar har i samarbeid med NAV fått arbeidstrening fylkeskommunen i 2022.
  • 6 traineear har fått arbeidserfaring i fylkeskommunen i 2022.
  • 27 har hatt læreplass i fylkeskommunen .
  • Inkluderings- og mangfaldsprisen vart tildelt Ekornes for sitt arbeid med å gje fast arbeid til dei som ikkje har det, og for godt samarbeid med flyktningetenesta og NAV.

Møre og Romsdal skal ha nødvendig nettinfrastruktur og god tilgang på klimanøytral energi for vidare utvikling av nærings- og samfunnsliv

  • Det er fullført konseptvalsutgreiing for framtidig Kraftnett Nordmøre og Romsdal.
  • Gjennom Skapakraft-programmet har åtte prosjekt fått støtte på til saman 5 275 000 kroner, sjå eigen årsrapport

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.