Fylkeskommunedirektøren har ordet
Positivt driftsresultat i eit krevjande år
Det er mange grunnar til å vere stolt av det vi fekk til i 2022. I eit krevjande år har vi styrka posisjonen vår som berekraftsfylke, og vi har levert gode tenester til innbyggarane.
Eksempla på dette er mange. Vi er i landstoppen i tal på elevar som gjennomførte vidaregåande opplæring, i mars starta anleggsarbeidet på Campus Kristiansund, og opera og kulturhuset Normoria er i ferd med å bli realisert. Vi opna Nordøyvegen, og sju av dei 20 ferjesambanda våre vart elektrifisert.
Etter to år med pandemi og restriksjonar trudde vi at 2022 skulle bli eit år der vi gjekk tilbake til normalen, men slik vart det ikkje. Året vart prega av den usikre situasjonen i Europa med krig i Ukraina, og ei energikrise som har ført til høg prisvekst og høgt rentenivå. Dette har hatt direkte konsekvensar for fylkeskommunen. Den statlege finansieringa av fylkeskommunen har ikkje halde følgje med den sterke pris- og renteveksten. Så til trass for at vi i 2022 har fått eit positivt driftsresultat, må vi ta grep og omstille driftsnivået vårt til eit berekraftig nivå i åra framover.
Sjølv om vi har utfordingar, så skal vi likevel fortsette oppdraget vårt som berekraftig samfunnsutviklar i åra som kjem. Det er avgjerande at vi ikkje mister utviklingskrafta, og vi skal dei komande åra levere gode tenester til innbyggarane våre innan vidaregåande opplæring, kollektivtransport og tannhelse. Og vi skal bidra til utvikling av kulturtilboda, næringsutvikling og trygge fylkesvegar.
Til
å løyse det viktige samfunnsoppdraget, har vi heldigvis ein sterk og robust
organisasjon med dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Toril Hovdenak, fylkeskommunedirektør