ÅRSRAPPORT 2022

Klimarekneskap 2022

Miljøfyrtårn, klimabudsjett og klimarekneskap er gode styringsverktøy. I 2021 vart fylkeskommunen sitt første klimarekneskap laga.

Eit klimarekneskap skal presentere dei samla utsleppa i form av CO2-ekvivalentar. Målet er å kartlegge dei viktigaste kjeldene og drivarane bak klimagassutsleppa. Då kan ein finne og iverksette tiltak retta mot dei mest sentrale utsleppskjeldene. Klimarekneskapen skal vise om vi klarer å følge opp tiltaka som er beskrive i klimabudsjettet.

Klimarekneskapen som blir presentert i årsrapporten gjeld direkte utslepp frå verksemda til Møre og Romsdal fylkeskommune og samfunnet Møre og Romsdal. Med direkte utslepp meiner vi utslepp frå kjelder verksemda eig eller kontrollerer.

Klimarekneskap for verksemda (2022)

Det vart laga klimabudsjett for 2022, men klimagassreduksjonane som følgje av tiltaka vart ikkje berekna.

Tal for verksemda sine utslepp er henta frå Miljøfyrtårnsertifiseringa vår og inkluderer tal frå samferdselsavdelinga (ferje, hurtigbåt og buss), det er nytta tal frå 2022. Tala frå Miljøfyrtårn inneheld bruk av eigne køyretøy og stasjonær forbrenning til oppvarming (scope 1), innkjøp av energi (scope 2) samt flyreiser og avfall (scope 3). Verksemda jobbar med interne rutinar for å sikre at vi fangar opp alle flyreiser og all køyring knytt til verksemda.

I mangel av samanlikningsgrunnlag er 2019 sett som referanseår, tilsvarande som Samferdsel har gjort i sitt arbeid med å redusere klimagassutsleppa frå kollektivtransporten.

Figuren under viser at dei totale utsleppa i 2022 var på 67 472 tonn CO2-ekvivalentar og at med dei planlagde tiltaka for å fase inn fossilfrie ferjer og bussar vil dei direkte utsleppa frå verksemda bli redusert med meir enn 55 prosent.

I framskrivinga ligg allereie vedtatt tiltak innan elektrifisering av ferjer og nullutsleppsbussar (Rutepakke 1 , 2 og 3). I 2022 vart CO2-utslepp frå kollektivtrafikk med buss, båt og ferje i Møre og Romsdal redusert med 30 prosent samanlikna med 2018. I 2022 vart det skreve ny kontrakt på rutepakke 2 (Averøy, Kristiansund, Aure og Smøla) som inneber store utsleppskutt. Om lag 1,8 mill. rutekilometer vil frå 2024 bli køyrd med nullutsleppskøyretøy.

I tiltaksbana ligg rutepakke 4, 5 og 6, dei var ikkje vedtatt då årsrapporten blei skrive.

Figur 4: Klimagassutslepp frå verksemda basert på tal frå Miljøfyrtårn (MFT) og eigne tal frå samferdselsavdelinga.

Vi har laga ein tabell som viser eit utval tiltak verksemda har jobba med i 2022 for å redusere både direkte og indirekte klimagassutslepp frå eiga verksemd samt tiltak som påverkar andre sine klimagassutslepp.

Tabellen viser status på tiltaka som var beskrivne i klimabudsjett 2022-2025. Det har óg vore jobba med andre tiltak i fylkeskommunen i 2022, som bidreg til reduksjon i både direkte og indirekte klimagassutslepp frå eiga verksemd samt tiltak som påverkar andre sine klimagassutslepp. Sjå kapittel i årsrapporten om resultat. Dei fleste av tiltaka nemnt under Miljøfylket vil vere med å bidra til reduksjon av klimagassutsleppa. Ein del tiltak under Verdiskapingsfylket, Inkluderings- og kompetansefylket og Samarbeidsfylket bidreg også til klimagassreduksjon.

Tala frå Miljøfyrtårn gir ikkje eit komplett bilde av korleis verksemda påverkar klimaet då verken klimagassutslepp knytt til varetransport eller drift av bygg- og anleggsprosjekt er med.

Fylkeskommunen si verksemd fører og til utslepp andre stader som følgje av våre innkjøp (t.d. skulemateriell, inventar og byggematerialar). For å få eit anslag over kor store dei er og kva deler av verksemda som fører til dei største utsleppa andre stader har fylkeskommunen tidlegare berekna klimafotavtrykket frå verksemda ved hjelp av verktøyet Klimakost. Verktøyet er godt egna til å finne område ein bør sette inn tiltak, men ikkje til å spore årleg utvikling. Analysen er derfor ikkje gjenteke for 2022.

Klimarekneskap for samfunnet Møre og Romsdal (2020)

Tal for direkte utslepp for samfunnet Møre og Romsdal er henta frå Miljødirektoratet. Tala kan hentast ut på kommune- eller fylkesnivå, ikkje på verksemdsnivå. I januar 2023 vart statistikken oppdatert med tal for 2021. Utslepp og opptak i sektoren skog og arealbruk inngår ikkje i tala.

Figuren under viser at dei direkte klimagassutsleppa i samfunnet Møre og Romsdal har vore relativt stabile i dei åra rekneskapen er publisert (heiltrukken linje). Frå 2009 til 2021 har utsleppa gått ned 5 prosent. Stipla linje (framskriving) viser korleis det er venta at utsleppa vil minke fram til 2030 basert på dagens politikk og beslutta tiltak. Småprikka linje (målbane) viser korleis utsleppa må minke med 55 prosent fram til 2030 og vidare ned til 95 prosent reduksjon i 2050. Framskrivinga viser at samfunnet ikkje planlegg tiltak som gir stor nok utsleppsreduksjon til at samfunnet når måla som er satt.

Figur 5:Direkte klimagassutslepp i Møre og Romsdal fylke, tonn CO2e.

Fylkeskommunen nyttar 2009 som referanseår for klimamåla for samfunnet Møre og Romsdal. Målbana startar derfor i 2009.

I 2021 fordelte utsleppa i samfunnet Møre og Romsdal seg som i figuren under.

Figur 6: Fordeling av direkte klimagassutslepp i samfunnet Møre og Romsdal i 2021.

Dei største sektorane verksemda har direkte innverknad på utsleppa frå er:

  • sjøfart, passasjer: gjennom ferje- og hurtigbåttilbodet
  • vegtrafikk, bussar: gjennom busstilbodet

Lokale klimamål i Noreg brukte 1991 som referanseår over lengre tid fordi 1991 var det første året SSB publiserte statistikk for klimagassutslepp i kommunane. Denne statistikken blei avslutta i 2009. Etter nokre års opphald begynte Miljødirektoratet i 2019 å publisere statistikk for perioden frå og med 2009. SSB sin avslutta tidsserie for perioden før 2009 er ikkje direkte samanliknbar med Miljødirektoratets nye publisering, og er ikkje oppdatert årleg på same måten. Miljødirektoratet publiserer utsleppsrekneskap for kommunar og fylkeskommunar. Dei leverer ikkje tidsseriar lengre tilbake enn 2009. I klimabudsjett for 2022 tilrådde fylkeskommunedirektøren å flytte referanseåret for klimamåla frå 2005 til 2009.

Noter om framskriving

Verken kommunar eller private verksemder har plikt til å rapportere tiltak for å redusere klimagassutslepp. Fylkeskommunedirektøren har derfor ikkje oversikt over kva tiltak som er planlagt i Møre og Romsdal fylke. Fylkeskommunedirektøren lagde ei enkel framskriving til klimabudsjettet for 2022 for å synleggjere i kva retning fylket er på veg. Dei sist tilgjengelege utsleppstala var da frå 2019 og framskrivinga startar derfor i 2020. Denne framskrivinga ligg inne som stipla grå linje i Figur 2. Det er ikkje brukt ressursar på å lage ei ny framskriving.

I dag finnast det ikkje nasjonale standardar for å lage framskriving og det er krevjande å utarbeide detaljerte framskrivingar. Fylkeskommunedirektøren støtta seg på arbeidet med nasjonale framskrivingar frå Klimakur 2030. Det er viktig å ta inn over seg at framskrivinga er eit anslag. Målemetodane er usikre og framskrivinga er basert på ein del føresetnader som medfører usikkerheit i resultatet. Det er derfor svært sannsynleg at framskrivinga vil kunne endre seg i framtida.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.