- Forside
- 2022 i korte trekk
- Hendingar i 2022
Hendingar i 2022
Januar
MF «Sand» gjekk over til batteri
Av dei 21 ferjesambanda som FRAM har ansvaret for i Møre og Romsdal, er Årvika-Koparnes det sjette som får elektrisk drift.
Gyda: Auka beredskap på fylkesvegane
Meteorologisk institutt og NVE sendte ut farevarsling då ekstremvêret Gyda trefte fylket. Med fare for flaum, skred, vanskelege køyreforhold og stengte vegar, jobba fylkesveg for å leie vatn vekk frå vegane og auka frekvensen på inspeksjonar.
Ville markere Frivilligheita sitt år
Ved inngangen til det nye året, vart alle kommunar i fylket oppmoda til synleggjere den frivillige innsatsen som vert gjort i fylket. Fylkeskommunen la opp til ei samla markering av dei frivillige i veke 23, Vår veke
Halv pris på tannbehandling 21- og 22-åringar
Frå 1. januar 2022 er det offentlege tannhelsetilbodet utvida til å gjelde 21- og 22-åringar.
Februar
Fylkesutvalet fordømmer angrepet på Ukraina
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok i ein uttale at dei står i full solidaritet med ukrainarane sin kamp for fridom og demokrati.
Ny rapport: Møre og Romsdal treng meir kompetanse
Ei rekke bedrifter i Møre og Romsdal slit i dag med å rekruttere relevant kompetansearbeidskraft. Og fram mot 2030 blir det enda meir utfordrande: Aktivitetsnivået blir høgare, mens talet på ungdommar går ned. Det går fram av ein rapport frå Menon, laga for Møre og Romsdal fylkeskommune.
Signerte leigekontrakt i Campus Kristiansund
Devoldholmen Utvikling AS og Høgskolen i Molde signerte leigekontrakt for høgskolen sitt areal i første byggetrinn av Campus Kristiansund. Signeringa er ein svært viktig milepæl i Campus-utviklinga.
Mars
Sa ja til å bruke 20,6 mill. kroner på læremiddel
Utdannings- og kompetanseutvalet vedtok å kjøpe inn nye læremiddel til dei vidaregåande skolane i fylket, både til trykte og digitale læremiddel og læringsressursar.
18 kommunar sa ja til storsatsing på marin kunnskap
Dei skal delta i innsamling av kunnskap og data om havbotn langs kysten. Kartverket, Norges geologiske undersøkelser (NGU) og Havforskingsinstituttet (HI) skal gjennomføre ei nasjonal satsing kalla «Marine grunnkart i kystsonen». Fylkeskommunen var med frå starten.
Ønska å løyve 22 mill. til seks stipendiatstillingar
For å lykkast med omstilling og utvikling i Møre og Romsdal, vil fylkeskommunedirektøren bygge opp og forsterke utdannings- og forskingsmiljøa lokalt. Forskingsmiljøa blir utfordra til å samarbeide om prosjektet for å bygge kapasitet og kunnskap.
Bygginga av Campus Kristiansund i gang
Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe fekk køyre gravemaskina og starte rivinga av rutebilstasjonen i Kristiansund då startskotet for første byggetrinn gjekk. Det markerte at byen skal få ein campus for høgare utdanning, forsking og innovasjon.
Framleis høge søkartal til yrkesfag
Heile 58 prosent av søkarane har søkt om plass på yrkesfaglege utdanningsprogram på vidaregåande, ein nedgang på eit knapt prosentpoeng frå skoleåret 2021-2022.
April
Ungdomspanelet delte ut støtte til ungdomsaktivitetar i fylket
Diskgolfbane på Fiskerstrand, arrangement i Molde dansefestival, ungdomskveldar i Bondalen frilynde ungdomslag og motorsportaktivitet i Sande er blant tiltaka som har fått ungdomsmidlar, til saman 150 000 kroner til ni prosjekt.
Starta arbeidet med ferjekaiene
Ferjesambandet Sølsnes-Åfarnes skal skal no tilpassast dei nye nullutsleppsferjene med nye tilleggskaier, som skal stå ferdige til 2024.
Ulstein vgs. i forskingsprosjekt: Lærer elevar meir ved å bruke penn på pc?
Prosjektet er eit samarbeid mellom NTNU Trondheim, Høgskulen i Volda og Microsoft.
Tilbyr heile fylket opplæring i berekraft
Fylkeskommunen lanserte e-læringskurs om berekraft for kommunar og andre interesserte i fylket. Målet er å auke kunnskapen om og styrke arbeidet med berekraft i regionen ytterlegare.
Mai
Nordmøre blir størst i fylket på elektriske bussar
Nordmøre får den høgaste andelen el-bussar i fylket når Tide Buss AS sin nye avtale med FRAM startar frå 2024. Kontrakten fram til 2033 har ein verdi på nærmare 900 millionar kroner.
Ny tannklinikk styrkar tannhelsemiljøet i Aure
Aure kommune og brukarane har fått ny, moderne tannklinikk. I mai var det offisiell opning. Den blir samlokalisering med privat tannhelseteneste i kommunen.
Inngår avtale om å kartlegge geologiske ressursar i Møre og Romsdal
Fylkeskommune og Norges geologiske undersøkelse (NGU) har inngått samarbeidsavtale om kartlegging av dei geologiske ressursane i fylket. Geofysiske målingar frå helikopter blir gjennomført allereie i løpet av sommaren.
Lærlingar frå Møre og Romsdal i toppen i Yrkes-NM
Møre og Romsdal tok ein gull-, ein sølv- og to bronseplassar i Yrkes-NM på Raufoss denne veka. Det vart medaljeplass både i sveisarfaget, industrimekanikarfaget, automatiseringsfaget.
Juni
Åtte ferjesamband blir gratis
Fylkesutvalet vedtok at åtte ferjesamband i Møre og Romsdal skal få gratis ferje frå 1. juli. Ordninga gjeld øyer i ferjesamband med lite trafikk, med færre enn 100.000 reisande per år.
Vedtok strategi for seriøst arbeidsliv
Fylkestinget vedtok fylkesstrategien for seriøst arbeidsliv og Møre og Romsdal-modellen. Den legg føringar for korleis fylkeskommunen som stor offentleg oppdragsgivar og regional utviklar skal arbeide for eit seriøst arbeidsliv.
Millionstøtte til å utvikle infrastruktur til forsking og innovasjon
ÅKP Digicat, SINTEF Ålesund, Innveno og Ikuben fekke støtte til å finne ut kva utstyr som trengst for å få til meir innovasjon og forsking i fylket.
Rekord: Over 100 millionar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal
Klatreanlegget til Kristiansund fjellklubb, svømmeanlegget i Ulstein Arena og fleirbrukshallen i Idrettens Hus i Molde er blant dei som har fått godkjent store tilskot frå kultur-, næring og folkehelseutvalet. Rekordsummen skuldast overskot hos Norsk Tipping.
Ville støtte innovative arbeidsfellesskap
Coworkingprosjekt i Vatne-Tennfjord, Ulstein, Veiholmen, Romsdal og andre fekk tildelt opp til 1,68 mill. kroner. Målet er at dei nye løysingane skal bidra til til meir attraktive lokalsamfunn og nye arbeidsplassar.
Åtte bibliotek i fylket får midlar til spennande prosjekt
Fylkeskommunen fordelte 500 000 kroner til bibliotekutvikling. Pengane skal mellom anna gå til 200-årsjubileum, interkommunalt LAN og oppsøkande folkeopplysing.
Juli
Gratis buss i to månadar i Ålesundsområdet, Sula og Giske
Frå måndag 22. august og i to månadar kunne du reise gratis med buss i Ålesundsområdet, Sula og Giske og få rabatt på hurtigbåtane. Målet med kampanjen var å få fleire til å bruke kollektivtransport.
«Bytvilling» frå Ålesund gir europeiske byar klimahjelp
Eit EU-prosjekt skal bidra til at byane våre toler klimaendringane. Det skal dei gjere ved hjelp av ein bytvilling, ei digital framstilling av byen. Fylkeskommunen er partnar og ønsker å ta i bruk ny teknologi for å involvere innbyggarane i byutviklinga.
August
Feira opninga av Nordøyvegen
Laurdag 27. august vart det markert at eit av dei mest spektakulære vegprosjekta i landet stod ferdig. Då opna heile Nordøyvegen frå trafikk, frå Skjeltene til Harøya, og ga 2700 innbyggarar på Nordøyane fastlandssamband med resten av Ålesund kommune. Opninga vart feira med talar og folkefest.
Fann vikingsverd i hagen på Vestnes
Heidi Vike Grønningsæter og mannen trudde bitane dei fann i åkeren for to år sidan var gamle restar av ein plog. Arkeolog Bjørn Ringstad var i derimot ikkje i tvil - Dette er eit vikingsverd. Sverdet vart sendt til NTNU for analyse og konservering.
Dobling av jenter som vel bygg- og industrifag i Møre og Romsdal
Ved skolestart var rundt 20 prosent av elevane på bygg- og anleggsteknikk, teknologi- og industrifag og IT og medieproduksjon jenter. Det er nær ei dobling frå 2018.
September
Ukrainske elevar starta i innføringsklassar: Skal sleppe å ha livet på vent
I august sette rundt 50 – hovudsakleg ukrainske – elevar seg på skulebenken på Ørsta, Romsdal, Kristiansund og Borgund vidaregåande skole. Fylkeskommunen oppretta for første gong fire innføringsklassar, for flyktningar mellom 16- og 19 år.
Molde Sjakklubb integrerer ukrainarar
Takka vere integreringsmidlar frå fylkeskommunen har Molde Sjakklubb blitt ein møtestad på tvers av nasjonar, kulturar og språk. Kvar måndag møtes bønder og kongelege på brettet, styrt av flyktningar og nordmenn i fin blanding.
Mesta og Veidekke fekk driftskontraktane på Nordmøre
Mesta og Veidekke skal dei neste fem åra drifte og vedlikehalde fylkesvegane på Nordmøre. Kontraktane har ein verdi på til saman 638 millionar kroner.
Fekk gratis klima- og energirådgiving
Frå 19. september kunne alle kommunar i Møre og Romsdal tilby gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar i fylket. Kampanjen er finansiert av fylkeskommunen og vart levert i samarbeid med kommunane.
No kan du redde Veøya frå vikingangrep
Veøya i vikingtida har blitt til dataspel. Dataspelet Brageskålen er utvikla gjennom ei større satsing på verdiskaping av kulturminne.
Lanserer podkasten Frampå
Fylkeskommunen lanserte sin aller første podkast, Frampå. I første episode snakka vi om det største og mest aktuelle prosjektet for fylket; Nordøyvegen, og med prosjektleiar Marianne Nærø.
Oktober
Fylkesstatistikken: Høgaste fruktbarheit i landet
I 2021 var snittet for kor mange barn kvar kvinne føder gjennom livet på 1,73, i Møre og Romsdal. Dermed ligg vi på topp nasjonalt i fruktbarheit, ifølge tal frå fylkesstatistikken 2022.
Skal utvikle økologisk landbruk i fylket
Norsk landbruksrådgiving Nordvest får eit tilskot på inntil ein million kroner til eit prosjekt som skal utvikle økologisk landbruk i Møre og Romsdal. Pengane skal gå til kompetanseheving, nettverksbygging og erfaringsdeling.
EU-prosjekt skal bidra til at Møre og Romsdal blir ein sirkulær region
Som den einaste fylkeskommunen i landet, deltar Møre og Romsdal i EU-prosjektet «Circular Cities and Regions Initiative» (CCRI). - Dette skal hjelpe oss å til å blir eit meir sirkulært samfunn; bruke ressursane våre lengst mogleg, reparere, bruke om igjen og dele, sa Kristin Hansen, prosjektleiar for Berekraftfylket Møre og Romsdal.
Bygger digital tvilling av solcellepark på Smøla
På oppdrag frå fylkeskommunen skal rådgivingsselskapet COWI bygge ein digital tvilling, ein digital kopi, av eit solkraftverk i vindparken på Smøla. Dette skal bidra til å avdekke potensialet for produksjon av elektrisitet frå solenergi, og moglegheita for å etablere større solcelleparkar i regionen.
November
Inviterte til den store frivilligfesten
I Frivilligheita sitt år 2022, feira fylkeskommunen frivilligheita to dagar til ende, 4. og 5. desember. Vi inviterte til Fylkeskulturkonferansen 2022 og delte ut Frivilligprisen.
Feira skredsikra veg i Eikesdalen
Mange av bygdefolket møtte fram for å feire at skredsikringsarbeidet i den 400 meter høge berghammaren Ågothammaren var ferdig og for at strekninga er blitt betre og sikrare for trafikantane
Aure, Averøya, Ørsta og Volda fekk støtte til sentrumsutvikling
Kultur,- næring- og folkehelseutvalet fordelte i underkant av 7, 5 mill. kr utviklingstiltak som torg, gatemiljø og plassar som bidrar til å skape folkeliv og trivsel i tettstadane.
Byggestart for nye Nerlandsøybrua
Det vart ein liten folkefest da Møre og Romsdal fylkeskommune inviterte til det første spadetaket for den nye Nerlandsøybrua i Herøy kommune. Byggestarten vart markert med bollar, brus, kaker, talar og song av Nerlandsøy skole.
Vil at folk skal oppleve Møre og Romsdal, heile året
Over hundre deltakarar og like mange reiselivsaktørar, tok turen til Åndalsnes då Møre og Romsdal fylkeskommune med samarbeidspartar inviterte til kick off for reiselivsåret 2023. Målet er å få folk til å reise til fylket, bli lenger og oppleve meir.
Stadig høgare andel gjennomfører vidaregåande opplæring
Møre og Romsdal er framleis heilt i toppen i Noreg i andel elevar som fullfører vidaregåande opplæring. Det viser Kvalitetsmeldinga for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal.
Desember
Sprengte liv i Netflix-trollet
I Netflix-suksessen «Troll» blir eit troll vekt til live under sprengingsarbeid på Dovre. I verkelegheita er det ekte salver frå skredsikringsprosjektet til fylkeskommunen mellom Korsmyra og Indreeide som vekte stortrollet i filmen. Over 75 millionar såg den norske storfilmen første veka etter premieren.
Støttar unikt fiskerisamarbeid
Stiftinga North Atlantic Institute for Sustainable Fishing (NAIS), med utspring i Midsund, fekk tilskot på tre millionar kroner frå kultur-, næring- og folkehelseutvalet til utvikling av berekraftig ressursforvaltning og etablering av eit senter med tenester for berekraftige havressursar.
Etablerer kunstlab i Kristiansund
Kulturtanken, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kristiansund kommune går saman om å etablere ein kunstlab for interaktiv, digital kunst- og kulturproduksjon, i Kristiansund. Den skal vere eit laboratorium for kunstproduksjon, ein opplæringsarena for skoleelevar, men også ein nasjonal ressurs for innovative og digitale løysningar.
Eldre fekk opplæring i å bruke FRAM-appen
I samarbeid med Ålesund kommunen, har FRAM vore med å gi digital opplæring til eldre. Dei fekk lære å sjekke bussruta og kjøpe bussbillettar digitalt.
Ålesund, Molde og Kristiansund får tilskot til felles omdømmeprosjekt
Med jakta på kompetent arbeidskraft som felles utfordring, har næringsforeiningane i Ålesund, Molde og Kristiansund gått saman om eit felles rekrutteringsprosjekt. Kultur,- næring og folkehelseutvalet ga tilskot til forprosjektet i 2023.