ÅRSRAPPORT 2022

Inkluderings- og kompetansefylket

Møre og Romsdal skal vere eit attraktivt og mangfaldig fylke der folk vel å bu

Oppsummering av status for 2022:

Møre og Romsdal har aldri hatt høgare gjennomføringstal for vidaregåande opplæring og det er auke i del ungdommar som får førsteønsket om val av utdanningsprogram oppfylt. Det er også stor auke i gjennomførte karriererettleiingar for vaksne. Målet om 1 300 nye lærekontraktar vart nådd med god margin.

Det er sett i verk fleire kompetansehevande tiltak for kultursektoren, og 40 000 elevar har fått oppleve kulturtilbod gjennom Den kulturelle skolesekken.

Den offentlege tannhelsa har i 2022 arbeidd med å ta att etterslep som følgje av pandemien og er nær målsettingar som er sett for dekningsgrad for dei ulike målgruppene. Det er betring i tannhelsa for 3 av 4 indikatorårskull. Ei ny oppgåve i 2022 var å etablere behandlingstilbod til 21- og 22-åringar.

Dei kollektivreisande byrja å vende tilbake etter pandemien, men også året 2022 var prega av pandemi. Likevel er det ein positiv utvikling, spesielt mot slutten av året.

Saman med kommunane og næringsliv har fylkeskommunen vore med å realisere sentrumsutviklingsprosjekt i både byar og tettstader. Betydningen av gode bustadar og nabolag er sett på dagsorden. Rammene for det vidare arbeidet blir lagt i fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader som blir lagt fram for vedtak i fylkestinget i april 2023.

Innvandring har i 2022 bidratt til målet om at fleire busette seg i Møre og Romsdal. Om lag 2 400 flyktningar vart busett i kommunane i Møre og Romsdal i fjor, blant desse ca 2 000 frå Ukraina. Fylkeskommunen har auka innsatsen for integrering og inkludering, det vart mellom anna sett av fem millionar kroner til frivillige organisasjonar til integreringstiltak for flyktningar.

Møre og Romsdal skal ha nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer god fysisk og psykisk helse, og er prega av tillit, tilhøyrsle, tryggleik og tilgjenge

  • Det er sett i gang seks tiltak i Folkehelseprogrammet. Sentrale tema i programmet er livskvalitet, rusførebygging, psykisk helse og barn og unge.
  • I 2022 har resultata frå folkehelseundersøkinga i 2021 inngått i skriftleg oversikt over folkehelsa. Undersøkinga og oversikta har blitt følgt opp gjennom God Helse samarbeidet med kommunane og satt på dagsorden i ulike nettverk.
  • Det er tildelt 16 tilskot til ulike prosjekt for integrering av flyktningar i Møre og Romsdal. Innhaldet i prosjekta har vore svært variert, alt frå sjakk, svømmetrening, innkjøp av e-sport-utstyr, Jonsokfeiring, å få med flyktningar på ulike festivalar med meir.
  • Det vart fordelt tilskot på til saman 104,3 millionar kroner til 104 anlegg innanfor for idrett og fysisk aktivitet i heile fylket.
  • Det vart tildelt tilskot til tilrettelegging av 18 statleg sikra friluftslivsområde
  • Det vart tildelt tilskot til 19 forskjellige aktivitetstiltak i regi av friluftslivsorganisasjonar i Møre og Romsdal
  • Samferdselsområdet hadde i 2022 mål om at talet på hardt skadde og drepne var mindre enn 24. Ingen vart drepne på fylkesvegane i Møre og Romsdal i 2022, men det var fleire hardt skadde. Talet på hardt skadde blir kjent i løpet av hausten 2023.

Møre og Romsdal skal ha ei tannhelseteneste med god kvalitet, pasienttryggleik og høg kompetanse, som gir prioriterte grupper god tannhelse

  • Dekningsgraden for pasientgruppene barn, unge og eldre har betra seg i 2022 i høve "pandemiåra" 2020 og 2021
  • Tannhelsetilstanden, målt i førekomst av karies, har betra seg for indikatorårskulla 3-, 5-, 15- og 18-åringar i 2022. For 12-åringane ser vi ein liten auke i karies.
  • Tannhelse for dei to yngste indikatorårskulla (3- og 5-åringar) er betre enn landsgjennomsnittet.
  • Sjølv om 15- og 18-åringane i fylket har fått betre tannhelse enn tidlegare år, ligg vi framleis under landsgjennomsnittet for desse og 12-åringane.
  • Den offentlege tannhelsetenesta har frå 1.1.2022 etablert eit behandlingstilbod til 21- og 22-åringar.
  • Både klinikkstrukturen og driftsrammene er endra gjennom omstillingsprosjektet “Omstilling 2020”. Omorganiseringa har sikra ein fullfinansiert tenestestruktur med betre føresetnader for rekruttering og stabil bemanning.
  • Det er i 2022 igangsett tannhelsesekretærutdanning i fylkeskommunal regi i eit samarbeid mellom tannhelsetenesta og BORK karriere og kompetanse ved Borgund VGS. Utdanningstilbodet er oppretta for å møte ei auke i etterspurnaden etter autoriserte tannhelsesekretærar.
  • Nybygde distriktstannklinikkar vart i 2022 sett i drift i Sykkylven og i Aure på Nordmøre. Du kan lese meir på mrfylke.no
  • Planleggingsarbeidet knytt til etablering av nye kompetanseklinikkar ved Campus Kristiansund og på Søre Sunnmøre har halde fram i 2022.
  • Fem nyinnkjøpte mobile behandlingseiningar har blitt testa ut i 2021-22. Ytterlegare tre unitar er innkjøpt i 2022. Behandlingseiningane vil bli nytta for å utføre tannhelsetenester på helseinstitusjonar og sjukeheimar for lite mobile pasientar.

Møre og Romsdal skal ha spesialisthelsetenester med høg kvalitet som gjer at innbyggarar i alle delar av fylket er trygge på at dei får nødvendig helsehjelp når dei treng det

Møre og Romsdal skal ha eit utdannings- og kompetansetilbod som møter behova i samfunnet og fører til inkludering, integrering, verdiskaping, nytenking og livslang læring

  • 82,8 prosent av elevane som starta i vidaregåande opplæring i 2015 har fullført med studiekompetanse etter 5 år eller yrkeskompetanse etter 6 år. Dette er det høgste gjennomføringstalet for Møre og Romsdal nokon gong.
  • 89 prosent av søkarane med ungdomsrett har fått oppfylt primærønsket sitt om val av utdanningsprogram på vg1, talet for 2021 var 87,9 prosent.
  • Gjennom godt samarbeid med arbeidslivet i fylket har 1 377 ungdommar fått lære- eller opplæringskontrakt i 2022.
  • 4,2 prosent av lærekontraktane vart heva i 2022, dette er ein nedgang frå 2021 då 6,1 prosent av kontraktane vart heva.
  • Resultatet frå elev- og lærlingundersøkinga hausten 2022 viser høg trivsel og godt læringsmiljø blant våre elevar og lærlingar.
  • Det er gjennomført 1 142 karriererettleiingar for vaksne i Møre og Romsdal, ein stor auke frå 2021, der talet var 729. 96 prosent av brukarane er nøgd med rettleiinga dei har fått.
  • 90 prosent av søkarane til vidaregåande opplæring for vaksne fekk tilbod om å starte opplæring i 2021/2022, og 82 prosent fullførte opplæringa som planlagt.
  • Fylkeskommunen deltok i det nasjonale prosjektet «Formidlingskompetanse i folkebibliotek», som skal auke kompetansen hos bibliotektilsette i heile landet.
  • Gjennom prosjektet “Litterære pusterom – Shared reading for større livskvalitet” er det arrangert kurs for å sertifisere leseleiarar frå heile fylket.
  • Det er arbeidd med ein rapport for forprosjekt til rekrutteringsordning for bibliotekfagleg kompetanse.
  • Det er gjennomført to kompetansehevande kurs for tilsette og publikum i folkebiblioteka som stimulerer til bruk av spel i bibliotek.
  • Det er tildelt fire stipend til masteroppgåver innan folkehelse og kulturarv.
  • Det vart signert ny samarbeidsavtale mellom fylkeskommunen og VOFO (Voksenopplæringsforbundet) i Møre og Romsdal.
  • I løpet av 2022 har om lag 40 000 elevar i grunnskolen og den vidaregåande skolen hatt besøk av Den kulturelle skolesekken. Det har vore 69 ulike produksjonar på vegen, 18 av desse var verkstader som skolane sjølv har bestilt.
  • Gjennom prosjektet “Nye muligheter for digitale talenter” jobbar ein for å finne nye vegar til fagopplæring innan IT- og mediefag for ungdom i utanforskap.
  • Nye utdanningstilbod innan visuell teknologi ved Campus Kristiansund er under utarbeiding v/Høgskolen i Molde.
  • Fylkeskommunen lyste ut tilskot til formidlingssamarbeid i ABM-sektoren som skal utvikle tenestene i arkiv, bibliotek og museum.

Møre og Romsdal skal ha inkluderande og trygge byar- og tettstader med særpreg, som tilbyr gode bumiljø og offentlege rom, attraktive arbeidsplassar, eit variert kultur- og tenestetilbod, og miljøvennleg transport

  • Utkast til Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstadar vart sendt på høyring av fylkesutvalet i juni (sak U-78/22)
  • Program for berekraftig by- og tettstadutvikling vart etablert og sett i gong med verknad frå 2022. Åtte byrom og møteplassar ferdigstilt i 2022. Sjå eigen rapport frå programmet (sak KNF-17/23).
  • Fylkeskommunen arrangerte eit bustadseminar som samla ca 70 deltakarar frå kommunane og regionale statsetatar
  • Fylkeskommunen, Ålesund kommune, Møre og Romsdal kunstsenter og Høstscena arrangerte seminar om kunst i offentlege rom og stadutvikling om kunst i offentlege rom og stadutvikling
  • Fylkeskommunen har saman med kommunane Ulstein, Ørsta og Volda deltatt i pilotprosjektet "planlegging for aldersvenlege byar og tettstader" i regi av Husbanken.
  • Fylkeskommunen har følgt opp GNIST-ordninga til Doga og prosjekt i Vanylven kommune.
  • Som grunnlag til fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader er det utarbeidd ei rettleiing i fortetting av byar og tettstadar og gjennomført eit oppfølgande webinar for kommunane om fortetting med kvalitet
  • Saman med Distriktssenteret har fylkeskommunen arbeidd for å styrke distriktskommunar i samfunnsutviklarrolla. Prosjektet inkluderer i Møre og Romsdal kommunane Fjord, Aure, Tingvoll og Sande. Sluttrapport frå Sintef vart lagt fram i 2022.
  • Program for berekraftig by- og tettstadutvikling har løyvd tilskot til gjennomføring av mogelegheitsstudie for Geiranger sentrum, og delteke med rådgjeving og oppfølging knytt til dette arbeidet.
  • Bysamarbeidet «Byen som regional motor» (BRM) har vore vidareført i 2022, som eitt av tre delprosjekt i Program for berekraftig by- og tettstadutvikling. Det vart gjennomført to fellessamlingar for prosjektgruppene i Kristiansund, Molde og Ålesund.
  • Det vart tildelt 5,7 mill. kroner til byutviklingsprosjekt i dei tre største byane i juni 2022.
  • Av BRM-prosjekt som vart ferdigstilt eller opna i 2022 var leike- og aktivitetsområde ved Sjøfronten i Molde, område for eigenorganisert aktivitet ved Idrettens hus i Molde, snarveg- og trappeprosjekt i Ålesund sentrum, nytt byrom utanfor Bybadet i Ålesund, nærmiljøanlegget ved nye Kolvikbakken ungdomsskule i Ålesund, kunnskapsgrunnlag for ny parkeringsstrategi i Ålesund og innbyggarlaben «Innom» i Molde.
  • Talet på kollektivreiser med buss (utan skoleskyss) har auka med 33 prosent samanlikna med 2021. Talet på reiser med hurtigbåt har auka med 28 prosent samanlikna med 2021.
  • Samanlikna med 2019 (før koronapandemien) viser talet på kollektivreiser (utan skoleskyss) med buss ein nedgang på 11 prosent. Tala viser at dei kollektivreisande byrja å vende tilbake etter pandemien, men at også året 2022 var prega av pandemi.
  • Om lag 38 prosent av rutekilometerane for bybusstrafikken i Ålesund blei køyrd med el-bussar.
  • Åtte folkebibliotek i fylket fekk tilskot til bibliotekutvikling, som skal stimulere til nye tiltak og prosjekt
  • Prosjektet Litteraturhus Møre og Romsdal har i samarbeid med alle folkebiblioteka i fylket gjennomført litteraturarrangement for både vaksne og barn.
  • Det er gjennomført ei kartlegging av kunsten i Møre og Romsdal fylkeskommunes eige. All kunst er no registrert inn i Norsk kunstdatabase. Endeleg rapport er klar 1. februar 2023.
  • Utgreiing av skulpturlandskap Møre og Romsdal vart gjennomført i 2022 og det vart fatta vedtak om å arbeide meir heilskapleg med by- og tettstadutvikling der kunst og kultur er ein integrert del av arbeidet frå starten.
  • Det er gjeve fråsegn til ei rekkje utbyggingsplanar i by- og tettstader i høve godt vern, forvaltning og arealutnytting i forhold til verneverdig busetnadsmiljø.
  • Kulturavdelinga har gitt omtrent 100 millionar i tilskot. Desse har gått mellom anna til regionale kulturinstitusjonar, kunstinstitusjonar, allmennkulturelle organisasjonar, festivalar, kulturarrangement, kulturmiljø, kulturminne, frivillige og interesseorganisasjonar innanfor helse.
  • Det vart delt ut ni kunstnarstipend i 2022 på til saman 1 million kroner.
  • Det vart i 2022 etablert eit forprosjekt for Nasjonalt postveiprosjekt med mål om å ivareta og skape verdiar langs Den Trondhjemske postvei. Prosjektet er eit samarbeid mellom dei tre fylkeskommunane Møre og Romsdal, Trøndelag og Vestland, samt Statens vegvesen ved Norsk Vegmuseum.
  • Viti fekk i 2022 i oppdrag å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om utvikling av ei fyrled i fylket. Dei leverte i desember ein rapport med oversikt over fyr i fylket vårt, kva betydning etablering av fyr har hatt historisk og kva potensiale fyra har for verdiskaping og utvikling i notid.
  • Det er gjennomført kartlegging av ulike typar krigsminne og forvaltning av krigsminne som kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid med “historiske leder”.

Møre og Romsdal skal ha eit kultur og fritidstilbod som er relevant og tilgjengeleg for alle, og frivillige lag- og organisasjonar som skaper mangfald og engasjement

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.