ÅRSRAPPORT 2022

Miljøfylket

Møre og Romsdal skal bli miljøfylke nr. 1

Oppsummering av status for 2022:

2022 var året da naturmangfaldet for alvor vart sett på den internasjonale og nasjonale dagsorden. Det er også auka forventingar til fylkeskommunane om å ta vare på artar, naturtypar og økosystem. Samferdselssektoren har lagt målet om å ikkje ha tap av dyrkamark og myr ved vegutbygging på fylkesveg til grunn for si verksemd. Gjennom arbeidet i vassregion Møre og Romsdal er det sett i verk tiltak for å betre vassmiljøet i vassførekonster i fylket.

Fylkeskommune la fram sitt andre klimabudsjett i 2022, no som del av økonomiplanen. Det er lagt fram klimarekneskap bygd på tal frå miljøfyrtårnrapporteringa. Nesten alle fylkeskommunale einingar er miljøfyrtårn-sertifisert, og det er starta arbeid med å forbetre avfallshandtering og auke gjenbruk av inventar og utstyr. Det er stilt miljø- og klimakrav i fylkeskommunale innkjøp og i ulike tilskotsordningar. Det er også skaffa meir kunnskap om fylkeskommunen sitt klimafotavtrykk. Rapporten viser at samferdselssektoren står for dei klart største utsleppa. Det er samtidig kollektivtrafikken som står for den absolutt størst klimagassreduksjonen, og vi ligg an til å nå målet om å redusere CO2-utsleppa frå bussar og ferjer med 55 prosent i 2025.

Det er arbeidd med å legge betre til rette for friluftsliv. Vi har gjennom rådgiving og økonomiske tilskot lagt til rette for auka gjenbruk, bevaring og rehabilitering av eldre bygg- og anleggsmasse.

Heile organisasjonen har i 2022 arbeidd med å skru si verksemd i meir klima- og miljøvennleg retning, både fag- og stabsavdelingar. Vi er absolutt i gang med den store, grøne omstillinga vi må igjennom, det kjem fram av klimarekneskapen. I Fylkesstrategi for miljø, klima og energi legg vi retninga for Møre og Romsdal sine prioriteringar framover. Denne var på høyring ved årsskiftet, og blir lagt fram forvedtak i fylkestinget i juni 2023.

Møre og Romsdal skal redusere klimagassutsleppa slik at fylket er klimanøytralt i 2030, og bidra til 55 prosent kutt i ikkje-kvotepliktig sektor

  • Som grunnlag til fylkesstrategi for miljø, klima og energi, er det gjennomført befolkningsundersøking i Møre og Romsdal om klima og miljø
  • Det er gjennomført medverknadsprosess både internt og eksternt for Fylkesstrategi for miljø, klima og energi, utkast vart sendt på høyring av fylkesutvalet i november.
  • Det er skaffa betre kunnskap om fylkeskommunen sitt klimafotavtrykk og indirekte utslepp (frå kjøp av energi, varer og tenester) gjennom bestilling av ei klimakost-analyse
  • Det er utarbeidd notat om kva som ligg i omgrepet «arealnøytralitet», lagt fram for fylkesutvalet i juni (vedlegg i sak U-70/22)
  • Det er lagt fram klimarekneskap for 2021 i juni og klimabudsjett for 2023 som del av økonomiplanen med budsjett og handlingsprogram i desember (sak T-107/22)
  • Fylkeshusa, alle kompetanseregionene innan tannhelse og 17 av 21 skolar er miljøfyrtårnsertifisert og fylkeskommunen sin miljøfyrtårnrapport er lagt til grunn i klimarekneskapen. Les meir i klimarekneskapen for 2022
  • I 2022 vart CO2-utslepp frå kollektivtrafikk med buss, båt og ferje i Møre og Romsdal redusert med 30 prosent samanlikna med 2018.
  • I 2022 vart det skreve ny kontrakt på rutepakke 2 (Averøy, Kristiansund, Aure og Smøla) som inneber store utsleppskutt. Om lag 1,8 mill. rutekilometer vil frå 2024 bli køyrd med nullutsleppskøyretøy.
  • Det er innført tiltak for å redusere klimagassutsleppa i vegdriftskontraktane, mellom anna krav til redusert utslepp på bilar/maskinar i vinterdrifta og mannskapsbilar, samt krav til årleg rapportering av utslepp frå entreprenørane.
  • Det er auka fokus på klima ved produksjon og utlegging av asfalt, både i form av gjenbruk, bruk av lågtemperatur-asfalt og lengre levetid som følge av betre kvalitet.
  • Det er starta opp eit arbeid med å kartlegge kunst- og kultursektoren i Møre og Romsdal sitt klimaavtrykk gjennom berekraftsmålingar i R8Me.
  • Det er i tilskotsbreva for driftstilskot 2022 stilt krav om at tilskotsmottakar må legge FN sine berekraftsmål til grunn for eiga drift.
  • I Den kulturelle skolesekken har fleire utøvarar nytta el-bil på turne. I 2022 har vi leigd el-bilar til tilsvarande ca. 10% av utøvarane.
  • Det er vedtatt eit mål om 5% reduksjon av klimagassutslepp frå den fylkeskommunale bygningsmassen samanlikna med 2021. Metoden for innhenting av informasjon vart kartlagt i 2021, men grunna vakansar har fylkeskommunen ikkje greidd å prioritere arbeidet med å rapportere på dette i 2022.
  • I 2022 var forbruket ca. 21,0 GWh elektrisitet og ca. 4,5 Gwh fjernvarme fordelt på 234 509 kvm fylkeskommunale bygg. Reduksjonen i straumbruk frå 2021 til 2022 utgjer om lag 4 prosent, eit prosentpoeng mindre enn målet.

Møre og Romsdal skal forvalte sjø- og landareala slik at det blir lagt til rette for berekraftig verdiskaping, basert på ein arealbruk som avgrensar behovet for transport, og hindrar unødvendige landskapsinngrep

  • Saman med KS nasjonalt er det gjennomført to digitale kurs i konsekvensutgreiingar for planleggarar internt og i kommunane. Sjå opptak her
  • Det interkommunale arbeidet med areal, klima og transport (PAKT) i Ålesundsregionen er ferdigstilt og vedtatt i kommunane Ålesund, Sula og Giske, og vedtatt som regional plan av fylkestinget.
  • Kartportalen Gislink som fylkeskommunen driftar saman med Statsforvaltaren i Møre og Romdal og Trøndelag og Trøndelag fylkeskommune blir stadig meir nytta, i 2022 viste brukarstatistikken i snitt 210 000 requests (klikk) per veke.
  • Det er utarbeidd kart som viser kor langt ein kjem ved å gå på ti minutt frå sentrum i alle kommunesentra i fylket.
  • Det er utarbeidd kart til kartlegging av friluftslivsområde i 4 kommunar (Aure, Sunndal, Hustadvika, Kristiansund).
  • Prosjekt for friluftslivets ferdselsårer (2019-2023) har i samarbeid med friluftsråda, kommunane og Miljødirektoratet blitt vidareført. 15 kommunar har fått tilskot til å starta arbeidet med å lage ein plan for friluftslivets ferdselsårar.
  • Det er gjennomført ei kartanalyse for å sjå kor mange i Møre og Romsdal som har tilgang til ei merka og skilta turrute nærare enn 500 meter frå der dei bur. Omtrent 35 000 personar i Møre og Romsdal har tilgang til merka og skilta turruter nærare enn 500 meter frå der dei bur.

Møre og Romsdal skal ha god tilstand på 90 prosent av økosystema både på land og i vatn, og stanse tap av naturtypar og artar

  • Det er sett i gang 50 tiltak i vassområda i fylket i 2022 for å oppnå og oppretthalde god miljøtilstand i vassførekomstane. Meir informasjon om vassforvaltninga finn de på vannportalen.no
  • Samferdselsområdet har i handlingsprogrammet i 2022 mål om å ikkje ha tap av dyrkamark og myr ved vegutbygging på fylkesveg. Her har det blitt bygd ned 0,6 dekar i samband med utbetring av vegen mellom Austnes og Ull
  • Regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion 2022-2027 vart godkjent av Klima- og miljødepartementet (KLD) oktober 2022. Planen sett mål om god økologisk tilstand i vassførekomstar i regionen og inneheld tiltak for å nå måla.

Møre og Romsdal skal bevare viktige landskap, og redusere tapet av verdifulle kulturminne og kulturmiljø til under 0,4 prosent årleg

  • Fylkeskommunen er høyringsinstans for om lag 1 500 byggesaker/arealplanar med innspel til sikring av viktige kulturmiljø. Tapet av registrerte verneverdige kulturminne ligg innanfor ca. 0,1 og 0,4%
  • Fylkeskommunen har samarbeidd med Riksantikvaren om utveljing av 12 "kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse” i Møre og Romsdal, det såkalla KULA-registeret.
  • Gjennom Ein bit av historia er det jobba målretta for vern av historiske ferdselsårer i fylket, med vekt på Den Trondhjemske Postvegen.
  • Det er gjennomført tilstandsvurderinger av 10 freda bygg og anlegg der resultatet er lagt inn i databasen Askeladden
  • Molde kommune har kartlagt dei fleste kulturminna i kommunal kulturmiljøplan og lasta desse inn i Askeladden. Det er også starta opp eit tilsvarande arbeid i Stranda.

Møre og Romsdal skal basere auka produksjon og bruk av energi på energieffektivisering, fornybare energikjelder og utslippsfri energi

  • Det er satt i gang prosjekt innafor fornybar energi for å bidra til å etablere verdikjede for hydrogen i Møre og Romsdal. Dette inngår som ein del av prosjektet ladepunkt og energistasjonar.
  • På oppdrag for Møre og Romsdal fylkeskommune har Multiconsult kartlagt potensialet for solkraft på bygg og på utvalte grå areal i Møre og Romsdal fylke og kommunane Kristiansund, Molde og Ålesund.

Møre og Romsdal skal førebygge at uønskte hendingar skjer, og ha ein fysisk, digital og organisatorisk infrastruktur som er rusta til å takle klimaendringar og akutte kriser

  • FylkesROS for Møre og Romsdal vart ferdigstilt i november og var orienteringssak i fylkesutvalet i oktober.
  • Det er gjennomført faste beredskapsøvingar slik at vi er godt rusta når dei verkelege hendingane oppstår. 6 av 7 planlagde øvingar vart gjennomført, den siste er utsett til 2023. Vi har også planlagt og gjennomført fleire øvingar for naudetatane, til dømes ulukker og brann i tunnel. Ei viktig oppgåve framover er å tilpasse dei mest kritiske delane av fylkesvegnettet til klimaendringar som aukar risikoen for flaum, skred og ekstremvêr. Nær alle dei 186 stikkrennene som vart skifta i 2022 var dimensjonert for auka vassføring.
  • Ved ekstremvêret Gyda som førte til store skadar på vegnettet i januar 2022, vart beredskapen testa i praksis og fylkeskommunen har i ettertid fått gode tilbakemeldingar på handteringa.

Møre og Romsdal skal ha ein leiande posisjon i utviklinga av ein grøn sirkulær økonomi med høg grad av gjenbruk, og god avfallshandtering

  • Det vart sendt eit politisk vedtak (sak U-31/22) til Kultur- og likestillingsdepartementet for å styrke forankringa av berekraftsmåla i føresegnene for spelemidelordninga.
  • BDO leverte ein rapport om forvaltninga av spelemidelordninga til fylkestinget i desember. Der kom dei med anbefalingar om betre forankring av berekraftsmåla i ordninga. BDO-rapporten og vedtak i fylkestinget vil bli følgd opp i 2023. Lenke til rapport
  • I samarbeid med næringslivet er det gjennomført gjenbruk av all innreiing og inventar ved Waterfronthotellet i Ålesund. Innreiinga (veggar med meir) skal brukast opp att i Julsundvegen 47 og 49 i samband med etableringa av Molde berekrafthub og samlokalisering av Molde Eigedom KF og fylkeskommunen sine Bygg- og eigedomstenester.
  • Gjennom miljøfyrtårn-ordninga blir det arbeidd med reduksjon i restavfall frå fylkeskommunale skolebygg. Det er utfordringar med ulik praksis og kvalitet hos dei ulike renovasjonsselskapa, noko som gjer det vanskeleg å samanlikne resultata frå år til år. Dette vil bli følgt opp med renovasjonsselskapa i 2023.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.