- Forside
- Resultat og aktivitetar
- Samarbeidsfylket
Samarbeidsfylket
Møre og Romsdal skal vere eit føregangsfylke på samarbeid
Oppsummering av status for 2022:
Fylkeskommunen fekk i regionreforma styrka si samordnings- og samfunnsutviklarrolle. Dette viser seg att i auka tal nettverkssamlingar, konferansar, kurs og webinar som fylkeskommunen har lagt til rette for. Fleire av desse er gjennomført i samarbeid med andre aktørar i fylket. Eksempel på tema er berekraft, planlegging, klima og miljø, folkehelse, kulturtilbod, trafikktrygging, integrering, førebyggande tannhelsearbeid og digitalisering. Tilsette i kommunane er ei viktig målgruppe for mange av desse kompetanse- og delingsarenaene.
Fylkeskommunen og statsforvaltaren si satsing Møre og Romsdal 2025 kan no vise til gode resultat for regionalt samarbeid og samordning. I 2022 er det gjennomført både felles møteplassar og prosjekt. Gjennom internasjonalt samarbeid har vi arbeidd på tvers av landegrensene for å skape meirverdi og kompetanse som fremmar vår regionale utvikling. Dette har vi gjort gjennom deltaking i europeiske nettverk, interesseorganisasjonar, prosjekt og utvekslingar.
I ein situasjon der demokratiet blir opplevd å vere under press, vil vi framheve arbeidet fylkeskommunen har gjort for å ivareta det regionale demokratiet, legge til rette for regionale politiske prioriteringar, medverknad og opplyst debatt.
Møre og Romsdal skal utvikle eit tettare og meir forpliktande samarbeid mellom offentlege aktørar, frivilligheit, næringsliv og kulturliv for å følgje opp FNs berekraftsmål
- Programmet Møre og Romsdal 2025 (MR2025) arrangerte Nyttårskonferansen med toppleiarar frå alle tre forvaltningsnivåa i Møre og Romsdal. Sjå eigen rapport frå programmet.
- E-læringskurs om berekraft er utvikla og lansert internt i fylkeskommunen og eksternt for alle interesserte.
- Det er laga ein artikkelserie knytt til satsingsområda i Berekraftfylket
- Det er gjennomført webinar om sirkulære anskaffingar med brei deltaking frå kommunane i fylket og andre offentlege verksemder.
- I samarbeid med Kristiansund kommune og United Cities er United Cities Internship Program etablert på Campus Kristiansund.
- Arbeidet med å fornye det regionale planverket i tråd med berekraftsmåla og regional planstrategi heldt fram i 2022. Fem fylkesstrategiar vart vedtatt, og to er under arbeid. Sjå eigen rapport til fylkesutvalet (sak U-9/23).
- Fylkeskommunen har følgt opp omsynet til berekraftig samfunnsutvikling i våre uttalar til kommunale plansaker. Det er gitt samordna uttale til 1 140 plansaker, der søknader om dispensasjon frå kommuneplan og reguleringsplan utgjorde 840. Det er reist motsegn til 38 saker, åtte fleire enn i 2021.
- I samarbeid med Statsforvaltaren vart det arrangert ein plan- og klimakonferanse for kommunane i oktober.
- Samen med Statsforvaltaren arrangerte fylkeskommunen i mai eit webinar om klimabudsjett for kommunane.
- Fylkeskommunen var i juni med å arrangere Miljøkonferansen Midt-Norge i samarbeid med Sunndal næringsforening, Sunndal Sparebank og Suns.
- Saman med Statsforvaltaren er det jamleg sendt ut nyheitsbrev til planleggarar i kommunane
- Samferdselsområdet har i løpet av 2022 gjennomført møte med ei rekke ulike aktørar – mellom anna med andre fylkeskommunar, kommunar, departement, ulike statlege etatar, forskingsinstitusjonar og andre organisasjonar, leverandørar og entreprenørar. Eksempel på dette er informasjons- og medverknadsmøter arrangert av KS og ulike departement om til dømes inntektssystemet for fylkeskommunane og Nasjonal transportplan.
- Samferdselsområdet er fast deltakar i ei rekke forum med andre fylkeskommunar, som Vestlandsrådet, samarbeidsforum for samferdsel mellom Møre og Romsdal og Trøndelag og Jernbaneforum for Dovre- og Raumabanen.
- Fylkesvegavdelinga har vurdert trafikksikkerheit i alle saker på offentleg ettersyn og dispensasjonssaker på høyring. I tillegg er det sent ut 2 500 brev knytt til forvaltning av vegnettet og som svar på førespurnadar frå publikum.
- Fylkeskommunen arrangerte i 2022 konferansen «Kommunal Trafikksikkerhet – fra A til Å» i samarbeid med Trygg Trafikk.
- Det er gjennomført ei rekke tiltak innanfor haldningsskapande trafikktryggingsarbeid retta mot barn, ungdom, syklistar og fotgjengarar i samarbeid med kommunar, Trygg Trafikk og politiet.
- Fire folkebibliotek i fylket deltok i prosjektet «Bibliotek og berekraft i Møre og Romsdal», og jobba meir strategisk med FN17.
- Kulturavdelinga arrangerte saman med Kulturtanken Kulturtankens årskonferanse i Kristiansund, dette var første gong årskonferansen vart arrangert utanfor Oslo.
- Det er gjennomført FrivilligFORUM der fylkeskommunen samlar frivillige organisasjonar og kommunalt tilsette
- Kommunane, næringsliv og frivillige har blitt invitert inn i feiringa av frivilligheitas år 2022 med deltaking på samlingar/konferansar og tilskot til aktivitet.
- Fylkeskommunen har samarbeidd med Statsforvaltaren, frivilligheita og Møre og Romsdal idrettskrets i Folkehelseforum. Her blir ulike tema rundt folkehelse løfta opp og det genererer samarbeid rundt konferansar, samlingar og kunnskapsinnhenting.
- NAV Møre og Romsdal, fylkeskommunen og næringsliv samarbeider om å finne nye tiltak som hindrar utanforskap i prosjektet “Nye muligheter for digitale talenter”.
- Saman med Molde kommune vart Molde bærekrafthub AS stifta med formål å bidra til å utvikle byggebransjen i ei meir berekraftig retning.
Møre og Romsdal skal samordne dei offentlege ressursane og kompetansen for å møte samansette behov hos eldre, barn og unge, innvandrarar, personar med nedsett funksjonsevne og andre utsette grupper
- Plan for kvalifisering av innvandrarar er vedtatt.
- Fylkeskommunen har anbefalt busetting av flyktningar til Integrerings- og mangfoldsdirektoratet etter samhandling med kommunane. Sjå rapport lagt fram for fylkesutvalet om status for integreringsarbeidet i fylket (sak U-3/23)
- Gjennom partnarskapsavtalar med kommunane (hoppid.no) er det gjennomført webinar med tema entreprenørskap for innvandrarar.
- Gründertenesta hoppid.no og Ålesund Kunnskapspark har gjennomført intensivkurs for innvandrarar som ønsker å starte eiga bedrift.
- Det er gitt tilskot til 16 organisasjonar registrert i frivilligregisteret frå ordninga integreringstilskot for flyktningar. Ordninga vil fortsette i 2023.
- Nordlandsforskning gjennomførte på oppdrag frå Møre og Romsdal 2025 ei kartlegging av ungt utanforskap i Møre og Romsdal som grunnlag for det vidare samarbeidet i offentleg sektor. Rapporten frå prosjektet kan du lese her.
- MR2025 oppretta samarbeid med KS’ Partnarskap for radikal innovasjon og kommunale og regionale aktørar om ei brei satsing for å motverke ungt utanforskap.
- I regi av Møre og Romsdal 2025 er det gjennomført fire samlingar i Levekårsnettverket ..
- Tannhelsepersonell utførte 2 543 timar førebyggande arbeid utanfor klinikkane i 2022 og nådde med det måltalet om 2 500 timar.
- Tannhelsepersonellet sin besøksfrekvens på helseinstitusjonane for den eldste pasientgruppa nærma seg i 2022 måltala, etter eit par år med koronapandemi og besøksrestriksjonar. Dette bidreg til kunnskapsdeling og kompetansebygging hos kommunalt pleie- og omorgspersonell om bebuarane si munnhelse.
- Eldrerådet og rådet for personar med nedsett funksjonsevne i fylkeskommunen gjennomførte kvar si samling for tilsvarande kommunale råd i fylket.
- I ordninga med den kulturelle spaserstokken samarbeider fleire kommunar om produksjonar av høg kvalitet til eldre, og samordnar tilbodet mellom kultur,- helse- og frivilligsektoren.
- Fylkeskommunen arrangerte i samarbeid med Kultur- og likestillingsdepartementet eit innspelsmøte den 20. oktober knytt til spelemidelordninga for anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Målet er å få til ei innretting av ordninga som gjer at vi får flest og best mogleg anlegg.
- I Folkehelseprogrammet er det arbeidd med ei langsiktig styrking av kommunane sitt arbeid med å fremme befolkninga si helse og livskvalitet. Barn og unge, psykisk helse og rusførebygging er sentrale tema.
Møre og Romsdal skal samarbeide med europeiske interesseorganisasjonar og aktørar for å bidra til politikkutforminga i EU, hente kunnskap og midlar til utviklingsprosjekt, samt etablere samarbeid med eit «vennskapsfylke» om berekraftmåla i EU
- Fylkeskommunen har fått innvilga tre nye EU-prosjekt der fylkeskommunen står som partnar: Distance LAB, BSI_4Women og PROACTsme. Fellesnemnaren for prosjekta er entreprenørskap og digitalisering. Prosjekta startar opp i 2023.
- Handlingsplan for 2022 for EU-nettverk er gjennomført, og det er vedtatt ny Fylkesstrategi for internasjonalt samarbeid.
- Fylkeskommunen vart valt som deltakar i EU-prosjektet Circular Cities and Regions Initiative (CCRI) saman med 36 andre europeiske byar, regionar og klynge
- Ungdomspanelet har gjennomført prosjekt om ungdomsmedverknad (Erasmus +) saman med ungdom frå Polen.Les nyheitssak om Erasmus+-prosjektet på mrfylke.no
- I september deltok ungdomspanelet på den første felleskonferansen for fylkeskommunale ungdomsråd i Noreg på Gardemoen, finansiert av Erasmus +.
- To representantar frå ungdomspanelet deltok på den andre samlinga til «North Sea Youth Conference» i Brugge i Belgia.
- Prosjektet «CREST», der Møre og Romsdal fylkeskommune samarbeider med partnarar i Frankrike og Polen om visualisering av klimaendringar i kystbyar, starta opp i 2022.
- Samferdselsområdet deltek inn i forskingsprosjekt med internasjonale partnarar, til dømes prosjektet ZEVS (enabling Zero Emission passenger Vessel Services), som søker å etablere eit kunnskapsgrunnlag for å hjelpe myndigheiter med å ta avgjersler i innfasinga av grøne båtsamband.
- Fylkeskommunen deltok i interesseorganisasjonane Nordsjøkommisjonen og organisasjonen for europeiske kystregionar CPMR. Samferdselsområdet deltek i Nordsjøkommisjonen si arbeidsgruppe for transportgruppe, og næringsområdet deltek i arbeidsgruppa for marine ressursar.
- I Prosjektet Capital of Dacia – Living museum of European Cultural Heritage, med varigheit 2022-2024, har Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Hunedoara fylke i Romania arrangert eit arbeidsseminar med tema «Presenting and/or preserving the monuments» og «Implementing technology in museum and in the field».
Møre og Romsdal skal ha eit levande lokaldemokrati der alle innbyggarane, uansett bakgrunn, kan vere med å påverke det offentlege tenestetilbodet og delta i utforminga av sine lokalsamfunn
- Fylkeskommunen legg store ressursar i å legge til rette for at politiske møte skal kunne gjennomførast på best mogleg måte og vere offentleg tilgjengeleg. Sjå meir under Politikk i årsrapporten (lenke)
- Fylkeskommunen legg til rette for at dokumenta til fylkeskommunen er offentleg tilgjengelege i samsvar med gjeldande reglar og at alle dokument på mrfylke.no skal møte krava til universell utforming.
- Fylkeskommunen varetek rettstryggleik og har kompetanse innan kontraktsrett, utdanningsrett, arbeidsrett, eigedoms- og entrepriserett, saker etter veglova, offentlege anskaffinga og kommunal og forvaltningsrett.
- Som grunnlag til samfunnsdebatten og avgjerder i fylkeskommunen og kommunen er det utarbeidd fylkesstatistikk og kommunestatistikk, sistnemnde i nytt digitalt design
- Det er gjennomført Ungdommens fylkesting i november og åtte samlingar i ungdomspanelet, sjå eigen årsrapport frå ungdomspanelet på www.mrfylke.no/up
- Det er gjennomført to regionale dialogmøte om ung medverknad for barn- og unges representant, dei som jobbar med ungdomsråda i kommunane og leiar i ungdomsråda.
- Fylkeskommunen har gitt råd og innspel om medverkingsprosessar i kommunale plansaker
- Fylkeskommunen har gjennomført kurs i universell utforming av dokument for kommunalt og fylkeskommunalt tilsette
- Fagavdelingane har involvert dei fylkeskommunale råda i til saman 37 saker gjennom året, inkludert økonomiplan med handlingsprogram og fleire fylkesstrategiar.
- Fylkeskommunen har tatt i bruk ny modell for medverknad med kommunar og den vidaregåande skolen i arbeidet med Den kulturelle skolesekken.
- Fylkeskommunen arrangerte ei samling i samarbeid med Tverga (Ressurssenter for egenorganisert idrett og fysisk aktivitet) med mål om få til meir medverknad i anleggsprosessar for anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
- UFA (ungdommen sine fylkesarrangørar i UKM) er 13 engasjerte unge frivillige mellom 15 og 20 år. Dei var essensielle i all planlegging av fylkesfestival i UKM, og for gjennomføring av sjølve festivalen.