- Forside
- Resultat og aktivitetar
- Større tverrgåande satsingar og prosjekt
Større tverrgåande satsingar og prosjekt
Fylkeskommunen har mange ulike prosjekt og satsingar. Her finn du ei oversikt over nokre av dei største satsingane og prosjekta som det blir arbeidd med no.
Berekraftfylket Møre og Romsdal
Prosjektet skal bidra til at berekraftsarbeidet i Møre og Romsdal har ei felles retning forankra i kunnskap om lokal status på berekraft. Eit sentralt mål er å legge til rette for at kommunane samarbeider om å løyse felles berekraftsutfordringar i partnarskap med ei bredde aktørar, og jobbar med berekraft på ein heilskapleg, systematisk måte.
Berekraftfylket Møre og Romsdal har i 2022 jobba med oppfølging av dei 6 felles regionale satsingsområda identifisert i berekraftskartlegginga frå 2021. Av desse har sirkulær økonomi har vore prioritert, og dette har m.a. resultert i deltaking i EU-prosjektet Circular Cities and Regions Initiative. Saman med kommunane har vi også utvikla eit delprosjekt med formål om å auke kompetanse om korleis ein integrerer berekraft på ei heilskapleg måte i plan- og styringsprosessar.
Berekraftfylket har samarbeidd med andre sektorar og initiativ for å løfte berekraftsarbeidet i regionen, og har ein sentral plass i det nasjonale berekraftsnettverket for kommunesektoren. I løpet av året har vi vore med å arrangere fleire berekraftsfredagar – opne webinar for alle som er interessert – med ulike tema: FNs berekraftsmål i verksemdstyringa, Berekraftig finans for kommunesektoren, Berekraftig mat – frå jord til bord, Berekraftige tekstilar, Berekraft og deling av dei gode idéane, Berekraftskompetanse, Smultringøkonomi. I tillegg har det vore to fysiske samlingar, blant anna ei i september 2022 med tema måling og indikatorarbeid. Les meir om berekraftsfylket på mrfylke.no
Møre og Romsdal 2025
Dette er eit program der offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal samarbeider for å styrke regionen. Fylkeskommunen er programeigar og samarbeider med kommunane i fylket, Statsforvaltaren og andre statlege aktørar. Programmet arrangerer møteplassar som Nyttårskonferansen, Statsetatsmøter og Levekårsnettverket som grunnlag for samarbeid, og fasiliterer fellessatsingar på område der offentleg sektor ser behov for betre samarbeid, m.a. berekraft, digitalisering og utanforskap.
I tillegg til høg aktivitet i dei to største regionale fellessatsingane – Berekraftfylket og Digi Møre og Romsdal, har MR2025 i 2022 fått gjennomført ei kartlegging av ungt utanforskap i Møre og Romsdal, og samarbeider med KS’ Partnarskap for radikal innovasjon og kommunale og regionale aktørar om ei brei satsing for å motverke ungt utanforskap. Programmet har i tillegg fasilitert og støtta fellessatsingar på statlege arbeidsplassar og styrking av Ungt Entreprenørskap.
Program for berekraftig by- og tettstadutvikling
Programmet vart vedtatt i desember 2021, og hadde første «driftsår» i 2022. Programmet har delprosjekt for utvikling av byane, tettstadene og nye mobilitetsløysingar, og skal bidra til at Møre og Romsdal er eit attraktivt fylke å bu i, finne arbeid i og besøke.
For å få til dette bidrar programmet med ein kombinasjon av kompetansehevande tiltak på viktige område for by- og tettstadutviklinga, i tillegg til medfinansiering av og deltaking i gode utviklingsprosjekt i byane og tettstadene i heile fylket.
Program for berekraftig by- og tettstadutvikling har i 2022 hatt mykje aktivitet; frå seminar, møteplassar og frukostwebinar til fleire rundar med tildeling av tilskot til by- og tettstadutvikling. Til saman 15,5 millionar kroner blei tildelt til by- og tettstadutviklingsprosjekt i totalt ti av kommunane i fylket. Programmet har utarbeida ein eigen årsrapport for 2022. Du kan lese meir om programmet på mrfylke.no.
Campus Kristiansund
Campusen er under bygging, med fundament og kjeller på plass før jul 2022. Det meste av byggetrinn 1 er no leigd ut, primært til aktørar knytt til hovudprofilen hav og helse. Campus Kristiansund Drift AS er etablert som et utviklingsselskap, eigd av fylkeskommunen og utbyggarane Devoldholmen Utvikling. I 2022 har prosjektet arbeidd med å få fram nye utdanningar i samarbeid med t.d. Høgskulen i Molde (IT-utdanning) og Høgskulen i Volda (lærarutdanning), i samarbeid med regionalt næringsliv og kommunar. Hausten 2022 starta også berekraftsprogrammet United Cities Internship Program (pilotår 2022-23) på Campus Kristiansund. Du kan leser meir om Campus Kristiansund på mrfylke.no
Skaparkraft
Fylkeskommunen sette i gang satsinga Skaparkraft i 2022, eit tiårig omstillingsprogram med formål å styrke eksportnæringane i fylket og stimulere til utvikling av nye næringar.
Skaparkraft har fire satsingsområde:
- Grøne industrielle løft: tilskotsmidlar til utviklingsprosjekt der aktørar i fellesskap går saman om utvikling av grøne industrielle verdikjeder (vertikale, horisontale og sirkulære).
- Smart teknologi: tilskotsmidlar til kompetanse, digital og fysisk testinfrastruktur/tenester som bidrar til auka digitalisering og bruk av teknologi
- Fornybar energi: bidra til at næringslivet får tilgang til fornybar energi og infrastruktur gjennom samarbeidsprosjekt og tilskotsordningar
- Kompetanse i og for næringslivet: tilskotsmidlar til kompetanseheving og utvikling av nye utdanningstilbod
Skaparkraft har ei økonomisk ramme på 15 mill. kroner årleg i økonomiplanperioden. Programmet har ein velfungerande prosjektorganisasjon med styringsgruppe, referansegruppe og prosjektorganisasjon med programleiar og tre prosjektleiarar. I 2022 vart det gjeve tilskot og oppdrag for totalt 15 694 250 kroner til ulike utviklingsprosjekt og samarbeidsprosjekt i fylket fordelt slik på dei fire satsingsområda:
- Grøne industrielle løft: kr 5.050.000
- Smart teknologi: kr 4.819.250
- Fornybar energi: kr 5.275.000
- Kompetanse i og for næringslivet: kr 550.000
Opplev heile Møre og Romsdal - heile året
I fylkeskommunen sin økonomiplan er det for perioden 2022-2025 sett av to mill. kroner i året til prosjektet «Opplev heile Møre og Romsdal – heile året!» Målet er å gjere Møre og Romsdal meir attraktivt som reisemål, ved å utvikle fleire berekraftige heilårsopplevingar.
Prosjektet er utvikla og blir gjennomført av kulturavdelinga og kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen. Innovasjon Norge og reiselivsnæringa, gjennom destinasjonsselskapa, er også med på laget. Etter anbodskonkurranse er prosjektleiar hyra inn frå konsulentselskapet 2469 Reiselivsutvikling.
Dei viktigaste eksterne aktivitetane i 2022 har vore gjennomføring av oppstartseminar i oktober, der prosjektet vart lansert med over 100 påmelde opplevingsaktørar i salen. Der vart også pilotprosjektordninga lansert, ei støtteordning for nettverk av bedrifter som vil utvikle nye opplevingar saman. Ni nye samarbeid fekk 50 000 kroner kvar til å kome i gang med verdiskapande samarbeid, og i 2023 vil desse kunne vere med i konkurransen om støtte til hovudprosjekt. Du kan lese meir om prosjektet på mrfylke.no
Ein bit av historia
I 2022 har prosjektet:
- Gitt tilsagt for til saman 1.560.000 under tilskotsordningar for Kulturarv i reiseliv, Verdiskaping langs historiske ferdselsårer og Skilting/skjøtsel, aktivitet/formidling.
- Arrangert arbeidsseminar i Romania i prosjektet Capital of Dacia – Living museum of European Cultural Heritage.
- Miniutstillinga Veøy på turne i fylkets folkebibliotek:
- digital gjenskaping av Veøya frå 900-talet basert på kulturhistorisk forsking.
- distribuert gjennom Bibliotektransporten.
- Etablering og oppstart av forprosjekt for Nasjonalt postveiprosjekt i samarbeid med Trøndelag FK, Vestland FK og Statens vegvesen, Norsk vegmuseum.
- Samarbeid med kompetanse og næringslivsavdelinga i «Opplev heile Møre og Romsdal – heile året» - workshop med 100 deltakarar frå Opplevingsnæringa og tildeling av forprosjektmiddel til 10 forprosjekt.
- Digital formidling av middelalder-kaupangen Veøya i Tidsmaskin på Romsdalsmuseet (lansering i 2023, men finansiert i 2022)
Du finn meir informasjon om Ein bit av histora på mrfylke.no
Omstilling Geirangerfjorden verdsarvområde og omland
Prosjektet jobbar for å legge til rette for nærings- og samfunnsutvikling i Geirangerfjorden verdsarvområde og omland, gjennom koordinering og finansiering av delprosjekt som bidreg til: Auka verdiskaping og lågare miljømessig fotavtrykk per turist/besøkande, fleire heilårsbusette, og betre samarbeid og koordinering mellom forvaltning og næring i Geirangerfjorden verdsarvområde og omland, ved å sikre informasjonsflyt og -deling mellom relevante aktørar.
I 2022 har det vore arbeidd mykje med løysingar for straumforsyning til Geirangerområdet, ei problemstilling som vert stadig meir prekær ettersom fristen for utsleppsfri ferdsel på fjorden i 2026 rykker stadig nærare. Det manglar avklaringar frå sentrale styresmakter for å finne løysingar på dette.
Saman med Stranda kommune er det starta eit sentrumsutviklingsprosjekt for Geiranger, som ser på korleis bygda bør utformast til det beste både for store mengder besøkande og lokalbefolkninga. Samtidig er arbeidet i gang med småbåthamn og betre tilgang til sjøen, i regi av havnevesenet.
Ny heilårs vegløysing mot aust vil vere av avgjerande betydning for Geirangersamfunnet. Derfor har prosjektet gitt støtte til Geiranger Veginvest, som skal utgreie denne løysinga, i takt med planane for opprusting av Strynefjellsvegen.
Reiselivsnæringa i Geiranger har fått støtte til å utvikle og teste ut nye opplevingsprodukt som kan gi fleire besøk også i vinterhalvåret. Skal fleire finne vegen på vinteren, må vi ha opne tilbod, som er tilpassa den årstida. Les meir om tiskotsordninga
Nordøyvegen
Heile Nordøyvegen opna 27. august 2022. Dei 2700 innbyggarane på Nordøyane og resten av Ålesund kommune blir knytt nærare saman gjennom fastlandssambandet. Næringsliv og private vil spare transportkostnadar og få eit meir fleksibelt og forutsigbart transportsystem.
Nordøyvegen erstattar to ferjesamband og eitt hurtigbåtsamband.
Prosjektet omfattar:
Lepsøybrua, 800 meter lang høgbru frå Skjeltene på fastlandet over skipsleia til sjøfylling mot Lauka og Hestøya.
- Laukebrua, ei 110 meter lang bru som ligg rett søraust for Lauka og Lisjelauka.
- Hamnaskjersundbrua, ei 200 meter lang bru i Hamnaskjersundet.
- Haramsfjordtunnelen, frå Hestøya til Austnes, 3500 meter.
- Nogvafjordtunnelen, frå Longva på Flemsøya til Fjørtofta, 5730 meter.
- Fjørtoftfjordtunnelen, frå Fjørtofta til Myklebust på Harøya, 3680 meter.
- Burbergtunnelen, ein miljøtunnel på Fjørtofta, 170 meter.
- Veg på sjøfylling over Lepsøyrevet, totalt 2735 meter.
- Ny veg over Fjørtofta.
Skredsikring Korsmyra – Indreeide
Indreeidstunellen på fv. 63 mellom Korsmyra i Stranda kommune og Indreeide i Fjord kommune er under bygging. Tunnelen går forbi 13 skredpunkt på strekninga og vil gje sikrare og meir føreseieleg framkome for innbyggarar, turistar og næringsliv.
Sommaren 2022 var det gjennomslag i tunnelen og etter planen blir den opna for trafikk før vintersesongen 2023/2024. I tillegg til tunnelen, inneheld prosjektet også 400 meter veg i dagen, ei 25 meter lang bru og ein 135 meter lang ledevoll for skred på Indreeide.
Smartare transport
Prosjekt skal utgreie løysingar for eit framtidsretta system for kollektivtransport med autonome og utsleppsfrie passasjerbåtar i byar. Måla for prosjektet er mellom anna å:
- Bruke vassvegen som avlastning til vegnettet
- Bidra til eit framtidsretta og fleksibelt kollektivtilbod i byane
- Gi kollektivreisande betre oversikt, mobilitet og brukarvennlegheit
- Skape nærings- og kunnskapsutvikling
Med Ålesund og Kristiansund som utgangspunkt har prosjektet gjennomført transportfaglege analysar og gjort ei grundig kartlegging av status for autonomi til sjøs i dag. Basert på dette grunnlaget har prosjektet arbeidd med ulike fartøykonsept, framdriftssystem, seglingsfrekvensar og -mønster, smarte styringssystem og nødvendig landbasert infrastruktur for definerte konsept i kvar av dei to byane. Passasjertryggleik, regulatoriske utfordringar og datatryggleik er også viktige tema. Avslutningsvis i prosjektet blir det utarbeidd kost-nytteanalysar som vil kunne legge grunnlaget for vidare realisering av konsepta. 2023 vil bli nytta til formidling, forankring og avslutning av prosjektet.
Prosjektet blir utvikla i samarbeid mellom SINTEF, NTNU, Ålesund og Kristiansund kommune.
Nytt betalingssystem i kollektivtrafikken
I samarbeid med fleire andre fylkeskommunar og kollektivselskap er det starta eit offentleg-offentleg samarbeid for utvikling av ein ny mobilitetsplattform. Dette medfører at FRAM får ny betalingsløysing på alle bussar og hurtigbåtar, og ein ny nettbutikk og app. Gjennom denne satsinga får FRAM tilgang til ein mobilitetsplattform som bygger eit økosystem som fremmar digital innovasjon. Viktig stikkord i dette utviklingsløpet er open source, transparente prosessar, brukarsentrale løysingar, integrasjon mot Entur og smidig arbeidsmetodikk. Formålet med denne satsinga er å sikre alle innbyggjarar eit trygt, berekraftig og effektiv reisesystem. Appen har spesielt fokus på å optimalisere daglege reisebehov, òg dei lengre turane til spanande stader i vår region.
Ny Nerlandsøybru
Bygging av ny Nerlandsøybru i Herøy kommune vart starta opp i 2022. Den eksisterande Nerlandsøybrua vart opna i 1968 og er ein del av fylkesveg 5878. Som ei rekkje andre bruer som vart bygd på den tida, har brua ein veldig slank konstruksjon som gjer den utsett for korrosjonsskader. Det er nettopp korrosjonsskader som er bakgrunnen for at det er behov for ei ny bru, der ein samtidig sikrar ei betre løysing for mjuke trafikantar, med gang- og sykkelvegar og nye busslommer.
Nye Nerlandsøybrua blir 574 meter lang. Bredda blir 11,5 meter, inkludert ein tre meter brei gang- og sykkelveg med rekkverk mot bilvegen. Ny bru skal stå ferdig i 2025.
Ferjekaier
Fylkeskommunen er i gang med bygging av nye ferjekaier fleire stader i fylket. Ferjekaier er kompliserte konstruksjonar og anleggsarbeida skjer samtidig som det skal avviklast trafikk som normalt.
Ferjesambandet Sølsnes–Åfarnes er det tredje største fylkesvegsambandet i Møre og Romsdal og er svært viktig for trafikken mellom Nordmøre og Romsdal og Austlandet. Kaiene skal tilpassast dei nye nullutsleppsferjene med nye tilleggskaier (pirar), som skal stå ferdige til 2024. Det skal også byggast ny liggekai på Sølsnes (Gjertrudhammaren).
Arbeidet med bygging av nye ferjekaier på sambandet Eidsdal–Linge starta også opp i 2022. Kaiene skal kunne ta i mot nye og større ferjer med nullutsleppsløysning frå 2024. Dei nye ferjene i sambandet Eidsdal-Linge har ein kapasitet på 80 personbileiningar, mot dagens ferjer med kapasitet på 35 personbileiningar
Tunneloppgradering
Fylkesvegnettet i Møre og Romsdal har 29 tunnelar som er omfatta av tunnelsikkerheitsforskrifta. 25 av dei har behov for oppgradering for å fylle krava i regelverket. Regelverket skal sikre tryggleik for trafikantar i tunnelane gjennom krav til å forebygge kritiske hendingar som kan sette menneske, miljø eller tunnelen i fare og for å sørge for vern i tilfelle ulykker.
I mange av tunnelane er det også nødvendig med andre utbetringar, med omsyn til trafikktryggleik, framkome og på grunn av forfall/vedlikehaldsetterslep.
Kontrakt for utbetring av Remefjelltunnelane på fv. 659 mellom Eidet og Brattvåg i Ålesund kommune vart lyst ut i 2022 og byggearbeidet skal startar opp i februar 2023. Det køyrer i gjennomsnitt om lag 2 900 køyretøy i døgnet gjennom Remetunnelane. 11 prosent av dei er lange køyretøy (tal frå 2021). Tunnelane er rekna som eitt av dei mest utrygge punkta på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal, fordi store køyretøy legg seg inn mot midten av tunnelen på grunn av låg høgde.
Fire tunnelar på fv. 653 mellom Furene i Volda og Ulsteinvik er planlagt lyst ut i 2023. Tidspunkt for oppgradering av dei andre tunnelane blir bestemt etter kvart som gjennomføringsstrategien blir lagt, og i samband med fastsettinga av Møre og Romsdal fylkeskommune si til ein kvar tid gjeldande økonomiplan.
Bypakke Ålesund
Bypakke Ålesund er eit samarbeid mellom Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. Om lag fire milliardar kroner skal brukast på betre vegar, eit samanhengande gang- og sykkelvegnett, sikre mjuke trafikantar og legge til rette for auka bruk av kollektivtransport.
Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for bygginga av ei rekkje av prosjekta i Bypakke Ålesund. Dei største er Blindheim–Flisnes og nytt kollektivknutepunkt i Ålesund sentrum, men fylkeskommunen har også ansvar for mange mindre prosjekt og som har stor effekt for miljøet, tryggleiken og framkomsten for alle som brukar Ålesund. I 2022 starta fylkeskommunen opp tre trafikktryggingsprosjekt gjennom bypakken:
- Olsvika: Alvikvegen og Brusdalsvegen
- Oppstramming av kryss
- Flytting og forbetring av overgangar
- Betring av lysforholda ved utskifting av lysarmaturar og lysmaster
- Fv. 6210 Blindheimsbreivika
- Oppstramming av kryss
- Flytting og forbetring av overgangar
- Intensivbelysning av overgang ved Shell Vegsund
- Fv. 536 Gåseid, Kryss mellom Borgundvegen og Grønvika
- Oppstramming av kryss
- Flytting og forbetring av overgangar
- Forbetre belysning ved overgang og busslomme
Bypakke Kristiansund
Fylkeskommunen deltok i treparts-samarbeidet mellom Statens vegvesen, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. I 2022 blei det gjennomført fire styringsgruppemøter med planlegging av bypakka. Det blir arbeida ut frå mål om lokalpolitisk behandling av bypakka våren 2023.