ÅRSRAPPORT 2022

Miljøfyrtårnrapport 2022

Møre og Romsdal fylkeskommune er sertifisert som Miljøfyrtårn-verksemd. Sertifiseringa inneber mellom anna at vi har eit miljøleiingssystem som sikrar at vi har sett oss mål for arbeidet, vi har ein organisasjon som handterer det daglege arbeidet og involverer leiing og tilsette. Gjennom den årlege rapporteringa får vi fram nøkkeltala og faktagrunnlaget som sett oss i stand til å følge opp resultata frå år til år.

Avfall og ombruk

Vi har i mange år rapportert på avfallsmengdene vi leverer og kor mykje av dette som er sortert. Her har utfordringane vore å få kvalitetssikra tal, ettersom fleire renovasjonsselskap ikkje har kunne gi kvalitetssikra talgrunnlag. Dette ser ut til å bli betre no, ettersom selskapa prioriterer veging av avfallet i staden for estimat ut frå talet på konteinerar.

Mange einingar har også mangla god infrastruktur for kjeldesortering. Dette er noko som einingane har teke meir på alvor siste året.

CO2- utslepp frå restavfall utgjorde 82 tonn i 2022. CO2 utslepp frå sortert avfall utgjorde 9,5 tonn.

Figur 1: Avfall i kg.

Energibruk

Dei fleste bygga i fylkeskommunen er oppvarma med elektrisitet. Ved seks skolar er det teke i bruk fjernvarme. Denne fjernvarmen er produsert av brennbart materiale som pellets, LNG og restavfall. CO2-utsleppa frå fjernvarme-anlegg er no om lag det same som CO2-utsleppa frå produksjon av el-krafta vi brukar: El-forbruk: 825 tonn CO2, fjernvarme 834 tonn CO2.

Ved ni skolar har vi installert varmepumpe med grunnboring, to skolar har fått installert solcelle-anlegg. Her er vi inne i ein prosess der stadig fleire får installert varmepumpe-teknologi og solcelleanlegg.

Figur 2: Energibruk i kWh.

Transport

Dette er den desidert største utsleppskjelda vi har i fylkeskommunen. Ferjetrafikken åleine utgjorde i 2022 halvparten av CO2-utsleppa i fylkeskommunen. Områda ferjedrift, kollektivtransport og hurtigbåtar utgjorde til saman 93 prosent av dei samla utsleppa til fylkeskommunen.

Den omfattande elektrifiseringa av ferjeruter har ført til ein nedgang av CO2-utsleppa frå ferjedrift på 27 prosent frå 2021 til 2022. På den andre sida auka tenestereiser med fly og bilar med 136 prosent i 2022, noko som mellom anna kan forklarast av koronarestriksjonar i 2021.

Klimagassutslepp

Tala frå energiforbruk, avfallsmengder, tenestereiser og anleggsmaskinar blir henta ut frå den årlege miljøfyrtårn-rapporteringa.

Utsleppa frå reiser til-frå arbeidsstaden har vi rekna ut frå miljøundersøkinga som vart gjennomført våren 2022.

Utsleppstala frå ferje, buss og hurtigbåtar blir rekna ut frå drivstoff-forbruket som er motteke frå samferdselsavdelinga.

Figur 3: Klimagassutslepp frå fylkeskommunen si verksemd i tonn CO2e.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.