- Forside
- Økonomi
- Årsmelding
Årsmelding
Her kan du laste ned signert utgåve av årsmeldinga (pdf)
Fylkeskommunen er ein politisk styrt organisasjon med fylkestinget (47 representantar) som det øvste folkevalde organet. Leiar for fylkestinget er fylkesordføraren. Andre sentrale utval med medlemer oppnemnd av fylkestinget er:
- fylkesutvalet
- utdannings- og kompetanseutvalet
- kultur-, næring og folkehelseutvalet
- samferdselsutvalet
- kontrollutvalet
Fylkeskommunen sine ulike roller og planverk er omtalt i årsrapporten.
Fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver i dag er:
- Vidaregåande opplæring (vidaregåande skoler, fagopplæring, vaksenopplæring mm.)
- Næringsutvikling (tilretteleggande verkemiddel for næringsutvikling og entreprenørskap)
- Samferdsel (fylkesvegane, fylkesvegferjer, kollektivtrafikk i fylket, ruteopplysning mm.)
- Offentleg tannhelseteneste
- Regional planlegging
- Forvalte regionale utviklingsmidlar (strategisk bruk av nærings- og distriktspolitiske virkemidlar)
- Kultur (fylkesbibliotek, spelemidlar til idrettsanlegg, midlar til kulturbygg, driftstilskot mm.)
- Folkehelse (pådrivar for regionalt og lokalt folkehelsearbeid)
- Internasjonalt arbeid
1. Driftsrekneskap
1.1 Driftsresultat
Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2022 eit positivt netto driftsresultat korrigert for bundne fond på 184,4 mill. kroner i 2022 (tabell 1). Dette er ein auke på 180,1 mill. kroner samanlikna med budsjett for 2022, og ein reduksjon på 208,2 mill. kroner samanlikna med rekneskap for 2021.
i 1000 kroner | Rekneskap 2022 | Budsjett 2022 | Avvik | Rekneskap 2021 |
---|---|---|---|---|
Brutto driftsinntekter | 7 168 610 | 6 894 954 | 273 656 | 6 768 736 |
Brutto driftsutgifter | 7 022 127 | 6 912 580 | -109 547 | 6 450 764 |
Brutto driftsresultat | 146 483 | -17 626 | 164 109 | 317 973 |
Netto finansutgifter | 415 508 | 428 500 | 12 992 | 320 801 |
Motpost avskrivingar | -481 778 | -469 600 | 12 178 | -419 168 |
Netto driftsresultat | 212 753 | 23 474 | 189 279 | 416 340 |
Netto avsetningar til eller bruk av bundne fond | -28 355 | -19 155 | -9 200 | -23 702 |
Netto driftsresultat korrigert for bundne fond | 184 398 | 4 319 | 180 079 | 392 638 |
i prosent av bruttoinntekt | 2,6 % | 0,1 % | 5,8 % |
Netto driftsresultat korrigert for bundne fond i prosent av brutto driftsinntekter er på 2,6 prosent, som er 0,5 prosentpoeng lågare enn målsettinga på 3,3 prosent.
Avviket mellom rekneskap og budsjett for 2022 på 180,1 mill. kroner skyldast i hovudsak:
- Fylkeskommunen fekk om lag 112,8 mill. kroner meir enn budsjettert i statleg rammetilskot og fylkesskatt.
- Ikkje budsjetterte inntekter på 31,6 mill. kroner frå Havbruksfondet. Beløpet vart først kjend i desember 2022.
- Netto finansutgifter vart om lag 13 mill. kroner lågare enn budsjettert.
- Rammeområda har eit samla netto meirforbruk på om lag 4,6 mill. kroner. I dette er inkludert eit mindreforbruk på reserveposten på om lag 15,7 mill. kroner.
- Premieavviket viste ei mindreinntekt på om lag 16 mill. kroner.
- Pensjonspremien viste ei meirinntekt på om lag 38,3 mill. kroner.
- Det vart overført om lag om lag 9,4 mill. kroner meir til investeringsrekneskapen enn det som var budsjettert på rammeområda.
i 1000 kroner | Rekneskap 2022 | Budsjett 2022 | Avvik | Rekneskap 2021 |
---|---|---|---|---|
Netto driftsresultat | 212 753 | 23 474 | 189 279 | 416 340 |
Disponering eller dekking av netto driftsresultat: | ||||
Overføring til investering | 230 184 | 220 745 | 9 439 | 223 952 |
Avsetting til bundne driftsfond | 330 654 | 157 196 | 173 458 | 341 610 |
Bruk av bundne driftsfond | -302 299 | -138 041 | -164 258 | -317 908 |
Avsetting til disposisjonsfond | 132 102 | 132 102 | 0 | 168 686 |
Bruk av disposisjonsfond | -177 888 | -348 528 | 170 640 | 0 |
Bruk av tidligere års mindreforbruk | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum disp. eller dekking av netto driftsresultat | 212 753 | 23 474 | 189 279 | 416 340 |
Det er i 2022 brukt 170,6 mill. kroner mindre av disposisjonsfondet enn det som vart budsjettert i 2022. Disposisjonsfondet per 31.12.2022 vart dermed på 901,6 mill. kroner, dvs. 12,6 prosent av brutto driftsinntekter.
1.2 Brutto driftsutgifter
i 1000 kroner | Rekneskap 2022 | Budsjett 2022 | Avvik | Rekneskap 2021 |
---|---|---|---|---|
Rammetilskot | 3 528 112 | 3 433 968 | 94 144 | 3 282 559 |
Inntekts- og formueskatt | 1 926 252 | 1 907 614 | 18 638 | 1 793 756 |
Andre generelle driftsinntekter | 71 429 | 39 800 | 31 629 | 44 500 |
Inntekter fra drift (inkl. øyremerka statl.overføringar) | 1 642 817 | 1 513 572 | 129 245 | 1 647 921 |
Brutto driftsinntekter | 7 168 610 | 6 894 954 | 273 656 | 6 768 736 |
Brutto driftsinntekter var i 2022 på totalt 7 168,6 mill. kroner, som er 273,7 mill. kroner høgare enn budsjett og 399,9 mill. kroner høgare enn i 2021.
Rammetilskotet
Rammetilskotet var på 3 528,1 mill. kroner inkl. skatteutjamninga i 2022, som gir ein meirinntekt på 94,1 mill. kroner sett i samanheng med budsjett. Meirinntekta skyldast i hovudsak følgjande:
- Skatteutjamninga i 2022 vart om lag 62,4 mill. kroner høgare enn føresett i budsjettet. Dette har samanheng med skatteinngangen i Møre og Romsdal fylke, sett i samanheng med skatteinngangen i resten av landet (spesiell høg skattevekst i Oslo pga. utbytteskatt for 2021).
- I nysaldert budsjett for 2022, vedteke av Stortinget 21.12.22, vart rammetilskotet til Møre og Romsdal fylkeskommune auka med totalt 32,3 mill. kroner. Aukinga gjaldt resterande kompensasjon for sviktande kollektivinntekter og utgifter knytt til KS-koronaavtalen.
Inntekts- og formuesskatt
Inntekts- og formuesskatt var på 1 926,3 mill. kroner i 2022, som er 18,6 mill. kroner høgare enn budsjettert.
Skatteinngangen vart spesielt høg mot slutten av året. Skatten for oktober, november og desember 2022 var 72 mill. kroner høgare enn for same periode i 2021. Skatteveksten er først og fremst eit resultat av avrekningar for inntektsåret 2021 (utbytteskatt). Denne veksten vert rekna som eit eingongsbeløp og får ikkje effekt dei komande år.
Andre generelle driftsinntekter
Andre generelle driftsinntekter var på 71,4 mill. kroner i 2022, som er ein auke på 31,6 mill. kroner samanlikna med budsjett. Endringa skuldast i hovudsak at overføring frå Havbruksfondet først vart først kjend mot slutten av året (utbetalt 22.12.2022).
Andre inntekter (inkl. øyremerka statlege overføringar)
Posten viser alle inntektene til fylkeskommunen sett i samanheng med sal av tenester (ferje, buss, hurtigbåt m.m.), samt overføringar av statlege ordningar for regional utvikling på ymse områder (spelemidlar, Innovasjon Norge, kulturtanken, regionalt forskingsfond m.m.).
Motposten er Andre utgifter (inkl. øyremerka statlege overføringar), sjå tabell 4 under. Dei to postane er inkludert i den totale økonomiske oversikta, men påverkar i liten grad netto driftsresultat (vil gå om lag i null).
Rekneskap 2022 | Budsjett 2022 | Avvik | Rekneskap 2021 | |
---|---|---|---|---|
Sum bevillingar drift, netto | 4 893 009 | 4 929 408 | 36 399 | 4 381 664 |
Avskrivingar | 481 778 | 469 600 | -12 178 | 419 168 |
Andre utgifter (inkl. øyremerka statl. overf.) | 1 647 340 | 1 513 572 | -133 768 | 1 649 932 |
Brutto driftsutgifter | 7 022 127 | 6 912 580 | -109 547 | 6 450 764 |
Brutto driftsutgifter var i 2022 på totalt 7 022,1 mill. kroner, som er 109,5 mill. kroner høgare enn budsjett.
Sum bevillingar drift, netto
Sum løyvingar drift netto, består av driftsrammene (fylkestingsrammene) til avdelingane korrigert for overføring til investering, bruk av bundne fond, premieavvik, pensjonspremien m.m. (jf. tabell 5).
Budsjettavvik på rammeområda
Fylkestinget deler dei frie inntektene på 10 fylkestingsrammer, utanom reserveposten. Driftsbudsjettet vert vedtatt som nettorammer, og hovudutvala kan omdisponere mellom sine utvalsrammer, jf. tabell 5:
tal i 1000 kroner | Rekneskap 2022 | Budsjett 2022 | Avvik 2022 | Avvik 2021 | |
---|---|---|---|---|---|
D01 | Fellesutgifter og utgifter til fordeling | 71 525 | 76 113 | 4 588 | 4 930 |
D02 | Politisk verksemd | 28 250 | 26 715 | -1 535 | -1 360 |
D03 | Stabsfunksjonar | 215 564 | 233 398 | 17 834 | 31 953 |
D04 | Lønsreservepost | 0 | 15 692 | 15 692 | 10 782 |
D05 | Kompetanseområdet | 1 857 381 | 1 852 352 | -5 029 | 27 668 |
D06 | Fagskolane i Møre og Romsdal | 14 793 | 23 952 | 9 159 | 8 420 |
D09 | Tannhelseområdet | 178 525 | 174 202 | -4 323 | 6 852 |
D10 | Kulturområdet | 147 484 | 147 129 | -355 | 1 139 |
D11 | Næring | 120 220 | 119 936 | -284 | 18 104 |
D12 | Samferdselsområdet | 2 315 200 | 2 274 549 | -40 651 | 23 208 |
D14 | Sentrale kontrollorgan | 7 684 | 8 025 | 341 | 226 |
Sum netto bevillingar drift på rammeområda | 4 956 626 | 4 952 064 | -4 562 | 131 922 | |
Overføring til investering frå rammeområder | -9 439 | 0 | 9 439 | 14 917 | |
Avsetting til bundne fond rammeområder | -330 654 | -157 196 | 173 458 | 126 950 | |
Bruk av bundne fond rammeområder | 302 299 | 138 041 | -164 258 | -105 248 | |
Ufordelte utgifter (premieavvik) | 12 493 | -3 501 | -15 994 | -1 923 | |
Ufordelte utgifter (premiereduksjon KLP/SPK) | -38 316 | 0 | 38 316 | 8 760 | |
Sum bevillingar drift, netto | 4 893 009 | 4 929 408 | 36 399 | 175 378 |
Driftsrammene (Sum netto bevillingar drift, netto) var på 4 893 mill. kroner i 2022, som er 36,4 mill. kronar lågare enn budsjett. Rammeområda har eit samla netto meirforbruk på om lag 4,6 mill. kroner. Held ein utanom reserveposten på 15,7 mill. kroner, så gir dette eit meirforbruk på 20,3 mill. kroner.
D01 Fellesutgifter og utgifter til fordeling viser eit samla mindreforbruk på 4,6 mill. kroner i 2022. Dette skyldast i hovudsak forseinkingar på «Program – nye digitale arbeidsformer», samt at opplæringsaktiviteten har vore vesentleg mindre enn venta. Opplæringsaktiviteten vil aukast i 2023.
D03 Stabsfunksjonar har totalt sett et mindreforbruk på 17,8 mill. kroner. Av dette utgjer:
- Bygg- og eigedomstenester (BYE): 9,0 mill. kroner
- Stabsfunksjonar eksklusiv BYE: 8,8 mill. kroner
Også våren 2022 var stabsfunksjonane prega av koronapandemien. Fleire prosjekt, arrangement og opplæringstiltak både internt og mot eksterne har blitt skyvd til 2023.
Mindreforbruket på BYE skyldast i hovudsak ikkje avslutta vedlikehaldsprosjekt. Dette skyldast at avdelinga har hatt mangel på prosjektleiarar og at fleire prosjekt derfor har blitt forseinka. Over 90 prosent av dei ubrukte vedlikehaldsmidlane er knytt til prosjekt som er starta opp, og som vil bli ferdig i løpet av 2023
Resultatet for ramme D04 Lønnsreservepost viser ein mindreutgift på 15,7 mill. kroner i 2022. Dette skuldast i hovudsak at lønsoppgjeret knytt til forbunda, som var i streik, ikkje var på plass per 31.12.22. Lønnsoppgjeret vert utbetalt i mars 2023. Dette medfører ein lågare utgift for fylkeskommunen enn tidlegare føresett og estimert verknad utgjer om lag 7 mill. kroner.
D05 Vidaregåande opplæring har eit meirforbruk på 5,0 mill. kroner sett i samanheng med budsjett. Noko av meirforbruket i 2022 kan forklarast med auka utgifter som følgje av korona. 12 av 22 skoler hadde mindreforbruk, medan 10 hadde meirforbruk.
Dei 10 skolane med meirforbruk vil dekke dette inn gjennom trekk på rammene i 2023-2026.
D09 Tannhelse har eit meirforbruk på 4,3 mill. kroner sett i samanheng med budsjett. Dette skyldast at tannhelse tidlegare i 2022 reduserte ramma med 20 mill. kroner, pga. venta innsparingar grunna vakante stillingar. I løpet av hausten vart dei vakante stillingane noko redusert, og innsparingane vart derfor ikkje så store som venta.
D12 Samferdsel har eit samla meirforbruk på 40,7 mill. kroner sett i samanheng med budsjett. Det har vore ein sterk auke i indeks på kontraktar knytt til kollektivtransport og vedlikehald på fylkesvegar i 2022. Indeksutviklinga aleine har generert eit meirforbruk på 101,9 mill. kroner i 2022, derav 30 mill. kroner som vart lagt på budsjettrammene i løpet av året. Fylkesvegferjedrifta har gått med mindreforbruk i 2022, men i 2023 vil prisane på kontraktane auke betydeleg som følgje av prisstigninga.
1.3 Netto finansutgifter
Netto finansutgifter var på 415,5 mill. kroner, dvs. 13 mill. kroner lågare enn budsjett. Dette skuldast i hovudsak ein netto auke i renteinntektene og avkastning på kapitalfondet, med om lag 34 mill. kroner. Renteutgifter vart om lag 17 mill. kroner høgare enn budsjettert, og avdraga vart om lag 4 mill. kroner høgare.
1.4 Netto avsetning til eller bruk av fond
Dersom ein ikkje brukar alle statlege overføringane i løpet av kalenderåret, så er det mogleg å avsetje desse midlane til seinare år som bundne fond. I 2022 var netto avsetjing til bundne fond på 28,4 mill. kroner, jf. tabell 1. Sidan dette ikkje er frie midlar til fylkeskommunen sin eigen disposisjon, så kjem dette som ein korreksjon til netto driftsresultat. Avsettinga til bundne fond er ikkje kjent før ved avslutninga av årsrekneskapen.
2. Investeringsrekneskap
Investeringsrekneskapen hadde i 2022 eit samla finansieringsbehov på 2 315,5 mill. kroner, som er 340,4 mill. kroner lågare enn budsjettert.
i 1000 kr. | Korrigert budsjett 2022 | Budsjett 2021 | Avvik | Rekneskap 2020 |
---|---|---|---|---|
Investeringar i varige driftsmidlar | 2 258 310 | 2 586 216 | -327 906 | 2 101 226 |
Tilskot til andres investeringar | 411 | 0 | 411 | 0 |
Investeringar i aksjar og andelar i selskap | 54 349 | 69 759 | -15 410 | 16 586 |
Utlån av eigne midlar | 2 469 | 0 | 2 469 | 431 |
Avdrag på lån | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsutgifter | 2 315 539 | 2 655 975 | -340 436 | 2 118 243 |
Kompensasjon for meirverdiavgift | 382 659 | 454 025 | -71 366 | 382 336 |
Tilskot frå andre | 303 745 | 389 320 | -85 575 | 220 567 |
Sal av varige driftsmidlar | 951 | 0 | 951 | 482 |
Sal av finansielle anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 2 280 |
Utdeling frå selskap | 0 | 0 | 0 | 0 |
Mottatte avdrag på utlån av eigne midlar | 39 775 | 39 775 | 0 | 10 000 |
Andre inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bruk av lån | 1 315 236 | 1 496 450 | -181 214 | 1 283 903 |
Sum investeringsinntekter | 2 042 366 | 2 379 570 | -337 204 | 1 899 568 |
Videreutlån | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bruk av lån til videreutlån | 0 | 0 | 0 | 0 |
Avdrag på lån til videreutlån | 0 | 0 | 0 | 0 |
Mottatte avdrag på videreutlån | 0 | 0 | 0 | 0 |
Netto utgifter videreutlån | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføring frå drift | 230 184 | 220 745 | 9 439 | 223 952 |
Avsettingar til bundne investeringsfond | -24 999 | 0 | -24 999 | -38 833 |
Bruk av bundne investeringsfond | 51 165 | 25 676 | 25 489 | 29 250 |
Avsettingar til ubunde investeringsfond | 0 | 0 | 0 | -2 280 |
Bruk av ubundne investeringsfond | 16 823 | 29 984 | -13 161 | 6 586 |
Dekking av tidlegare års udekka beløp | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføring frå drift og netto avsettingar | 273 173 | 276 405 | -3 232 | 218 675 |
Framført til inndekking i seinare år (udekka beløp) | 0 | 0 | 0 | 0 |
Nedanfor har vi kommentert nokre av dei største avvika.
Kompetanseområdet
Det er investert til saman om lag 128,8 mill. kroner i utstyr og bygningar for kompetanseområdet i 2022. Dette er ein reduksjon på om lag 47,8 mill. kroner samanlikna med budsjett. Det er forsinka framdrift på fleire prosjekt i høve til budsjett. Dei største avvika er kommentert nedanfor.
- Prosjekt «Utstyr/universell utforming/ped. ombygging» viser eit mindreforbruk på om lag 9,8 mill. kroner som skuldast forseinka framdrift på nokre av prosjekta.
- Prosjekt «Spjelkavik Arena» viser eit mindreforbruk på om lag 12,4 mill. kroner. Dette skuldast at grunnentreprenør kom seinare i gang med masseutskiftinga enn føresett.
- Prosjekt «Ørsta vgs» viser eit mindreforbruk på om lag 26,3 mill. kroner i 2022. Mindreforbruket skuldast i hovudsak at betaling for tomtekjøp frå Ørsta kommune ikkje skjedde i 2022 som føresett i budsjettet.
- Prosjekt «Talevarslingssystem, alle skoler» viser eit mindreforbruk på om lag 9,1 mill. kroner i 2022. Mindreforbruket skuldast utsett/forseinka utlysing i 2022, arbeidet vil bli fullført i løpet av 2023.
Samferdselområdet
Det er investert til saman om lag 2 047,3 mill. kroner på samferdselsområdet i 2022. Dette er ein reduksjon på om lag 262,7 mill. kroner samanlikna mot budsjett.
Av dette utgjer investeringar i fylkesveg 2 005,6 mill. kroner. Mindreforbruket er på om lag 242,5 mill. kroner. Dette skriv seg frå netto meir- og mindreforbruk på fleire av prosjekta. Under er dei største avvika kommentert:
- Lade- og infrastruktur knytt til Nordmørspakken, Romsdalspakken og Ytre Sunnmøre viser eit samla mindreforbruk på om lag 115,1 mill. kroner i 2022. Overtaking av Rykkjem ferjekai er forseinka og vil først skje i 2023. Del 2 av Romsdalspakken, Sølsnes- Åfarnes er forseinka, overtaking her er planlagt i 2024. Ytre Sunnmøre er forseinka grunna behov for å avklare krav til kontroll og godkjenning av dokumentasjon, og vil bli sluttført i 2023.
- Utbetring veg viser eit meirforbruk på om lag 38 mill. kroner i 2022. Om lag 16,6 mill. kroner skuldast at breiddeutviding på eksisterande veg (Nordøyvegen, Austnes-Ulla) vart ferdigstilt i 2022. Omfang og kostnader på breiddeutvidinga vart noko høgare enn venta. Pga. prisvekst og ønske om å ferdigstille planlagde strekningar vart det også meirforbruk på forsterkningsprosjekta på om lag 12 mill. kroner.
- Ferjekaier viser eit meirforbruk på om lag 28 mill. kroner i 2022. Det har vore eit meirforbruk på ferjekaiene i Romsdalspakken del 1 (Sølnes-Åfarnes) på om lag 46 mill. kroner pga. høgare entreprisekostnad enn venta. Netto mindreforbruk på dei øvrige prosjekta skuldast i hovudsak sein oppstart.
- Bruer viser eit samla mindreforbruk på om lag 110 mill. kroner i 2022, der om lag 81 mill. kroner skuldast forseinka oppstart på Nerlandsøybrua. Ei rekke andre prosjekt er også utsett eller forseinka.
- Tunellar viser eit mindreforbruk på om lag 33 mill. kroner i 2022. Mindreforbruket skuldast i hovudsak forseinka oppstart. Anleggstart på Remetunnelane vart utsett til 2023.
- Trafikktryggingstiltak viser eit mindreforbruk på om lag 18 mill. kroner. 5 mill. kroner er knytt til utsett gjennomføring av TS-tiltak ved Eiksundsambandet. Resten av mindreforbruket skuldast i hovudsak manglande kapasitet i eksisterande kontraktar.
- Prosjekt Rassikring viser eit meirforbruk på om lag 35,6 mill. kroner i 2022. Meirforbruket skuldast m.a. auka kostnader knytt til løns- og prisstigning i 2022. Det har i byggeperioden vore utfordringar m.a. med dårleg fjell, ras og manglande straumtilgang. Fylkeskommunedirektøren reknar med at dette vil medføre ein samla meirkostnad på om lag 50 mill. kroner samanlikna med prisjustert kostnadsramme.
- Prosjekt Nordøyvegen viser eit mindreforbruk på om lag 43,1 mill. kroner i 2022. Prosjektet fekk auka kostnader pga. løns- og prisvekst i 2022 som vart dekt opp av usikkerheitsavsetninga. Delar av mindreforbruket i 2022 vil finansiere restkostnader i 2023. Det vil bli lagt fram ei eiga sak til fylkestinget om Nordøyveg-prosjektet i løpet av 2023.
Resterande beløp på om lag 41,6 mill. kroner er system og utstyr knytt til Fram, bussdepot og trafikkterminaler.
Finansiering
Lånemidlar har finansiert 1 315,2 mill. kroner av investeringane i 2022, noko som er 181,2 mill. kroner lågare enn budsjettert. Dette skyldast lågare investeringsutgifter.
3. Finansielle måltall
Kommunelova set krav til at fylkestinget sjølv skal vedta sine finansielle måltal for fylkeskommunen sin økonomi. Formålet med finansielle måltal er å synleggjere fylkestinget sitt ansvar for å ivareta det økonomiske handlingsrommet i eit langsiktig perspektivet. Møre og Romsdal fylkeskommune har følgande måltal som ein ønsker å sette fokus på:
3.1 Netto driftsresultat
Teknisk beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) har anbefalt at fylkeskommunane bør ha eit måltal for netto driftsresultat på om lag 4 prosent (korrigert for bundne midlar) som ein buffer mot:
- svingingar i rentenivået og drivstoffpris
- kapitalslit (avskrivingar) - spesielt viktig sett i samanheng med fylkesreforma i 2010 (auka vedlikehaldsetterslep)
- for å bygge opp reservar til framtidige investeringar
Møre og Romsdal fylkeskommune sitt måltal er f.t. på 3,3 prosent.
Figur 1 viser netto driftsresultat dei siste 5 åra, samt budsjett for inneverande økonomiplanperiode.
Møre og Romsdal fylkeskommune hadde i 2022 eit netto driftsresultat korrigert for bundne midlar på 2,6 prosent, av brutto driftsinntekter. I 2021 var tilsvarande tall på 5,8 prosent. Netto driftsresultat er 0,7 prosentpoeng lågare enn målsettinga for 2022. Dei komande åra vil netto driftsresultat reduserast betydeleg (figur 1). Dette skyldast mellom anna auka prisvekst, auka renteutgifter og høge investeringar som fører til auke avdrag og rente (jf. Økonomiplan med handlingsprogram 2023-2026).
3.2 Disposisjonsfond
Den finansielle handlefridomen i drift kan styrkast gjennom å auke frie driftsfond/ disposisjonsfond, slik at fondsmidlane kan nyttast til dekke uventa meirutgifter i enkeltår.
Størrelsen på disposisjonsfondet er eit uttrykk for kor stor økonomisk buffer fylkeskommunen har til den løpande drifta, og kor stor økonomisk handlefridom fylkeskommunen har i åra som kjem. TBU og Kommunenes Sentralforbund (KS) anbefaler at størrelsen på driftsfondet helst bør være på minst 10 prosent av brutto driftsinntekter. Vedtatt måltal for Møre og Romsdal fylkeskommune er på 10 prosent.
Figur 2 viser utviklinga til disposisjonsfondet til Møre og Romsdal fylkeskommune dei siste fem åra, samt budsjett for inneverande økonomiplanperiode.
Per 31.12.2022 var disposisjonsfondet på 12,6 prosent mot 14,0 prosent i 2021. Sidan 2020 har disposisjonsfonda vore over målsettinga på 10 prosent. Økonomiplan 2023-2026 viser at disposisjonsfondet truleg vert redusert dei komande åra pga. av fallande netto driftsresultat som ein følgje av den økonomiske situasjonen (sjå omtale under netto driftsresultat over).
3.3 Langsiktig lånegjeld og gjeldsgrad
Ved utgangen av 2022 var Møre og Romsdal fylkeskommune si lånegjeld på 9 026,8 mill. kroner. Dette er ei auke på 906,2 mill. kroner frå året før.
For å berekne ei meir korrekt lånegjeld, så har vi korrigert for ubundne investeringsfond og for ekstraordinære inntekter som er spesielle for Møre og Romsdal fylkeskommune. Ferjeavløysingsmidlar og lån dekt av andre er døme på slike ekstraordinære inntekter.
Figur 3 nedanfor viser utviklinga i Møre og Romsdal fylkeskommune sin korrigerte lånegjeld dei siste 5 åra, samt budsjett for inneverande økonomiplanperiode.
Korrigert gjeldsgrad var ved utgangen av 2022 på 98 prosent av brutto driftsinntekter. KS og TBU sin anbefaling er at fylkeskommunane bør ligg på omtrent 60 prosent for å ha økonomisk handlerom til investeringar. Ei lånegjeld på over 90 prosent definerer dei som «rød sone», dvs. at fylkeskommunen har lite handlingsrom til investeringar. Figur 3 viser at Møre og Romsdal allereie i 2020 var over anbefalinga på 90 prosent. Ny målsetting vart av fylkestinget satt til 120 prosent for perioden 2023-2026. Lånegjelda vil i inneverande økonomiplanperiode auke til om lag 138 prosent i 2026.
Den høge lånegjelda inneber at fylkeskommunen vil være økonomisk sårbar sett i samanheng med ein auke i lånerenta. Stresstest per 31.12.22 viser at Møre og Romsdal fylkeskommune vil få ein årleg auka på om lag 53,4 mill. kroner ved en renteauke på 2 prosentpoeng, utover dagens nivå.
Av renteeksponert gjeld utgjer fastrenteavtalar 47,3 prosent. Finansreglementet krev at minst 30 prosent av fylkeskommunale innlån skal vere til fast rente.
4. Handlingsprogram
Fylkeskommunedirektøren har vektlagt gode samanhengar i plansystemet som gir
moglegheit for oversikt og oppfølging til tross for kompleksiteten som følger av berekrafts-tilnærminga. Heile plansystemet, slik det er vedtatt i Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2021-2024 (RPS), er utleia frå dei tre berekraftsdimensjonane og bygger på 4 knaggar:
- Samarbeidsfylket: Møre og Romsdal skal vere eit føregangsfylke på samarbeid
- Miljøfylket: Møre og Romsdal skal vere miljøfylke nr. 1
- Inkluderings- og kompetansefylket: Møre og Romsdal skal vere eit attraktivt og mangfaldig fylke der folk vel å bu
- Verdiskapingsfylket: Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt leiande næringsliv og ein innovativ offentleg sektor
Desse fire knaggane er gjennomgåande i regional planstrategi, fylkesplan, fylkesstrategiane, resultatmål, handlingsprogrammet i økonomiplanen og verksemdsplanar.
Plan og bygningsloven har krav om at alle regionale planar skal ha eit handlingsprogram der det går fram ressursbehov, kven som er ansvarleg organ og samarbeidspartnarar for gjennomføringa av planen. Handlingsprogrammet skal ikkje berre vere eit styringsdokument for fylkestinget, men også vise fylkeskommunen sine samarbeidspartnarar kva vi vil prioritere. Handlingsprogrammet skal etter plan og bygningslova vedtakast av fylkestinget sjølv.
Måla i handlingsprogrammet for 2022 på samarbeidsfylket er langt på veg nådd for 2022. Fylkeskommunen står fram som ein sentral aktør for å få til erfaringsdeling og kompetansebygging i fylket. Dei større tverrfaglege satsingane til fylkeskommunen gir gevinst i form av auka samarbeid både internt og eksternt. Det er også gjort mykje for å nå måla for miljøfylket. Heile organisasjonen er iferd med å dreie si drift og utviklingsoppgåver for å møte det grøne skiftet. Dette er i hovudsak gjort utan tilføring av ekstra ressursar. Her trengs ein enno sterkare innsats framover for å nå nasjonale og globale mål.
Fylkeskommunen har særleg mange verkemiddel for å nå måla som er sett for inkluderings- og kompetansefylket, og kan vise til gode resultat på gjennomføring i vidaregåande skole og karriererettleiing. Fylkeskommunen har hatt meir arbeid med integrering og kvalifisering av flyktningar i 2022 grunna krigen i Ukraina. Tal kollektivreiser er i ferd med å normalisere seg etter nedgangen som kom med koronapandemien. Det same gjeld tannhelse, som er iferd med å hente inn etterslep i sitt tilbod som kom med pandemien, men her ser vi no teikn på at bemanningsutfordringar påverkar måloppnåinga for tannhelsetilstand hos målgruppene. Kultursektoren nådde også i stor grad måla som var sett, og i 2022 var frivillig sektor gitt ekstra merksemd gjennom mange arrangement i samband med Frivilligheitas år. Når det gjeld måla for verdiskapingsfylket så er det delt ut midlar og sett i verk ein rekke tiltak for å betre konkurransevilkåra for næringslivet, men vi ser at høg aktivitet i næringslivet har gitt noko lågare tal nyetableringar i 2022 samanlikna med året før. Også vegavdelinga har i stor grad nådd dei fleste av sine mål, men målet for dekktilstand og vedlikehaldsetterslep er ikkje innfridd. Måloppnåinga på måla i handlingsprogrammet kan ein lese meir om i årsrapporten.
5. Tvistar
Fylkeskommunen har over noko tid hatt to aktive konfliktsaker med Fjord 1. Disse er som føljer:
- Rabattkompensasjonssaka, som vart avslutta med rettsforlik i 2022.
- Årsoppgjer på to nettokontrakter - Midtre Sunnmøre og Romsdalspakken frå år 2018 og 2019.
Møre og Romsdal fylkeskommune meiner framleis å ha eit tilgodehavande mot Fjord 1 på om lag 20,9 mill. kroner for årsoppgjera 2018 og 2019. Fjord 1 meiner eit eventuelt krav for 2018 og 2019 er oppgjort i rabattkompensasjonsforliket. Fylkeskommunen bestrider dette. For å avbryte eventuell forelding vart det i februar 2023 tatt ut stevning i saka.
6. Likestilling, inkludering og mangfald
Tiltak som sikrar inkludering og deltaking for alle er prioritert av fylkeskommunen. Universell utforming handlar om at alle skal kunne delta på ein likeverdig måte. Våre rådgivande utval; eldrerådet, ungdomspanelet og rådet for likestilling av
funksjonshemma er viktige for å lykkast med dette. Desse har jamlege møte gjennom året og gir råd til utviklinga av fylkeskommunen. Universell utforming skal ligge i botn for vårt tenestetilbod på alle fagområde.
På driftssida er det arbeidd med universell utforming av alle lokale som tilbyr fylkeskommunale tenester, slik som dei vidaregåande skolane, tannhelseklinikkane, trafikkterminalar og administrasjonsbygg. Det same gjeld for utforming av tilbod i dei ulike fag- og tenesteområda der det m.a. blir stilt eksplisitte krav i kontraktar med dei som driftar tilboda våre, slik som t.d. innanfor kollektivtilbodet med buss, båt og ferje. Universell utforming ligg også i botn for vårt samarbeid med kommunane om til dømes by- og tettstadsutvikling.
For å møte krava til universell utforming av offentlege nettstadar og digitale løysingar, har vi i 2022 utarbeidd tilgjengelegheitserklæring for nettsider knytt til fylkeskommunen. Vi har og gjennomført kurs i universell utforming av dokument, og dei nye lovkrava som trer i kraft 01.02.23. Ved kjøp av nye digitale tenester og verktøy som fylkeskommunen har behov for, blir det stilt krav om universell utforming.
Fylkesplan for Møre og Romsdal er overordna plandokument for all regional utvikling. Eit av resultatmåla er likestilling og inkludering med mål om reelle valmoglegheiter innanfor utdanning og arbeidsliv for alle.
All rekruttering til Møre og Romsdal Fylkeskommune skal legge vekt på likestilling mellom kjønn og mellom minoritetar og majoritetar i alle delar av organisasjonen.
Grunnlaget for vurdering i all rekruttering skal vere:
- Utdanning, kompetanse, erfaring, kjønn og mangfald, jf. Lov om likestilling og forbod mot diskriminering.
- Likestilling og mangfald skal være ein del av vurderinga ved samansetting av team og organisasjon.
I rekrutteringsprosessen blir ikkje enkeltgrupper nemnd særskilt, men ved utlysinga av stillingar oppfordrar fylkeskommunen om at alle med relevant kompetanse er velkomne til å søke på alle stillingar. Leiarar med ansvar for rekrutteringa er også pålagt, og har ansvaret for, at all rekruttering er i tråd med krava i lova. Dette vert også poengtert ved tilsetting av nye leiarar.
Ved utgangen av 2022 var det i Møre og Romsdal fylkeskommune totalt 2 656 tilsette fordelt på 2 427 årsverk. Av desse var 1 610 kvinner (60,6 prosent) og 1 046 menn (39,4 prosent). Toppleiargruppa i fylkeskommunen, består av 4 kvinner og 6 menn. Kjønnsfordelinga mellom leiande stillingar er på 56 prosent kvinner og 44 prosent menn.
Møre og Romsdal fylkeskommune kartlegg kvart år lønnsforhold etter kjønn. Resultatet av kartlegginga publiserast i årsrapporten. Møre og Romsdal fylkeskommune har som målsetjing at likt arbeid skal gi lik lønn uavhengig av kjønn.
Fylkeskommunen vedtok i 2022 ein handlingsplan for likestilling. I steg 1 inneheld planen innsatsområda som vart anbefalt av Europakommisjonen og forskningsrådet. Kvart innsatsområde inneheld fleire delmål som konkretiserer og målrettar arbeidet med likestilling. Handlingsplanen vil i steg 2 vidareutviklast til å ta opp i seg alle områda som er nemnt i likestilling- og diskrimineringslova. Handlingsplan for likestilling skal sikre at alle arbeidstakarar skal ha like moglegheiter til arbeid, utvikling (fagleg og personleg), opplæring, avansement og lønsvekst uavhengig av kjønn.
HMS-system
Arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) inngår som ein del av den heilskaplege verksemdstyringa og kvalitetsarbeidet i fylkeskommunen, jf. eige punkt nedanfor om styring og kontroll. Styrande dokument for HMS-arbeidet og dokumentasjon på korleis vi følgjer opp skal inngå i fylkeskommunen sitt kvalitetssystem. Nytt kvalitetssystem, Compilo, vil kome på plass i løpet av 2023.
Kvart år blir det utarbeidd ein eigen HMS-årsrapport som blir behandla i Hovudsamarbeidsutvalet (HSAMU). Rapporten for 2022 blir behandla den 20.04.2023 og vil vere offentleg tilgjengeleg.
7. Styring og kontroll
I samsvar med § 25 i kommunelova skal fylkeskommunedirektøren innrette verksemda på ein slik måte at den er underlagt ein forsvarleg kontroll. I det daglege har kvar direktør ansvar for å etablere og følge opp styrande dokument som sikrar etterleving av lover og reglar innafor sitt fag- og tenesteområde. Fylkeskommunedirektøren har regelmessige møter med toppleiargruppa og stab.
I 2020 vedtok fylkestinget organisasjonsstrategien for Møre og Romsdal. Organisasjonsstrategien er den felles plattforma vår for korleis vi som organisasjon skal løyse samfunnsoppdraget vårt best mogleg, slik at vi når måla i den regionale planstrategien og FN sine berekraftsmål. Den gjer greie for visjon, verdigrunnlag og innsatsområde med prinsipp for korleis vi skal arbeide og lære saman, og korleis vi skal styre og leie Møre og Romsdal fylkeskommune som organisasjon for å nå måla.
Organisasjonsstrategien omtalar:
- Samfunnsoppdrag, visjon og verdiar
- Plansystem og verksemdstyring
- Organisasjons- og tenesteutvikling
- Leiar- og medarbeidarskap i ein lærande organisasjon
- Arbeidsmiljø og HMS.
Som eit ledd i oppfølging av organisasjonsstrategien vart det etablert eit program for Nye digitale arbeidsformer. I alt omfattar programmet sju prosjekt. Dei har eit felles mål om å forbetre arbeids- og samhandlingsformene i heile organisasjonen, samt løyse lovpålagte krav knytt til internkontroll/eigenkontroll, informasjonssikkerheit og personvern, kommunikasjon, saksbehandling, arkiv og HR-prosessar. I første kvartal 2023 er det gjort innkjøp av digital støtte for nytt intranett (Innsida) og for heilskapleg verksemdstyring gjennom verksemdstyringssystemet Framsikt og kvalitetssystemet Compilo.
Fylkeskommunedirektøren er opptatt av å følge opp anbefalingane frå kontrollutvalet på bakgrunn av dei undersøkingar og forvaltningsrevisjonar som vart gjennomført i 2021 og i 2022. I 2021 vart det gjennomført ei undersøking av verksemdstyring og intern kontroll i fylkeskommunen. Fylkestinget slutta seg til dei anbefalingane som er gitt og dei handlingsplanane som er laga og som fylkeskommunedirektøren skal følgje opp. Tiltaka i handlingsplanen er nært knytt til gjennomføring av program for «Nye digitale arbeidsformer», og då særleg dei to prosjekta som gjeld verksemdstyring og kvalitetssystem. I samspel mellom desse to prosjekta er det utvikla ein modell for heilskapleg verksemdstyring (sjå figur 4):
Heilskapleg verksemdstyring/kvalitetsleiing inneber å «gjere dei rette tinga» og «gjere tinga rett»:
- Styre/leie arbeidsprosessane i samsvar med gjeldande lover og forskrifter på ein slik måte at vi kan nå måla i den regionale planstrategien og FN sine berekraftsmål.
- Lage planar for å gjennomføre politiske vedtak og rapportere på disse.
- Følgje opp alle verksemdsområda fylkeskommunen har ansvar for ved å sjekke tilstand (eigenkontroll/intern kontroll), vurdere behov og forbetringar, risikovurdere kva som er viktigast og prioritere tiltak/korrigeringar.
I heilskapleg verksemdstyring legg fylkeskommunedirektøren vekt på at fylkeskommunen skal ha ei risikobasert tilnærming til korleis vi gjer prioriteringar, og korleis vi utøver intern kontrollen for all verksemd og ikkje berre for HMS. Den heilskaplege forståinga av verksemdstyringa skal vere gjennomgåande i fylkeskommunen sin organisasjon og i det tverrfaglege samarbeidet på tvers av linjer og nivå i organisasjonen. Det blir lagt opp til eit sertifiserbart kvalitetssystem etter ISO 9001, eit overordna kvalitetssystem som skal gjelde heile fylkeskommunen.
For å gje betre oversikt over aktivitetane i verksemdstyringa er det utvikla eit styringsårshjul der intern kontroll skal inngå som ein integrert del av verksemdstyringa. I verksemdstyringa er det lagt opp til tertialvis rapportering av økonomien i fylkeskommunen. Hovudmåla med resultatmål og tilhøyrande måleindikatorar vert rapportert tertialvis til administrasjonen og årleg til fylkestinget. I årsrapporten for 2022 vil ein finne meir informasjon om måloppnåing i 2022. For å sikre at vi arbeider i samsvar med formelle krav og styrande dokument og at vi sikrar at vi følgjer opp politiske vedtak og at vi korrigerer og lærer, blir det arbeidd for opplegg for å utvikle leiardialogen og leiinga sin gjennomgang av verksemda. Det er m.a. etablert eit eige fagnettverk for kvalitetsarbeid og intern kontroll som har nær kopling til fylkeskommunen si plangruppe.
8. Etikk
FN sine berekraftmål utgjer det overordna rammeverket for utviklinga av Møre og Romsdal som region og for organisasjonen vår. Det er ein føresetnad for berekraftig utvikling at det er tilgang til rettsvern for alle, med velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle område. Møre og Romsdal fylkeskommune sin visjon og verdigrunnlag er den raude tråden og den etiske grunnmuren som skal sikre fylkeskommunen, som ein velfungerande, ansvarleg og inkluderande institusjon. Dei etiske retningslinjene konkretiserer korleis medarbeidarane skal opptre for å handle på ein måte som sikrar god etisk praksis.
Felles refleksjon over praksis som involverer både politisk nivå og tilsette, er ein føresetnad for at visjonen og verdigrunnlaget skal bli ein del av vår organisasjonskultur. Våre leiarar skal legge til rette for at tilsette er kjent med, og har forstått fylkeskommunen sine etiske retningslinjer. Leiarar har eit særleg ansvar for å tydeleggjere kva som er etisk forsvarleg åtferd, legge til rette for etisk refleksjon over praksis, og byggje ein kultur basert på openheit og tillit.
I 2018 vedtok fylkestinget, etter ein brei prosess internt i fylkeskommunen, dei nye etiske retningslinjene. Desse legg eit godt grunnlag for forståing av kva som er god etisk praksis. Ein god etisk standard på alt vi gjer er avgjerande for at dei som tek i mot våre tenester, eller som vi samarbeider med, skal ha tillit til oss.
I toppleiarmøtet i august vart det vedtatt å oppdatere dei etiske retningslinjene i tråd med den nye organisasjonsstrategien. Avdelingane skal gjennomgå retningslinjene på nytt når dette arbeidet er sluttført. Etikk skal også inn som tema i introduksjonsprogrammet for nytilsette.
9. Utfordringane framover
Møre og Romsdal fylkeskommune har store utfordringar i åra som kjem. Dei viktigaste utfordringane kan vi summere opp slik:
- På grunn av høg lånegjeld er fylkeskommunen spesielt utsett for endringar i rentesatsen. I løpet av 2022 har Norges Bank auka styringsrenta med 2,25 prosentpoeng, og er for tiden på 2,75 prosent. Det er varsla ein ytterlegare auke i styringsrenta våren 2023.
- Nytt inntektssystem er ute på høyring. Dette kan føre til ein reduksjon i rammetilskotet på opp til 187 mill. kroner for Møre og Romsdal fylkeskommune. Dersom dette vert vedtatt av Stortinget vil det føre til store endringar i drifta til Møre og Romsdal fylkeskommune dei komande åra.
- Den sterke prisveksten i 2022 vart ikkje kompensert i statsbudsjettet for 2023. Kostnadane på drift- og vedlikehald av vegane har auka betydeleg dei siste åra, noko som gjeld heile landet. Fylkeskommunen skal i løpet av planperioden lyse ut fleire nye drifts- og fagkontraktar, og det er stor risiko for at prisane aukar også på dei. Med bakgrunn i dette så må tenestenivået reduserast dei komande åra for å kompensere for prisveksten.
- Risiko knytt til stor svingingar i kostnadsindeksar på buss-, hurtigbåtar- og ferjekontraktar.
- Vi har i løpet av 2022 mottatt dei siste utbetalingane av korona-midlar når det gjeld kollektiv. Etterverknadene spesielt på trafikk- og inntektsbortfall i kollektivdrifta (særleg på buss) vil kunne påverke oss i åra som kjem.
- Aukande vedlikehaldsetterslep for investeringar og vedlikehald av fylkesvegnettet (asfalt, vegforsterkning og liknande).
- Manglande statleg dekning av auka ferjekostnader(m.a. som følgje av overgangen til miljøteknologi).
- Etterleve tunnelsikkerheitsforskrifta
- Vi opplevde i 2022 ei dramatisk auke i trafikkulykker. Godt vedlikehald er viktig for å betre trafikksikkerheita på vegane våre.
- Risiko knytt til klimaendringar, dvs. auka skredaktivitet (jordskred, flaumskred og sørpeskred).
- Klima- og miljøutfordringane – «det grøne skiftet» krev store investeringar mellom anna innan samferdselssektoren.
- Bygningsmassen er i hovudsak i god teknisk stand. Likevel har enkelte skolebygg til dels store behov for opprusting.
- Demografiske endringar – aldrande befolkning og for fylkeskommunen sin del, mindre overføringar frå staten pga. færre ungdommar i alderen 16-19 år.
- Teknologiutvikling/digitalisering krev nye arbeidsformer og nye verktøy.
Med bakgrunn i dei utfordringane som Møre og Romsdal fylkeskommune stod overfor i økonomiplan 2021-2023 så vedtok Fylkestinget i desember 2019 betydelege innsparingstiltak for å redusere det samla kostnadsnivået og betre netto driftsresultat. Dette var viktige tiltak, som har bidratt til at fylkeskommunen har fått ein betre økonomi dei siste åra.
Med bakgrunn i dagens økonomiske situasjon med prisvekst og renteauke, så er det igjen behov for nye innsparingstiltak i 2023 og i åra som kjem. Det er allereie innarbeid innsparingar i budsjettet for 2023 på om lag 150-160 mill. kroner, og ytterlegare 100 mill. kroner frå 2024.