ÅRSRAPPORT 2022

Prisar og stipend

Årets bedrift

Fylkesprisen Årets Bedrift 2021 gjekk til Nansen Polar Expeditions AS frå Smøla. Bedrifta bygger ekspedisjonar, tilpassa etter kunden sine ønske. Dei har to ekspedisjonsskip og arrangerer ekspedisjonar både i Arktis og Antarktis. Nansen Polar Expeditions AS brukar lokale råvarer og har fått ekstrem internasjonal merksemd. Les meir om prisvinnarane og utdelinga på mrfylke.no

Fylkeskulturprisen

Hjørundfjord Kulturvernlag tildelt Fylkeskulturprisen 2022. Kulturvernlaget har som oppgåve å ta vare på og restaurere fysiske kulturminne, registrere kulturminne og hjelpe eigarar av kulturminne med å ta vare på desse. Dei var ein sterk pådrivar for at Hjørundfjorden er med i ordninga Utvalde kulturlandskap (UKL) Du kan sjå intervju med prisvinnarane frå utdelinga i desember

Miljøprisen

Nordic Wildfish frå Valderøya i Giske fekk tildelt Miljøprisen 2022. – Nordic Wildfish er eit forbilde for andre som driv innan fiskeribransjen i Møre og Romsdal. Dei er med på å bevisstgjere næringa om kva påverknad dei har på havet og det marine miljøet, og på å skape haldningsendringar blant tilsette og alle som jobbar med havnæringar, sa Henrik Stensønes (Sp), leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet. Du kan sjå intervju med prisvinnarane frå utdelinga i desember

Inkludering- og mangfaldprisen

Møbelprodusenten Ekornes mottok inkluderings- og mangfaldsprisen 2021. - Fast arbeid gir unike moglegheiter til integrering og forankring i lokalsamfunna våre, og det er ein døropnar til det norske samfunnet. Gjennom godt arbeid og ein god kultur har dei vist ein stor innsats for å skape like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i arbeidslivet, sa Marit Krogsæter (Sp), leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet. Sjå videointervju med prisvinnarane frå utdelinga

Årets lærling

Iver Hamre frå Rauma vart kåra til årets lærling. Isterk konkurranse med 29 andre nominerte, skilte Iver seg ut. Lærlingen i bilfaget leverte ei fagprøve utanom det vanlege, og i følge lærebedrifta tok han utfordringar på strak arm og leverte høg fagleg kvalitet gjennom heile læretida. Du kan lese meir på mrfylke.no

Årets regionbyggar

Nyttårskonferansen deler ut prisen Årets regionbyggar til ein person, organisasjon, bedrift eller offentleg aktør som har utmerka seg på ei enkeltsak eller over tid som ei samlande kraft i fylket - eller har tatt spesielt initiativ som bygger Møre og Romsdal saman.

I 2021 gjekk prisen til Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal. «Organisasjonen jobbar innovativt med ei inkluderande arbeidsform som engasjerer og inkluderer mange både i privat næringsliv og verkemiddelapparatet i tillegg til ungdommane sjølve. Ungt Entreprenørskap gir barn og unge rom for skaparglede og mestringsfølelse», seier juryen i sin uttale. Les meir om prisen på mrfylke.no

Frivilligprisen

I frivilligåret 2022 vart 21 kandidatar frå heile fylket nominert til Frivilligprisen. Vinnaren av prisen vart Bjørg Bergem frå Averøy. I følgje juryen er prisvinnaren rett og slett eit godt medmenneske: I fleire år har ho invitert einslege til julaften og arrangert 17.mai-fest for heile kommunen, tillegg til omfattande dugnadsinnsats og frivillig arbeid på mange område, over lang tid. Du kan lese meir om prisen på mrfylke.no

Stipend

Idrettsstipend

Namn Kommune Sum
Leah Sophie Gallagher Støren Molde 50 000
André M. Bertelsen Drege Stranda 50 000
Hareid IL, turngruppa Hareid 50 000

Kunstnarstipend

Namn Kommune Kunstart Sum
Arbeidsstipend
Karin Augusta Nogva Ålesund Visuell kunst 200 000
Martin Gjellestad Molde Film 200 000
Andre stipend
Geir Brungot Sykkylven Visuell kunst 100 000
Lissette Escobar Sula Visuell kunst 40 000
Kim Åge Furuhaug Volda Musikk 100 000
Ole Andreas Silseth Molde Musikk 60 000
Ole-André Rønneberg Sula Film 100 000
Øystein Orten Hareid Litteratur 100 000
Einy Åm Sparks Volda Scenekunst 100 000

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.