- Forside
- Politikk
- Ung medverknad
Ung medverknad
Ungdommens fylkesting (UFT)
UFT er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. Dei diskuterer viktige saker som gjeld ungdom i fylket. Ungdommens fylkesting skal bestå av ungdom frå 13 og 19 år med folkeregistrert adresse i Møre og Romsdal.
Kommunane i Møre og Romsdal blir invitert til å sende to til tre delegatar til ungdommens fylkesting. Kommunar større enn 20 000 innbyggarar får sende tre delegatar. Desse blir valt av sine ungdomsråd. Ungdomspanelet inviterer i tillegg inntil ti delegatar frå organisasjonar som representerer ungdom til UFT.
Ungdommens fylkesting skal gi ungdom meir innflytelse, opplæring i korleis dei kan delta i demokratiske kanalar og bidra til å auke ungdom sitt samfunnsengasjement.
Ei viktig oppgåve for UFT er å lage strategidokument for ungdomspanelet, UFT sitt arbeidsutval med faste møte gjennom heile året. Denne fekk i år nemninga Ung stemme – ungdomspolitisk program for Møre og Romsdal.
Ungdommens fylkesting vart i 2022 arrangert 18.-20. november i Molde.
Ungdomspanelet
Under Ungdommens fylkesting blir det innstilt nytt ungdomspanel (UP). Ungdomspanelet har ni faste og fem varamedlemmar. Medlemane blir formelt valt av fylkestinget.
Ungdomspanelet har i perioden 2021/22 hatt 8, der 2 var digitale. Møta blei arrangert over heile fylket og dei har behandla totalt 36 saker. I tillegg til eigen møteverksemd har Ungdomspanelet deltatt aktivt i ei rekke forskjellige møte, fylkeskommunale prosjekt, grupper, forskjellige samarbeid, konferansar og hovudutvalsmøte. Panelet har også planlagd og gjennomført Ungdommens Fylkesting 2022. I tilllegg planla og gjennomførte UP to Erasmusprosjekt, eit med ei gruppe ungdom frå Polen med gjensidig utveksling og eit saman med dei andre fylkesungdomsråda i Norge. Dette kan du lese meir om i årsrapporten.
Ungdomspanelet 2022/2024
- Niels Leenders, leiar
- Vilde S. Kvalvik, nestleiar
- Nikola Bileska, medlem
- Ola Fredriksen Orset, medlem
- Tuva Johanne Rypdal Hovden, medlem
- Kristine Dimmen, medlem
- Rikke Frilund, medlem
- Kasper Dalhaug, medlem
- Mads Ødegaard Harstad, medlem
- Ida Fjerstad, vara
- Iver Aarebrot, vara
- Magnus Smørdal, vara
- Lisa Marie Nikolaisen, vara
- Guro Rørseth Flatmo, vara