Note 11 Pensjonsforpliktingar
Generelt om pensjonsordningane i fylkeskommunen
Fylkeskommunen har kollektive pensjonsordningar i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) og Statens pensjonskasse (SPK) som sikrar ytelsesbasert pensjon for dei tilsette.
Pensjonsordninga omfattar alders-, uføre-, ektefelle-, barnepensjon samt AFP/tidlegpensjon og sikrar alders- og uførepensjon med samla pensjonsnivå på 66% saman med folketrygden. Pensjonane samordnast med utbetaling frå NAV.
Premiefond
Premiefondet er eit fond for tilbakeført premie og overskudd. Eventuelle midlar på premiefondet kan bare brukast til framtidig premiebetaling. Premiefondet går fram ikkje av rekneskapen, men bruk av fondet reduserer faktisk betalte pensjonspremiar.
2022 | 2021 | |
Inneståande på premiefond 01.01. | 167 991 | 123 456 |
Tilført premiefondet i løpet av året | 58 860 | 64 535 |
Bruk av premiefondet i løpet av året | 20 000 | 20 000 |
Inneståande på premiefond 31.12. | 206 851 | 167 991 |
Rekneskapsføring av pensjon
Etter § 3-5 og § 3-6 i årsrekneskapsforskrifta skal driftsrekneskapen belastast med pensjonskostnadar som er berekna ut frå langsiktige forutsetningar om avkastning, lønnsvekst og G-regulering. Pensjonskostnadane bereknast på ein anna måte enn pensjonspremien som betalast til pensjonsordninga, og det vil derfor normalt være forskjell mellom desse to størrelsane. Forskjellen mellom betalt pensjonspremie og berekna pensjonskostnad betegnes premieavvik, og skal inntekts- eller utgiftsførast i driftsrekneskapen. Premieavviket tilbakeføres igjen neste år.
Rekneskapsføringa av pensjon inneberer eit unntak frå dei grunnleggande prinsippa for kommunerekneskapen om at alle kjende utgifter og inntekter i året skal tas med i årsrekneskapen for vedkommande år (kl § 14-6, 2. ledd nr c). Rekneskapsføringa av premieavvik og amortisering av premieavvik har hatt innverknad på netto driftsresultat i 2022 ved at rekneskapsførte pensjonsutgifter er 2,098 lågare enn faktisk betalte pensjonspremiar.
Bestemmelsane inneber også at berekna pensjonsmidlar og pensjonsforpliktingar er oppført i balansen som henholdsvis anleggsmidlar og langsiktig gjeld.
Økonomiske forutsetningar for berekning av pensjonskostnaden | KLP | SPK |
Forventa avkastning pensjonsmidlar | 3,50 % | 3,00 % |
Diskonteringsrente | 3,00 % | 3,00 % |
Forventa årleg lønnsvekst | 1,98 % | 1,98 % |
Forventa årleg pensjonsregulering | 1,22 % | |
Forventa årleg G-regulering | 1,98 % | 1,98 % |
Spesifikasjon av samla pensjonskostnad, premieavvik, pensjonsforpliktingar og estimatavvik
Pensjonskostnad og premieavvik | 2022 | 2021 | |
Årets pensjonsopptening, noverdi | 168 610 | 161 186 | |
Rentekostnad av påløpt pensjonsforplikting | 81 719 | 77 738 | |
Forventa avkastning på pensjonsmidlane | - 87 612 | - 84 133 | |
Administrasjonskostnad | 6 352 | 6 399 | |
A | Berekna netto pensjonskostnad (inkl. adm) | 169 070 | 161 190 |
B | Forfalt pensjonspremie (inkl. adm.kostnader) | 202 722 | 223 436 |
C | Årets premieavvik (B-A) | 33 652 | 62 246 |
Pensjonsutgifter i drifts- og investeringsrekneskapet | 2022 | 2021 | |
B | Forfalt pensjonspremie (inkl. adm.kostnader) | 202 722 | 223 436 |
C | Årets premieavvik | -33 652 | -62 246 |
D | Amortisering av tidlegare års premieavvik | 62 246 | 22 680 |
E | Brutto pensjonsutgift etter premieavvik og amortisering (SUM B:D) | 231 316 | 183 870 |
G | Pensjonstrekk tilsette | 30 692 | 29 603 |
Årets rekneskapsførte pensjonsutgift (F-G) | 200 624 | 154 267 | |
Akkumulert premieavvik | 2022 | 2021 | |
Sum gjenståande premieavvik tidlegare år (pr. 01.01.) | 62 246 | 22 680 | |
Årets premieavvik | 33 652 | 62 246 | |
Sum amortisert premieavvik dette året | - 62 246 | - 22 680 | |
Akkumulert premieavvik pr. 31.12 | 33 652 | 62 246 | |
Arbeidsgjevaravgift av akkumulert premieavvik | 4 597 | 8 496 | |
Sum akkumulert premieavvik inkl. arb.g.avgift | 38 249 | 70 742 | |
Pensjonsmidlar og pensjonsforpliktingar | 2022 | 2021 | |
Brutto pensjonsforplikting pr. 01.01. | 2 714 682 | 3 046 038 | |
Estimatavvik (ført direkte mot eigenkapitalen) | -36 121 | -499 098 | |
Virkning av planendringar (ført direkte mot eigenkapitalen) | |||
Årets pensjonsopptening | 168 610 | 161 186 | |
Rentekostnad av påløpt pensjonsforplikting | 81 719 | 77 738 | |
Utbetalingar | -75 691 | -71 182 | |
Brutto pensjonsforplikting pr. 31.12. | 2 853 200 | 2 714 682 | |
Brutto pensjonsmidlar pr. 01.01. | 2 658 436 | 3 034 658 | |
Estimatavvik (ført direkte mot eigenkapitalen) | -124 935 | -606 211 | |
Virkninga av planendringar (ført direkte mot eigenkapitalen) | |||
Innbetalt pensjonspremie (inkl. adm.) | 202 722 | 223 436 | |
Administrasjonskostnad/rentegaranti | -6 352 | -6 399 | |
Utbetalingar | -75 691 | -71 182 | |
Forventa avkastning | 87 612 | 84 133 | |
Brutto pensjonsmidlar pr. 31.12. | 2 741 791 | 2 658 436 | |
Netto pensjonsforplikting pr. 31.12. | 111 409 | 56 247 | |
Arbeidsgjevaravgift av netto pensjonsforplikting | 15 218 | 7 677 |