ÅRSRAPPORT 2021

Årsmelding

Her kan du laste ned signert utgåve av årsmeldinga (pdf)

Fylkeskommunen er ein politisk styrt organisasjon med fylkestinget (47 representantar) som det øvste folkevalde organet. Leiar for fylkestinget er fylkesordføraren. Andre sentrale utval med medlemer oppnemnd av fylkestinget er:

  • fylkesutvalet
  • utdannings- og kompetanseutvalet
  • kultur-, næring og folkehelseutvalet
  • samferdselsutvalet
  • kontrollutvalet

Fylkeskommunen sine ulike roller og planverk er omtalt i årsrapporten.

Fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver i dag er:

    • Vidaregåande opplæring (vidaregåande skoler, fagopplæring, vaksenopplæring mm.)
    • Næringsutvikling (tilretteleggande verkemiddel for næringsutvikling og entreprenørskap)
    • Samferdsel (fylkesvegane, fylkesvegferjer, kollektivtrafikk i fylket, ruteopplysning mm.)
    • Offentleg tannhelseteneste
    • Regional planlegging
    • Forvalte regionale utviklingsmidlar (strategisk bruk av nærings- og distriktspolitiske virkemidlar)
    • Kultur (fylkesbibliotek, spelemidlar til idrettsanlegg, midlar til kulturbygg, driftstilskot mm.)
    • Folkehelse (pådrivar for regionalt og lokalt folkehelsearbeid)
    • Internasjonalt arbeid

1. Driftsrekneskap

Driftsresultat

Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2021 eit positivt netto driftsresultat korrigert for bundne fond på 392,6 mill. kroner i 2021 (tabell 1). Dette er ein auke på 342,0 mill. kroner samanlikna med budsjett for 2021, og ein auke på 345,5 mill. kroner samanlikna med rekneskap for 2020.

i 1000 kroner Rekneskap 2021 Budsjett 2021 Avvik Rekneskap 2020
Brutto driftsinntekter 6 768 736 6 547 336 221 400 6 421 451
Brutto driftsutgifter 6 450 764 6 547 464 96 700 6 390 110
Brutto driftsresultat 317 973 -128 318 101 31 341
Netto finansutgifter 320 801 339 653 18 852 292 196
Motpost avskrivingar -419 168 -392 400 26 768 -348 749
Netto driftsresultat 416 340 52 619 363 721 87 894
Netto avsetningar til eller bruk av bundne fond -23 702 -2 000 -21 702 -40 762
Netto driftsresultat korrigert for bundne fond 392 638 50 619 342 019 47 132
i prosent av bruttoinntekt 5,8 % 0,8 % 0,7 %
Tabell 1: Netto driftsresultat korrigert for bundne fond

Netto driftsresultat korrigert for bundne fond i prosent av brutto driftsinntekter er på 5,8 prosent, som er 5,0 prosentpoeng høgare enn budsjettert og 5,1 prosentpoeng høgare enn i 2020.

Avviket mellom rekneskapen og budsjett for 2021 på 342 mill. kroner skyldast i hovudsak:

  • Fylkeskommunen mottok om lag 167,1 mill. kroner meir enn budsjettert i statleg rammetilskot og fylkesskatt.
  • Netto finansutgifter vart om lag 18,9 mill. kroner lågare enn budsjettert.
  • Pensjonspremien viste ei mindreutgift på om lag 8,8 mill. kroner.
  • Rammeområda (fylkestingsrammene) har eit samla netto mindreforbruk på om lag 131,9 mill. kroner. I dette er inkludert eit mindreforbruk på reserveposten på om lag 10,8 mill. kroner og ein meirinntekt når det gjeld konsesjonskraft på om lag 6,6 mill. kroner.
  • Det vart overført om lag om lag 14,9 mill. kroner meir til investeringsrekneskapen enn det som var budsjettert på rammeområda.

Netto driftsresultat disponerast på følgande måte:

(i 1000 kroner) Rekneskap 2021 Budsjett 2021 Avvik Rekneskap 2020
Netto driftsresultat 416 340 52 619 363 721 87 894
Disponering eller dekking av netto driftsresultat:
Overføring til investering 223 952 209 035 14 917 27 681
Netto avsetning til eller bruk av bundne driftsfond 23 702 2 000 21 702 40 762
Netto avsetning til eller bruk av disposisjonsfond 168 686 -158 416 327 102 19 452
Sum disp. eller dekking av netto driftsresultat 416 340 52 619 363 721 87 894
Tabell 2: Disponering av netto driftsresultat

Det er i 2021 satt av 327,1 mill. kroner meir til disposisjonsfond enn det som var budsjettert i 2021. Disposisjonsfondet per 31.12.2021 blir dermed på 947,4 mill. kroner, dvs. 13,4 prosent av brutto driftsinntekter.

Brutto driftsinntekter

i 1000 kroner Rekneskap 2021 Budsjett 2021 Avvik Rekneskap 2020
Rammetilskot 3 282 559 3 239 978 42 581 3 209 927
Inntekts- og formueskatt 1 793 756 1 669 200 124 556 1 550 411
Andre generelle driftsinntekter 44 500 40 136 4 364 69 467
Inntekter fra drift (inkl. øyremerka statlege overføringar) 1 647 921 1 598 022 49 899 1 591 646
Brutto driftsinntekter 6 768 736 6 547 336 221 400 6 421 451
Tabell 3: Brutto driftsinntekter

Brutto driftsinntekter var i 2020 på totalt 6421,5 mill. kroner, som er 356,6 mill. kroner høgare enn budsjett og 774,6 mill. kroner høgare enn i 2019.

Rammetilskotet

Rammetilskotet var på 3 282,6 mill. kroner inkl. skatteutjamninga i 2021, som gir ei meirinntekt på 42,6 mill. kroner sett i samanheng med budsjett. Meirinntekta skyldast i hovudsak følgjande:

  • Skatteutjamninga i 2021 vart om lag 19,9 mill. kroner høgare enn føresett i budsjettet. Dette har samanheng med skatteinngangen i Møre og Romsdal fylke, sett i samanheng med skatteinngangen i landet for øvrig.
  • I nysaldert budsjett for 2021, vedteke av Stortinget 21.12.2021, vart rammetilskotet til Møre og Romsdal fylkeskommune auka med om lag 19 mill. kroner.

Inntekts- og formuesskatt

Inntekts- og formuesskatt var på 1 793,8 mill. kroner i 2021, som er 124,6 mill. kroner høgare enn budsjettert. Skatteinngangen vart spesielt høg mot slutten av året. Skatteinngangen for november og desember 2021 var 77,4 mill. kroner høgare enn for same periode i 2020.

Andre inntekter (inkl. øyremerka statlege overføringar

Denne posten viser alle inntektene til fylkeskommunen sette i samanheng med sal av tenester (ferje, buss, hurtigbåt m.m.), samt overføringar av statlege ordningar for regional utvikling på ymse områder (spelemidlar, Innovasjon Norge, kulturtanken, regionalt forskingsfond m.m.). Pandemien har førte til lågare sal av tenester, men inntektene har likevel auka pga. at dei statlege overføringane har auka. I sum har posten auka med 49,9 mill. kroner i 2021 sett i samanheng med budsjett.

Brutto driftsutgifter

Rekneskap 2021 Budsjett 2021 Avvik Rekneskap 2020
Sum bevillingar drift, netto 4 381 664 4 557 042 175 378 4 445 844
Avskrivingar 419 168 392 400 -26 768 348 749
Andre utgifter (inkl. øyremerka statl. overf.) 1 649 932 1 598 022 -51 910 1 595 517
Brutto driftsutgifter 6 450 764 6 547 464 96 700 6 390 110
Tabell 4: Brutto driftsutgifter

Brutto driftsutgifter var i 2021 på totalt 6 450,8 mill. kroner, som er 96,7 mill. kroner høgare enn budsjett.

Sum bevillingar drift, netto

Sum bevillingar drift netto, består av driftsrammene (fylkestingsrammene) til avdelingane korrigert for overføring til investering, bruk av bundne fond, premieavvik, pensjonspremien m.m. (jf. tabell 5).

Budsjettavvik på rammeområda

Fylkestinget har fordelt disponible frie inntekter på 10 fylkestingsrammer utanom reserveposten. Driftsbudsjettet vert vedtatt som nettorammer, og hovudutvala kan omdisponere mellom sine utvalsrammer.

(i 1000 kroner) Regneskap 2021 Budsjett 2021 Avvik Rekneskap 2020
D01 Fellesutgifter og utgifter til fordeling 42 602 47 532 4 930 37 792
D02 Politisk verksemd 27 231 25 871 -1 359 24 879
D03 Stabsfunksjonar 199 867 231 820 31 953 199 544
D04 Reservepost 0 10 782 10 782 0
D05 Vidaregåande opplæring 1 745 577 1 773 244 27 668 1 738 710
D06 Fagskolane i Møre og Romsdal 11 542 19 962 8 420 19 063
D09 Tannhelsetenester 167 150 174 002 6 852 155 498
D10 Kulturtenester 134 354 135 493 1 140 148 222
D11 Regional- og næringsutvikling 96 311 114 415 18 104 160 455
D12 Samferdselstenester 2 061 270 2 084 478 23 208 2 049 118
D14 Sentrale kontrollorgan 8 120 8 346 226 8 109
Sum netto bevillingar drift på rammeområda 4 494 023 4 625 945 131 922 4 541 390
Overføring til investering frå rammeområder -14 917 0 14 917 -22 833
Bruk av bundne fond rammeområder 317 908 212 660 -105 248 361 138
Ufordelte utgifter (premieavvik) -341 610 -214 660 126 950 -401 900
Ufordelte utgifter (premiereduksjon KLP/SPK) -64 980 0 64 980 26 544
Ufordelte utgifter (red. aga) -8 760 -66 903 -58 143 -47 032
Ufordelte utgifter (red.aga) 0 0 0 -11 463
Sum bevillingar drift, netto 4 381 664 4 557 042 175 378 4 445 844
Tabell 5: Sum bevillingar drift, netto

Driftsrammene (sum netto bevillingar drift på rammeområda) var på 4 381,7 mill. kroner i 2021, som er 175,4 mill. kronar lågare enn budsjett. Rammeområda har eit samla netto mindreforbruk på om lag 131,9 mill. kroner. Held ein utanom reserveposten på 10,8 mill. kroner, så gir dette eit mindreforbruk på 121,1 mill. kroner.

Alle rammene bortsett frå Politisk verksemd viser eit mindreforbruk sett i forhold til budsjett.

Reserveposten Resultatet for ramme D04 Reservepost viser ein mindreutgift på 10,8 mill. kroner for 2021. Det faktiske lønsoppgjeret for 2021 vart 9,782 mill. kroner lågare enn budsjettert. I tillegg var det eit mindreutgift på 1 mill. kroner på fylkesutvalet sin reservepost.

Stabsfunksjonar har totalt sett et mindreforbruk på 32,0 mill. kroner. Av dette utgjer Bygg- og eigedomstenester (BYE) 14,2 mill. kroner.

Også i 2021 har stabsfunksjonane vore sterkt prega av koronapandemien. Vi har måtte skuve på fleire prosjekt, arrangement og opplæringstiltak både internt og mot eksterne til 2022.

Av mindreforbruket til BYE skriv i hovudsak 7,0 mill. kroner seg på starta, men ikkje avslutta vedlikehaldsprosjekt, medan om lag 6,6 mill. kroner gjeld meirinntekter knytt til kjøp/sal av konsesjonskraft.

Vidaregåande opplæring har eit mindreforbruk på 27,7 mill. kroner sett i samanheng med budsjett. 13 av 23 skolerammer hadde eit mindreforbruk, medan 10 hadde eit meirforbruk. Mindreforbruket kan forklarast med reduserte kostnader som følje av lågare reise- og kursutgifter samt vakansar.

Dei 10 skolane med meirforbruk vil dekke dette inn gjennom trekk på rammene i 2022-2024.

Samferdsel har eit samla mindreforbruk på 23,2 mill. kroner sett i samanheng med budsjett. Inntektsbortfallet på sal av tenester på grunn av covid-19 vart i løpet av 2021 dekt av auka rammetilskot og skjønnsmidlar frå regjeringa. Utbetalingane var basert på innrapporterte prognoser frå fylkeskommunane.

Indeksutviklinga aleine har generert eit mindreforbruk på 51,1 mill. kroner i 2021, som er teke omsyn til i det samla mindreforbruket over.

Næring har eit samla mindreforbruk på 18,1 mill. kroner sett i samanheng med budsjett.

Av dette skyldast 12,5 mill. kroner at etterspurnad etter «Bedriftsintern opplæringsmidlar» (BIO-midlar), «MobPro» (forskningsbaserte innovasjonsprosjekt) og «Langsiktig omstilling for næringslivet» har vore mindre enn for forventa, på grunn av betre forhold for næringslivet med mindre koronarestriksjonar i 2021.

Netto finansutgifter

Netto finansutgifter var på 320,8 mill. kroner (tabell 1), dvs. 18,9 mill. kroner lågare enn budsjett. Dette skuldast i hovudsak auka renteinntektene og avkastning på kapitalfondet med om lag 25 mill. kroner. Renteutgifter vart om lag 6 mill. kroner høgare enn budsjettert.

Netto avsetning til eller bruk av fond

Dersom ein ikkje brukar alle statlege overføringane i løpet av kalenderåret, så er det mogleg å avsetje desse midlane til seinare år som bundne fond. I 2021 vart netto avsetjing til bundne fond på 23,7 mill. kroner, jf. tabell 1. Sidan dette ikkje er frie midlar til fylkeskommunen sin eigen disposisjon, så kjem dette som ein korreksjon til netto driftsresultat når ein skal finne det eigentlege netto driftsresultatet. Avsettinga til bundne fond er ikkje kjent før ved avslutninga av årsrekneskapen.

2. Investeringsrekneskap

Investeringsrekneskapen hadde i 2021 eit samla finansieringsbehov på 2 118,2 mill. kroner, som er 326,9 mill. kroner lågare enn budsjettert.

i 1000 kr. Rekneskap 2021 Budsjett 2021 Avvik Rekneskap 2020
Investeringar i varige driftsmidlar 2 101 226 2 408 505 -307 279 2 098 874
Tilskot til andres investeringar 0 0 0 1 722
Investeringar i aksjar og andelar i selskap 16 586 34 384 -17 798 21 129
Utlån av eigne midlar 431 2 250 -1 819 495
Avdrag på lån 0 0 0 0
Sum investeringsutgifter 2 118 243 2 445 139 -326 896 2 122 220
Kompensasjon for meirverdiavgift 382 336 397 316 -14 980 370 898
Tilskot frå andre 220 567 221 350 -783 268 741
Sal av varige driftsmidlar 482 0 482 5 552
Sal av finansielle anleggsmidlar 2 280 2 280 0 1 172
Utdeling frå selskap 0 0 0 0
Mottatte avdrag på utlån av eigne midlar 10 000 0 10 000 6 247
Andre inntekter 0 0 0 670
Bruk av lån 1 283 903 1 565 699 -281 796 1 389 624
Sum investeringsinntekter 1 899 568 2 186 645 -287 077 2 042 904
Videreutlån 0 0 0 0
Bruk av lån til videreutlån 0 0 0 0
Avdrag på lån til videreutlån 0 0 0 0
Mottatte avdrag på videreutlån 0 0 0 0
Netto utgifter videreutlån 0 0 0 0
Overføring frå drift 223 952 209 035 14 917 27 681
Avsettingar til bundne investeringsfond -38 833 -9 571 -29 262 -43 444
Bruk av bundne investeringsfond 29 250 24 676 4 574 73 950
Avsettingar til ubunde investeringsfond -2 280 -2 280 0 0
Bruk av ubundne investeringsfond 6 586 36 634 -30 048 21 129
Dekking av tidlegare års udekka beløp 0 0 0 0
Sum overføring frå drift og netto avsettingar 218 675 258 494 -39 819 79 316
Framført til inndekking i seinare år (udekka beløp) 0 0 0 0
Tabell 6: Bevillingsoversikter - investering

Nedanfor har vi kommentert nokon av dei største avvika.

Kompetanseområdet

Det er investert til saman om lag 51,8 mill. kroner i utstyr og bygningar til vidaregåande opplæring i 2021. Prosjekta viser totalt eit mindreforbruk på om lag 47,6 mill. kroner. Det er forsinka framdrift på fleire prosjekt i høve til budsjett. I hovudsak skyldast dette:

  • forseinking på nye Ørsta vgs grunna manglande avklaring av om Ørsta kommune skal være eigar eller leigetakar i bygget
  • forseinking på Gjermundnes vgs grunna sein avklaring på kva type fjøs som skal byggast
  • forseinka investeringar på utstyr grunna covid-19

Samferdselområdet

Samferdsel har investert for om lag 2 016 mill. kroner i 2021, som er 208,9 mill. kroner lågare enn budsjetter. Av dette utgjer 2 008,9 mill. kroner investeringar i fylkesvegar medan om lag 7,1 mill. kroner er system og utstyr knytt til Fram.

Avviket mellom budsjett og rekneskap skyldast i hovudsak periodiseringsavvik på prosjekta knytt til Fylkesvegar.

Fylkesvegar er eit samlebegrep for prosjekt vedrørande fylkeskommunen sine fylkesvegar utanom rassikring og prosjekt Nordøyvegen. Totalt hadde posten eit mindreforbruk på 178,9 mill. kroner i 2021. Meirforbruket skriv seg frå netto meir- og mindreforbruk på fleire prosjekt. Dei største avvika kan forklarast som følgjer:

  • Prosjekt knytt til planlegging av bypakkar og bestillingstransport vart ikkje starta i 2021 og har eit mindreforbruk på 6,6 mill. kroner
  • Lade- og infrastruktur knytt til Nordmørspakken og Romsdalspakken viser eit samla mindreforbruk på om lag 133,3 mill. kroner. Nordmørspakken og Romsdalspakken er forsinka pga. forsinka leveransar som skuldast covid-19, og det er ikkje blitt belasta noko på desse prosjekta i 2021.
  • Mindre utbetringar ferjekaier viser eit mindreforbruk på om lag 8 mill. kroner. Mindreforbruket skyldast mindreforbruk på Sulesund ferjekai, Seivika ferjekai, Tømmervåg ferjekai, Eidsdal ferjekai Aukra-Hollingsholmen ferjekaier og Linge ferjekai.
  • Mindre utbetringar, bruer viser eit samla mindreforbruk på om lag 11 mill. kroner, og skyldast i hovudsak at entreprisen på Nerlandsøybrua først får oppstart i 2022.
  • Gang og sykkelvegar viser eit mindreforbruk på om lag 6,8 mill. kroner.
  • Trafikktryggingstiltak viser eit mindreforbruk på om lag 12 mill. kroner. Årsaka til mindreforbruket er samansett og skuldast manglande interne ressursar, sein tilbakemelding frå kommunane og liknande.

Nordøyvegen

Nordøyvegen består av tre undersjøiske tunnelar, ein landtunnel og tre bruer og gir fast vegsamband til Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta og Harøya/Finnøya. Den sørlege delen av sambandet med bruene til Lepsøya og tunnelen til Haramsøya vart opna i desember 2021. Opningsdatoen for heile Nordøyvegen er planlagt den 27. august 2022.

Prosjektet viser eit mindreforbruk på 11,1 mill. kroner i 2021. Mindreforbruket i 2021 skriv seg i hovudsak frå lågare byggelånsrenter og kostnader til prosjekteigarstyring. Prosjektet går som planlagt innanfor gjeldande kostnadsramme gitt av fylkestinget. Prosjektet vert følgt tett opp med rapportering og kontroll av prosjektansvarleg, prosjekteigar og Utbyggingsutval for bygg og vegsaker.

Finansiering

Det er brukt 1 283,9 mill. kroner av lånemidlar til å finansiere investeringar i anleggsmidlar i 2021, som er 281,8 mill. kroner lågare enn budsjettert. Dette skyldast lågare finansieringsbehov.


3. Finansielle måltall

Kommunelova set krav til at fylkestinget sjølv skal vedta sine finansielle måltal for fylkeskommunen sin økonomi. Formålet med finansielle måltal er å synleggjere fylkestinget sitt ansvar for å ivareta det økonomiske handlingsrommet i eit langsiktig perspektivet. Møre og Romsdal fylkeskommune har følgande måltal som ein ønsker å sette fokus på:

Netto driftsresultat

Teknisk beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) har anbefalt at fylkeskommunane bør ha eit måltal for netto driftsresultat på om lag 4 prosent (korrigert for bundne midlar) som ein buffer mot:

  • svingingar i rentenivået, oljepris (drivstoffpris)
  • kapitalslit (avskrivingar) - spesielt viktig sett i samanheng med fylkesreforma i 2010 (vedlikehaldsetterslep)
  • for å bygge opp reservar til framtidige investeringar

Møre og Romsdal fylkeskommune sitt måltal for 2021 var på 2,5 prosent. Frå og med 2022 legg ein til grunn eit måltal på om lag 3,2 prosent.

Figur 1 viser netto driftsresultat dei siste 5 åra, samt budsjett for inneverande økonomiplanperiode.

Figur 1: Netto driftsresultat korrigert for bundne fond

Møre og Romsdal fylkeskommune hadde i 2021 eit netto driftsresultat korrigert for bundne midlar på 5,8 prosent av brutto driftsinntekter. I 2020 var tilsvarande tall på 0,7 prosent. Fylkeskommunen ligger 3,3 prosentpoeng over målsetting for netto driftsresultat i 2021. Figuren viser at netto driftsresultat vil ligge omtrent på justert målsetting på 3,2 prosent i 2022 og 2023, medan det vil falle noko i 2024 og 2025 (jf. Økonomiplan med handlingsplan 2022-2025).

Disposisjonsfond

Den finansielle handlefridomen i drift kan styrkast gjennom å auke frie driftsfond/ disposisjonsfond, slik at fondsmidlane kan nyttast til dekke uventa meirutgifter i enkeltår.

Størrelsen på disposisjonsfondet er eit uttrykk for kor stor økonomisk buffer fylkeskommunen har for den løpande drifta, og kor stor økonomisk handlefridom fylkeskommunen har i åra som kjem. TBU og Kommunenes Sentralforbund (KS) anbefaler at størrelsen på driftsfondet helst bør være minst 10 prosent av brutto driftsinntekter. Dette er det same som vedteke måltal til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Figur 2 viser utviklinga til disposisjonsfondet til Møre og Romsdal Fylkeskommune dei siste fem åra, samt budsjett for inneverande økonomiplanperiode.

Figur 2: Disposisjonsfond

Per 31.12.2021 var disposisjonsfondet på 13,4 prosent mot 12,1 prosent i 2020. Disposisjonsfonda auka dei siste åra og er over måltalet på 10 prosent. Økonomiplan 2022-2025, viser at disposisjonsfondet truleg vil halde seg på dette nivået både i 2022 og 2023 for deretter å falle noko i 2024 og 2025 pga. fallande netto driftsresultat (figur 1).

Langsiktig lånegjeld og gjeldsgrad

Ved utgangen av 2021 var Møre og Romsdal fylkeskommune si lånegjeld på 8 121 mill. kroner. Dette er ei auke på 1 123 mill. kroner frå året før.

For å berekne ei meir riktig lånegjeld, så har vi korrigert for ubundne investeringsfond og for ekstraordinære inntekter som er spesielle for Møre og Romsdal fylkeskommune. Ferjeavløysingsmidlar er ei slik ekstraordinær inntekt.

Figur 3 nedanfor viser utviklinga i Møre og Romsdal fylkeskommune sin korrigerte lånegjeld dei siste 5 åra, samt budsjett for inneverande økonomiplanperiode.

Figur 3: Korrigert lånegjeld

Gjeldsgraden var ved utgangen av 2021 på 100 prosent av brutto driftsinntekter. KS og TBU sin anbefaling er at fylkeskommunane bør ligg på omtrent 60 prosent for å ha økonomisk handlerom til investeringar. Ei lånegjeld på over 90 prosent definerer dei som «rød sone», dvs. at fylkeskommunen ha lite handlingsrom til investeringar. Figur 3 viser at Møre og Romsdal allereie i 2019 var over 90 prosent. Lånegjelda vil auke i inneverande økonomiplanperiode til om lag 139 prosent.

Lånegjelda har auka betydeleg dei siste 5 åra. I økonomiplan 2022-2025 er det budsjettert med investeringar på om lag 7,4 mrd. kroner, som fører til at korrigert lånegjeld vil vere på om lag 9,2 mrd. kroner i 2025 (139 prosent).

Den høge lånegjeld inneber at fylkeskommunen vil være økonomisk sårbar sett i samanheng med ein auke i lånerenta. Ein renteauke på 2 prosent vil føre til at netto finansutgifter vil auke med om lag 34,1 mill. kroner. Sjølv om rentenivået no er historisk lågt, så må ein ikkje gløyme at bere for få år sidan var rentenivået eit heilt anna.

Av renteeksponert gjeld utgjer fastrenteavtalar 50 prosent. Finansreglementet krev at minst 30 prosent av fylkeskommunale innlån skal vere til fast rente.

4. Covid- 19

I høve covid-19 pandemien har fylkeskommunen motteke til saman 95,4 mill. kroner. Av dette utgjer 72,4 mill. kroner kompensasjon for inntektsbortfall på kollektivtransport. Restbeløpet på 23 mill. kroner gjeld bedriftsintern opplæring (BIO-midlar), vidaregåande opplæring og tannhelse.

Det vert gjennomført ei evaluering av tapa for 2021 i løpet av våren 2022 for å sikre at utbetalingane er i tråd med tapa.

Pandemien vil også ha innverknad økonomien i 2022, og vi har allereie innrapportert og fått kompensert tap for første halvår 2022.

5. Handlingsprogram

Fylkeskommunedirektøren har vektlagt gode samanhengar i plansystemet som gir

moglegheit for oversikt og oppfølging til tross for kompleksiteten som følger av berekrafts-tilnærminga. Heile plansystemet, slik det er vedtatt i Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2020-2024 (RPS), er utleia frå dei tre berekraftsdimensjonane og bygger på 4 knaggar:

  • Samarbeidsfylket: Møre og Romsdal skal vere eit føregangsfylke på samarbeid
  • Miljøfylket: Møre og Romsdal skal vere miljøfylke nr. 1
  • Inkluderings- og kompetansefylket: Møre og Romsdal skal vere eit attraktivt og mangfaldig fylke der folk vel å bu
  • Verdiskapingsfylket: Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt leiande næringsliv og ein innovativ offentleg sektor

Desse fire knaggane er gjennomgåande i regional planstrategi (RPS), fylkesplan, fylkesstrategiane, resultatmål, handlingsprogrammet i økonomiplanen og verksemdsplanar.

Plan og bygningsloven har krav om at alle regionale planar skal ha eit handlingsprogram

der det går fram ressursbehov, kven som er ansvarleg organ og samarbeidspartnarar for

gjennomføringa av planen. Handlingsprogrammet skal ikkje berre vere eit styringsdokument for fylkestinget, men også vise fylkeskommunen sine samarbeidspartnarar kva vi vil prioritere. Handlingsprogrammet skal etter plan og bygningslova vedtakast av fylkestinget sjølv.

Det har vore utfordrande skulle levere på fleire av resultatmåla i 2021 pga. covid-19. Dette gjeld spesielt mål knytt til auke av kollektivandelen på samferdsel, men også mål knytt til dekningsgrad på prioriterte pasientgrupper på tannhelsetenester. Kultur har også i 2021 måtta avlyst fleire av sine arrangement. Det har i 2021 også vore vanskelegare enn vanleg å få fram nye prosjekt frå kommunane om by -og tettstadutvikling, noko som kan skuldast at kommunane har vore opptatt med å handtere pandemien. Måloppnåinga på måla i handlingsprogrammet kan ein lese meir om i årsrapporten.

6. Tvistar

Fylkeskommunen har på det noverande tidspunktet ingen tvistesaker.

7. Likestilling, inkludering og mangfald

Tiltak som sikrar inkludering og deltaking for alle er prioritert av fylkeskommunen. Universell utforming handlar om at alle skal kunne delta på ein likeverdig måte. Våre rådgivande utval; eldrerådet, ungdomspanelet og rådet for likestilling av funksjonshemma er viktige for å lykkast med dette. Desse har jamlege møte gjennom året og gir råd til utviklinga av fylkeskommunen.

På driftssida er det arbeidd med universell utforming av alle lokalar som tilbyr fylkeskommunale tenester, slik som dei vidaregåande skolane, tannhelseklinikkane, trafikkterminalar og administrasjonsbygg.

Fylkesplan for Møre og Romsdal er overordna plandokument for all regional utvikling. Eit av resultatmåla er likestilling og inkludering med mål om reelle valmoglegheiter innanfor utdanning og arbeidsliv for alle.

All rekruttering til Møre og Romsdal Fylkeskommune skal legge vekt på likestilling mellom kjønn og mellom minoritetar og majoritetar i alle delar av organisasjonen.

Grunnlaget for vurdering i all rekruttering skal vere:

  • Utdanning, kompetanse, erfaring, kjønn og mangfald, jf. Lov om likestilling og forbud mot diskriminering.
  • Likestilling og mangfald skal være ein del av vurderinga ved samansetting av team og organisasjon.

I rekrutteringsprosessen nemnes ikkje enkeltgrupper, men ved utlysinga av stillingar oppfordrar fylkeskommunen om at alle med relevant kompetanse er velkomne til å søke på alle stillingar. Leiarar med ansvar for rekrutteringa er også pålagt, og har ansvaret for, at all rekruttering er i tråd med krava i lova. Dette vert også poengtert ved tilsetting av nye leiarar.

Ved utgangen av 2021 var det i Møre og Romsdal fylkeskommune totalt 2 627 tilsette fordelt på 2 394 årsverk. Av desse var 1 573 kvinner (59,9 prosent) og 1 054 menn (40,1 prosent). Toppleiargruppa i fylkeskommunen, består av 2 kvinner og 7 menn (inkl. fylkeskommunedirektøren). Kjønnsfordelinga mellom andre leiande stillingar i fylkeskommunen er på 55 prosent kvinner og 45 prosent menn.

Møre og Romsdal fylkeskommune har som målsetjing at likt arbeid skal gi lik lønn uavhengig av kjønn. Fylkeskommunen er no i gang med å utvikle ei handlingsplan for likestilling. Handlingsplan for likestilling skal sikre at alle arbeidstakarar skal ha like moglegheiter til arbeid, utvikling (fagleg og personleg), opplæring, avansement og lønsvekst uavhengig av kjønn. Denne planen skal være på plass første kvartal 2022.

Oversikt over tilsette og årsverk i tal finn du kapittelet Organisasjonen

HMS- system

Arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) er eit leiaransvar som skal kanaliserast mest mogeleg gjennom kvalitetssystemet for HMS. Lokal HMS-dokumentasjon til alle verksemder i organisasjonen er tilgjengeleg for dei tilsette i alle driftseiningane gjennom fylkeskommunen sitt intranett.

Sjukefråværet i Møre og Romsdal fylkeskommune var på 5,7 prosent i 2021, som er 0,2 prosent høgare enn i 2020. Sjukefråværet vert rapport kvartalsvis lokalt og sentralt gjennom året. Resultata vert samanlikna mot den enkelte eining si målsetjing. Ved større avvik vil den enkelte eining i samråd med Bedriftshelsetjenesta (BHT) vurdere å sette i verk tiltak.

8. Styring og kontroll

I samsvar med § 25 i kommunelova skal fylkeskommunedirektøren innrette verksemda på ein slik måte at den er underlagt ein forsvarleg kontroll. I det daglege har kvar direktør ansvar for å etablere og følge opp rutinar innanfor eige fag- og tenesteområde som sikrar etterleving av lover og reglar. Fylkeskommunedirektøren har regelmessige møter med toppleiargruppa og stab.

I 2020 vedtok fylkestinget ein ny organisasjonsstrategi for Møre og Romsdal. Organisasjonsstrategien er den felles plattforma vår for korleis vi som organisasjon skal løyse samfunnsoppdraget vårt best mogleg, slik at vi når måla i den regionale planstrategien (RPS) og FN sine berekraftsmål. Den gjer greie for visjon, verdigrunnlag og innsatsområde med prinsipp for korleis vi skal arbeide og lære saman, og korleis vi skal styre og leie Møre og Romsdal fylkeskommune som organisasjon for å nå måla.

Organisasjonsstrategien omtalar:

  • Samfunnsoppdrag, visjon og verdiar
  • Plansystem og verksemdstyring
  • Organisasjons- og tenesteutvikling
  • Leiar- og medarbeidarskap i ein lærande organisasjon
  • Arbeidsmiljø og HMS.

Som et ledd i oppfølging av organisasjonsstrategien er det etablert eit program for Nye digitale arbeidsformer. I alt omfattar programmet sju prosjekt. «Verksemdstyring» og «Kvalitetssystem» er to av prosjekta. Dei har eit felles mål om å forbetre våre arbeids- og samhandlingsformer i heile organisasjonen, samt løyse våre lovpålagt krav knytt til saksbehandling, arkiv, personopplysningar m.m. Det vil i løpet av 2022 bli gjort innkjøp av digitalt verksemdstyringssystem og kvalitetssystem.

Fylkeskommunedirektøren er opptatt av å følge opp anbefalingane frå kontrollutvalet på bakgrunn av dei revisjonshandlingar og forvaltningsrevisjonar som vert gjennomført i løpet av året. KPMG har på oppdrag frå kontrollutvalet gjennomført ei undersøking av verksemdstyring og intern kontroll i fylkeskommunen. Undersøkinga munna ut konkrete tilrådingar som fylkestinget har slutta seg til. Fylkeskommunedirektøren si oppfølging av tilrådingane skjer gjennom prosessar som er knytt til program for «Nye digitale arbeidsformer», og då særleg dei to prosjekta som gjeld verksemdstyring og kvalitetssystem. I samspel mellom desse to prosjekta blir det utvikla ein modell for heilskapleg verksemdstyring.

Heilskapleg verksemdstyring/kvalitetsleiing inneber å «gjere dei rette tinga» og «gjere tinga rett»:

  • Styre/leie arbeidsprosessane i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, og på ein slik måte at vi kan nå måla i den regionale planstrategien (RPS) og FN sine berekraftsmål
  • Lage planar for å gjennomføre politiske vedtak og rapportere på disse.
  • Følgje opp alle verksemdsområda fylkeskommunen har ansvar for ved å sjekke tilstand (eigenkontroll/intern kontroll), vurdere behov og forbetringar, risikovurdere kva som er viktigast og prioritere tiltak/korrigeringar

I forståinga av heilskapleg verksemdstyring, set ein fokus på at fylkeskommunen skal ha ei risikobasert tilnærming til korleis ein gjer prioriteringar og korleis ein utøver intern kontrollen for all verksemd og ikkje berre for HMS. Den heilskaplege forståinga av verksemdstyring skal vere gjennomgåande i fylkeskommunen sin organisasjon og i det tverrfaglege samarbeidet på tvers av linjer og nivå i organisasjonen. Det blir lagt opp til eit sertifiserbart kvalitetssystem etter ISO 9001, eit overordna kvalitetssystem som skal gjelde heile fylkeskommunen.

For å gje betre oversikt over aktivitetane i verksemdstyringa er det utvikla eit digitalt styringsårshjul der intern kontroll skal inngå som ein integrert del av verksemdstyringa. I verksemdstyringa er det lagt opp til tertialvis rapportering av økonomien i fylkeskommunen. Hovudmåla med resultatmål og tilhøyrande måleindikatorar vert rapportert tertialvis til administrasjonen og årleg til fylkestinget. I årsrapporten for 2021 vil ein finne meir informasjon om måloppnåing i 2021.

9. Etikk

FN sine berekraftmål utgjer det overordna rammeverket for utviklinga av Møre og Romsdal som region og for organisasjonen vår. Det er ein føresetnad for berekraftig utvikling at det er tilgang til rettsvern for alle, med velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle område. Møre og Romsdal fylkeskommune sin visjon og verdigrunnlag er den raude tråden og den etiske grunnmuren som skal sikre fylkeskommunen, som ein velfungerande, ansvarleg og inkluderande institusjon. Dei etiske retningslinjene konkretiserer korleis medarbeidarane skal opptre for å handle på ein måte som sikrar god etisk praksis.

Felles refleksjon over praksis som involverer både politisk nivå og tilsette, er ein føresetnad for at visjonen og verdigrunnlaget skal bli ein del av vår organisasjonskultur. Våre leiarar skal legge til rette for at tilsette er kjent med, og har forstått fylkeskommunen sine etiske retningslinjer. Leiarar har eit særleg ansvar for å tydeleggjere kva som er etisk forsvarleg åtferd, legge til rette for etisk refleksjon over praksis, og byggje ein kultur basert på openheit og tillit.

I 2018 vedtok fylkestinget, etter ein brei prosess internt i fylkeskommunen, dei nye etiske retningslinjene. Desse legg eit godt grunnlag for forståing av kva som er god etisk praksis. Ein god etisk standard på alt vi gjer er avgjerande for at dei som tek i mot våre tenester, eller som vi samarbeider med, skal ha tillit til oss. Det er gjennomgåande positive tilbakemeldingar på retningslinjene.

10. Utfordringane framover

Møre og Romsdal fylkeskommune har store utfordringar i åra som kjem. Dei viktigaste utfordringane kan vi summere opp slik:

  • Korona-pandemien og følgjene dette vil ha på 2022 og seinare år
  • Sterk prisvekst sett i samanheng med utlysing av nye anbod driftskontrakter
  • Aukande vedlikehaldsetterslep for investeringar og vedlikehald av fylkesvegnettet (asfalt, vegforsterkning og liknande)
  • Manglande statleg dekning av auka ferjekostnader(m.a. som følgje av overgangen til miljøteknologi)
  • Risiko knytt til stor svingingar i kostnadsindeksar på buss-, hurtigbåtar- og ferjekontraktar
  • Risiko knytt til klimaendringar, dvs. auka skredaktivitet (jordskred, flaumskred og sørpeskred)
  • Etterleve tunnelsikkerheitsforskrifta
  • Aukande lånegjeld som belastar drifta. Fylkeskommunen er sårbar for framtidige renteauke
  • Demografiske endringar – aldrande befolkning og for fylkeskommunen sin del, mindre overføringar frå staten pga. færre ungdommar i alderen 16-19 år
  • Klima- og miljøutfordringane – «det grøne skiftet»​ krev store investeringar mellom anna innan samferdselssektoren
  • Teknologiutvikling/digitalisering​: krev nye arbeidsformer og nye verktøy

Med bakgrunn i dei utfordringane som Møre og Romsdal fylkeskommune stod overfor i økonomiplan 2020-2023 så vedtok Fylkestinget i desember 2019 betydelege innsparingstiltak for å redusere det samla kostnadsnivået og betre netto driftsresultat. Dette var viktige tiltak, som har bidratt til at fylkeskommunen har fått ein betre økonomi dei siste åra.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.