ÅRSRAPPORT 2021

Kort om dei ulike fag- og stabsområda

Fylkeskommunen har fire fag- og tenesteområde og fire stabsavdelingar. Du kan lese meir om organiseringa og oppgåvene til kvar avdeling på mrfylke.no

Kultur

Fylkeskommunen har som mål å bidra til utvikling av ein kultursektor som er mangfaldig, relevant og tilgjengeleg for fylket sine innbyggjarar, og som er drivkraft for å utvikle gode lokalsamfunn i Møre og Romsdal. Berekraftig utvikling og grøn omstilling i sektoren er andre sentrale målsettingar.

Kulturområdet omfattar kunst- og kulturformidling, kulturmiljøforvaltning, bibliotekutvikling, frivillig sektor, friluftsliv, idrett og folkehelse og kulturell- og kreativ næring.

I 2021 gjennomførte vi for første gang ei folkehelseundersøking i vaksenbefolkninga i fylket og ny fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer vart lagt fram til vedtak. Verdiskapingsprogramma UNG kunst og kultur og Virði er etablert, og prosjektet bibliotek og berekraft har starta opp.

Du kan lese meir om rapportering frå kulturområdet for 2021 (behandla i kultur-, næring- og folkehelseutvalet 15. mars 2022)

Kompetanse og næring

Avdelinga har ansvar for å dimensjonere og utvikle vidaregåande opplæring og offentleg fagskoleutdanning for å møte ungdommen sine ønske og framtidas kompetansebehov. Vi skal mobilisere og bidra til å utvikle eit verdiskapande og berekraftig næringsliv og legge til rette for inkluderande lokalsamfunn

Næringsområdet arbeider med heile «økosystemet» for næringsutvikling; frå å få fram fleire gründerar (hoppid.no), til utvikling, innovasjon og forsking i kommunal og privat sektor. Vi samarbeider strategisk med kompetanse- og innovasjonsmiljøa. Vi forvaltar fleire statlege ordningar. Dette er midlar vi lyser ut eller nyttar på regionale utviklingsprosjekt som er forankra i fylkesplanen. I 2021 vart det vedtatt ein ny strategi for forsking- og innovasjon som peikar ut retning for korleis vi skal få til auka innovasjonstakt i Møre og Romsdal.

Vi har i 2021 hatt merksemd på korleis vi skal få fram kompetansebehova i nærings- og arbeidslivet og korleis utdanningsinstitusjonane i større grad kan utdanne studentar som vil vere attraktive for arbeidsgivarane i regionen.

Fylkeskommunen har om lag 2 500 lærlingar i 975 lærebedrifter og 10 000 elever og studentar, fordelt på 20 vidaregåande skolar og fagskolen. I vidaregåande opplæring fullførte og besto heile 91,3 prosent av elevane og berre 2,4 prosent av elevane slutta i løpet av skoleåret. Det vart inngått fleire lærekontraktar enn dei føregåande åra, som følge av eit godt samarbeid med næringslivet. Hausten 2021 vart det nye skoleadministrative systemet VIS (Visma in School) innført, og i tillegg har skolane no fått nye læreplanar i dei fleste faga. Dei offentlege fagskolane vart samanslått til Fagskolen i Møre og Romsdal. Det er inngått samarbeidsavtalar med fleire bedrifter i fylket for å utvikle attraktiv og framtidsretta utdanningtilbod.

Du kan lese meir om rapportering frå kompetanse og næringsormådet for 2021 (behandling i i kultur-, næring- og folkehelseutvalet 30. mars 2022)

Les meir i kvalitetsmeldinga som vart behandla i fylkestinget desember 2021

Samferdsel

Fylkeskommunen har utviklings-, utbyggings- og driftsansvar knytt til fylkesvegar, kollektivtransport og tilrettelagt transport for utvalde grupper. Vi skal tilby framtidsretta, trygge, pålitelege, behovsorienterte og miljøvennlege samferdselsløysingar for innbyggarane i Møre og Romsdal. Samferdselsområdet er organisert med to fagavdelingar.

FRAM kjøper transporttenester innanfor buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, samt har ansvar for skoleskyss, TT-ordninga og bestillingstransport, samt løyvemyndigheit for drosje. FRAM skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv og god måte.

Fylkesvegavdelinga har ansvar for utvikling, forvaltning og drift av om lag 3000 km fylkesvegar og utbygging av nye fylkesvegprosjekt i Møre og Romsdal. Avdelinga har eit solid byggherremiljø som styrer kontraktar med entreprenørar innan utbygging og drift av vegnettet.

Du kan lese meir om rapportering frå samferdselsområdet for 2021 (behandla i samferdselsutvalet 2. mars 2022)

Tannhelse

Fylkeskommunen har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta og skal sørge for at tannhelsetenester, medrekna spesialisttenester, i rimeleg grad er tilgjengelege for alle som bor eller mellombels oppheld seg i fylket. Fylkeskommunen skal organisere førebyggande tiltak for heile befolkninga og gje eit regelmessig, oppsøkande og gratis tilbod til prioriterte grupper.

«Omstilling 2020» i tannhelsetenesta har hatt som mål å sikre ein fullfinansiert tenestestruktur som føresetnad for rekrutterande og stabile fagmiljø. I 2021 har vi fortsett arbeidet med å dei strukturelle endringane som er vedtatt. Det har også vore arbeidd med utprøving av mobile behandlingseiningar for institusjonspasientar.

Koronapandemien har prega den offentlege tannhelsetenesta også i 2021. Smitteverntiltak har redusert behandlingskapasiteten og gitt færre institusjonsbesøk enn planlagt. Ein annan konsekvens er etterslep på behandling av prioriterte pasientgrupper og reduksjon i honorarinntektene.

Du kan lese meir om rapportering frå tannhelseområdet for 2021 (behandla i kultur-, næring- og folkehelseutvalet 30. mars 2022)

Stab for strategi og styring

Avdelinga har ei brei portefølje med oppgåver knytt både til intern styring, støtte og koordinering, men også tverrfagleg utviklingsarbeid, der særleg kommunane er ein viktig samarbeidspartnar.

Fylkeskommunen har i 2021 lagt ned eit stort arbeid med å fornye det regionale planverket, mellom anna er det arbeidd med ei rekke nye fylkesstrategiar. Mengda plansaker frå kommunane auka noko i 2021. 1 247 plansaker har vore til fylkeskommunen for uttale, og det er dispensasjonane som utgjer auken.

I 2021 var folkehelseundersøkinga og arbeidet med å legge til rette resultata for kommunane ei prioritet oppgåve innan statistikk og analyse.

Seksjon for plan har i 2021 overtatt det koordinerande ansvaret for klima og miljø i fylkeskommunen, det er tilsett klima- og miljøkoordinator og det er lagt fram fylkeskommunes første klimabudsjett/-rekneskap.

Stab for organisasjon og tenesteutvikling

Stab for organisasjon og tenesteutvikling skal:

  • følgje opp den overordna arbeidsgivarfunksjonen og legge til rette for organisasjons- og medarbeidarutvikling forankra i fylkeskommunen sin organisasjonsstrategi
  • arbeide for å sikre eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø
  • arbeide for at vi har myndiggjorte medarbeidarar i ein lærande organisasjon
  • tilpasse brukarorienterte og effektive løysingar i ein digital moden organisasjon med gode samarbeidsmodellar

OU-prosessen der alle IT-medarbeidarane i fylkeskommunen no er samla i IT-seksjonen under felles leiing av IT-sjefen er fullført hausten 2021. Arbeidet med oppfølging av den nye organisasjonsstrategien er vidareført gjennom fleire prosjekt og satsingar. Programansvar for og leiing av Nye digitale arbeidsformer er også lagt avdelinga.

Bygg- og eigedomstenester

Bygg- og eigedomstenester har det overordna ansvaret for den fylkeskommunale bygningsmassen. Avdelinga sine oppgåver er blant anna å gjennomføre nybygg-, ombygging- og vedlikehaldsprosjekt, drifte bygningsmassen, følje opp kjøpte reinhaldstenester, støtte fagavdelingane knytt til oppfølging av leigeavtaler, og utarbeide og følje opp strategiske planar for utvikling av fylkeskommunal eigedom (fysisk bygningsmasse og tomteområde).

Avdelinga tok i april 2021 over forvaltninga av dei fylkeskommunale leigeavtalane, men leigekostnadane vert betalt av dei enkelte fagavdelingane. Det vart også gjennomført ein kartlegging av fylkeskommunen sine grunneigedomar (med unntak av vegeigedommar).

Les meir i bygg- og eigedom sin eigen årsrapport for 2021


Stab for juridiske og administrative tenester

Juridisk seksjon gir bistand i juridiske saker til administrativ leiing, alle avdelingar, einingar og alle politiske organ. Innkjøpsseksjonen gir bistand i innkjøpsfaglege saker til alle einingane. Dokumentsenteret er fylkeskommunens sentralarkivteneste og utvalsekretariatet er sekretariatstenesten for dei folkevalde organa våre. Inn under avdelinga sitt ansvarsområde ligg også Fellestenesta ved Fylkeshuset.

Avdelingsstaben gir støtte til øvrige stabsavdelingar innan budsjett, rekneskap og forvaltar fylkeskommunedirektørens tilvisingsmynde. Staben har overordna ansvar for fylkeskommunens beredskap- og informasjonstryggleiksarbeid, og forvaltning av forsikringsordninga i fylkeskommunen.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.