- Forside
- Resultat og aktivitetar
- Inkluderings- og kompetansefylket
Inkluderings- og kompetansefylket
Møre og Romsdal skal vere eit attraktivt og mangfaldig fylke der folk vel å bu
Oppsummering av status for 2021:
I 2021 gjennomførte vi saman med FHI ei folkehelseundersøking som gav oss god kunnskap om trivsel, livskvalitet og levevanar i Møre og Romsdal. 74 prosent har høg grad av trivsel i sitt nærmiljø. Det er også i 2021 lagt eit godt grunnlag for meistring og trivsel i dei vidaregåande skolane i fylket, der vi er blant dei beste på gjennomføring. Det er auke i del ungdommar som får læreplass. Det er også stor tilfredsheit med karriererettleiinga for vaksne som fylkeskommunen tilbyr. Samtidig melder både offentleg og privat sektor om utfordringar knytt til rekruttering av kvalifisert arbeidskraft.
Saman med kommunane og næringsliv har fylkeskommunen vore med å realisere sentrumsutviklingsprosjekt i både byar og tettstader. Det er arbeidd med bypakkar for Ålesund og Kristiansund. I samarbeid med Distriktssenteret har vi vore med å styrke samfunnsutviklarrolla til fire distriktskommunar.
Koronapandemien medverka sterkt til at fylkeskommunen verken nådde målet om auke i kollektivtrafikken, eller målet om dekningsgrad i den offentlege tannhelsa. Tannhelsetenesta har i tillegg møtt utfordringar knytt til rekruttering av nye tannlegar. Men framleis har ungdommar i fylket færre hol i tennene enn landsgjennomsnittet.
Kultursektoren er hardt råka av pandemien. Fylkeskommunen sin innsats har derfor vore ekstra viktig i 2021. Profesjonelle, frivillige, og aktørar som jobbar med kulturarv i reiseliv og kulturelle og kreative næringar kunne søke om tilskot frå ei stimuleringsordning på 5,7 millionar kroner. Alle barn og unge har fått oppleve kultur gjennom Den kulturelle skolesekken og mange eldre har fått tilbod gjennom Den kulturelle spaserstokken. Det er arbeidd med å styrke folkebiblioteka, kunstfeltet, musea og frivillig sektor. Felles mål for arbeidet er sett i fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer som vart vedtatt i 2021.
Men vel fleire å bu i Møre og Romsdal? I 2021 auka folketalet i Møre og Romsdal med 304 personar. Det er ein vekst på 0,1 prosent, mot eit landsgjennomsnitt på 0,6 prosent.
Møre og Romsdal skal ha nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer god fysisk og psykisk helse, og er prega av tillit, tilhøyrsle, tryggleik og tilgjenge
- Vi har gjennomført kurs for kommunane (og internt) i konsekvensutgreiingar for folkehelse
- Saman med Statsforvaltaren og Møre og Romsdal idrettskrets har vi kartlagt ulike levekårområde i kommunane i ei Levekårsundersøking
- Folkehelseundersøking er gjennomført i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI), kommunane og høgskolane i fylket. Resultata av undersøkinga har blitt formidla til politikarane, kommunane og innbyggarane i fylket
- Det er gjennomført samling med kommunane med tema anleggsutvikling og aktivitet
- Det er gjennomført 1 102 intervju med reisande og 1 098 webintervju for å måle kundetilfredsheita med kollektivtransporten i fylket
- Talet på kollektivreiser med buss er redusert med 1,5 prosent samanlikna md 2020, og talet på reiser med hurtigbåt er redusert med 10,9 prosent samanlikna med 2020. Tala viser at kollektivtransporten vart påverka av koronapandemien også i 2021
- Talet på kollektivreiser (utan skoleskyss) med buss i 2021 er 68,7 prosent samanlikna med nivået i 2019 (før-Korona). I tal gir det 4 mill. reiser i 2021 mot 5,8 mill. reiser i 2019
Møre og Romsdal skal ha ei tannhelseteneste med god kvalitet, pasienttryggleik og høg kompetanse, som gir prioriterte grupper god tannhelse
- Lågare dekningsgrad for barn, unge og eldre som følgje av koronapandemien (smitteverntiltak og innskrenka behandlingsomfang) og vakante behandlarstillingar
- Tannhelsetilstanden, målt i førekomst av karies, har betra seg for indikatorårskulla 5- og 12-åringar. For 15- og 18-åringane derimot er det ein liten auke frå 2020 i førekomsten av karies. Vi ligg framleis under landsgjennomsnittet for 12-, 15- og 18-åringane
- Både klinikkstrukturen og driftsrammene er endra gjennom omstillingsprosjektet “Omstilling 2020”. Omorganiseringa skal sikre ein fullfinansiert tenestestruktur med betre førsetnader for rekruttering og stabil bemanning
- Koronasituasjonen og strenge smitteverntiltak har medført at tannhelsetenesta har mista møteplassar for kompetansedeling og fagleg utvikling. IT-infrastrukturen er framleis ikkje tilpassa digital samhandling på klinikknivå
- Sjukefråveret har blitt redusert frå 11% i 2020 til 10,5 % i 2021, men ligg framleis over måltalet på 7%. Koronapandemien og smitteverntiltaka i tannhelsesektoren har gitt lågare terskel for tilsette for å halde seg heime ved teikn på luftvegsinfeksjonar.
- Nybygd distriktstannklinikk med 9 behandlingsrom, kvilerom for pasientar som har fått sedasjon og eige røntgenrom med heilt ny OPG, vart sett i drift i nyopna Hareid helsehus. Endringane i klinikkstrukturen på ytre Søre Sunnmøre, i Hareid, Ulstein og Sande kommunar, er med etableringa av nye Hareid distriktstannklinikk i mål
- Fem nyinnkjøpte mobile behandlingseiningar har blitt testa ut i 2021. Behandlingseiningane vil bli nytta for å utføre tannhelsetenester på helseinstitusjonar og sjukeheimar for lite mobile pasientar
Møre og Romsdal skal ha spesialisthelsetenester med høg kvalitet som gjer at innbyggarar i alle delar av fylket er trygge på at dei får nødvendig helsehjelp når dei treng det
- 2021 var eit år prega av pandemi og handtering av denne. Fylkestinget har invitert Helse Møre og Romsdal til å halde orientering om arbeid og utfordringar i helseføretaket, men dette har vorte utsett med bakgrunn i koronapandemien.
Møre og Romsdal skal ha eit utdannings- og kompetansetilbod som møter behova i samfunnet og fører til inkludering, integrering, verdiskaping, nytenking og livslang læring
- 80,5 prosent av dei som starta på vidaregåande opplæring i 2014 har fullført med studiekompetanse etter 5 år eller yrkeskompetanse etter 6 år
- Heile 91,3 prosent av elevane som starta på vidaregåande skole hausten 2020 fullførte og besto skoleåret
- 2,4 prosent av dei som starta på skoleåret 2020-2021 slutta i løpet av året, dette er ein del betre enn det nasjonale snittet på 3 prosent
- 87,9 prosent av elevar på vg2-yrkesfag som primært ønska læreplass fekk det, talet for 2020 var 83,5 prosent
- I 2021 auka talet på inngåtte lære- og opplæringskontraktar til 1 494, det høgste talet på mange år
- 80 prosent av dei som søkte vidaregåande opplæring for vaksne fekk tilbod om opplæring i 2020-2021
- 88 prosent (631 av 714) av dei vaksne som starta på kurs skoleåret 2020-2021, fullførte kurset
- I 2021 vart dei offentlege fagskolane i fylket slått saman til Fagskolen Møre og Romsdal, og det vart sett i gang arbeid for å etablere nye, fleksible og framtidsretta studiar ved skolen
- Det vart gjennomført 627 karriererettleiingar for vaksne i Karriere Møre og Romsdal i 2021 og heile 94 % av brukarane var nøgd med rettleiinga dei fekk
- Det vart gjennomført 102 karriererettleiingar for flyktningar busett i fylke
- Fylkeskommunen fekk akkreditering som Erasmus+ konsortium for mobilitet på studiespesialiserande utdanningsprogram fram til 2027, slik at skolar kan gi elevar og tilsette kompetanseutvikling gjennom opphald i utlandet
- I den kulturelle skolesekken (DKS) er det utvikla nye modellar, som gjer det mogeleg for fleire elevar og lærarar å medverke i programmet for kommande skoleår
- Ein offentleg sektor ph.d.-stipendiat knytt til Universitetet i Agder held på å analysere kva kunsterfaringar ungdommar kan få gjennom dataspel og interaktive medium. Elevar ved Atlanten ungdomsskole medverkar i forskinga
- Det er gjennomført regionale samlingar for å synleggjere og styrke biblioteka og dei frivillige organisasjonane sin posisjon og rolle for å fremme livslang læring
- For å styrka folkebiblioteka som desentraliserte litteraturhus og aktive formidlarar av kunnskap er det gitt tilskot til Litteraturhus Møre og Romsdal og deltaking i eit fleirårig nasjonalt prosjekt om formidling i folkebibliotek
- Det er etablert forskings- og utviklingsprosjekt innan interaktive kunstformer i samarbeid med kommune, stat og kunstnarar
- FRAM har tilbydt skoleskyss til omlag 15 000 elevar på grunnskole og vidaregåande i 2021. Desse elevane har fått transport med buss, ferje og hurtigbåt
Møre og Romsdal skal ha inkluderande og trygge byar- og tettstader med særpreg, som tilbyr gode bumiljø og offentlege rom, attraktive arbeidsplassar, eit variert kultur- og tenestetilbod, og miljøvennleg transport
- I tettstadprogrammet er det i 2021 fullført følgande prosjekt: Kataholmen i Vestnes, sjøfronten i Valldal, skateparken i Ørsta og Tussaparken i Ørsta. Det er starta arbeid med torget i Aure, miljøgate i Elnesvågen, kaia i Tingvollvågen og elvaparken i Volda
- Bysamarbeidet «Byen som regional motor» (BRM) har vore vidareført i 2021, i ei nedskalert utgåve. Det blei gjennomført ei fellessamling for prosjektgruppene i Kristiansund, Molde og Ålesund i oktober 2021, i Ålesund
- Det vart tildelt 1,9 mill. kroner til byutviklingsprosjekt i dei tre største byane, etter utlysing hausten 2021
- Vi har gjennomført Tettstadseminar for kommunane
- For å styrke kunnskapen om og forvaltning av verdifull by og tettstad har fylkeskommunen starta opp samarbeid med kommunane Kristiansund, Molde og Åndalsnes om gjenreisningsarkitektur
- Felles program for berekraftig by og tettstadutvikling er vedtatt. Les meir på programmet på mrfylke.no
- Det har vore gjennomført medverknadsaktivitetar og samla kunnskapsgrunnlag til fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader, inkludert ei handelsanalyse for alle bu- og arbeidsmarknadsregionane i fylket
- Saman med Distriktssenteret har fylkeskommunen arbeidd for å styrke distriktskommunar i samfunnsutviklerrolla, kalla Veiledningspiloten. Prosjektet inkluderer i Møre og Romsdal kommunane Fjord, Aure, Tingvoll og Sande
- Det blir arbeidd kontinuerleg med fråsegn og rådgiving ved arealplanbehandling i byar og tettstadar for å sikre gode kvalitetar i dei historisk verneverdige kulturmiljøa
- På grunn av koronapandemien har talet på kollektivreiser i sum gått ned. Det er ikkje gjennomført målingar av kollektivandelar i 2021
- Biltrafikken i fylket i 2021 er på same nivå som i 2019 , medan talet på kollektivreiser i 2021 var på 66 prosent av 2019-nivået.
- For Bypakke Ålesund var det gjort vedtak om bompengar i Stortinget i juni 2021. Styringsgruppa har vedtatt utbyggingsplanen. Det er i 2021 starta opp planlegging, førebuing og prosjektering av fylkeskommunale prosjekt i bypakken, samt at det er gjennomført eit strakstiltak på kollektiv.
- Fylkeskommunen deltok i treparts-samarbeidet mellom Statens vegvesen, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. I 2021 vart det gjennomført planlegging, og utarbeiding av fagleg grunnlag for Bypakke Kristiansund.
Møre og Romsdal skal ha eit kultur og fritidstilbod som er relevant og tilgjengeleg for alle, og frivillige lag- og organisasjonar som skaper mangfald og engasjement
- Fylkeskommunen har arrangert ABM-konferansen for å fremma heilskapleg tenking rundt arkiv, bibliotek og museum
- 43.000 elevar har i 2021 fått oppleve profesjonelle kunstforestillingar på sin skole, med Den kulturelle skolesekken
- Gjennom ordninga “Kulturrabatt for ungdom” har unge 15-20 år fått tilgang på rimelegare kulturopplevingar. 26 aktørar var med i ordninga i 2021, og det vart selt omkring 1 500 billettar med ungdomsrabatt
- Den kulturelle spaserstokken sikrar at eldre i kvar kommune får tilgang til profesjonelle kunstopplevingar. Fylkeskommunen arrangerte 15 konsertar med Kviven duo, og rundt 25 konsertar med «Den glade enke»
- Mangfald og tilgjenge er etablert som kriterium i tildelinga av fylkeskommunale prosjekttilskot til aktivitet i kulturlivet