- Forside
- Politikk
- Ung i politikken
Ung i politikken
Ungdommens fylkesting
Kvar haust blir det arrangert ungdommens fylkesting (UFT). UFT er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. Dei diskuterer viktige saker som gjeld ungdom i fylket. Kvar kommune er representert med to ungdomsrepresentantar. Ungdommens fylkesting skal bestå av ungdom frå 13 og 19 år, og med folkeregistrert adresse i Møre og Romsdal. Vedtak fatta av UFT er viktige og retningsgjevande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ungdommens fylkesting skal gi ungdom meir innflytelse, opplæring i kvar dei kan delta i demokratiske kanalar og bidra til å auke ungdom sitt samfunnsengasjement. Ungdommens fylkesting for 2021 vart arrangert i Ålesund.
Kommunane i Møre og Romsdal blir invitert til å sende to delegatar til ungdommens fylkesting. Kommunar større enn 20 000 innbyggarar får sende tre delegatar. Ungdomspanelet kan invitere inntil 10 delegatar frå organisasjonar som representerer ungdom til ungdommens fylkesting. Desse delegatane har røyste-, tale- og forslagsrett.
Ungdomspanelet
Under Ungdommens fylkesting blir det valt eit nytt ungdomspanel (UP). Dette er UFT sitt arbeidsutval som jobbar mellom kvart fylkesting. UFT lagar eit handlingsprogram som ungdomspanelet skal arbeide med det kommande året. Ungdomspanelet har ni faste og fem varamedlemmar. Handlingsprogrammet og meir informasjon om ungdomspanelet finn du på mrfylke.no
Ungdomspanelet har i perioden 2020/21 hatt 8 møte over heile fylket og dei har behandla totalt 24 saker. Ungdomspanelet har delteke på møte i fleire hovudutval, særleg i utdanningsutvalet der dei har talerett. Dei har også delteke i andre råd og utvalsmøte og gitt høyringssvar til ulike saker. I 2021 har dei arbeidd spesielt med ungdommens berekraftsmål, og har laga ein eigen rapprort på dette. Dei har delt ut 250 000 kroner i ungdomsmidlar til ulike klubbar, lag og foreiningar som bidrar til ungdomsengasjement, aktivitet og prosjekt for unge i Møre og Romsdal.
Ungdomspanelet 2021/2022
- Erica Ruiz Solhjem, leiar
- Niels Leenders, nestleiar
- Nikola Bileska, medlem
- Joakim Myklebost Tangen, medlem
- Emily Stangvik, medlem
- Reidar André Heilevang, medlem
- Vilde S. Kvalvik, medlem
- Jens Aklestad, medlem
- Gyda Ulrikke Waagbø medlem
- Ola Fredriksen Orset, vara
- Nicolai Kløvning, vara
- Julia Pater-Walderhaug, vara
- Niklas Sæbjørn Hansen, vara
- Skaiste Jonaityte, vara
Du kan lese meir i årsrapporten til ungdomspanelet for 2020-2021