- Forside
- Resultat og aktivitetar
- Verdiskapingsfylket
Verdiskapingsfylket
Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt leiande næringsliv og ein innovativ offentleg sektor
Oppsummering av status for 2021:
Den nye fylkesstrategien for forsking og innovasjon sett retning for utvikling av næringsliv og offentleg sektor i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen har i 2021 tatt grep for å styrke eksportnæringane og stimulere til utvikling av nye næringar i Møre og Romsdal, gjennom satsinga «Skaparkraft». Gründertenesta hoppid.id er utvikla vidare og bidrog til 550 nye forretningsidear. Det er etablert verdiskapingsprogram for kulturell og kreativ næring. Reiselivsnæringa har fått støtte til marknadsføring av fylket og det er gjennomført samlingar i dei fire bedriftsnettverka der reiselivsbedrifter, matprodusentar og kulturaktørar samarbeider om nye produkt. Det er ei eiga satsing på kulturarven vår langs historiske strekningar, og i samband med dette er det etablert regionalt pilegrimssenter på Smøla. I 2021 auka Møre og Romsdal sin del av dei innanlandske turistane.
Det er ein tydeleg auke i forskings- og innovasjonsprosjekt som fylkeskommunen finansierer og deltek i. Det gjeld innan alle fagområda i fylkeskommunen. Det er gjennomført prosessar for innovative innkjøp, og arbeidet med robotisering av arbeidsprosessar i fylkeskommunen er ført vidare. Prosjektet Digi Møre og Romsdal har bidratt til kompetanseheving på digitalisering både i fylkeskommunen og i alle kommunane.
Fylkeskommunen har vore med på å sette premisser for nasjonal næringspolitikk og samferdselspolitikk. Fylkeskommunen har i 2021 prioritert store ressursar på å gjere transportsystemet trygt, smart og miljøvennleg, og tilpassa innbyggjarane og næringslivet sine behov. Fylkesstrategi for samferdsel som vart vedtatt i juni er førande for arbeidet.
Ein viktig føresetnad for å ta del i det grøne skiftet, er å ha tilgang på klimanøytral energi. Det er i 2021 kartlagt framtidig kraftbehov og moglegheiter for effektivisering av kraftnettet.
Legg vi sysselsettingstala til grunn, kan vi seie at Møre og Romsdal utviklar seg i tråd med målet, men likevel svakare enn landsgjennomsnittet. Sysselsettinga i Møre og Romsdal auka med 2,3 prosent frå 4. kvartal 2020 til 4. kvartal 2021. Om lag tre fjerdedelar av den samla veksten kom frå privat sektor, som auka med 2,7 prosent. Nasjonalt var veksten totalt 3,0 prosent og 3,8 prosent i privat sektor.
Møre og Romsdal skal ha eit omstillingsdyktig næringsliv som grip moglegheitene i det grøne skiftet og opprettheld og styrkar si internasjonale konkurransekraft
- Det ti-årige programmet «Skaparkraft» vart vedtatt av fylkestinget. Formålet er å styrke eksportnæringane og stimulere til utvikling av nye næringar
- Samferdselsområdet har lagt til rette for og gjennomført fleire møte mellom politisk nivå i Møre og Romsdal og sentrale styresmakter i samband med arbeid med Nasjonal transportplan for 2022-2033
- Ein ny fylkesstrategi for forsking og innovasjon, “Samarbeid for vekst”, vart ferdigstilt i 2021. Strategien er felles for næringsliv og kommunar i Møre og Romsdal
- Fylkeskommunen har deltatt i utarbeiding av programmet "New Blue Deal" som omhandlar korleis den maritime industrien på Nordvestlandet skal bli verdas første utsleppsfrie maritime klynge
- Delprogrammet «Grøne industrielle løft» i Skaparkraft er vedtatt og prosjektleiar rekruttert
Møre og Romsdal skal skape fleire og betre nyetableringar og løfte fram bedrifter med potensial for vekst og internasjonalisering
- Det vart registrert 550 nye forretningsidear gjennom hoppid.no si digitale gründerhjelp
- Verdiskapingsprogrammet Virði innan kulturell og kreativ næring er etablert. Hovudarbeidsområde for programmet er kunstnarøkonomi, bransjeutvikling og kompetanse
- Det er delt ut tilskot til stimulering og bransjeutvikling innan kulturell og kreativ næring
- I samarbeid med kompetanse- og næringsavdelinga har seksjon for berekraft etablert ei tilskotsordning for samarbeid om utviklingsprosjekt mellom kommunar og gründarar
Møre og Romsdal skal vere leiande i arbeidet med å skape lokale og miljøvennlege produkt og tenester, basert på lokale ressursar og lokal kultur
- Regionalt pilegrimssenter Smøla er etablert i samarbeid mellom fylkeskommunar, stat, vertskommune og regionmuseum
- Fylkeskommunen har bidratt til å marknadsføre fylket gjennom Møre og Romsdal reiseliv og Fjord Norge
- Eit kunnskapsgrunnlag for mineralressursar i Møre og Romsdal vart utarbeidd i 2021, saman med forslag til eit program for vidare kartlegging og oppfølging
- I prosjekt Geiranger verdsarvområde er det sett i gang arbeid med parkeringshall, småbåthamn og sentrumsplanlegging
- Det er arbeidd med kunnskapsgrunnlag og gjennomført medverknadsprosess til ny fylkesstrategi for landbruk
- FRAM har sett i gang eit pilotprosjekt innan bestillingstransport mellom Ørsta/Volda og Ørsta/Volda lufthamn Hovden. Les meir om prosjektet på frammr.no
Møre og Romsdal skal styrke omstillings- og innovasjonsevna, utnytte digitale moglegheiter, og auke bruken av forsking, internasjonalt samarbeid og innovative innkjøp
- Delen av forskingsverkemidla frå Norges forskningsråd til Møre og Romsdal er litt høgare enn for 2020
- Bygg- og eigedomsavdelinga har gjennomført tre innovative anskaffingar i 2021 (digital tvilling til Campus Kristiansund, innovative byggemetodar for Ørsta KKS og nytt byggherreverktøy.)
- Arbeidet med robotisering av arbeidsprosessar er ført vidare: 8 RPA-prosessar (Robotic Process Automation) er utvikla og sett i produksjon i 2021
- Det er gjennomført tiltak for betre styring og samordning av fylkeskommunen sine utviklingsprosjekt og program m..a. prosessleiarkurs for leiargrupper og kurs i digital prosessleiing.
- Nasjonalt er det no gjort tilgjengeleg meir midlar til forsking innan planfaget, og fylkeskommunen deltek i fleire forskingsprosjekt om planlegging t.d. SmartPlan, Twin fjord og Nordregio sin arbeidsgruppe Green and Inclusive Urban Development in the Nordics (2021-2024)
- Seks stipend til masteroppgåver innan kultur vart tildelt til studentar i fylket
- Samferdselsområdet har blitt med i to nye forskingsprosjekt, ZEVS (Zero Emission Vehicle Services) med TØI i lead, og SUSTAIN (Sustainable and just transport policies in Norwegian medium-sized cities) med CICERO i lead
- Prosjektet Smartere transport i Møre og Romsdal held planlagt framdrift og vil halde fram i 2022
- Ved alle innkjøp på kollektivområdet er metodikk for innovative innkjøp vurdert
- Det er i 2021 fullført to prosjekt om utvikling av nye, innovative måtar å bygge bruer på
- Fylkeskommunen har deltatt i Digi Møre og Romsdal sitt kompetanseløft om digital transformasjon
Møre og Romsdal skal ha eit transportsystem som er trygt, smart og miljøvennleg, og er tilpassa innbyggjarane og næringslivet sine behov
- Det er asfaltert om lag 200 km fylkesveg i 2021, noko som er nær ei dobling frå 2020 og utgjer om lag 6,5 % av det totale fylkesvegnettet. Du kan lese meir på mrfylke.no
- Fylkesvegnettet i Møre og Romsdal omfattar mange tusen ulike vegobjekt, som er viktige og avgjerande for vegens funksjon. Kontroll på tilstand gjennom inspeksjonar er ein viktig føresetnad for å kunne prioritere tiltak for å sikre trygge og framkommelege fylkesvegar. I 2021 er det utført større vedlikehaldstiltak mellom anna på ferjekaiene på fv. 670 Kvanne og Rykkjem, på fv. 60 Ringstadbruene, samt starta bergsikring i Øksendalstunnelen på fv. 62
- Kvart år gjennomfører vi ulike mindre trafikktryggingstiltak langs fylkesvegnettet. På mrfylke.no finn du oversikt over prosjekta i 2021
- Skredsikring av Ågothammaren (Eikesdalen i Molde kommune) starta opp i 2021 og er planlagt ferdig i 2022
- Fylkesvegavdelinga har i 2021 gjort eit omfattande arbeid for å kartlegge og fylkesvegstrekningar som kan opnast for modulvogntog. Ved siste oppdatering av veglista er det opna for modulvogntog på ein rekke fylkesvegar: Kart - strekningar opna for modulvogntog i Møre og Romsdal
- Fylkesstrategi for samferdsel vart vedtatt i 2021. Strategien legg føringar for korleis fylkeskommunen skal legge til rette for ei transportsystem som tener innbyggarane i Møre og Romsdal
- Det er gjennomført justeringar i ferjetilbodet etter innspel frå kommunar og næringsliv. Som til dømes rute 31 Aukra-Hollingsholmen, rute 50 Seivika-Tømmervåg og rute 54 Edøy-Sandvika
Møre og Romsdal skal ha eit mangfaldig arbeidsliv som legg til rette for likestilling og inkludering, og som legg reglar og avtalar i arbeidslivet til grunn
- Fylkeskommunen har bidratt med midlar og delteke i omstillingsprosjekt for større mangfald i næringslivet i kommunane Hareid og Sykkylven
- Vi har i 2021 tilsett koordinator seriøst arbeidsliv
- Fylkeskommunen har nådd målet for 2021 om å tilby minst fire personar arbeidstrening, ha minst to traineear på arbeidserfaring og tilby minst 24 lærlingar læreplass i fylkeskommunen
- I Nordøyvegprosjektet er det i 2021 utført 24 460 arbeidstimar av lærlingar
- For alle vegprosjekt blir det gjennomført inntakskontroll for kvar nye underentreprenør i tråd med seriøsitetsbestemmingar og kontrakt
Møre og Romsdal skal ha nødvendig nettinfrastruktur og god tilgang på klimanøytral energi for vidare utvikling av nærings- og samfunnsliv
- Nødvendig kraftbehov og infrastruktur for framtida er kartlagt gjennom lastprognosar og lastanalysar
- Utgreiing for effektivisering av nettstrukturen i Møre og Romsdal er gjennomført