ÅRSRAPPORT 2021

Hendingar i 2021

Januar

Gjennomslag i Haramsfjordtunnelen

Sprengingsbas Oddbjørn Vatne fyrte av salva som sørga for gjennomslag i Haramsfjordtunnelen på Nordøyvegen. Tunnelen er 3500 meter lang og den kortaste av dei tre undersjøiske tunnelane på Nordøyvegen

Kravde fødeavdeling både i Kristiansund og Molde fram til nytt sjukehus står ferdig på Hjelset

I ein uttale påpeikte Fylkesutvalet at det er regjeringa sitt ansvar å gjennomføre Stortinget sitt vedtak om at det skal vere fødeavdeling i begge byar fram til fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) står ferdig.

3 mill. kroner til den marine klynga Blue Legasea

Kultur- næring og folkehelseutvalet vedtok å støtte NCE Blue Legasea med inntil 3 mill. kroner i to år. Møre og Romsdal fylkeskommune har ein klar strategi om å styrke næringsklyngeprosjekta og aktiviteten deira i fylket.

Februar

Trygg trafikk-samarbeid for å halvere talet på drepne og hardt skadde

Samferdselsutvalet vedtok at årets budsjett på to mill. kr til haldningsskapande trafikktryggingsarbeid skulle gå til samarbeidsprosjekt med Trygg trafikk. Desse blir ein del av Trygg trafikk sine nasjonale tiltak.

Testa modulvogntog på fylkesvegar

Saman med Norges Lastebileier-Forbund prøvekøyrte vi modulvogntog på fylkesvegar over heile fylket. Målet var å undersøke tryggleik og framkomst og kartlegge punkt som treng utbetringar før vegane kan opnast for modulvogntoga.

Fylkespolitikarane fordelte nær 77 mill. kroner til kulturlivet

Driftstilskot gjekk til kulturorganisasjonar og kulturinstitusjonar for 2021. – Det er viktigare enn nokon gong å støtte opp om det breie mangfaldet av kulturaktivitet i fylket vårt, uttalte Joakim Skaar, fungerande leiar av kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Sykkylven fekk 4 mill. kroner til omstillingsprosjekt

Koronapandemien ramma Sykkylven hardt. Fylkespolitikarane vedtok å støtte omstillingsprosjektet som skal bidra til 170 nye eller sikra arbeidsplassar gjennom å skape ein meir robust og variert næringsstruktur i møbelbygda.

Mars

Styrka europeisk samarbeid på hydrogen

Møre og Romsdal fylkeskommune har blitt medlem i S3 Hydrogen Valleys, ein europeisk partnarskap for regionar som skal etablere konkrete samarbeidsprosjekt.

- Deltaking i S3 Hydrogen Valleys vil kunne bidra til å framskynde produksjon og bruk av hydrogen i vår region. Det vil også skape nye moglegheiter for bedrifter i Møre og Romsdal, seier næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune Hilde Aspås.

Markerte at fylkeskommunen har etablert fylkeshuset i Kristiansund

Med talar og gjestar vart det markert at fylkeskommunen har etablert eit tverrfagleg miljø med 40 arbeidsplassar i Kristiansund, i Fosnagata 13. Målet er å auke med 30 arbeidsplassar til, før innflytting i Campus Kristiansund i 2024.

Gav innspel til regjeringa sin småbystrategi

Representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommune møtte kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup for å gi innspel til regjeringa sin strategi for småbyar som regionale kraftsenter.

To mill. kroner til gründerstøtte i kommunane

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet fordelte nyleg 2 mill. kr i hoppid.no-midlar til kommunane. Dette er midlar gründerane i kvar kommune kan søke om å få gjennom det lokale hoppid.no-kontoret sitt.

April

Ungdomspartia fekk stemmestøtte

Fylkestinget vedtok for første gong å løyve 300 000 kr i stemmestøtte til ungdomspartia for 2021.Grunnbeløpet er 15 000 kr, og resten blir fordelt etter partia sine stemmetal ved siste fylkestingsval.

8 av 10 innbyggarar i fylket er fornøgde med livet

Dette var eit av resultata frå den store folkehelseundersøkinga i februar, der nærare 25 000 personar over 18 år svara på spørsmål om helse, velferd, trivsel og livskvalitet. Undersøkinga var eit samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI).

Fylkestinget vil ha ny eksporteining til Ålesund
I ein samstemt uttale til regjeringa kravde fylkestinget at eininga Business Norway bør leggast til det sterkt eksportretta næringsmiljøet i Ålesund.

Mai

Første region i verda til å måle berekraft

Alle kommunar i Møre og Romsdal har kartlagt korleis dei ligg an på dei 17 berekraftsmåla, i eit unikt pilotprosjekt i FN-regi. Fylkesrapporten viser at fylket så vidt hamnar på ‘lysegrønt nivå’.

Avlyste alle munnlege eksamenar

Kunnskapsdepartementet avlyste alle munnlege eksamenar både ved vidaregåande skolar og ungdomskolar over heile landet, grunna koronapandemien.

Støtta reiselivssatsing på Smøla

Kultur, næring og folkehelseutvalet vedtok å gi Smøla Nærings- og kultursenter KF 500 000 kroner til eit treårig reiselivsutviklingsprosjekt. Prosjektet skal utvikle opplevingstilbod for barnefamiliar i kommunen.

Ville ha NAV-ombod til Kristiansund

Ei nyoppretta stilling som nasjonalt Nav-ombod må bli lokalisert til Kristiansund. Det kravde fylkesutvalet i ein uttale til regjeringa

Juni

Fylkeskommunen gjekk inn i driftsselskapet Campus Kristiansund

Fylkestinget vedtok å teikne aksjar for 2,5 mill. kroner i driftsselskapet Campus Kristiansund. Det tilsvarar eit eigarskap på 50 prosent. Målet er sikre ei langsiktig løysing for høgare utdanning på Nordmøre.

Ny opplæringsarena i havnæringane

Fylkespolitikarane løyvde 1 mill. kroner til bedriftsnettverket ON Ocean Network SA på Nordmøre for å etablere ein opplærings- og rekrutteringsarena for havnæringane.

Unik støtteordning for å løyse berekraftutfordringar

Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal sette av 1,8 mill. kroner til ei ny støtteordning for innovative innkjøp i kommunane. Dette skal bidra til utviklingskontrakter mellom kommunar og bedrifter.

Signerte kontrakt om 4000 m2 i Campus Kristiansund

Møre og Romsdal fylkeskommune og Devoldholmen utvikling AS (DUAS) signerte kontrakten om fylkeskommunen sitt areal på Campus Kristiansund. Ein sentral milepæl og startskotet på gjennomføringsfasen.

Nytt liv for 140 år gamle steinkvelvsbruer i Geiranger

Dei fire eldste bruene som enno er i bruk i fylket skal forsterkast til å tole dagens trafikk. Først ut var Flåbrua, der Møre og Romsdal fylkeskommune skal hauste erfaringar før Holebrua, Gjerdebrua og Kopebrua seinare blir lyst ut i ein samla kontrakt.

Juli

Ny ordning for lærlingar skal betre rekrutteringa til reiselivsnæringa

Eit reiselivsprosjekt skal sikre rekruttering av fagfolk til reiselivsfylket Møre og Romsdal. Gjennom ei fleksibel ordning deler fleire reiselivsbedrifter på ein lærling. Prosjektet fekk ekstra midlar frå fylkestinget.

Arkeolog fann båtgrav frå vikingtida i Åndalsnes

Grava på Setnes er enten frå vikingtida eller enda tidlegare. Det var Aaron Johnston, arkeolog i fylkeskommunen, som oppdaga båten i forbindelse med gravearbeid og nedlegging av røyr i området.

August

Fagskolen Møre og Romsdal offisielt opna

Fagskolen i Ålesund og fagskolen i Kristiansund slo seg saman til ein felles fagskole, med Fagskolen Møre og Romsdal som nytt namn. Skolen vil ha ein rektor, medan studiestadene framleis skal vere i Ålesund og Kristiansund.

Tok Bypakke Kristiansund eit steg vidare

Fylkesutvalet peikte ut medlemmar frå Møre og Romsdal fylkeskommune til styringsgruppa for Bypakke Kristiansund, som er eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Kristiansund kommune og fylkeskommunen. Bypakken skal legge grunnlag for at meir av veksten i persontransport skal skje med kollektivtrafikk, sykkel og gange.

Sju tiltak på lista over trafikktrygging i 2022

For til saman fire millionar kroner skal trafikkforholda bli tryggare i Rauma, Herøy, Hustadvika, Averøy, Ulstein, Smøla og Sula.

Vil fortsette prosjektet med å flytte statlege arbeidsplassar til fylket

Arbeidet med å få flytta statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal må halde fram, meinte fylkeskommunedirektøren. Kultur-, næring- og folkehelseutvalet vedtok at prosjektet Statlege arbeidsplassar skal førast vidare i perioden 2022-2024.

September

Vedtok fylkesstrategi for forsking og innovasjon – Samarbeid for vekst

Fylkestinget vedtok ny strategi for forsking og innovasjon, retta mot næringsliv og kommunal sektor. Det overordna målet er å auke innovasjonstakten, for å halde på fylket sin posisjon som det største eksportfylket i landet.

Snart 90 prosent breibanddekning i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen løyvde 24,05 mill. kroner til utbygging av ulike breibandprosjekt i Sunndal, Ålesund, Aure, Rauma, Molde, Hustadvika, Tingvoll, Smøla og Gjemnes. Målet er at innan 2022 skal minst 90 prosent av husstandar og bedrifter i fylket ha tilgang til breiband med kapasitet på minst 100 Mbit/s.

Koronatiltakspakke bidrog til å sikre jobbar og aktivitet

Tiltakspakken til kulturlivet i fylket medverka til å sikre sysselsetting, aktivitet og auka kompetanse. Det gjekk fram av ei undersøking blant dei som har tok i mot støtte. Fylkeskommunen fekk inn i alt 256 søknadar på tiltakspakken som hadde som formål å dempe effekten av koronapandemien. 22 millionar kroner vart fordelt til 172 prosjekt i heile fylket.

Opprettarfast beredskapsrute

Fylkesutvalet vedtok å opprette ei fast beredskapsrute i vinterhalvåret på strekninga Geiranger-Hellesylt. Ruta skal gå ti timar om dagen, sju dagar i veka i vinterhalvåret, og mest mogleg som den vanlege beredskapsrutetabellen.

Oktober

Feira opning av ny distriktstannklinikk i Hareid helsehus.

Klinikken har vore i drift sidan mars, men offisiell opning har vore utsett på grunn av koronapandemien. Klinikken er lokalisert i den nye helsehuset saman med NAV, legekontor, helsestasjon og bibliotek. Den har ni behandlingsrom, kvilerom for pasientar som har fått bedøving og eige røntgenrom.

12 innvandrarar starta bedrift - saman

Gjennom Catering Hub i Molde sel dei fleirkulturell mat online. Opplæringa i entreprenørskap fekk deltakarane gjennom fylkeskommunen sitt gründerprogram, hoppid.no

To millionar til omstilling frå båsfjøs til lausdrift

Bondeorganisasjonane fryktar at omstillinga til lausdrift fører til ein stor reduksjon i talet på mjølkeprodusentar. Kultur-, næring- og folkehelseutvalet vedtok å løyve inntil 1,886 millionar kroner til prosjekt som skal gi råd om gunstige fjøsløysningar for lausdriftsfjøs.

Volda kommune får nærare ein million kroner til å vitalisere hamna og sjøfronten

Midlane skal bidra til å skape fleire attraksjonar og meir aktivitet i sentrum. Det var kultur-, næring- og folkehelseutvalet som løyvde tilskotet frå Tettstadprogrammet.

November

Treng ekstraordinære midlar til Geirangerfjorden, bad om møte med statsministeren

Fylkesutvalet vedtok å be om ei ekstraordinær tiltakspakke frå staten for å klare omstillingane som Stortinget har vedtatt om ein utsleppsfri ferdsel på verdsarvfjordane frå 2026. Vedtaket er venta å gje store økonomiske utfordringar for kommunane ved verdsarvfjordane. Utvalet bad også Statsministerens kontor (SMK) om eit møte om tiltaka.

Vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal i toppsjiktet

Møre og Romsdal er framleis best i landet på gjennomføring per skoleår og har dei lågaste fråværstala. Dei aller fleste elevane og lærlingane trivst, og talet på nye lærekontraktar auka i 2020, som einaste fylke og for tredje år på rad. Dette er nokre av hovudtrekka frå Kvalitetsmeldinga for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, som vart behandla i utdannings- og kompetanseutvalet.

Frivilligheita sitt år: Oppfordra til stor lysfest i heile fylket

Møre og Romsdal fylkeskommune oppfordra kommunar, organisasjonar og næringslivet til å lyse opp heile fylket for å markere starten på Frivilligheita sitt år med ein lysfest den 5. desember. Året skal feire det viktige lagarbeidet som alle dei frivillige bidrar med.

Nye moglegheiter til digital ungdom som fell utanfor

Fylkeskommunen har gått inn det i eit det treårige prosjektet Nye moglegheiter for digitale talent saman med NAV Møre og Romsdal og fleire partar frå næringslivet. Saman skal partane fange opp ungdom som står utanfor ordinær utdanning eller arbeidsliv og blant anna legge til rette for meir fleksible utdanningsløp.

Desember


Støtta prosjekt som kan produsere dyrefôr av tre

I Surnadal vil utviklingsselskapet Innveno finne ut om produksjon av protein frå trevirke kan bli lokal industri. Kultur-, næring- og folkehelseutvalet løyvde eit tilskot på nær 250.000 kr til Innveno AS for prosjektet More Greenwood.

Første del av Nordøyvegen opna for trafikk

Innbyggarane på Lepsøya, Haramsøya og Flemsøy/Skuløya vart landfaste laurdag 18. desember 2021, meir enn eitt halvt år før planen. Det var ungdomsskoleelevane Oskar Zachara, Daniel Seth Rønstad og Bjørn Longva jr. som stod for den offisielle opninga saman med fylkesordførar Tove-Lise Torve, prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune og prosjektsjef Are Eliassen i Skanska.

Ni søkarar fekk støtte til aktivitetar for ungdom

Sjakkutstyr, juleverkstad, heimekinoanlegg og kamerautstyr, er nokre av tiltaka som fekk ungdomsmidlar. Til saman fordelte Ungdomspanelet 125 000 kroner på ni ulike prosjekt rundt om i fylket.

Eit steg nærare realisering av Sørsida

Som eit ledd i utviklinga av Sørsida i Ålesund, vedtok fylkestinget å etablere om lag 100 administrative fylkeskommunale arbeidsplassar på Kulturhamna. Fylkestinget held fast ved tidlegare vedtak om at det skal etablerast ein vidaregåande skole i Sørsidebygget i Ålesund sentrum

Ved å flytte eksisterande leigeavtalar til Sørsida kan fylkeskommunen aktivt bidra til å etablere byggeprosjekt i Kulturhavna utan å måtte gjere større økonomiske investeringar eller større auke i driftsramma.

"Skaparkraft" skal styrke eksportnæringane

Fylkestinget vedtok å sette i gang programmet Skaparkraft for å styrke eksportnæringane og stimulere til utvikling av nye næringar. Det skal dei gjere gjennom tre satsingar; grøne industrielle løft, kompetanse i og for næringslivet, smart teknologi og energi. Den økonomiske ramma er 15 mill. kroner årleg i økonomiplanperioden.

Stifta selskapet Molde Berekrafthub

Fylkeskommunen vil gå saman med Molde kommune om å etablere eit solid kompetansemiljø for bygg-, eigedom- og anleggsbransjen. Huben skal jobbe med: digitalisering av offentleg sektor, sirkulær økonomi og berekraftsertifisering av offentlege bygg. Fylkestinget løyvde 7,0 mill. kroner til dekning av aksjekapital og stiftingskostnader.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.