ÅRSRAPPORT 2021

Prisar og stipend

Årets bedrift

Fylkesprisen Årets Bedrift vart tildelt Norsol AS. Norsol AS er ei familiebedrift som som vart etablert i 1983. Bedrifta er ei av landets leiande innan solskjerming. Dei har hovudkontor og fabrikk i Tingvoll kommune og salsapparat over heile Noreg. Norsol AS sysselset om lag 65 personar på heil tid, i tillegg til deltidstilsette. I grunngjevinga står det at bedrifta har ein tydeleg miljøprofil, har investert i ny teknologi og satsa på å utvikle produkt med ein gjennomgåande miljøprofil. - Denne prisen skal vi ta med oss i det vidare arbeidet, sa dagleg leiar Vegard Nekstad. Intervju og video frå utdelinga i Tingvoll

Fylkeskulturprisen

Maria Parr fekk fylkeskulturprisen i 2021. - Parr har turnert både nasjonalt og internasjonalt med arbeidet sitt, for eksempel med Den kulturelle skulesekken. Dette er med på å gjere henne til ein verdig vinnar for fylkeskulturprisen 2021, og kultur,- næring,- og folkehelseutvalet gratulerer, seiar Nerås Krogsæter. Du kan sjå intervju med Maria Parr frå utdelinga

Miljøprisen

Miljøprisen 2021 gjekk til Gomalandet SFO. Dei får prisen for engasjement sitt for å redusere matsvinn og for å formidle gode haldningar til resirkulering og gjenbruk. «Matredderne på Gomalandet SFO» handlar om å redusere matsvinn. Prosjektet var først ein del av eit nasjonalt prosjekt «Matjungelen» som skulen har delteke i nokre år. No hentar ungane på skulen frukt og grønsaker frå butikkane tre dagar i uka, mat som elles ville blitt kasta. Elevane lærer om berekraft og får samtidig sunn og god mat, og nok frukt til å dekke heile skulen sitt behov heile veka. Ungane kjeldesorterer også emballasjen som følgjer med maten. Prosjektet har gjort skulen meir bevisst på forbruket sitt. Nye leiker, spel og møblar til SFO vert ikkje kjøpt inn, men er gjenbruk. Prosjektet treff godt på fleire berekraftsmål, slik som god helse og livskvalitet, ansvarleg forbruk og produksjon og samarbeid for å nå måla. Elevane Ewen Totev og Tale Langaas vart intervjua ved prisutdelinga.

Årets lærling

Konkurransen mellom dei to beste kandidatane var så jamn at juryen bestemte at prisen årets lærling vart gitt både til John Fredrik Sæther Nelvik og Kristin Hollingsæter Lystad. I alt kom det inn 17 nominasjonar til kåringa som Møre og Romsdal fylkeskommune står bak. John Fredrik Sæther Nelvik frå Smøla og Kristin Hollingsæter Lystad frå Ålesund trekte det lengste strået:

– Begge to er verdige vinnarar av prisen Årets lærling 2020. Ut frå vurderingskriteria og vurderingsgrunnlaget var det rett og slett umogeleg å skilje dei to kandidatane som kom høgast, seier leiar for juryen, Åse Vatne Riksfjord. Du kan lese meir på mrfylke.no

Inkludering- og mangfaldprisen

Håvard Johansen var den første til å motta inkludering- og magfaldsprisen. Den vart delt ut for første gong i 2021, og erstattar den tidlegare likestillingsprisen.

Johansen er frå Kristiansund, og har sidan 2015 arrangert ulike aktivitetar for flyktningar og immigrantar. Frå oppstart i 2015 og fram til no, har han hatt med over 2500 deltakarar på mellom anna fjellturar, hyttebesøk og Galdhøpiggen. Dette gir eit flott samhald og skaper vennskap på tvers av religion og nasjonalitetar. Dette er basert på frivillig innsats, og Håvard Johansen er ein person som får det til gjennom friluftsliv og inkludering. Målet er å ta dei med snarast mogleg etter at dei kjem til Noreg, for å lære dei å vere ute på tur. Her kan du høyre og sjå Håvard Johansen takke for prisen

Stipend

Idrettsstipend

Namn Kommune Sum
Mari Romundset Nilsen Aure 50 000
Knut Valen Håland Sula 50 000
Molde Rytterklubb Molde 50 000

Kunstnarstipend

Namn Kommune Kunstart Sum
Arbeidsstipend
Henrik Koppen Volda Visuell kunst 200 000
Jan Otto Ertesvåg Ålesund Film 200 000
Andre stipend
Anja Ulseth Tingvoll Visuell kunst 100 000
Anders Emblem Ålesund Film 100 000
Elin Grimstad Giske Litteratur 100 000
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen Giske Litteratur 100 000
Kari Telstad Sundet Kristiansund Musikk 100 000
Jorunn Marie Kvernberg Volda Musikk 100 000

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.