ÅRSRAPPORT 2021

Samarbeidsfylket

Møre og Romsdal skal vere eit føregangsfylke på samarbeid

Oppsummering av status for 2021:

Fylkeskommune har i 2021 gjennomført ei rekke nettverkssamlingar, konferansar og kurs innan eit breitt spekter av tema og for mange ulike målgrupper. Fleire av desse er gjennomført i samarbeid med Statsforvaltaren, andre statsetatar og andre aktørar i fylket. Døme på tema er berekraft, planlegging, klima og miljø, folkehelse, kulturtilbod, trafikktrygging, integrering, førebyggande tannhelsearbeid og digitalisering. Samarbeidet om internasjonalisering er styrka med etablering av eit EU-nettverk i Møre og Romsdal. Koronapandemien gjorde at nokre møte og arrangement vart avlyst eller utsett. Fylkeskommunen har likevel lagt ned mykje arbeid på å legge til rette for samarbeid og kompetanseheving. Ei evaluering frå Møreforsking, gjort for å vurdere effekten av samarbeidssatsinga Møre og Romsdal 2025, viser at samarbeidet mellom offentlege aktørar i Møre og Romsdal har auka dei siste tre åra.

Møre og Romsdal skal utvikle eit tettare og meir forpliktande samarbeid mellom offentlege aktørar, frivilligheit, næringsliv og kulturliv for å følgje opp FNs berekraftsmål

  • Alle kommunane i fylket vart ferdige med kartlegging av berekraft ved bruk av FN-metodikken U4SSC. Berekraftsprofil for regionen vart utarbeidd og lansert nasjonalt
  • I samarbeid med Statsforvaltaren, Miljødirektoratet og KS arrangerte vi ein klimakonferanse for kommunane i november med påfølgande webinar-serie.
  • Saman med Statsforvaltaren gjennomførte fylkeskommunen ein nasjonal konferanse om sjøarealplanlegging. Du kan sjå opptak av innlegga på Statsforvaltaren si nettside
  • Fylkeskommunen var med å arrangere Miljøkonferansen Midt-Norge i samarbeid med Sunndal næringsforening, Sunndal Sparebank og Suns.
  • I samarbeid med Ungt Entreprenørskap og United Future Lab Norway, laga vi kurspakken “Berekraft i bedrift” for ungdomsbedrifter på vidaregåande skole
  • Programmet Møre og Romsdal 2025 arrangerte Nyttårskonferansen med toppleiarar frå alle tre forvaltningsnivåa, to samlingar for statsetatane med ansvar for Møre og Romsdal, og fire samlingar for Levekårsnettverket, statsetatatar på velferdsområdet. Samlingane legg grunnlag for fylkesdekkande samarbeid
  • Det er gitt samordna uttale til 1 247 plansaker, der søknader om dispensasjon frå kommuneplan utgjorde 886. Det er reist motsegn til 31 saker, ti færre enn i 2020. Det er starta arbeid med kvalitetssystem for oppfølging av kommunale planar i fylkeskommunen.
  • Kommunane si rapportering på God Helse-samarbeidet for 2020 er publisert som eigen rapport og blir følgt opp i dialog med kommunane.
  • Fylkeskommunen var medarrangør på nasjonal nettverkssamling for Sunne kommunar i september i Ålesund
  • Det er gjennomført fleire regionale FrivilligFORUM der fylkeskommunen samlar frivillige organisasjonar og kommunalt tilsette
  • Ungdomspanelet har saman med The North West utarbeidd Ungdommens berekraftsplan
  • Fylkeskommunen har inngått samarbeid knytt til utviklinga av Sørsida i Ålesund, Campus Kristiansund, utvikling av Molde vest med Molde kommune og kulturhuset Normoria i Kristiansund. I tillegg til etablerte avtalar om Ørsta kultur og kompetansesenter og Spjelkavik Arena
  • Vi har utvida FRAM sitt kollektivtilbod, «Travel like the locals», etter innspel frå destinasjonsselskapa, og vi har bidratt inn i arbeidet med Kystpilegrimsleia med informasjon om kollektivtransport mellom nøkkelpunkta.

Møre og Romsdal skal samordne dei offentlege ressursane og kompetansen for å møte samansette behov hos eldre, barn og unge, innvandrarar, personar med nedsett funksjonsevne og andre utsette grupper

  • Vi har utarbeidd Plan for kvalifisering av innvandrarar
  • Det er etablert regionale nettverk på Nordmøre, Sunnmøre og i Romsdal for å styrke samarbeidet om integrering av flyktningar
  • MR2025 har gjennomført to forprosjekt mot utanforskap – eit samarbeid mellom Utdanningsavdelinga, Høyskolen i Molde, Høyskolen i Volda, Møreforskning og NTNU om effekt av tiltak for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring, og eit prosjekt i samarbeid med Ørsta kommune og levekårsnettverket om korleis kommunar kan arbeide tverrfagleg for å motverke utanforskap
  • Tannhelstenesta utførte om lag 1000 timar førebyggande arbeid utanfor klinikkane i 2021
  • Fylkeskommunen sitt arbeidet med å fremme kunst og kultur for, med og av barn og unge er blitt til det tiårige verdiskapingsprogrammet UNG kunst og kultur
  • Det er etablert møteplass for datakultur for barn og unge i Kristiansund
  • FoU-prosjektet “Nye muligheter for digitale talenter” er starta opp
  • To profesjonelle kulturproduksjonar turnerte i kommunane gjennom ordninga Den kulturelle spaserstokken (DKSS).

Møre og Romsdal skal samarbeide med europeiske interesseorganisasjonar og aktørar for å bidra til politikkutforminga i EU, hente kunnskap og midlar til utviklingsprosjekt, samt etablere samarbeid med eit «vennskapsfylke» om berekraftmåla i EU

  • EU-nettverket for Møre og Romsdal vart starta opp i 2021 og fylkeskommunen leier arbeidet. Gjennom nettverket samarbeider vi med næringsliv/klynger, forskingsmiljø, akademia og offentleg sektor om internasjonalisering
  • Fem innovasjonsmiljø fekk tilskot til å utgreie moglegheiter for framtidige internasjonale prosjekt
  • Fylkeskommunen er samarbeidspart i det fireårige prosjektet «The capital of Dacia – a living museum of European Cultural Heritage» - som har fått midlar gjennom EØS-programmet RO-CULTURA. Samarbeidet med Romania har heldt fram sjølv om koronasituasjonen har gjort det umogleg med fysiske møte og reiser
  • Ungdomspanelet har i samarbeid med administrasjonen levert søknad og fått innvilga Erasmus+ midlar til utvekslingsprosjekt med ungdommar i Polen i 2022
  • Det er søkt og fått tilslag om midlar til JPI Urban Europe-prosjektet CREST – «Climate resilient coastal urban infrastructures through digital twinning», eit prosjekt om visualisering av konsekvensar klimaendringar har for byane våre. Prosjektet startar opp i 2022

Møre og Romsdal skal ha eit levande lokaldemokrati der alle innbyggarane, uansett bakgrunn, kan vere med å påverke det offentlege tenestetilbodet og delta i utforminga av sine lokalsamfunn

  • Fylkeseldrekonferansen vart gjennomført i Ålesund i november
  • Det vart gjennomført tre fylkeskulturkonferansar i Kristiansund, Ålesund og Molde, med tema kultur og berekraft
  • Fylkeskommunen har gitt råd og innspel om medverkingsprosessar i kommunale plansaker
  • Det er utarbeidd fylkesstatistikk og kommunestatistikk som grunnlag til samfunnsdebatten og avgjerder i fylkeskommunen og kommunen – og i ny modernisert digital utgåve
  • Det er tilrettelagt og publisert rådata frå folkehelseundersøkinga til bruk for kommunane
  • Fylkeskommunen har som grunnlag for tenesteutvikling og brukarmedverknad, gjennomført 20 QuestBack-undersøkingar
  • Saman med dei rådgivande utvala til fylkeskommunen er det gjennomført kartlegging av vilkåra for kommunale medverknadsorgan
  • Det er gjennomført Ungdommens fylkesting i november og åtte samlingar i ungdomspanelet
  • Det er gjennomført regionale møte med sekretærar for ungdomsråd i kommunane om utvikling av arbeidet med ungdomsmedverking i Møre og Romsdal
  • Fylkeskommunen legg store ressursar i å legge til rette for at politiske møte skal kunne gjennomførast på best mogleg måte og vere offentleg tilgjengeleg. Dei politiske møta har i 2021 blitt gjort tilgjengeleg gjennom bruk av streaming, noko som har vore eit viktig tiltak i eit år med restriksjonar.
  • Fylkeskommunen legg til rette for at dokumenta til fylkeskommunen er offentleg tilgjengelege i samsvar med gjeldande reglar og at alle dokument på mrfylke.no skal møte krava til universell utforming.
  • Fylkeskommunen varetek rettstryggleik og har kompetanse innan kontraktsrett, utdanningsrett, arbeidsrett, eigedoms- og entrepriserett, saker etter veglova, offentlege anskaffinga og kommunal og forvaltningsrett

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.