ÅRSRAPPORT 2021

Miljøfylket

Møre og Romsdal skal bli miljøfylke nr. 1

Oppsummering av status for 2021:
I 2021 vart det for første gong utarbeidd klimabudsjett og klimarekneskap for Møre og Romsdal. Dette gir oss høve til å måle effekten av tiltak og om vi nærmar oss klimamåla. Nesten alle fylkeskommunale einingar er miljøfyrtårn-sertifisert, og det er starta arbeid med å forbetre avfallshandtering og auke gjenbruk av inventar og utstyr. Det er kollektivtrafikken som står for den størst klimagassreduksjon i den fylkeskommunale verksemda i 2021. Det er stilt miljø- og klimakrav i fylkeskommunale innkjøp og i ulike tilskotsordningar.

Det er i 2021 gjort eit stort arbeid med å betre kartgrunnlag til bruk i planlegging, og særleg marine grunnkart i kystsona. Fylkeskommunen har også gitt næringsliv og forskingsmiljø eit løft for forsking knytt til marin sektor. Det er sett i gang fleire utviklingsprosjekt for meir bruk av fornybar energi. Skjergardtenesta har arbeidd for å redusere marin forsøpling. Det er utarbeidd plan og tiltak for å betre vasskvaliteten, og det er arbeidd med å legge betre til rette for friluftsliv. Vi har gjennom rådgiving og økonomiske tilskot lagt til rette for auka gjenbruk, bevaring og rehabilitering av eldre bygg- og anleggsmasse.

Fylkeskommunen har sett i verk mange tiltak for å bli miljøfylket nr. 1. På nokre område er vi i startgropa enno – og skal vi nå klimamåla for fylket, må innsatsen skrus opp enno nokre hakk.

Møre og Romsdal skal redusere klimagassutsleppa slik at fylket er klimanøytralt i 2030, og bidra til 55 prosent kutt i ikkje-kvotepliktig sektor

  • Det er tilsett klima- og miljøkoordinator på seksjon for plan
  • Fylkeskommunen har lagt fram sitt første klimabudsjett og klimarekneskap
  • Utslepp frå buss, ferje og hurtigbåt er redusert med 6 890 tonn CO2 i 2021. Dette er meir enn målet på 6 500 tonn CO2
  • Ny rutepakke i Ålesund, Giske og Sula vart starta opp i 2021 med 10 elektriske bussar
  • Det er innført tiltak for å redusere klimagassutsleppa i vegdriftskontraktane, mellom anna krav til redusert utslepp på bilar/maskinar i vinterdrifta og mannskapsbilar, samt krav til årleg rapportering av utslepp frå entreprenørane
  • Det er auka fokus på klima ved produksjon og utlegging av asfalt, både i form av gjenbruk, bruk av lågtemperatur-asfalt og lengre levetid som følge av betre kvalitet
  • Fylkeshusa, alle kompetanseregionene innan tannhelse og 16 av 21 skolar er miljøfyrtårnsertifisert
  • Fylkeskommunen har fått midlar frå Miljødirektoratet (Klimasats-midlar) til å greie ut kva som er optimal infrastruktur for produksjon og bruk av null- og lågutsleppsenergi for transportsektoren
  • Det er sett i gang prosjekt om biogassanlegg og alternative dreneringsmåtar på myr
  • Miljøomsyn er etablert som kriterium i behandling av tilskot til bygg og anlegg for idrett og fysisk aktivitet, samt i behandling av tilskot til kulturbygg
  • To produksjonar i den Den kulturelle skolesekken er gjort om til digitale produksjonar for skoleåret 2021/22
  • Koronapandemien har ført til at mange møte med samarbeidspartnarar har vore gjennomført digitalt, slik at talet på reiser har vorte kraftig redusert

Møre og Romsdal skal forvalte sjø- og landareala slik at det blir lagt til rette for berekraftig verdiskaping, basert på ein arealbruk som avgrensar behovet for transport, og hindrar unødvendige landskapsinngrep

  • Det interkommunale arbeidet med areal, klima og transport (PAKT) i Ålesundsregionen er vidareført, kartportalen er oppdatert med verdifulle landbruksareal, planutkastet har vore til offentleg høyring og er venta å bli vedtatt første halvår 2022
  • Kartportalen Gislink som fylkeskommunen driftar saman med Statsforvaltaren i Møre og Romdal og Trøndelag og Trøndelag fylkeskommune blir stadig meir nytta, i 2021 viste brukarstatistikken 7,5 mill. requests (klikk)
  • Det er utarbeidd kart til kartlegging av friluftslivsområde i 4 kommunar (Aure, Sunndal, Hustadvika, Kristiansund
  • For å styrke det marine kunnskapsgrunnlaget i fylket er 18 av 26 kommunar i Møre og Romsdal med i programmet «Marine grunnkart i kystsonen»
  • Fylkeskommunen har støtta oppstart av ein interkommunal plan i sjø for Sula, Giske og Ålesund kommunar. Fylkeskommunen deltek i tillegg i arbeidet med interkommunale arealplanar i sjø for ytre søre Sunnmøre, interkommunal sjøplan i Aukra og Hustadvika kommunar og interkommunal sjøarealplan i Storfjorden
  • Fylkeskommunen har gitt næringsliv og forskingsmiljøa eit løft på forsking knytt til marin sektor og støtte til forskingsinfrastruktur
  • Det er lagt fram forslag til avgrensing av 12 verdifulle landskapsområde i den nasjonale kartlegginga og satsinga på såkalla KULA-område
  • Prosjekt for friluftslivets ferdselsårer (2019-2023) i samarbeid med friluftsråda, kommunane og Miljødirektoratet har blitt vidareført
  • Det vart inngått samarbeidsavtale med friluftsråda om ei skjergardsteneste som mellom anna skal arbeide med marin forsøpling

Møre og Romsdal skal ha god tilstand på 90 prosent av økosystema både på land og i vatn, og stanse tap av naturtypar og artar

  • Regional plan for vassforvaltning for 2022-2027 vart vedtatt av fylkestinget i desember 2021. Meir informasjon om vassforvaltninga finn du på vannportalen.no
  • Totalt vart det starta opp 103 tiltak i vassregionen i 2021, det er ein auke frå tidlegare år
  • I sjøaureprosjektet Mange bekkar små vart det kartlagt over 200 mindre sjøaurevassdrag, som grunnlag for å kunne sette i verk tiltak om nødvendig

Møre og Romsdal skal bevare viktige landskap, og redusere tapet av verdifulle kulturminne og kulturmiljø til under 0,4 prosent årleg

  • Gjennom arealplanbehandling har fylkeskommunen sett søkjelys på å sikre og redusere tapet av viktige kulturminne og kulturmiljø og hindre unødvendige landskapsinngrep
  • Tapet av verdifulle kulturminne og kulturmiljø i 2021 er registrert til under 0,4 prosent både for arkeologiske kulturminne (0,23%) og kulturminne frå nyare tid (0,22%)
  • Starte opp tilstandsregistrering av lokale og regionale kulturminne i Stranda kommune

Møre og Romsdal skal basere auka produksjon og bruk av energi på energieffektivisering, fornybare energikjelder og utslippsfri energi

Møre og Romsdal skal førebygge at uønskte hendingar skjer, og ha ein fysisk, digital og organisatorisk infrastruktur som er rusta til å takle klimaendringar og akutte kriser

  • Det er gjennomført månadlege beredskapsøvingar på fylkesvegane, slik at vi er godt rusta når dei verkelege hendingane oppstår. Vi har også planlagt og gjennomført fleire øvingar for naudetatane, til dømes ulukker og brann i tunnel
  • Det er arbeidd med brannsikring og tilskot til tette trehusmiljø av nasjonal verneverdi, og verneverdige mellomalderkyrkjer som Kvernes stavkyrkje
  • Beredskapsplan for fonnefunn er oppdatert med ny avtale om helikopterhjelp
  • Fylkeskommune deltek i arbeidsgruppe saman med Statsforvaltaren om oppdatert FylkesROS og representantar frå fylkeskommunen har delteke i arbeid med tre case: Radikalisering og valdeleg ekstremisme, sikkerheitspolitisk krise og klimaendringar

Møre og Romsdal skal ha ein leiande posisjon i utviklinga av ein grøn sirkulær økonomi med høg grad av gjenbruk, og god avfallshandtering

  • Gjennom den årlege klima- og miljørapporteringa har kvar eining i fylkeskommunen registrert eigne mål og handlingsplan for m.a. avfallshandtering. Dette inneheld: 1) måltal for restavfall, del av avfallet som er kjeldesortert og matsvinn 2) beskriving av dei viktigaste tiltaka for å oppnå måltala.
  • Det er sett mål om 5 prosent reduksjon i restavfall frå dei fylkeskommunale skolebygga, men dette har vist seg utfordrande da dei ulike renovasjonsselskapa i fylket har ulik praksis og kvalitet og det gjer det vanskeleg å samanlikne frå år til år. Det vert lagt opp til ein gjennomgang med dei respektive selskapa i løpet av våren 2022.
  • 50 prosent gjenbruk av inventar og utstyr i fylkeskommunale byggjeprosjekt er lagt inn som resultatmål i alle store byggeprosjekt, blir følgt opp når prosjekta er ferdigstilt
  • Fylkeskommunen har bidratt inn i Riksantikvaren sitt arbeid med eksempelsamling på gjenbruk av gammal bygningsmasse, denne vart publisert i januar 2022

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.