ÅRSRAPPORT 2021

Notar

Rekneskapsprinsipp og vurderingsreglar

Regnskapet er avlagt i henhold til god kommunal rekneskapsskikk, herunder kommunale rekneskapsstandardar (KRS) utgitt av Foreningen for god kommunal regnskapsskikk (GKRS).

Kommunerekneskapen er finansielt orientert, og skal vise all tilgang på og bruk av midlar i året. Inntekter og utgifter skal tidsmessig plasserast i det året som følger av anordningsprinsippet. Anordningsprinsippet betyr at alle kjende utgifter og inntekter i løpet av året som gjeld kommunens verksemd skal gå fram av drifts- eller investeringsregnskapet i året enten dei er betalt eller ikkje. For lån er likevel berre den delen som er brukt i året ført i investeringsrekneskapen. Den delen som ikkje er brukt er registrert som memoriapost.

Vesentlege utgifter, utbetalingar, inntekter og innbetalingar som ikkje kan fastsetjast eksakt ved rekneskapsavslutninga, blir registrert med eit rundt rekna beløp i årsrekneskapen.

Klassifisering av anleggsmidlar, omløpsmidlar og gjeld

Anleggsmidlar er eigedelar som er bestemt til varig eige eller bruk i fylkeskommunen. Andre eigedelar er omløpsmidlar. Driftsmidlar blir ført som anleggsmidlar når anskaffingskost er minimum 100 000 kroner og har ei økonomisk levetid på minst 3 år.

Utgifter som påløp for å oppretthalde anleggsmiddelets relative standard utgiftsførast i driftsrekneskapen. Utgifter som representerer ei standardheving av anleggsmiddelet ut over standarden ved anskaffinga utgiftsførast i investeringsrekneskapen og aktiverast på anleggsmiddelet i balansen. Alle nye anlegg, både fylkesvegar, tunellar og bruer og skolebygg utgiftsførast i investeringsrekneskapen og aktiverast som anleggsmiddel i balansen. Større rehabiliteringar som får anleggsmiddelet eller vesentlige delar av dette til å framstå som heilheitleg nytt, og gir ei auke i forventa utnyttbar levetid, utgiftsførast i investeringsrekneskapen og aktiverast på anleggsmiddelet i balansen, sjølv om rehabiliteringa kan innehalde element av vedlikehald. Løpande reparasjons- og vedlikehaldsutgifter som ikkje gir antatt auke i verdien eller levetida på anleggsmiddelet utgiftsførast i driftsrekneskapen. Enkelte utgifter ligg i grenseland mellom investering og drift og det gjerast da ei konkret vurdering for den aktuelle utgifta. Ei forventa auke i anleggsmiddelets levetid kan da være avgjerande for vurderinga.

Fordringar knytt til eigen vare- og tenesteproduksjon og marknadsbaserte verdipapir som inngår i ei handelsportefølje er omløpsmidlar. Aksjar og andelar i bedrifter som fylkeskommunen har ei spesiell interesse av å engasjere seg i er klassifisert som anleggsmidlar.

Langsiktig gjeld er lån i samsvar med §14-14 i kommunelova med unntak av eventuell likviditetstrekkrett/likviditetslån, jf. kl § 14-15 3. ledd. All anna gjeld er kortsiktig gjeld. Neste års avdrag på utlån inngår i anleggsmidlar og neste års avdrag på innlån inngår i langsiktig gjeld.

Anskaffingskost

Alle eksterne utgifter som er ei direkte konsekvens av anskaffinga blir behandla som ein del av kostprisen. Interne utgifter til løn som er direkte relatert til det aktuelle prosjektet inngår i kostprisen. Løn er belasta med ei kalkulatorisk timesats som inkluderar sosiale kostnadar og indirekte kostnadar som husleige mm. Ved lånefinansiering av investeringar er renteutgifter lagt til anskaffingskost i samsvar med anbefalt løysing i KRS nr. 2. for store vegprosjekt (byggjelånsrente). Store vegprosjekt er definert som nye veglenker med budsjettert anskaffingskost på meir enn 1 mrd. kroner. For tida gjeld dette kun for Nordøyveg-prosjektet. Renteutgifta er fastsett som fylkeskommunens gjennomsnittlege lånerente multiplisert med lånefinansiert andel av samla investeringsutgifter, tatt hensyn til prosjektets framdrift. Renteutgifta er utgiftsført i investeringsrekneskapen og aktivert som ein del av anskaffingskost på anleggsmiddelet. Øvrige byggjelånsrenter inngår ikkje og førast som ordinære renter i driftsrekneskapen.

Vurderingsreglar

Marknadsbaserte finansielle omløpsmidlar er vurdert til verkeleg verdi. Andre omløpsmidlar er vurdert til lågaste verdi av anskaffingskost og verkeleg verdi.

Uteståande fordringar er vurdert til pålydande med frådrag for venta tap.

Anleggsmidlar er vurdert til brutto anskaffingskost. Ved varig verdifall som antas å ikkje være forbigåande blir det gjort ei nedskriving til verkeleg verdi.

Avskrivingar

Anleggsmidlar med begrensa økonomisk levetid blir avskrivne med like store årlege beløp over levetida til eigedelen. Avskriving startar året etter aktivering, uansett om anleggsmiddelet er tatt i bruk eller ikkje. Avskrivingsperiodane følgjer i utgangspunktet $ 3-4 i forskrift om økonomiplan, årsbudsjett, årsregnskap og årsmelding for kommuner og fylkeskommuner, men i særskilte tilfelle, der levetida på anlegget er lågare enn normal avskrivingstid, settes avskrivingstid til forventa levetid.

Normal avskrivingstid:
It-utstyr, kontormaskinar ol. 5 år
Inventar og utstyr, transportmiddel, maskiner ol. 10 år
Større nyttekjøretøy, anleggsmaskinar mv. 20 år
Skolar, vegar, bustader ol. 40 år
Adm.bygg, kulturbygg, forretningsbygg ol. 50 år

Mva-plikt og mva-kompensasjon

Delar av tenesteområda, til dømes bruttoavtalar med trafikkselskap om levering av kollektiv transport og tannhelsetenester til vaksne mot betaling, kjem inn under mva-lova. For den øvrige verksemda får fylkeskommunen mva-kompensasjon.

Fleirårlege tilskot til andres investeringar

Fleirårlege tilskot til å dekke renter og avdrag på lån til finansiering av andres investeringar blir ført i driftsrekneskapen det enkelte år tilskota blir utbetalt.

Endra rekneskapsprinsipp

Prinsippendringar som påverkar arbeidskapitalen blir ført direkte mot eigen konto under eigenkapitalen.

Organisering av fylkeskommunens verksemd

Fylkeskommunen er underlagt politisk styring med fylkestinget som øvste organ og fylkesordførar som øvste leiar. Fylkeskommunedirektøren er administrasjonssjef og leier dei administrative einingane i fylkeskommunen.

Fylkeskommunen er delt inn i fire linjeavdelingar (kompetanse og næring, samferdsel, kultur og tannhelse) og fire stabsavdelingar (stab for strategi og styring, stab for organisasjon og tenesteutvikling, stab for juridiske og administrative tenester og bygg- og eigedomstenester).

Møre og Romsdal fylkeskommune driv 22 vidaregåande skuler, 1 fagskule og 33 tannhelseklinikkar.

Den samla verksemda til fylkeskommunen er i hovudsak organisert innanfor fylkeskommunens ordinære organisasjon. Fylkeskommunen har ikkje oppretta eigne fylkeskommunale føretak (FKF).

Heileigde aksjeselskap og interkommunale selskap fylkeskommunen er medeigar i:

Selskap, forretningsadresse Eigardel
AS Kirkegaten 1A, Kristiansund 100,0 %
Møre og Romsdal Utvikling AS, Kristiansund 100,0 %
Ocean Industry School AS, Ålesund 100,0 %
Trafikkterminalen Kristiansund AS, Kristiansund 100,0 %
GassROR IKS, Aukra 11,1 %
IKA Møre og Romsdal IKS, Ålesund 17,1 %
VIGO IKS, Skien 5,3 %

Møre og Romsdal fylkeskommune har fire heileigde aksjeselskap. AS Kirkegaten 1A i Ålesund ble kjøpt i 2017 med formål om å sikre tenleg areal for mogleg vidareutvikling av bygget til museumsføremål. Kulturkvartalet driv i dag museum i bygget. Møre og Romsdal Utvikling AS er etablert med føremål å leggje Stiftelsen til rette for samfunnsmessige utviklingsprosjekt. Ocean Industry School AS er etablert for å auke elevanes kunnskap om, og interesse for, de arbeids- og karrieremulegheitar som finns i dei havbaserte næringane. Trafikkterminalen Kristiansund AS har til føremål å drifte persontrafikkterminal i byen.

Møre og Romsdal fylkeskommune er medeigar i tre interkommunale selskap. GassROR IKS har til formål å medverke til utvikling av fysisk infrastruktur og tilrettelegging for næringsutvikling i regionen. IKA Møre og Romsdal IKS er eit interkommunalt selskap eigd av alle kommunane i fylket og Møre og Romsdal fylkeskommune. Selskapet skal arbeide for at arkivmateriale frå medlemane blir teke vare på og gjort tilgjengeleg til ulike formål og har forretningsadresse Ålesund. Eigardelane blir justert kvart fjerde år på grunnlag av folketal, og fylkeskommunen sin eigardel er no 17,1%. VIGO IKS vart stifta i 2012 for å oppnå gode, enkle og framtidsretta IKT-system for eigarar og brukarar.

Samarbeid med andre:

Møre og Romsdal deltar saman med alle fylkeskommunane utanom Oslo i samarbeidet Nasjonal digital læringsarena NDLA. Hordaland fylkeskommune er kontorkommune.

Kollektiv transport

Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått avtalar med private trafikkselskap om levering av kollektiv transport, skoleskyss og TT-tenester. Fylkeskommunen har i all hovudsak bruttokontraktar, det inneber at fylkeskommunen har ansvar for inntektssida.

Sammanlikningstal

Rekneskapen for 2020 og 2021 er satt opp etter same prinsipp og same obligatoriske oppstillingar. Det har vært nokre få justeringar i oppstillingsplanane i 2021 på bakgrunn av forskriftsenddringar. Der det er aktuelt er tala for 2020 omarbeidd og satt opp med samanliknbare tal med 2021.

Balansepost knytt til kap. 2.11 er i rekneskapen for 2021 splitta i to linjer, "Obligasjonar" og "Obligasjonar med flytande rente (FRN)", medan kapittelet i rekneskapen for 2020 var samla i ei linje. Tala for 2020 er omarbeidd tilsvarande.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.