Fylkeskommunedirektøren har ordet
Eit godt år for fylkeskommunen trass pandemi
Året 2021 vart nok eit utfordrande og spesielt år. Vi har tilpassa oss pandemien, og har jobba for å levere gode tenester i ein kvardag med stadige skiftingar i forskrifter og tiltak. Vi har handtert periodar med heimeundervisning, heimekontor, og tidvis reduserte tilbod innan både kollektiv- og tannhelsetenestene våre. Vi har blitt gode på digitale løysingar og alternative møte- og samhandlingsformer. Så til trass for utfordringar har fylkeskommunen jobba godt og fått til mykje som vi kan glede oss over i 2021. Det gjer meg stolt!
Som fylkeskommune har vi ambisjonar for Møre og Romsdal. Kvar dag jobbar vi målretta for å legge til rette for vekst og utvikling i heile fylket. I fylkesplan 2020-2025 tek vi mål av oss til å bli berekraftfylket Møre og Romsdal. Det skal vi få til gjennom å styrke innsatsen på samarbeid, miljø, inkludering og kompetanse, og verdiskaping. Det er dette vi skal jobbe mot, og det vi skal måle og rapportere på. Slik kan vi både kontrollere og justere innsats og verkemiddel undervegs for å nå dei langsiktige måla. Rapporteringa på fylkesplanmåla er ein del av årsrapporten, og som de vil sjå har det trass i nok eit utfordrande år med pandemi likevel skjedd mykje positiv.
Innan samferdsel har vi til dømes redusert utslepp frå buss, ferje og hurtigbåt med 6 890 tonn CO2 i 2021, noko som er ein større reduksjon enn målet på 6 500 tonn CO2. Vi starta opp ny rutepakke i Ålesund, Giske og Sula med ti elektriske bussar. I desember vart deler av Nordøyvegen opna, og ferdigstilling at dette prosjektet vil skje allereie i august 2022. Vi har testa ut fem mobile behandlingseiningar for å utføre tannhelsetenester på helseinstitusjonar og sjukeheimar. Vi er også i 2021 blandt dei beste i landet når det gjeld gjennomføring i vidaregåande opplæring, der 91,3 prosent av elevane fullførte og bestod skoleåret 2020/2021.
Som fylkeskommunedirektør er eg opptatt av å ta heile fylket i bruk, også når det gjeld fylkeskommunale arbeidsplassar. Eg gleder meg derfor stort over at vi i 2021 har styrka etableringa av eit solid og tverrfagleg arbeidsmiljø i Kristiansund med 46 medarbeidarar. Vi er på god veg til å nå målet om 70 arbeidsplassar når Campus Kristiansund står ferdig i 2024. Vi jobbar også aktivt for å samle eit tverrfagleg arbeidsmiljø i Ålesund. Her er, slik eg ser det, suksessfaktoren Kulturhamna som vi no planlegg på Sørsida. Begge er store og viktig samarbeidsprosjekt for fylkeskommunen i åra framover.
Vi har dei seinare åra jobba godt for å få til samarbeid og synergiar. Store utviklingsprosjekt som Berekraftfylket, Campus Kristiansund, Møre og Romsdal 2025, by- og tettstadsutvikling, Omstilling i Geiranger, er alle samarbeidsprosjekt med eit stort gevinstpotensiale for ei berekraftig og god samfunnsutvikling. Dette er satsingar som vi vil halde trykket oppe på også i åra framover. På tampen av året vart og det ti-årige programmet «Skaparkraft» vedtatt, der målet framover er å styrke eksportnæringane og stimulere til utvikling av nye næringar.
Nok eit år leverer fylkeskommunen eit positivt og godt rekneskapsresultat. Dette er i hovudsak med bakgrunn i høg skatteinngang og auka rammeoverføringar. Eit godt økonomisk resultat gir auka handlingsrom, samtidig som vi må vere varsame i møte med usikre tider.
Ottar Brage Guttelvik, fylkeskommunedirektør