ÅRSRAPPORT 2021

Store prosjekt

Fylkeskommunen har mange ulike prosjekt og satsingar. Her finn du ei oversikt over nokre av dei største satsingane og prosjekta som det blir arbeidd med no.

Samfunnsutvikling

Berekraftfylket

Berekraftfylket Møre og Romsdal er eit svar på regjeringa sine forventningar om at berekraftsmåla skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største utfordringane i vår tid. Med dette prosjektet ønsker Møre og Romsdal å ta ei tydeleg rolle i å utvikle eit berekraftig samfunn for framtida, og bidra som pådrivar og koordinator for berekraftsarbeidet i regionen.

I 2021 har alle kommunane blitt ferdig med eit omfattande kartleggingsarbeid som gjer kunnskap om lokal status på berekraft. FN-programmet U4SSC blei brukt som metodegrunnlag. Ein regional berekraftsprofil har også blitt utarbeidd. Saman med kommunane har regional stat, næringsliv, frivillig sektor og akademia har blitt invitert med i satsinga, og aktiviteten er aukande.

Møre og Romsdal fylkeskommunen har og ein sentral plass i det nasjonale berekraftnettverket og samarbeider tett med andre norske fylkeskommunar og kommunar for eit nasjonalt berekraftløft. Les meir om berekraftsfylket på mrfylke.no

Campus Kristiansund

Campus Kristiansund (CKSU) skal samle høgare utdanning, forsking og innovasjon på ein felles campus i Kristiansund sentrum. Prosjektet koordinerer dei ulike samfunnsaktørane som jobbar for dette.

Dugnaden for å utvikle CKSU har mellom anna resultert i

  • ei dobling av studenttalet og ei rekke nye studietilbod
  • samling av innovasjons- og utviklingsmiljø
  • statleg finansiering av 150 studieplassar
  • nytt studenthus og øvingslab for helsefag
  • etablering av Møreforsking i Kristiansund og løyving på 4,2 mill. kroner over tre år frå fylkeskommunen til oppbygging av biomarint forskingsmiljø på campus.
  • fleire faglege møteplassar og etablering av nettverk og fagsamarbeid, til dømes den digitale Algemania-konferansen i oktober, med deltaking frå 22 land.

Reguleringsplana for Campusutbygginga vart godkjend i oktober, og Møre og Romsdal fylkeskommune som første store leigetakar skreiv under leigekontrakt i juni. Det har vore arbeidd vidare med FoU-miljøa i bygget og med miksen av aktørar. Campus Kristiansund vil etter planen vere klar for innflytting hausten 2024. Les meir om prosjektet på mrfylke.no

Møre og Romsdal 2025

Møre og Romsdal 2025 er eit program som skal styrke samarbeidet i offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal. Programmet er leia av fylkeskommunen, og samarbeidspartnarar er Statsforvaltaren, kommunar og statlege aktørar med ansvar for fylket.

For å nå målsettingane om ein godt samordna offentleg sektor arbeider programmet på to måtar: skape gode møteplassar for å legge til rette for samarbeid, og fasilitere fylkesdekkande fellessatsingar på område ønska av deltakarane - berekraft, digitalisering og utanforskap.

Eit midtvegsevaluering av programmet vart gjort i 2021, og tilbakemeldinga frå ordførarar, kommunedirektørar og leiarar av statlege verksemder var

- Samarbeidet i offentleg sektor er betre enn ved oppstart av MR2025

- MR2025 og tiltaka i programmet har god effekt

- Satsingane treff tematisk – område der det er behov for samarbeid for å løyse samfunnsoppdraget

I 2021 arrangerte MR2025 Nyttårskonferansen for toppleiarar i offentleg sektor og 2 statsetatsmøter. I tillegg til dei to største regionale fellessatsingane – Berekraftfylket og Digi Møre og Romsdal, har MR2025 fasilitert og støtta fellessatsingar på statlege arbeidsplassar, utvikling av ungt entreprenørskap, nullvisjon for utanforskap og levekårsnettverket.

Les meir om prosjektet på mrfylke.no

Skaparkraft

Møre og Romsdal har landets mest eksportretta næringsliv og har dobbelt så høge eksportinntekter per sysselsett som gjennomsnittet i Noreg. Låge oljeprisar, pandemi, klima- og naturkrisa fører til at næringslivet har store omstillingbehov. Fylkeskommunen har derfor etablert eit tiårig omstillingsprogram, med formål om å styrke eksportnæringane i fylket.

Programmet har fått namnet «Skaparkraft». Med utgangspunkt i eit kunnskapsgrunnlag utarbeidd av Menon Economics, er det no vedtatt fire delprogram/innsatsområde:

  • Grøne industrielle løft: legge til rette for at bedriftene investerer i grøne, berekraftige løysingar og produkt som kan kommersialiserast globalt
  • Kompetanse i og for næringslivet: kompetansebehov i næringslivet og utdanningstilbod på alle nivå i utdanningssystemet må henge saman
  • Smart teknologi: bedriftene si evne til å bruke og utvikle avansert teknologi og nye digitale løysingar vil vere avgjerande for bedriftene sin produktivitet, konkurransekraft og vekstevne
  • Energi: Energi og infrastruktur er grunnlaget for å få til verdiskaping og grøn omstilling

Skaparkraft vart vedtatt av fylkestinget i desember 2021, med ei økonomisk ramme på 15 mill. kroner årleg i økonomiplanperioden. Programmet har fått på plass programleiar og tre prosjektleiarar til delprogramma og prosjektorganisasjonen vil vere operativ frå 2022.

Byen som regional motor

Kristiansund, Molde og Ålesund har i ei årrekke samarbeida gjennom prosjektet Byen som regional motor. Målet har vore å utvikle attraktive byer og stimulere til vekst og utvikling, både i byane og omlandet. “Byen som regional motor” blei evaluert våren 2021. Satsinga har vore viktig for kompetanseheving om byutvikling i dei tre bykommunane. Satsinga har gjort det lettare for kommunane å prioritere byutviklingstiltak.

Etter fire år med ei betydeleg økonomisk satsing i prosjektet (2017-2020), har prosjektet i 2021 blitt tatt vidare i litt mindre format. I 2021 har eit viktig satsingsområde vore å sikre framdrift i prosjekt som allereie ar fått støtte. Pandemien gjorde det krevjande å få gjennomført fellesmøte mellom prosjektgruppene i byane i 2021. Det blei gjennomført eit fellesmøte i Ålesund i oktober 2021, i tilknyting til BraBy-konferansen.

Det blei lyst ut og tildelt 2 mill. kroner til byutviklingstiltak hausten 2021. Kristiansund kommune fekk støtte til prosjektet «Attraktiv region». Molde kommune fekk støtte til sitt «InnbyggarLab»-prosjekt. Ålesund kommune fekk tilskot til eit prosjekt med å oppgradere byrom i sentrum. Les meir om prosjektet på mrfylke.no

Program for berekraftig by- og tettstadutvikling

Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2021 etablert eit samla program for berekraftig by- og tettstadutvikling. Programmet har delprosjekt for utvikling av byane, tettstadene og nye mobilitetsløysingar, og skal bidra til å styrke fylkeskommunen si samfunnsutviklarrolle i samarbeid med kommunane. Programmet blei vedtatt i desember 2021, med effekt frå 2022.

Omstilling Geirangerfjorden verdsarvområde og omland

Fylkesutvalet vedtok samrøystes i mars 2020 å setje av 10 mill. kroner over 3,5 år med mål om at Møre og Romsdal fylkeskommune skal ta eit tydelegare ansvar for ei positiv utvikling og naudsynt omstilling av Geiranger og verdsarvområdet. Det vart tilsett prosjektleiar for å koordinere aktiviteten i fylkeskommunen og mellom forvaltingsnivåa.

Prosjektet jobbar for å legge til rette for nærings- og samfunnsutvikling i Geirangerfjorden verdsarvområde og omland, gjennom koordinering og finansiering av delprosjekt som bidreg til:

  • Auka verdiskaping per turist/besøkande, gjennom tiltak som sikrar berekraftig utvikling og forvalting av Geirangerfjorden verdsarvområde
  • Lågare miljømessig fotavtrykk per turist/besøkande, med særleg fokus på omstilling til utsleppsfri ferdsel på verdsarvfjordane frå 2026, og meir miljøvenleg ferdsel på veg
  • Auka heilårsbusetjing i Geirangerfjorden verdsarvområde med omland, gjennom utvikling av fleire heilårsopplevingar og –arbeidsplassar
  • Betre samarbeid og koordinering mellom forvaltning og næring i Geirangerfjorden verdsarvområde og omland, ved å sikre informasjonsflyt og -deling mellom relevante aktørar
  • Betre vilkåra for landbruket i Geirangerfjorden verdsarvområde og omland, gjennom utprøving av nye verkemiddel, t.d. gjennom utprøving av ein variant av "sveitsisk landbruksmodell".

Omstilling Geirangerfjorden verdsarvområde og omland har forankring i fylkesplanen, FNs berekraftsmål og nasjonal reiselivsstrategi. Vidare nyttar ein allereie utarbeidde analysar og planar for verdsarvområdet, blant anna Masterplan Geiranger og Det store bildet, som strategisk underlag for arbeidet i prosjektet.

Samferdsel

Nordøyvegen

Nordøyvegen er det største fylkesvegprosjektet i Noreg og det største utbyggingsprosjektet i Møre og Romsdal fylkeskommune nokon gong. Vegen skal knyte Ålesund kommune saman gjennom fastlandssamband til Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya/Skuløya, Fjørtofta og Harøya. Prosjektet inneheld tre undersjøiske tunnelar, tre bruer, ein demning på Lepsøyrevet, nye vegar på sjøfylling og ny veg over Fjørtofta. Kostnadsramma er 5,8 milliardar 2021-kr. Møre og Romsdal fylkeskommune har kontrakt med Skanska om bygginga av Nordøyvegen. Kraftmontasje AS frå Vestnes prosjekterer og gjennomfører elektro- og automasjonsarbeida i prosjektet.

18. desember 2021 vart Nordøyvegen opna for trafikk mellom Flemsøy/Skuløy, Haramsøya, Lepsøya og fastlandet, over eit halvt år før planlagt opning. På grunn av pandemien vart vegopninga gjennomført digitalt og utan publikum, men fleire tusen køyrte i kortesje i samband med opninga.

173 bedrifter har så langt vore involvert i bygginga av Nordøyvegen, 65 av desse høyrer heime i Møre og Romsdal. I tillegg kjem leverandørar og servicebedrifter. Av dei 1300 menneska som så langt har vore med på bygginga av Nordøyvegen, har ein av tre postadresse i Møre og Romsdal.

Koronapandemien har gitt utfordringar også i 2021, i form av restriksjonar, heimekontor og innreisekarantene for arbeidarar hos entreprenør. Pandemien har gitt og gir framleis ekstrakostnadar for prosjektet, men per no har det ikkje skapt forseinkingar i framdrifta.

Fjørtoftfjordtunnelen mellom Harøya og Fjørtofta opnar for trafikk 16. juni 2022. Nogvafjordtunnelen mellom Flemsøy/Skuløy og Fjørtofta opnar for trafikk 27. august 2022. Da blir det også offisiell markering og opning av heile prosjektet. Nordøyvegen blir gjennomført innanfor vedtatt kostnadsramm

Les meir om prosjektet på mrfylke.no/nordoyvegen


Skredsikring Korsmyra – Indreeide

Indreeidstunellen på fv. 63 mellom Korsmyra i Stranda kommune og Indreeide i Fjord kommune er under bygging. Tunnelen går forbi 13 skredpunkt på strekninga og vil gje sikrare og meir føreseieleg framkome for innbyggarar, turistar og næringsliv. Første salve vart sprengt i november 2020, og tunnelen skal etter planen opne for trafikk før vintersesongen 2023/2024. Ved årsskiftet 2021/2022 er om lag 75 % av tunneldrivinga ferdig. Vedtatt kostnadsramme for prosjektet er 840 mill. 2020-kroner.

Les meir om prosjektet på mrfylke.no/korsmyra

Bypakke Ålesund

Stortinget gjorde i juni 2021 vedtak om bompengar for bypakke Ålesund. Styringsgruppa har vedtatt utbyggingsplanen. I 2021 er det starta opp planlegging, førebuing og prosjektering av fylkeskommunale prosjekt i bypakken, samt at det er gjennomført eit strakstiltak på kollektiv. Det er mellom anna starta planlegging av nytt kollektivknutepunkt i sentrum som har byggjestart i 2023 og planlegging av strakstiltak innanfor trafikktryggleik, sykkel og kollektiv som skal byggast i 2022. Første fylkeskommunale prosjekt i bypakken er og ferdig i løpet av 2021. Det gjeld prioritering av buss i lyskryss. Det er installert einingar i styreskapa til lyskryssa som hentar informasjon frå bussane. Det gjer det enklare for bussen å halde ruta og kan til dømes gi bussen prioritet om han er forseinka.

Innovasjonpartnarskap om nye bruløysingar

Møre og Romsdal fylkeskommune inngjekk i 2020 to avtalar om innovasjonsprosjekt for bygging av bruer i framtida. Prosjektet kom i gang med hjelp av kompetanse frå Nasjonalt program for leverandørutvikling og med økonomisk støtte frå Innovasjon Norge.

Det er Prodtex AS og Aa-Jakobsen AS som har hatt i oppdrag å utvikle nye, innovative måtar å bygge bruer på. Prodtex AS har beskrive korleis ei stålbru kan bli bygd ved hjelp av moderne produksjonsteknologi i lokalt etablerte stålfabrikkar. Samtidig har dei utvikla sveiseteknologi for å vise at laserhybridsveis er betre egna enn tradisjonell MIG-sveis. Aas-Jakobsen AS har laga ein rettleiar for prosjektering og bygging av segmentbru i betong for spennvidde frå 35 til 60 meter. Arbeidet dei har gjort opnar for produksjon av segmentbru i Noreg
Les meir om prosjektet her.

Smartare transport

Prosjekt skal utgreie løysingar for eit framtidsretta system for kollektivtransport med autonome og utsleppsfrie passasjerbåtar i byar. Måla for prosjektet er mellom anna å:

  • Bruke vassvegen som avlastning til vegnettet
  • Bidra til eit framtidsretta og fleksibelt kollektivtilbod i byane
  • Gi kollektivreisande betre oversikt, mobilitet og brukarvennlegheit
  • Skape nærings- og kunnskapsutvikling

Med Ålesund og Kristiansund som utgangspunkt har prosjektet gjennomført transportfaglege analysar og gjort ei grundig kartlegging av status for autonomi til sjøs i dag. Basert på dette grunnlaget har prosjektet arbeidd med ulike fartøykonsept, framdriftssystem, seglingsfrekvensar og –mønster, smarte styringssystem og nødvendig landbasert infrastruktur. Passasjertryggleik, regulatoriske utfordringar og datatryggleik er også viktige tema som blir belyst gjennom dei pågåande aktivitetane i prosjektet.

Prosjektet blir utvikla i samarbeid mellom SINTEF, NTNU, Ålesund og Kristiansund kommune.

Les meir om prosjektet her.

Verdiskaping

Ein bit av historia

Verdiskapingsprogrammet Ein bit av historia skal stimulere til at det veks fram nye tilbod, opplevingar og arbeidsplassar som bygger på historia og kulturarven vår langs historiske strekningar i Møre og Romsdal. I 2019 – 2021 set vi søkelyset på Valldalsleia, Kystpilegrimseleia og Den Trondhjemske postvei.

2020-2021 har vi arbeidd med å utvikle digital historieformidling, og på bakgrunn av dette er det starta ei forskings- og utviklingsklynge mellom fylkeskommunen, NTNU vitenskapsmuseet, NIKU – Norsk institutt for kulturminneforsking, Kulturtanken og Tidvis utvikling as. Kynga har utvikla og testa digitale opplevingar av mellomalderkaupangen på Veøy og busettinga på Edøy.

Regionalt pilegrimssenter Smøla er no etablert som eiga avdeling i Stiftelsen Nordmøre museum, i samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune og Smøla kommune.

Den Trondhjemske postvei går gjennom åtte kommunar i Møre og Romsdal. Heile strekninga er registrert og funna digitalisert. Tilskot til utvikling, skjøtsel og skilting vart delt ut i 2021. Det er no pågåande lokale postveg-prosjekt i sju av de åtte kommunane. Møre og Romsdal har tatt initiativ til eit nasjonalt postvegsamarbeid, blant anna gjennom etableringa av ny felles nettstad på alle postveg-fylka.

I året som gjekk lyste vi ut stimuleringsmidlar til prosjekt som løfter fram kulturarv som reiselivsprodukt i samarbeid med Riksantikvaren. Slik fekk vi blant anna i gang eit utviklingsprosjekt i regi av Stiftelsen Alnes Fyr.

Les meir om Ein bit av historia på mrfylke.no

Reiseliv, mat og kultur 2018 -2021

Møre og Romsdal er eit attraktivt reisemål. Turistane blir stadig meir reisevant og kresne, og etterspør ofte autentiske opplevingar og "det lille ekstra". Å kunne tilby tilreisande og lokalbefolkninga gode matopplevingar og gode kulturopplevingar, er viktig for å styrke Møre og Romsdal som opplevingsfylke nr 1 i landet.

Prosjektet har jobba for å bidra til auka lønsemd og verdiskaping i lokalt næringsliv. Det har derfor vore eit mål å bidra til fleire tilrettelagte opplevingar gjennom riktig og auka samhandling mellom mat-, kultur- og reiselivsaktørar, der mat og drikke blir produsert med lokale råvarer og basert på lokale mattradisjonar. Det har også vore jobba med sesongforlenging, for å gjere oss meir attraktiv som reisemål.

Også i 2021 har Covid-19 ført til nokre utfordringar for prosjektet og har mellom anna resultert i at det vart forlenga ut 2021. Det vart arrangert Opplevingsfestival i Molde i september med rundt 100 reiselivsbedrifter, matprodusentar og kulturaktørar. Dei fire pilotane (bedriftsnettverka) viser god progresjon, held fram med halvårlege fellessamlingar og det blir ytt individuell rettleiing til kvart enkelt nettverk. Arbeid med og oppfølging av pilotane er forlenga ut første halvår 2022.

Les meir om prosjektet på mrfylke.no

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.