- Forside
- Resultat og aktivitetar
- Verdiskapingsfylket
Verdiskapingsfylket
Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt leiande næringsliv og ein innovativ offentleg sektor
Oppsummering av status for 2023:
Skaparkraft, programmet for langsiktig omstilling av næringslivet og satsing på berekraftig eksport, delte ut 14,1 millionar kroner i tilskot til 23 ulike prosjekt. Formålet med programmet er å styrke eksportnæringane i fylket og stimulere til utvikling av nye næringar gjennom samarbeidsprosjekt og tilskotsordningar innanfor fire satsingsområde: Grøne industrielle løft, Smart teknologi, Fornybar energi og Kompetanse i og for næringslivet.
Gründertenesta hoppid.no bidrog til 418 nye forretningsidear, 80 fleire enn i 2022. Det er lagt grunnlag for vidareutvikling av kulturell og kreativ næring i fylket gjennom ei innsiktsanalyse. Filmbransjen i fylket har positiv utvikling, og ti filmprosjekt frå Møre og Romsdal har fått støtte frå Vestnorsk Filmsenter. Fylkeskommunen har også støtta fem pilotprosjekt innan reiselivs- og kulturnæringa for å gjere Møre og Romsdal meir attraktivt som reisemål.
Fleire avdelingar i fylkeskommunen deltok også i 2023 i fleire forskings- og innovasjonsprosjekt for å utvikle våre tenester. Regionalt forskingsfond og MoPro har gitt 32,2 millionar kroner i tilskot til forskingsprosjekt og mobilisering til auka FOU-innsats. Prosjektet Digi Møre og Romsdal har bidratt til kompetanseheving på digitalisering i alle kommunane og er no gått over i eit medlemsfinansiert samarbeid.
2023 var året for «det digitale hamskiftet» i fylkeskommunen, vi har innført nye digitale verktøy for sak og arkiv, plan,-økonomi- og verksemdstyring, kvalitetsleiing, nytt intranett, ny og brukarorientert nettside, ny rekrutteringsløysing, og FRAM har lansert ny nettbutikk og ny app.
Fylkeskommunen når måla for regularitet og gjenståande køyretøy per ferjesamband, og også for kundetilfredsheit med FRAM. Det er også gjort nye tiltak for utvikle bestillingstransporten og betre trafikktryggleiken. Vi ligg etter målet for dekktilstanden og utbetring av tunnelar og ei kartlegging av vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane viser no at dette er auka til 16,8 milliardar kroner.
Ein viktig føresetnad for å ta del i det grøne skiftet, er å ha tilgang på klimanøytral energi. Fylkeskommunen har ein aktivt dialog med Statnett, regionale nettselskap og næringsliv for å stimulere til nettutbyggingsplanar og kapasitetstilgang.
Møre og Romsdal skal ha eit omstillingsdyktig næringsliv som grip moglegheitene i det grøne skiftet og opprettheld og styrkar si internasjonale konkurransekraft
- Fylkeskommunen har gjennom Skaparkraft-satsinga utløyst utviklingsarbeid for til saman 26,2 mill. kroner i 2023. 14,1 mill. kroner er delt ut i tilskot/utgreiingsarbeid, dette utløyste arbeidsinnsats/ressursar hos mottakarane tilsvarande 12,1 mill. kroner. 23 bedrifter/FoU-institusjonar har fått tilskot. Årsrapporten til Skaparkraft vart lagt fram for Kompetanse- og næringsutvalet 15. mars.
Møre og Romsdal skal skape fleire og betre nyetableringar og løfte fram bedrifter med potensial for vekst og internasjonalisering
- Alle kommunar arbeider godt med gründertenesta hoppid.no, og i løpet av året er det registrert 418 nye forretningsidear i gründerportalen.
- Arbeidet med å opprette Regionalt kompetansesenter for dans ved Operaen i Kristiansund er ferdigstilt, og institusjonen er klar for å søke statleg støtte for 2025.
- I Møre og Romsdal har ti filmprosjekt fått støtte frå Vestnorsk Filmsenter i 2023, på til saman 2,9 mill kroner. Sju dokumentarfilmar, to spelefilmar/dramaserier og ein kortfilm har fått støtte.
Møre og Romsdal skal vere leiande i arbeidet med å skape lokale og miljøvennlege produkt og tenester, basert på lokale ressursar og lokal kultur
- Fylkeskommunen har gjennomførd ei innsiktsanalyse om kulturell og kreativ næring. Denne vil gi kunnskap om korleis ein betre kan legge til rette for vekst og verdiskaping i næringa.
- Fylkeskommunen gav tilskot til verdiskaping til kulturaktørar som på si side leverer innhald (opplevingar) til reiselivsaktørar.
- Fem pilotar i «Opplev heile Møre og Romsdal – heile året» er sett i gang, pluss tre andre utviklingsprosjekt for berekraftig reiseliv. Tilskot frå fylkeskommunen har utløyst utviklingsarbeid for 18 mill. kroner, som er langt over målsettinga på 10 mill. kroner.
- Det er gitt tilskot til 17 utviklingsprosjekt frå dei statlege midlane til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket.
- Fylkeskommunen har bidratt i ei rekke prosjekt med eigne ressursar og finansieringstilskot for å utgreie og å avdekke konkrete moglegheiter for lønsam, auka fornybar kraftproduksjon i kommunane for å auke verdiskapinga lokalt.
Møre og Romsdal skal styrke omstillings- og innovasjonsevna, utnytte digitale moglegheiter, og auke bruken av forsking, internasjonalt samarbeid og innovative innkjøp
- Regionalt forskingsfond (RFF) og MobPro har delt ut 32,2 mill. i tilskot. Dette utløyste arbeidsinnsats/ressursar hos mottakarane tilsvarande for til saman 28,5 mill. kroner.
- 97 prosent av husstandane i Møre og Romsdal har tilbod om breiband med kapasitet på minst 100 Mbit/s
- Digi Møre og Romsdal har gått over i medlemsfinansisert samarbeid. Alle kommunane i fylket deltek, saman med Rindal kommune.
- FRAM samarbeider med fleire andre fylkeskommunar og kollektivselskap for å utvikle ei ny mobilitetsplattform. Gjennom dette samarbeidet har FRAM lansert ny nettbutikk og app i 2023.
- Samferdselsområdet har i 2023 avslutta prosjektet Smartare transport støtta av Samferdselsdepartementet. Prosjektet har sidan 2019 utgreia og kartlagd moglegheitsrom og teknologisk gap innan autonom kollektivtransport på sjø med Ålesund og Kristiansund som utgangspunkt.
- Samferdselsområdet deltek i prosjektet ZEVS leda av TØI med støtte frå Norges Forskningsråd. Målet med prosjektet er utarbeiding av eit nasjonalt kartverktøy for meirkostnadar ved innføring av utsleppsfrie hurtigbåtar med tilhøyrande infrastruktur, alternative ruteopplegg, båtdesign og utsleppsberekningar, samt kostnadseffektive anbodsprosessar og forretningsmodellar.
- Fylkeskommunen koordinerer og bistår kommunane og regionmusea i fylket med anskaffing av nytt biblioteksystem.
- Prosjektarenaen har vore ein aktiv samhandlingsarena for mange tverrfaglege workshops og samarbeid, både med interne og eksterne deltakarar. Det har vore gjennomført fysiske kurs i prosessleiing for 45 tilsette, i tillegg til e-læring tilgjengeleg for alle. Prosjektarenaen sin arbeidsmetodikk har bidratt til å profesjonalisere fylkeskommunen sitt arbeid med prosjekt, og til å arbeide meir tverrfagleg.
- Nasjonalt er det gjort tilgjengeleg meir midlar til forsking innan planfaget, og fylkeskommunen deltek i fleire forskingsprosjekt om planlegging t.d. SmartPlan, Twin fjord og KS og Asplan Viak sitt FoU-prosjekt «Fylkeskommunen som planfaglig veileder».
Møre og Romsdal skal ha eit transportsystem som er trygt, smart og miljøvennleg, og er tilpassa innbyggjarane og næringslivet sine behov
- I 2023 blei det innført ny takst- og sonestruktur for buss i Møre og Romsdal. Det medførte ei stor omlegging av sonestrukturen, frå ca. 550 soner til 7 soner. Målet med omlegginga til færre soner er at det skal vere enklare å reise kollektivt i Møre og Romsdal.
- I 2023 var pilotprosjektet med bestillingstransport til og frå flyplassen i Ørsta/Volda vidareført som eit fast tilbod.
- Den nye driftskontrakta for buss i Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla, er den første driftskontrakten der bestillingstransport er lagt inn som ein del av kontrakten frå start.
- Det vart frakta i overkant av 4,4 mill. køyretøy på fylkesvegferjene i Møre og Romsdal i 2023. Dette er ei auke på 5 prosent samanlikna med 2022. Fylkeskommunen har mål om servicegrad på 98 prosent for ferjesambanda, og talet attståande bilar utgjorde 0,5 prosent i 2023.
- Det er i 2023 gjennomført totalt 4 137 intervju og undersøkingar for å måle kundetilfredsheit. Undersøkingane viser at 87 prosent av dei spurte er svært godt eller godt nøgd med reisa.
- Regulariteten på ferje og hurtigbåt: For ferje var delen utførte avgangar samanlikna med oppsett ruteplan (justert for vêrhendingar) 99,7 prosent, og for hurtigbåt var talet 99,8 prosent.
- I 2023 har mobilitetsmiljøet i FRAM på Campus Kristiansund delteke i fleire mobilitetsprosjekt, og i mobilitetsnettverk saman med både offentlege og private aktørar. FRAM har i denne samanheng fokus på å betre mobiliteten for innbyggarane, og på å utvikle transporttilbodet i samspel med andre aktørar sine tilbod.
- Fylkesvegnettet i Møre og Romsdal omfattar mange tusen ulike vegobjekt, som er viktige og avgjerande for vegens funksjon. Samferdselsområdet gjennomførte i 2023 ny kartlegging av forfall på fylkesvegane våre. Kartlegginga viser at forfallet aukar og vedlikehaldsetterslepet (kva det vil koste å innhente forfallet) er no estimert til 16,8 mrd. kroner. Det vert kvart år utført noko vedlikehaldsarbeid på vegar og vegelement, men behovet er enormt mykje større enn tilgjengelege midlar.
- Kontroll på tilstand gjennom inspeksjonar er viktig for å kunne prioritere tiltak for å sikre trygge og framkommelege fylkesvegar. I 2023 er det utført større vedlikehaldstiltak mellom anna på fv. 6010 Vistdal, fv. 64, Vikelva, fv. 65 Surnadal, fv. 62 Meisalstanda, fv. 669 Smøla og fv. 6069 Kvalvågbakken.
- Det er asfaltert om lag 102 km fylkesveg i 2023.
- Ny gang- og sykkelveg langs fv. 65 mellom Vindøla og Røv i Surnadal kommune vart opna i 2023
- Kvart år gjennomfører vi ulike trafikktryggingstiltak langs fylkesvegnettet. I 2023 vart ny rundkøyring på fv. 60 i Sykkylven ferdigstilt. Rundkøyringa og gangvegar med gangfelt gir sikrare ferdsel både for mjuke trafikantar og anna trafikk i området.
Møre og Romsdal skal ha eit mangfaldig arbeidsliv som legg til rette for likestilling og inkludering, og som legg reglar og avtalar i arbeidslivet til grunn
- For alle vegprosjekt blir det gjennomført inntakskontroll for kvar nye underentreprenør i tråd med seriøsitetsbestemmingar og kontrakt.
- Samferdselsområdet hadde mål om å ferdigstille system for kontraktsoppfølging for FRAM i 2023. Arbeidet starta i slutten av 2022, men på grunn av kapasitetsutfordringar vart ikkje arbeidet ferdigstilt, og arbeidet blir derfor vidareført i 2024.
- Fylkeskommunen som arbeidsgivar skal tilby avtalar om arbeidstrening, lærlingplassar og trainee-opphald i fylkeskommunen. I 2023 har vi hatt:
- 16 personar på arbeidstrening
- 3 traineear i traineeordninga Kom Trainee
- 23 lærlingar
- 16 personar på arbeidstrening
- Fylkeskommunen har leia arbeidet med prosjektet “Nye moglegheiter for digitale talent”, i prosjektet samarbeida offentlege og private aktørar om å finne vegar inn til fagutdanning for ungdom i utanforskap.
Møre og Romsdal skal ha nødvendig nettinfrastruktur og god tilgang på klimanøytral energi for vidare utvikling av nærings- og samfunnsliv
- Fylkeskommunen har så langt som råd lagt til rette for konseptutvalsutgreiing for framtidig Kraftnett Nordmøre og Romsdal, men Statnett har så langt valt å ikkje fullføre denne.
- Fylkeskommunen har deltatt aktivt i dialog med Statnett, regionale nettselskap og næringsliv for å stimulere til nettutbyggingsplanar og kapasitetstilgang.
- Gjennom medlemskap i Regionalt kraftsystemutvalg , nedsatt av NVE, har vi deltatt aktivt i arbeidet med utarbeiding av Regional kraftsystemutredning for å avdekke flaskehalsar i nettet, og prognosert produksjon og forbruksutviklinga i fylket.