- Forside
- Politikk
- Ung medverknad
Ung medverknad
Ungdommens fylkesting (UFT)
UFT er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. Dei diskuterer viktige saker som gjeld ungdom i fylket. Ungdommens fylkesting skal bestå av ungdom frå 13 og 19 år med folkeregistrert adresse i Møre og Romsdal.
Kommunane i Møre og Romsdal blir invitert til å sende to til tre delegatar til ungdommens fylkesting. Kommunar større enn 20 000 innbyggarar får sende tre delegatar. Desse blir valt av sine ungdomsråd. Ungdomspanelet inviterer i tillegg inntil ti delegatar frå organisasjonar som representerer ungdom til UFT.
Ungdommens fylkesting skal gi ungdom meir innflytelse, opplæring i korleis dei kan delta i demokratiske kanalar og bidra til å auke ungdom sitt samfunnsengasjement.
Ei viktig oppgåve for UFT er å lage strategidokument for ungdomspanelet, UFT sitt arbeidsutval med faste møte gjennom heile året.
Ungdomspanelet
Under Ungdommens fylkesting blir det innstilt nytt ungdomspanel (UP). Ungdomspanelet har ni faste og fem varamedlemmar. Medlemane blir formelt valt av fylkestinget.
Ungdomspanelet har i perioden 2022/23 hatt 10 møte. Møta blei arrangert over heile fylket og dei har behandla totalt 40 saker. I tillegg til eigen møteverksemd har Ungdomspanelet deltatt aktivt i ei rekke forskjellige møte, fylkeskommunale prosjekt, grupper, forskjellige samarbeid, konferansar og hovudutvalsmøte. I 2023 vart det ikkje arrangert ungdommens fylkesting. Det er no flytta til mars, og derfor blir val av nytt ungdomspanel utsett. Du kan lese meir om aktivitetane til ungdomspanelet i årsrapporten.
Ungdomspanelet 2023/2024
- Niels Leenders, leiar
- Vilde S. Kvalvik, nestleiar
- Nikola Bileska, medlem
- Ola Fredriksen Orset, medlem
- Tuva Johanne Rypdal Hovden, medlem
- Kristine Dimmen, medlem
- Rikke Frilund, medlem
- Kasper Dalhaug, medlem
- Mads Ødegaard Harstad, medlem
- Ida Fjerstad, vara
- Iver Aarebrot, vara
- Magnus Smørdal, vara
- Lisa Marie Nikolaisen, vara
- Guro Rørseth Flatmo, vara