- Forside
- Resultat og aktivitetar
- Om måla til fylkeskommunen
Om måla til fylkeskommunen
Fylkeskommunen skal både ha mål for eigen verksemd, men også sette mål for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal.
FNs 17 berekraftsmål og dei tre berekraftsdimensjonane (miljømessig. sosial/kulturell og økonomisk berekraft), ligg til grunn for måla både i dei regionale planane og i organisasjonsstrategien. Heile plansystemet til fylkeskommunen er nå bygd på dei fire knaggane
- Samarbeidsfylket
- Miljøfylket
- Inkluderings- og kompetansefylket
- Verdiskapingsfylket
Ramma for arbeidet med planar og dermed fylkeskommunen sine mål, blir sett i regional planstrategi. Det er ei lovpålagt oppgåve, og dette styringsdokumentet skal rullerast kvart fjerde år og henge saman med fylkestingsperiodane. Dokumentet seier noko om utfordringar, moglegheiter og planbehov i 12 år framover. Regional planstrategi vart vedtatt i juni 2020 (T-47/20), og her vart det valt fire langsiktige utviklingsmål for fylkeskommunen og fylket.
Fylkesplan for berekraftfylket Møre og Romsdal 2020-2024 følgjer opp dei langsiktige utviklingsmåla i RPS. Den vart vedtatt i oktober 2020 (T-64/20). Denne inneheld 24 mål som skal gjelde for 4 år og følger fylkestingsperioden. Dette er eit tverrfagleg styringsdokument. Det inneber at fagavdelingane – og hovudutvala – har eit felles ansvar for måloppnåinga. Det er dette som er kjernen i berekraftsarbeidet – å sjå sosiale, økonomiske og sosiale forhold i samanheng.
Fylkesplanen blir utdjupa gjennom ei rekke fylkesstrategiar som følgjer opp fylkesplanmåla. Desse inneheld resultatmål som blir følgt opp i Økonomiplan med budsjett og handlingsprogram.