ÅRSRAPPORT 2023

Hendingar i 2023

Her har vi samla eit utval av nokre av dei viktigaste hendingane i 2023.

Januar

Fleire hundre møtte opp på kick off for helsefagarbeidarar

For å skaffe nok hender innan helsesektoren i åra som kjem, vart det arrangert Kick off for å vise fram yrket. Rådhussalen i Molde var stappfull av unge og eldre, kvinner og menn, som ville vite meir om alle moglege vegar til fagbrev i helsefag.

Solenergi kan gjere fylket sjølvforsynt med elektrisk kraft

Solcellepanel på bygg og landareal i Møre og Romsdal kunne gitt ein straumproduksjon på 14 TWh per år. Solenergien ville då aleine gjort fylket sjølvforsynt med elektrisk kraft. Det viser berekningar som Multiconsult har gjort på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Startar første del av arbeidet med Eidsdal ferjekai

Etter at kontrakt med Christie & Opsahl AS for er signert, startar arbeidet med indre del av ferjekaia i Eidsdal i Fjord kommune. I 2024 får ferjesambandet nye, utsleppsfrie miljøferjer med kapasitet på 80 personbilar. Sambandet er ein del av Nasjonal turistveg Geiranger­–Trollstigen og har stor trafikk i turistsesongen.

Februar

Statsministeren la ned grunnsteinen for Campus Kristiansund

Det var høgtid i Kristiansund då statsminister Jonas Gahr Støre la ned grunnsteinen for Campus Kristiansund, saman med elevar frå Allanengen skole i Kristiansund. Grunnsteinen var ulike bilde av dei 17 berekraftsmåla til FN, som elevar ved 3. trinnet har måla og brent.

Tildeler 1, 9 mill. til kulturminne og kulturmiljø

Rønnebergbua i Ålesund, ei sjøbu i Runde, ein låve på Nagelet i Rauma og Flatvadteina, Driva, er blant dei 20 kulturminna som har fått støtte til vedlikehald og reparasjon. Kultur, - næring og folkehelseutvalet fordelte totalt 1, 940 000 kroner til 20 kulturminne og kulturmiljø i fylket

Legg grunnlaget for sjølvkøyrande persontransport på sjøen

Gjennom prosjektet Smartare transport, har Møre og Romsdal fylkeskommune jobba fram eit godt grunnlag for korleis vi i framtida kan få sjølvkøyrande fartøy for persontransport på sjøen, saman med ei rekke samarbeidspartnerar. Fylkeskommunar fekk midlar frå Samferdselsdepartementet til prosjektet.

Mars

Kunstnartreff i Volda: kva er kunstnarleg inspirasjon – og kvar kjem den frå?

Møre og Romsdal fylkeskommune og Seanse inviterte til kunstnartreff for å diskutere desse spørsmåla – og andre. Baron von Bulldog, designeren bak Maskorama, forfattar Ann Helen Kolås Ingebrigtsen og filmskapar Jan Otto Ertesvåg er blant dei som kom. Målet var å vise fram kunstnarane og arbeidet dei gjer og skape ein møteplass på tvers av uttrykk.

Kommunar får tre millionar kroner til å hjelpe nyetablerarar

Kommunane som har hoppid-kontor skal bruke midlane til å hjelpe nyetablerarte bedrifter. Målet å avklare om forretningsideen er liv laga og utvikle ideen til ei levedyktig bedrift.

Nordøyvegen er Årets anlegg 2022

I knallhard konkurranse med andre byggeprosjekt fekk Nordøyvegen den gjeve prisen under Byggedagane i Oslo. - Dette er ei stor fjær i hatten til alle som har vore involvert i Nordøyvegen-prosjektet, seier prosjektsjef for vegprosjekt i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol.

April

18 elevar frå heile fylket vart tannhelsesekretærar

Elevkullet med tannhelsesekretærar vert kvalifisert for autorisasjon til sommaren, takka vere vaksenopplæringa som fylkeskommunen tilbyr. Tilbodet er blitt etablert for å møte den stadig aukande etterspørselen etter slik kompetanse.

Ragnhild og Carola er brubyggjarar

Snart reiser nye Nerlandsøybrua seg over sjøen. Alle dei kompliserte prosessane blir styrt av fylkeskommunen sine erfarne brubyggjarar, Ragnhild Holen Relling og Carola Dybvik. Dei loser prosjektet støtt mot opning i mars, 2025. Den nye brua gir ei betre løysing for mjuke trafikantar, med gang- og sykkelvegar og nye busslommer. Reduserer takstane på Nordøyvegen Fylkestinget vedtok å sette ned bompengesatsane med 21,5 prosent for fossilbilar på Nordøyvegen.

Spektakulære Trollstigen-filmar spreidde seg internasjonalt

Kontrollingeniør i fylkesvegavdelinga, Dag Christian Ugseth, brukar droner som eit viktig verktøy i arbeidskvardagen. Han brukar den også til å filme spektakulære bilete frå Trollstigen, noko både norsk og utanlands media elskar og deler i sine kanalar.

Mai

Stor nynorsklekkasje frå ungdomsskolen til vidaregåande

Det er mange elevar som vel bort nynorsk i overgangen frå ungdomsskole til vidaregåande. No får dei vidaregåande skolane og lærarane eit nytt verktøy, ein skolespråksplan, som skal bidra til å sikre språkrettane til elevane.

Har fordelt ekstramidlar: 42 millionar meir til asfaltdekke på fylkesvegane

Fylkestinget innvilga i vår 50 millionar ekstra til drift og vedlikehald av fylkesvegnettet i Møre og Romsdal. 42 millionar går til ny asfalt, resten går til andre nødvendige drift- og vedlikehaldsformål. Halvvegs til målet om 55 prosent kutt i klimagassar Møre og Romsdal fylkeskommune reduserte i fjor CO2-utsleppa med 17 prosent samanlikna med året før. Fylkeskommunen er no halvvegs til målet om å kutte 55 prosent av klimagassutsleppa frå eiga verksemd innan 2030.

Hjelper ukrainske kvinner til å starte bedrift

Fylkeskommunen og gründertenesta hoppid.no riggar eit støtteapparat for ukrainske kvinner som ønsker å starte si eiga bedrift. Tenesta er ein del av EU-prosjektet BSI_4Women.

Juni

Skal lage opplevingar i heile fylket

Gastronomiske reiser, krigshistorie, adventure, berekraft og glamping. Fem prosjekt får støtte til å utvikle mange nye opplevingstilbod både for dei som bur her og for dei som kjem på besøk. I februar inviterte fylkeskommunen reiselivsnæringa, kultur og kreativ næring til å utvikle nye opplevingsprodukt for turistar og lokalbefolkning.

Blant dei første som har tatt fagbrev i dyrefaget

Gjengen frå Ålesund er historisk: Ine, Cecilie, Oda og Linn har til saman 55 års erfaring i å ta seg av små pelsdyr til akvariefiskar, reptilar, fuglar og pinnedyr i dyrebutikken. No har dei tatt fagbrevet som praksiskandidatar i dyrefaget, alle med bestått meget godt.

Får seks millionar kroner til sentrumsfornying

Smøla, Sunndal, Rauma, Vestnes, Stranda, Sykkylven, Ulstein og Herøy får tildelt midlar til tettstadutvikling. Sjøfront, stadanalyse, møteplassar, sentrumskoordinator og prosjektering av fjordpark er blant tiltaka som får støtte frå Kultur-, næring- og folkehelseutvalet (KNF).

Det blir sju takstsoner for buss i fylket

Møre og Romsdal går frå 500 til sju takstsoner for bussreiser i fylket, etter einstemmig vedtak i fylkestinget.

Juli

Utsleppsfrie bussar i Molde frå 2025

FRAM har signert kontrakt med Vy Buss AS for drifta av bussane i Molde og Gjemnes frå 2025. Den nye kontrakten sørger for at det blir både utsleppsfrie bussar og ei forbetring av kollektivtilbodet fleire stader.

Ønskar turistane velkomen, men gjerne utan bil

Dette kom fram på dialogmøte om sommartrafikken i rute 1051 Småge–Orta–Sandøya–Finnøya–Ona. Øyane er populære reisemål særleg på sommarstid, så det kan bli trongt om plassen på ferjene i desse månadene.

Blindheim og Flisnes blir oppgradert

Ei sterkt trafikkert strekning skal no få ei betydeleg oppgradering. Med ny rundkøyring og betre tilrettelegging for gåande, syklande og for kollektivtrafikken blir det nye tider i bydelen. - Resultatet blir eit stort løft for området, vegsystemet blir meir trafikksikkert og betre tilrettelagt for mjuke trafikantar, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol

August

Store skadar på fylkesveg 6010 i Vistdalen – vil ta tid å rydde

Fv. 6010 Langevegen har fått omfattande skadar av jordraset som gjekk i Vistdalen. Det vil ta tid å gjere vegen køyrbar igjen.

Fire nye ferjesamband blir gratis

Når fire nye ferjesamband frå onsdag 16. august blir gratis, er til saman 11 ferjesamband i fylket blitt gratis å reise med.

Arrangerer kurs for å ta vare på sjøaurebekkar i Ørsta og Volda

Det står dårleg til med sjøaurebestanden i fleire bekkar i regionen. No skal kurs og praktiske tiltak betre gyte- og oppveksttilhøva for sjøauren.

Arrangerte Campuskonferansen

Konferansen serverer ein status på prosjektet, eit innblikk i livet på Campus og siste nytt om vegen vidare. Kva gjer vi frem mot opninga i 2024 – og kva for brikker må på plass for å skape eit etterlengta kunnskapsmiljø for regionen?

September

Eit år til med gratis energisjekk

Det siste året har huseigarar i fylket fått gratis vurdering av energibruken i eigen bustad. No har politikarane sagt ja til å vidareføre ordninga i eitt år til.

Skolevalet: Frp fekk klart størst oppslutning i Møre og Romsdal

Partiet fekk 40,5 prosent av stemmene ved skolevalet i Møre og Romsdal. Frp vaks med 11,7 prosentpoeng frå skolevalet i 2019.

Rekordmange gjennomfører vidaregåande opplæring

Aldri har fleire fullført og bestått vidaregåande opplæring i Noreg. Og i Møre og Romsdal er gjennomføringsgraden over gjennomsnittet for landet.

Trafikken aukar på ferjesambanda i fylket

Auka trafikk med lite innstillingar er status for hurtigbåt og ferje frå januar til og med juli 2023. I Møre og Romsdal er trafikktala tilbake på nivå med 2019. Fleire samband har blitt gratis, og desse har som venta hatt spesielt stor auke.

Oktober

– Kraftunderskotet kan hemme samfunnsutviklinga

Fylkeskommunedirektøren er uroa for kraftsituasjonen i Møre og Romsdal. Dersom det ikkje blir tatt raske grep, fryktar ho at kraftunderskotet kan hindre samfunnsutviklinga i regionen. Dette kjem fram i eit saksframlegg til kompetanse- og næringsutvalet, som tek utgangspunkt i ei analyse frå Møreforsking.

Studentar kan søke masterstipend for Møre og Romsdal-tema

Fylkeskommunen vil støtte opp under høgare utdanning og bygge kunnskap om fylket: Masterstudentar kan søke om stipend på 25.000 kroner for oppgåver med ulike tema frå Møre og Romsdal.

Fylkesstatistikken: Innvandring frå Ukraina sikrar folketalsveksten

I 2022 var folkeveksten høgare enn på mange år, god hjelpt av innvandring frå Ukraina. Samtidig var det for første gong fleire som døydde enn som vart fødde, kunne årets utgåve av Fylkesstatistikken melde.

200 ungdommar frå heile fylket klare til å boltre seg på scena i Fosnavåg

Når fylkesfestivalen UKM (Ung kultur møtes) går av stabelen, blir det eit mylder av kreative aktivitetar fire dagar til endes. Arrangementet er det største i fylket av og for ungdom mellom 13- og 20 år.

November

Foreslår tiltak for omstilling og reduksjon i drifts- og investeringsnivået

Møre og Romsdal fylkeskommune har økonomiske utfordringar som krev omstilling og stramme prioriteringar framover, men vi skal likevel jobbe målretta for ei god og berekraftig samfunnsutvikling. Det var hovudbodskapen til fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak, då ho la fram forslag til Økonomiplan 2024-2027 med budsjett for 2024.

30 el-bussar på plass i Kristiansund

Det var litt av eit syn då 30 flunkande nye el-bussar var samla på det nye bussdepotet i Kristiansund. Over nyttår skal bussane settast i trafikk på Nordmøre, som då får det største talet på el-bussar i fylket.

Tar grep for å endre russetida - med lokalt og nasjonalt samarbeid

For å skape ei trygg og inkluderande avgangsmarkering, inviterer fylkeskommunen kommunane og fleire til samarbeid.

Tilbyr alle kommunar kurs i klimatilpassing

Korleis kan kommunane i fylket tilpasse seg klimaendringane, med løysningar basert på naturen? Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr gratis kurs, og vil at kommunane skal melde inn konkrete problemstillingar dei ønsker hjelp til.

Desember

Markerte reinhaldarane sin dag

Fylkeskommunen feira reinhaldarane med kake, kompetansepåfyll og kick off.

No har over 97 prosent av fylket tilgang til raskt internett

533 nye husstandar får utbygd raskt breiband i år. Samarbeid mellom offentlege og private aktørar sørger for at utbygginga skyt fart.

Deler arealverktøy med kommunane

Eit nytt digitalt verktøy som fylkeskommunen har utvikla, vil gi kommunane eit mykje betre grunnlag i planleggingsarbeidet.

Fekk 59 søknadar – tildelte ungdomsmidlar til 11 prosjekt

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal opplevde rekordmange søknadar til ungdomsmidlar for 2023. Totalt har dei løyvd 125.000 kroner til 11 ungdomsaktivitetar, blant anna til ungdomsklubbar, felles skitur for ungdomane i kommunen, innkjøp av utstyr til talkshow og podcast og aktivitetsdagar på skule og ungdomsklubbar.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.