ÅRSRAPPORT 2023

Større tverrgåande satsingar og prosjekt

Fylkeskommunen har mange ulike prosjekt og satsingar. Her finn du ei oversikt over nokre av dei største satsingane og prosjekta som det blir arbeidd med no.

Berekraftfylket Møre og Romsdal

Prosjektet Berekraftfylket Møre og Romsdal skal bidra til at berekraftsarbeidet i Møre og Romsdal har ei felles retning forankra i kunnskap om lokal status på berekraft. Eit sentralt mål er å legge til rette for at kommunane samarbeider om å løyse felles berekraftsutfordringar i partnarskap med ei bredde aktørar, og jobbar med berekraft på ein heilskapleg, systematisk måte.

Berekraftfylket Møre og Romsdal har i 2023 jobba med oppfølging av dei seks felles regionale satsingsområda identifisert i berekraftskartlegginga frå 2021. Av desse har sirkulær økonomi har vore prioritert, og dette har m.a. resultert i eit samarbeid med OECD på kartlegging av sirkulærøkonomi i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal er ein av 10 utvalde europeiske regionar som samarbeider med OECD for å finne nøklane for å akselerere sirkulær, grøn omstilling i fylket.

Berekraftfylket bidreg og inn i andre initiativ og prosessar i fylket – blant anna utvikling av Internship-programmet på Campus Kristiansund, omorganiseringa av Framtidslaben, og NHO, LO og KS sitt initiativ «Berekraftsløftet». Prosjektet har også utvikla eit internt berekraftnettverk i fylkeskommunen, som sikrar kompetanseheving i eigen organisasjon.

Prosjektet er en pådrivar for det regionale samarbeidet på berekraft, og også i nasjonal kontekst blir fylkeskommunens rolle lagt merke til. Fleire fylkeskommunar etablerer og styrker sine berekraftssatsingar i 2023, og har sett til Møre og Romsdal for inspirasjon.

Les meir om Berekraftsfylket på mrfylke.no

Skaparkraft

Fylkeskommunen sette i gang satsinga Skaparkraft i 2022, eit tiårig omstillingsprogram med formål å styrke eksportnæringane i fylket og stimulere til utvikling av nye næringar.

Skaparkraft har fire satsingsområde:

  • Grøne industrielle løft: tilskotsmidlar til forprosjekt for utvikling av sirkulære verdikjeder og industrielle symbiosar.
  • Smart teknologi: tilskotsmidlar til forprosjekt for utvikling/bruk av smart teknologi i utvikling av nye produkt, tenester og forretningsmodellar.
  • Fornybar energi: tilskotsmidlar til forprosjekt for auka produksjon og bruk av fornybar energi/energiberarar.
  • Kompetanse i og for næringslivet: tilskotsmidlar til utvikling av nye kompetanse- og utdanningstilbod

Skaparkraft har ei økonomisk ramme på 15 mill. kroner årleg i økonomiplanperioden. Programmet har ein velfungerande prosjektorganisasjon med styringsgruppe, referansegruppe og prosjektorganisasjon med programleiar og tre prosjektleiarar. I 2023 vart det gjeve tilskot og oppdrag for totalt 13,8 mill. kroner til ulike utviklingsprosjekt og samarbeidsprosjekt i fylket fordelt slik på dei fire satsingsområda:

  • Grøne industrielle løft: kr 7.089.750
  • Smart teknologi: kr 2.081.500
  • Fornybar energi: kr 3.845.000
  • Kompetanse i og for næringslivet: kr 800.000

Du kan lese meir om satsinga Skaparkraft på mrfylke.no

Møre og Romsdal 2025

Møre og Romsdal 2025 (MR2025) er eit program der offentleg sektor samarbeider for å styrke regionen. Fylkeskommunen er programeigar og samarbeider med kommunane i fylket, statsforvaltaren og andre statlege aktørar. Hovudmålet med programmet er at offentleg sektor er samordna og er ein sterkare utviklingsaktør for Møre og Romsdal.

MR2025 er ein overbygning, ein paraply som fasiliterer og bidreg til deltakardrivne samarbeid, prosjekt og satsingar. Programmet består av to hovudaktivitetar; arrangere møteplassar som grunnlag for samarbeid, og fasilitere fellessatsingar på område der offentleg sektor ser behov for betre samarbeid.

Alle prosjekt og tiltak i programmet har målsettingar som bidreg til å realisere det overordna målet for MR2025. Samstundes vil kvart enkelt prosjekt ha sitt eige formål, prosjektorganisering og i nokre tilfelle annan prosjekteigar enn fylkeskommunen. Verdien av programorganiseringa for delprosjekta er tilgang til møteplassar, nettverk, informasjon, kompetanseheving og strategisk samarbeid både frå MR2025 og mellom prosjekta.

Bildet gir ei oversikt over møteplassar og fellessatsingar i MR2025. Satsingane i blått er frå 2024 drifta av andre enn MR2025. Omstillingsevne i offentleg sektor er ei ny satsing på veg inn i programmet.

Les meir om programmet på mrfylke.no

Campus Kristiansund

Campus Kristiansund opnar hausten 2024 og samlar fagmiljø for utdanning, forsking og innovasjon. Fylkeskommunen har også i 2023 vore sentral i utviklingsarbeidet, gjennom deleigarskapet i Campus Kristiansund Drift AS, prosjekt for nye utdanningar på Campus Kristiansund og Internship-programmet for berekraftig utvikling (i samarbeid med Kristiansund kommune og United Cities).

7. februar 2023 la Statsminister Jonas Gahr Støre ned grunnsteinen for Campus Kristiansund saman med 3. klassetrinn på Allanengen barneskole. Grunnsteinen symboliserar FN sine berekraftsmål.

Internship-programmet er no inne i år to, med ti kandidatar frå åtte land og fem kontinent. Dei arbeider med alt frå klimabudsjett i kommunane til å løyse berekraftutfordringar ved hjelp av mogleggjerande teknologiar.

I 2023 har ein arbeidd mykje med korleis fagmiljøa skal samarbeide når Campus Kristiansund er i drift, og å skape gode løysingar for felles kunnskapsarenaer og nettverk. Campus Kristiansund Drift AS er no det verktøyet fylkeskommunen kanaliserer mykje av dette arbeidet gjennom.

Prosjektet for nye utdanningar held tett dialog med tilbydarar av både desentraliserte og digitale tilbod for heil- og deltidsstudentar, i tillegg til etter- og vidareutdanning. Fagområda som til no er forsøkt dekte inkluderer IT, økonomi, innovasjon og design. Det vert avgjerande med eit nært samarbeid mellom dei aktuelle institusjonane og aktørar som allereie soknar til campusen.

Fylkeskommunen har og eit internt prosjekt, “Vegen til Campus” for å kople fagmiljø i fylkeskommunen tettare på kvarandre og legge til rette for meir samarbeid med dei andre organisasjonane på Campus Kristiansund.

Du kan leser meir om Campus Kristiansund på mrfylke.no

Opplev heile Møre og Romsdal - heile året

I fylkeskommunen sin økonomiplan er det for perioden 2022-2025 sett av to mill. kroner i året til prosjektet «Opplev heile Møre og Romsdal – heile året». Målet er å gjere Møre og Romsdal meir attraktivt som reisemål, ved å utvikle fleire berekraftige heilårsopplevingar og ved å utvikle fleire opplevingar i skjeringspunktet kultur - reiseliv.

Prosjektet er utvikla og blir gjennomført av kulturavdelinga og kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen. Innovasjon Norge og reiselivsnæringa, gjennom destinasjonsselskapa, er også med på laget. Etter anbodskonkurranse er prosjektleiar hyra inn frå konsulentselskapet 2469 Reiselivsutvikling.

Dei viktigaste eksterne aktivitetane i 2023 har vore :

  • Opplevingsfestivalen i Møre og Romsdal vart arrangert i Geiranger i mars. Opplevingsfestivalen er den største og viktigaste møteplassen for aktørane i opplevingsnæringane. Vel 70 deltakarar på festivalen med god spreiinga frå dei ulike segmenta innan opplevingsnæringane.
  • Våren 2023 vart det rigga ei utlysing av midlar for aktørar innan opplevingsnæringane. Utlysinga retta seg mot nettverk som ønska å utvikle heilårs opplevingar i skjeringspunktet reiseliv og kultur, Nettverka måtte bestå av aktørar både frå tradisjonelt reiseliv og kultursektoren. Det var sett av fire mill. kroner til fire nettverk som kunne få inntil ein million kvar over ein utviklingsperiode på to år. Det kom inn mange gode søknader og det vart løyvd til saman fem mill. kroner til fem nettverksprosjekt med god geografisk og tematisk spreiing. Desse nettverka hadde si første samling i oktober 2023. Dyktige aktørar som gir store forventningar til gode resultat, dvs fleire spennande opplevingar som kan seljast til besøkande og fastbuande i Møre og Romsdal og slik bidra til å oppfylle ambisjonen om å bli opplevingsfylke nr 1 i Norge.

Ein bit av historia

Ein bit av historia har i delprosjektet Digital formidling av kulturarv ferdigprodusert miniutstilling for Edøy og Kuli. Turnéstart i 2024, og driftsplan framover er lagt for alle miniutstillingar.

Det narrative spelet Brageskålen, utvikla gjennom prosjektet Ein bit av historia, vart produsert, lansert og tatt i bruk i skolar og andre verksemder. Vidare bruk blir utforska i 2024. DKS-turné med utgangspunkt i spelet har vore i fylket i 2023.

Nasjonalt postvegprosjekt

Forprosjektet som har vore eit samarbeid mellom Trøndelag fylkeskomme, Vestland fylkeskommune og Møre og Romsdal fylkeskommune vart avslutta i mai og hovudprosjekt er starta opp i august med dei same samarbeidspartane. Hovudprosjektet kallast “Nasjonalt postveiprosjekt - den trondhjemske postvei 2023-2026".

UNG kunst og kultur

I verdiskapingsprogrammet UNG kunst og kultur har åtte kommunar signert samarbeidsavtale i 2023, til saman er no 15 kommunar med i samarbeidet. Samarbeidsavtalane regulerer eit gjensidig tilskot for å fremme UNG kunst og kultur og stimulere til arbeid på feltet i hele fylket.

Den interaktive produksjonen “Fylgja” av filmskapar Sverre Mollan er utvikla som eit innovativt innkjøp i UNG kunst og kultur, og har vore ute på turné på Nordmøre våren 2023.

Omstilling Geirangerfjorden verdsarvområde og omland

Fylkesutvalet vedtok samrøystes mars 2020 å etablere eit omstillingsprosjekt for Geirangerfjorden og omland. Bakgrunnen var det komande nullutsleppsvedtaket som innførast 1.1.2026, men også dei særlege utfordringane Geiranger og omlandet har med handteringa av turiststraumen samstundes som ein skal oppretthalde eit levande lokalsamfunn gjennom heile året. Omstillingsprosjektet skal difor tilrettelegge for naudsynt omstilling og ei meir berekraftig utvikling av verdsarvområdet slik at ein står betre rusta til å handtere dei utfordringane som vil kome.

Omstillingsprosjektet jobbar ut frå følgjande 5 hovudmålsettingar:

  • Auka verdiskaping per turist/besøkande, herunder berekraftig utvikling og forvaltning av Geiranger verdsarvområde.
  • Lågare miljømessig fotavtrykk per turist/besøkande, herunder særleg fokus på omstilling og tilpassing til utsleppsfri ferdsel på verdsarvfjordane frå 2026.
  • Fleire heilårsarbeidsplassar i Geiranger og omegn, herunder utvikling av fleire heilårsopplevingar og –arbeidsplassar.
  • Betre vilkår for landbruket.
  • Betre samarbeid og koordinering mellom forvaltning og næring.

Omstillingsprosjektet har ei økonomisk ramme på 10 mill. kroner fordelt over ein 3,5 årsperiode. Arbeidet starta 1.mars 2021 og fasast ut august 2024. Prosjektet har ein operativ og velfungerande prosjektorganisasjon med styringsgruppe (leia av ass.fylkeskommunedirektør), arbeidsgruppe (repr. frå relevante seksjonar og fagmiljø i fylkeskommunen) og prosjektleiar. I 2023 vart det gjeve tilskot for i overkant 2 mill. kroner til ulike utviklingsprosjekt og samarbeidsprosjekt retta inn mot verdsarvområdet vårt. Fleire av desse prosjekta vil løpe vidare etter at sjølve omstillingsprosjektet er fasa ut i fylkeskommunal regi.

Skredsikring Korsmyra – Indreeide

Indreeidstunellen på fv. 63 mellom Korsmyra i Stranda kommune og Indreeide i Fjord kommune er nær ferdig. Berre mindre arbeider og godkjenning står att ved utgangen av 2023. Tunnelen går forbi 13 skredpunkt på strekninga og vil gje sikrare og meir føreseieleg framkome for innbyggarar, turistar og næringsliv. I tillegg til tunnelen, inneheld prosjektet også 400 meter veg i dagen, ei 25 meter lang bru og ein 135 meter lang ledevoll for skred på Indreeide.

Smartare transport

Prosjektet har utgreia løysingar for eit framtidsretta system for kollektivtransport med autonome og utsleppsfrie passasjerbåtar i byar. Måla for prosjektet har mellom anna vært å:

  • Bruke vassvegen som avlastning til vegnettet
  • Bidra til eit framtidsretta og fleksibelt kollektivtilbod i byane
  • Gi kollektivreisande betre oversikt, mobilitet og brukarvennlegheit
  • Skape nærings- og kunnskapsutvikling

Med Ålesund og Kristiansund som utgangspunkt har prosjektet gjennomført transportfaglege analysar og gjort ei grundig kartlegging av status for autonomi til sjøs i dag. Basert på dette grunnlaget har prosjektet arbeidd med ulike fartøykonsept, framdriftssystem, seglingsfrekvensar og -mønster, smarte styringssystem og naudsynt landbasert infrastruktur for definerte konsept i kvar av dei to byane. Passasjertryggleik, regulatoriske utfordringar og datatryggleik har også vært viktige tema. Avslutningsvis i prosjektet blei det utarbeidd kost-nytteanalysar som legg grunnlaget for vidare realisering av konsepta. 2023 har blitt nytta til formidling, forankring og avslutning av prosjektet.

Prosjektet er utvikla i samarbeid mellom SINTEF, NTNU, Ålesund og Kristiansund kommune.

Les meir om prosjektet på Smartare transport si prosjektnettside

Nytt betalingssystem i kollektivtrafikken

FRAM deltek saman med fleire andre fylkeskommunar og kollektivselskap i eit offentleg-offentleg samarbeid for utvikling av ein ny mobilitetsplattform. I 2023 har FRAM lansert ny nettbutikk og app, og ny betalingsløysing er på plass frå 2024. Gjennom satsinga får FRAM tilgang til ei mobilitetsplattform som bygger eit økosystem som fremmar digital innovasjon. Formålet med denne satsinga er å sikre alle innbyggjarar eit trygt, berekraftig og effektiv reisesystem.

Ny Nerlandsøybru

Bygging av ny Nerlandsøybru i Herøy kommune haldt fram i 2023. Den eksisterande Nerlandsøybrua vart opna i 1968 og er ein del av fylkesveg 5878. Som ei rekkje andre bruer som vart bygd på den tida, har brua ein veldig slank konstruksjon som gjer den utsett for korrosjonsskader. Det er nettopp korrosjonsskader som er bakgrunnen for at det er behov for ei ny bru, der ein samtidig sikrar ei betre løysing for mjuke trafikantar, med gang- og sykkelvegar og nye busslommer.

Nye Nerlandsøybrua blir 574 meter lang. Breidda blir 11,5 meter, inkludert ein tre meter brei gang- og sykkelveg med rekkverk mot bilvegen. Ny bru skal stå ferdig i 2025.

Les meir om prosjketet fv.5878 Nerlandsøybrua på mrfylke.no

Ferjekaier

Fylkeskommunen er i gang med bygging av nye ferjekaier fleire stader i fylket. Ferjekaier er kompliserte konstruksjonar og anleggsarbeida skjer samtidig som det skal avviklast trafikk som normalt.

Seks større ferjekaiprosjekt var i gang i 2023:

  • Åfarnes og Sølsnes f.k. nye kaier ferdig bygd i 2023. Operatør er i ferd med å montere ladeinfrastruktur for ferjene og landarealet skal tilpassast med nye venterom. Ny liggekai på Sølsnes (Gjertrudhammeren) er under oppføring, og er planlagt ferdig i 2024.
  • Linge og Eidsdal f.k. nye kaier for å kunne ta imot nye og større ferjer med nullutsleppsløysing. Prosjektet er i sluttføring.
  • Aukra og Hollingsholmen f.k.utbetring/forsterkning, gjennomført i 2023
  • Voksa, Larsnes, Kvamsøy og Åram f.k. nye kaier/utbetring: starta opp i 2023
  • Dryna og Brattvåg f.k. nye kaier: forprosjekt i 2023
  • Forsterkning av ferjekaier Leknes ferjekai gjennomført i 2023, Kvanne ferjekai starta opp.

Tunneloppgradering

Fylkesvegnettet i Møre og Romsdal har 33 tunnelar som er omfatta av tunnelsikkerheitsforskrifta. 25 av dei har behov for oppgradering for å fylle krava i regelverket. Regelverket skal sikre tryggleik for trafikantar i tunnelane gjennom krav til å forebygge kritiske hendingar som kan sette menneske, miljø eller tunnelen i fare og for å sørge for vern i tilfelle ulykker.

I mange av dei totalt 62 tunnelane på fylkesvegnettet er det også nødvendig med andre utbetringar, med omsyn til trafikktryggleik, framkome og på grunn av forfall/vedlikehaldsetterslep.

Oppgradering av Remetunnelane på fv. 659 mellom Eidet og Brattvåg i Haram kommune vart ferdigstilt i 2023. Det køyrer i gjennomsnitt om lag 2 900 køyretøy i døgnet gjennom Remetunnelane. 11 prosent av dei er lange køyretøy (tal frå 2021). Tunnelane var rekna som eitt av dei mest utrygge punkta på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal, fordi store køyretøy legg seg inn mot midten av tunnelen på grunn av låg høgde.

Det vart i 2023 også starta planlegging av fire tunnelar på fv. 653 mellom Furene i Volda og Ulsteinvik (Selvåg-, Eiksund-, Helgehorn- og Morkaåstunnelen). På grunn av omfattande og krevjande planlegging, er det planlagt å utsetje utbetring av Eiksund-, Helgehorn-, og Morkaåstunnelane, og starte opp utbetring av berre Selvågtunnelen i 2024. Tidspunkt for oppgradering av dei andre tunnelane blir bestemt etter kvart som gjennomføringsstrategien blir lagt, og i samband med fastsettinga av Møre og Romsdal fylkeskommune si til ein kvar tid gjeldande økonomiplan.

Bypakke Ålesund

Bypakke Ålesund er eit samarbeid mellom Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. Om lag fire milliardar kroner skal brukast på betre vegar, eit samanhengande gang- og sykkelvegnett, sikre mjuke trafikantar og legge til rette for auka bruk av kollektivtransport.

Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for bygginga av ei rekkje av prosjekta i Bypakke Ålesund. Dei største er Blindheim-Flisnes og nytt kollektivknutepunkt i Ålesund sentrum. Arbeidet med kollektivknutepunkt vart starta opp i 2023 og er planlagt ferdig hausten 2024. Fylkeskommunen har i tillegg ansvar for mange mindre prosjekt og som har stor effekt for miljøet, tryggleiken og framkomsten for alle som brukar Ålesund. I 2023 vart det mellom anna starta opp bygging av sykkelfelt og fortau i Tonningsgate.

Bypakke Kristiansund

Fylkeskommunen deltok i treparts-samarbeidet mellom Statens vegvesen, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Partane ventar på at fagleg grunnlag skal bli behandla/godkjent i Vegdirektoratet.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.