ÅRSRAPPORT 2023

Prisar og stipend

Årets bedrift

Selskapet MMC First Process fekk tildelt prisen Årets bedrift 2022 under fylkestinget i april. Selskapet leverer utstyr til handtering, prosessering og kjøling av sjømat og er verdsleiande på området. I følgje juryen har selskapet ei sterk rolle i regional næringsutvikling og er ei drivkraft for innovasjon og nyetablering. Under utdelinga sa selskapet at heideren er ei stor anerkjenning av jobben som dei tilsette gjer.

Fylkeskulturprisen

Jazzlogen fekk fylkeskulturprisen for 2023. Prisvinnarane har gjort ein solid innsats for å rekruttere unge musikarar frå heile fylket. Jazzlogen er eit samarbeidsprosjekt mellom Molde Janitsjar, Ytre Suløens Jass-ensemble og Moldejazz.
Jazzlogen er også viktig for Molde internasjonale jazzfestival, og eit flott tilskot til paraden som går gjennom byen kvar dag gjennom festivalen, sa Jessica Gärtner, leiar i kultur- og folkehelseutvalet under utdelinga. Sjå film frå utdelinga under fylkestinget i desember

Miljøprisen

Hogstein Agro ved Odd Christian Stenerud frå Giske vart tildelt miljøprisen i Møre og Romsdal. Stenerud og verksemda hans får prisen for å ha utvikla eit produkt som er basert på avfall frå fiskerinæringa, og som reduserer behovet for kunstgjødsel i landbruket.

– Eg trur dette vil bety mykje for mange bønder når dei oppdagar både moglegheita til å spare 40 prosent av kostnadane, og at klimaavtrykket blir redusert med 80 prosent, sa Stenerud under utdelinga.

Du kan sjå intervju med prisvinnaren under utdelinga i desember

Inkludering- og mangfaldprisen

Organisasjonen JoinUs har fått årets inkludering- og mangfaldspris frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Prisen går kvart år til nokon som har tatt initiativ til, eller har gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv i Møre og Romsdal. JoinUs har berre halde på i to år.

– På den tida har dei blitt ein stor aktør for integrering i Romsdalsregionen, og gir både aktivitet, samhald og meiningsfulle kvardagar for sine deltakarar, sa leiar av kultur-, næring- og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter då ho delte ut prisen.

Årets lærling

Anikken Haukeberg frå Skodje vart kåra til årers lærling for 2023. Etter yrkesopplæring ved Ålesund vgs, var Anniken lærling i yrkessjåførfaget hos SR Group i Kristiansund. Både lærebedrift og prøvenemnda nominerte Anniken til årets lærling, og i konkurranse med mange andre dyktige lærlingar, var det ho som stakk med den gjeve prisen.

I følge lærebedrifta har Anniken vore uredd, nysgjerrig og open for nye utfordringar. Ho har vist stor evne til å opptre profesjonelt, og har alltid vore imøtekommande og engasjert i jobben. Du kan lese meir om årets lærling på mrfylke.no

Årets regionbyggar

Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Molde Næringsforum og Næringsforeningen Ålesundregionen er «Årets regionbyggar 2022». Dei fekk skryt for samarbeidet i fylket.

- Tusen takk for at juryen løftar fram eit næringslivssamarbeid til «Årets regionbyggar». Det set vi utruleg stor pris på, sa dagleg leiar Britt Flo i Molde Næringsforum då ho takka for prisen.

Nyttårskonferansen deler kvart år ut prisen Årets regionbyggar til ein person, organisasjon, bedrift eller offentleg aktør som har utmerka seg på ei enkeltsak eller over tid som ei samlande kraft i fylket - eller har tatt spesielt initiativ som bygger Møre og Romsdal saman.

Stipend

Idrettsstipend

Namn Kommune Sum
Leah Sophie Gallagher Støren Molde 50 000
André M. Bertelsen Drege Stranda 50 000
Hareid IL, turngruppa Hareid 50 000

Kunstnarstipend

Namn Kommune Kunstart Sum
Arbeidsstipend
Karin Augusta Nogva Ålesund Visuell kunst 200 000
Martin Gjellestad Molde Film 200 000
Andre stipend
Geir Brungot Sykkylven Visuell kunst 100 000
Lissette Escobar Sula Visuell kunst 40 000
Kim Åge Furuhaug Volda Musikk 100 000
Ole Andreas Silseth Molde Musikk 60 000
Ole-André Rønneberg Sula Film 100 000
Øystein Orten Hareid Litteratur 100 000
Einy Åm Sparks Volda Scenekunst 100 000

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.