- Forside
- Resultat og aktivitetar
- Miljøfylket
Miljøfylket
Møre og Romsdal skal bli miljøfylke nr. 1
Oppsummering av status for 2023:
Fylkestinget vedtok i juni Fylkesstrategi for miljø, klima og energi. Her sett vi retninga for Møre og Romsdal sitt arbeid med å følge opp globale, nasjonale og regionale mål for klimagassutslepp og klimatilpassing, bevaring av naturmangfald og grøn omstilling. Saman med klimabudsjettet og – rekneskapen legg denne grunnlag for betre styring av klimainnsatsen til fylkeskommunen.
Det er på samferdselsområdet at fylkeskommunen har dei største klimagassutsleppa – og her er det gjort innsats for å redusere klimagassutsleppa også i 2023. Dette gjeld både kollektivtrafikken og i vegdriftskontraktane og asfaltkontraktene, men ikkje alle måla er nådd. Behovet for ressursar til klimaomstilling på samferdselsområdet er mykje større enn fylkeskommunen har moglegheit til å klare. Fylkeskommunen har teke opp med nasjonale myndigheiter at dei må ta større del av rekninga for elektrifisering av ferjesambanda.
Bygg og eigedomsavdelinga er heller ikkje i mål med sin ambisjon om å kartlegge utslepp frå energibruken i fylkeskommunale bygg, dette er utsett til 2024.
Det er i 2023 arbeidd for at kulturaktørar i fylket skal redusere sine klimagassutslepp. Fylkeskommunen har tilbydd kurs i klima og miljø for mottakarar av tilskot på kulturområdet. Det er samarbeidd med fotballkretsane i fylket om oppfølging av forbodet mot sal av gummigranulat.
Fylkeskommunen har i 2024 nådd målet om at tapet av verneverdige kulturminne er under 0,4 prosent. Fylkeskommunen har fleire samarbeidsprosjekt med Riksantikvaren og kommunane om bruk og verne av kulturminne og kulturmiljø.
Fylkeskommunen har for første gong laga ein arealrekneskap for Møre og Romsdal som kommunane kan bruke i si planlegging. Dette gir kunnskap om kva type areal kommunane har og kva dei er brukt til og avsett til i planar. Fylkestinget vedtok i desember nytt handlingsprogram for villreinområdet i Ottadalen med tiltak for forvaltinga av dette arealet. Gjennom arbeidet i vassregion Møre og Romsdal er det sett i verk tiltak for å betre vassmiljøet i vassførekonster i fylket, inkludert tiltak for å betre vilkår for sjøauren i fylket.
Saman med Statsforvaltaren er det gjennomført fleire kompetansehevande tilbod for kommunane, mellom anna i klimabudsjett, energieffektivisering og ivaretaking av naturmangfald. Fylkeskommunen søkte og fekk tildelt midlar frå Miljødirektoratet til ei kursrekke for kommunane i naturbaserte løysingar på klimatilpassing. Fylkeskommunen har levert fleire utgreiingar og kunnskapsgrunnlag knytt til fornybar energi og kraftsituasjonen i Møre og Romsdal.
Samferdselssektoren har lagt målet om å ikkje ha tap av dyrkamark og myr ved vegutbygging på fylkesveg til grunn for si verksemd. For prosjekt som vart avslutta i 2023 var det ikkje tap myr, men om lag 5 dekar dyrkamark er registrert som tap i samband med gang og sykkelvegprosjektet Vindøla – Røv. Fleire vêrhendingar i 2023 gjorde at beredskapen på samferdselsområdet vart testa i praksis, og vi klarte å handtere dette på en god måte.
Møre og Romsdal skal redusere klimagassutsleppa slik at fylket er klimanøytralt i 2030, og bidra til 55 prosent kutt i ikkje-kvotepliktig sektor
- Ny fylkesstrategi for miljø, klima og energi vart vedtatt (sak T-0040/23).
- Miljøfyrtårnrapportering og klimarekneskap er presentert i årsrapporten.
- Klimabudsjett for 2024 er lagt fram som del av økonomiplanen med budsjett og handlingsprogram for fylkestinget i desember (sak T-104/23).
- Vi har utarbeidd Plan for energistasjonar og ladepunkt for ein fossilfri transportsektor i Møre og Romsdal
- Fylkeshusa, alle kompetanseregionene innan tannhelse og 17 av 21 skolar er miljøfyrtårnsertifisert. Fylkeskommunen sin miljøfyrtårnrapport er lagt til grunn i klimarekneskapen.
- I 2023 vart CO₂-utslepp frå kollektivtrafikk med buss, båt og ferje i Møre og Romsdal redusert med 38 prosent, samanlikna med 2019.
- I 2023 vart det skrive ny kontrakt på rutepakke 3 (Molde og Gjemnes) som inneber store utsleppskutt. Frå 2025 vil bussane i rutepakka vere utsleppsfrie.
- Det er innført tiltak for å redusere klimagassutsleppa i vegdriftskontraktane, mellom anna krav til redusert utslepp på bilar/maskinar i vinterdrifta og mannskapsbilar, samt krav til årleg rapportering av utslepp frå entreprenørane.
- Det er auka fokus på klima ved produksjon og utlegging av asfalt, både i form av gjenbruk, bruk av lågtemperatur-asfalt og lengre levetid som følge av betre kvalitet. I asfaltkontraktane for 2023 vart klima brukt som tildelingskriterium i form av at reduksjon av CO2-utslepp vart premiert i tildelinga.
- Saman med Statsforvaltaren er det gjennomført ein Klimasnu-konferanse for tilsette i kommunane. Du kan sjå opptak av konferansen på nettsida til Statsforvaltaren.
- 13. april arrangerte fylkeskommunen og Statsforvaltaren digital verkstad for kommunane i klimabudsjett. Du kan du sjå den digitale delen i opptak på nettsida til Statsforvaltaren.
- Fylkeskommunen har Initiert og gitt tilskot til utgreiing av verdas første asfaltproduksjon ved bruk av grøn hydrogen, som erstatning frå fossil energi, sett i drift i 2023 i Møre og Romsdal.
- Det er utarbeidd ei oversikt over klimagassutslepp frå bygningsmassa til fylkeskommunen basert på rapporteringa til Miljøfyrtårn og eigne tal for reiser og kjøp av drivstoff.
- Det er vedtatt eit mål om fem prosent reduksjon av klimagassutslepp frå den fylkeskommunale bygningsmassen. Energibruken i bygga er den parameteren som påverkar mest i høve til utslepp frå bygningsmassen i drift. For 2023 var det planlagt å rekne tal for utslepp frå energibruken i tillegg til utslepp generert frå egne reiser, men det har vi ikkje klart. Målsetjinga er å få kartlagt dette i 2024.
Møre og Romsdal skal forvalte sjø- og landareala slik at det blir lagt til rette for berekraftig verdiskaping, basert på ein arealbruk som avgrensar behovet for transport, og hindrar unødvendige landskapsinngrep
- Fylkeskommunen har lagt til rette ein arealrekneskap for kommunane som grunnlag for planarbeid.
- Det 3-årige pilotforprosjektet “Marine Grunnkart i kystsonen” for området Ålesund/Giske er fullført i 2023, og vil danne grunnlag for vidare kartlegging av kystområda i fylket så snart eit nasjonalt program er klart.
- Vi arrangerte Nasjonal sjøplankonferanse i oktober. Konferansen tok opp dagsaktuelle spørsmål om forvaltning og arealplanlegging i sjø, og samla i overkant av 200 deltakarar.
- Fylkeskommunen har skrive høyringsuttale i fleire sjøarealplanar.
- Kartportalen Gislink som fylkeskommunen driftar saman med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Trøndelag og Trøndelag fylkeskommune er mykje brukt. I 2023 viste statistikken at i snitt 210 000 klikka seg inn per veke.
- Nytt handlingsprogram for Regional plan for Ottadalsområdet er vedtatt av fylkestinget i desember (T-sak 102/23)
- Prosjekt for friluftslivets ferdselsårer (2019-2025) har i samarbeid med friluftsråda, kommunane og Miljødirektoratet blitt vidareført. 16 kommunar har fått tilskot til å starte arbeidet med å lage ein plan for friluftslivets ferdselsårar.
Møre og Romsdal skal ha god tilstand på 90 prosent av økosystema både på land og i vatn, og stanse tap av naturtypar og artar
- Eitt av mange igangsette habitatforbetrande tiltak i vassførekomstane i 2023, er arbeidet som er gjort i ein sidebekk til elva Søya. Kvernhusbekken hadde potensiale for gyte- og oppvekstområde for sjøaure, men oppvandringa av fisk var hindra mellom anna som følgje av kanalisering og ekstremvêr. Med støtte frå fylkeskommunen ble eit samanrast røyr erstatta med ei bru og bekken opna på nytt.
- I 2023 fortsette arbeidet for kartlegging og tiltak for å betre tilhøva for sjøauren i fylket. Basert på kartlegginga blei det utarbeidd tiltaksplanar for fleire vassdrag og mange tiltak blei gjennomført.
- Det blei halde kurs i habitattiltak for frivillige, noko som vart presentert som eksempel på god praksis på nasjonalt seminar for restaurering av vassdrag og våtmark.
- Fylkeskommunen har bidratt i forsøk på utplanting av 200 asketre på Nesset prestegard for å finne tre som er meir motstandsdyktig mot askesjuke.
- Fylkesvegavdelinga har mål om å unngå tap av dyrkamark og myr ved traséval og bygging av fylkesveg. For prosjekt som vart avslutta i 2023 var det ikkje tap myr, men om lag 5 dekar dyrkamark er registrert som tap i samband med gang og sykkelvegprosjektet Vindøla – Røv.
Møre og Romsdal skal bevare viktige landskap, og redusere tapet av verdifulle kulturminne og kulturmiljø til under 0,4 prosent årleg
- Fylkeskommunen har gjennomført prosjektet KlimaROS om klimatilpassing og kartlegging av tiltak for bevaring av kulturmiljø i samarbeid med Riksantikvaren og Ørsta, Surnadal og Hustadvika kommunar. Tre rapportar er ferdig.
- Fylkeskommunen har vore høyringsinstans for om lag 1 350 byggesaker/arealplanar med innspel til sikring av viktige kulturmiljø. Tapet av registrerte verneverdige kulturminne er mindre enn 0,4 prosent.
- Tal på søknadar om tilskot til prosjekt innan bevaring og ombruk av bygg gjekk opp frå 29 til 32.
- Fylkeskommunen har samarbeidd med Riksantikvaren om utveljing av 12 "kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse” i Møre og Romsdal og revisjon av NB-registeret.
- Gjennom programmet “Ein bit av historia” er det inngått samarbeid med kommunar langs Den Trondhjemske Postvei. Fylkeskommunen har tildelt økonomiske tilskot til aktivitet og leiar forprosjektet til eit nasjonalt samarbeidsprosjekt om bevaring og utvikling av postveien som nasjonalt kulturminne.
- Det er gjennomført tilstandsvurderingar av 13 freda bygg og anlegg. Desse skal leggast inn i databasen Askeladden.
- Fylkeskommunen har lasta opp informasjon og kartfesting av regionale verneverdige kulturmiljø i Askeladden, den nasjonale databasen for kulturmiljø. Desse kan du også i Kulturminnesok.no som er open for alle og i GIS-link.
- Fylkeskommunen har gjennom Internship-programmet for berekraftig utvikling bidrege i SEBAN sitt arbeid for å utvikle indikatorar for berekraftig arealforvaltning og naturmangfald.
Møre og Romsdal skal basere auka produksjon og bruk av energi på energieffektivisering, fornybare energikjelder og utslippsfri energi
- Etablert digital tvilling for solenergipark Smøla, med vurdering av produksjonspotensial og nettkapasitet.
- Vi har lagt til rette for meir fornybar kraftproduksjon og arealnøytralitet gjennom utgreiing av samlokalisert solkraftproduksjon i ein eksisterande vindkraftpark på Smøla
- Vi har kartlagt solenergipotensiale på grå areal kommunevis i Møre og Romsdal
- Vi har utarbeidd kunnskapsgrunnlaget for «Energisituasjonen i Møre og Romsdal fra 2026 – Samfunnskonsekvenser», der det blir peikt på regionale myndigheiter si rolle med å tilrettelegge for energieffektivisering, fornybare energikjelder og utslippsfri energi
- Vi har vore med i utarbeidinga av Kraftløftet regionalt i samarbeid med NHO og LO. Du kan lese meir om lanseringa på nho.no
- Vi har arbeidd for etablering av grøn hydrogenverdikjede frå produksjon av hydrogen frå innestengt kraft til bruk i industri.
Møre og Romsdal skal førebygge at uønskte hendingar skjer, og ha ein fysisk, digital og organisatorisk infrastruktur som er rusta til å takle klimaendringar og akutte kriser
- Fylkeskommunen tilbyr kommunane ein webinarserie om naturbaserte løysingar for klimatilpassing. Serien består av seks webinar og ei fysisk samling og blir gjennomført hausten 2023 – våren 2024. Presentasjonar og opptak finn de på mrfylke.no
- Det er gjennomført faste beredskapsøvingar på samferdselsområdet slik at vi er godt rusta når dei verkelege hendingane oppstår. Vi har også planlagt og gjennomført fleire øvingar for naudetatane, for eksempel ulykker og brann i tunnel.
- I 2023 var det fleire vêrhendingar kor beredskapen vart testa i praksis, f.eks. raset i Vistdalen og ekstremvêret Hans. Vi fekk god bruk for det vi har øvd på i beredskapsøvingane, og vi erfarte at vi kunne stille med mannskap til rett tid, spele godt på lag med naudetatar og trafikantane som vart ramma. Oppryddingsarbeidet kom også raskt i gang.
- Ei viktig oppgåve framover er å tilpasse dei mest kritiske delane av fylkesvegnettet til klimaendringar som aukar risikoen for flaum, skred og ekstremvêr. Nær alle dei 150 stikkrennene som vart skifta i 2023 var dimensjonert for auka vassføring.
Møre og Romsdal skal ha ein leiande posisjon i utviklinga av ein grøn sirkulær økonomi med høg grad av gjenbruk, og god avfallshandtering
- Fylkeskommunen har gitt råd til eigarar og eigedomsutviklarar i store og små byggeprosjekt korleis dei kan bevare og bygge om bygningar framfor å rive dei og bygge nytt.
- Fylkeskommunen arbeider med moglegheitene for å lagre bygningsdelar, eit materiallager, som kan brukast i nye byggeprosjekt.
- Gjenbruk er vurdert i førebuande arbeid i alle FRAM sine nye driftskontraktar.
- Gjenbruk av vegutstyr i utbyggingsprosjekt er vurdert der det er aktuelt.
- Avfall handterast med minst 80 prosent sortering i vegutbyggingsprosjekt.
- Vi følgjer opp mål om 50 prosent gjenbruk av inventar og utstyr i fylkeskommunale byggjeprosjekt. Reknesprosjektet vart ferdigstilt i 2023, der Fylkeshuset AS har vore byggherre. Prosjektet har vore årets største gjenbruksprosjekt og oppsummeringa viser 58 prosent gjenbruk på bygningsdelane og er eit pionerprosjekt i så måte. For inventar isolert, er resultatet nærmare 100 prosent. Prosjektet viser viktigheita av god logistikkstyring og dokumentasjon.
- Bygg- og eigedom følgjer opp målet om fem prosent reduksjon i restavfall frå fylkeskommunale skolebygg. Ansvaret for kjeldesortering ligg til den enkelte verksemda, og rapportering skjer gjennom miljøfyrtårn-systemet. Det har vore utfordringar med ulik praksis og kvalitet hjå dei ulike renovasjonsselskapa, men dette har vorte gradvis betre. Fylkeskommunen har etablert samarbeid med renovasjonsselskapa i samband med miljøfyrtårn-oppfølginga.
- Vi har i 2023 arrangert to kompetansehevande kurs i klima og miljø for tilskotsmottakarar på kulturområdet. Stiftinga Miljøfyrtårn, Statsforvaltaren og Moldejazz var ressursar på kursa.
- Fylkeskommunen deltek i arbeidet for å etablere eit nasjonalt nettverk knytt til utvikling av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, der meir miljøvennlege anlegg er eitt av måla.
- OECD har valt ut Møre og Romsdal som ein av ti byer/regionar i Europa til å få kartlagt status på sirkulærøkonomi. Dette vil resultere i en rapport med anbefalingar i april 2024. Over 60 aktørar frå offentleg, privat og frivillig sektor har blitt intervjua av OECD og delteke i prosessen.