- Forside
- Økonomi
- Årsmelding
Årsmelding
Her kan du laste ned signert utgåve av årsmeldinga (pdf)
Fylkeskommunen er ein politisk styrt organisasjon med fylkestinget (47 representantar) som det øvste folkevalde organet. Leiar for fylkestinget er fylkesordføraren. Andre sentrale utval med medlemer oppnemnd av fylkestinget er:
- Fylkesutvalet
- Kompetanse- og næringsutvalet
- Kultur- og folkehelseutvalet
- Samferdselsutvalet
- Kontrollutvalet
Fylkeskommunen sine ulike roller og planverk er omtalt i årsrapporten.
Fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver i dag er:
- Samferdsel (fylkesvegane, fylkesvegferjer, kollektivtrafikk i fylket, ruteopplysning mm.)
- Vidaregåande opplæring (vidaregåande skoler, fagopplæring, vaksenopplæring mm.)
- Næringsutvikling (tilretteleggande verkemiddel for næringsutvikling og entreprenørskap)
- Offentleg tannhelseteneste
- Regional planlegging
- Forvalte regionale utviklingsmidlar (strategisk bruk av nærings- og distriktspolitiske virkemidlar)
- Kultur (fylkesbibliotek, spelemidlar til idrettsanlegg, midlar til kulturbygg, driftstilskot mm.)
- Folkehelse (pådrivar for regionalt og lokalt folkehelsearbeid)
- Internasjonalt arbeid
1. Driftsrekneskap
1.1 Driftsresultat
Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2023 eit netto driftsresultat korrigert for bundne fond på 63,3 mill. kroner i 2023 (tabell 1). Dette er ein reduksjon på 47,2 mill. kroner samanlikna med budsjett for 2023, og ein reduksjon på 121,1 mill. kroner samanlikna med rekneskap for 2022.
i 1000 kroner | Rekneskap 2023 | Budsjett 2023 | Avvik | Rekneskap 2022 |
---|---|---|---|---|
Brutto driftsinntekter | 7 504 757 | 7 278 361 | 226 396 | 7 168 610 |
Brutto driftsutgifter | 7 494 245 | 7 178 315 | -315 930 | 7 022 127 |
Brutto driftsresultat | 10 512 | 100 046 | -89 534 | 146 483 |
Netto finansutgifter | 519 867 | 528 120 | 8 253 | 415 508 |
Motpost avskrivingar | -567 702 | -542 800 | 24 902 | -481 778 |
Netto driftsresultat | 58 347 | 114 726 | -56 379 | 212 753 |
Netto avsetningar til eller bruk av bundne fond | 4 927 | -4 266 | 9 193 | -28 355 |
Netto driftsresultat korrigert for bundne fond | 63 274 | 110 460 | -47 186 | 184 398 |
i prosent av bruttoinntekt | 0,8 % | 1,5 % | 2,6 % |
Netto driftsresultat korrigert for bundne fond i prosent av brutto driftsinntekter er på 0,8 prosent, som er 2,5 prosentpoeng lågare enn fylkeskommunen si målsettinga på 3,3 prosent.
Avviket mellom rekneskap og budsjett for 2023 på 47,2 mill. kroner skyldast i hovudsak:
- Fylkeskommunen fekk om lag 31,1 mill. kroner meir enn budsjettert i statleg rammetilskot og fylkesskatt (kap. 1.1)
- Andre generelle driftsinntekter (kap. 1.1):
- Overføring frå Havbruksfondet i 2023 var om lag 4,8 mill. kroner høgare enn budsjettert
- Rentekompensasjon for skoleanlegg var om lag 1,8 mill. kroner høgare enn budsjettert
- Sum bevillingar drift, netto (kap. 1.2):
- Rammeområda har eit samla netto meirforbruk på om lag 98,8 mill. kroner. I dette er inkludert eit mindreforbruk på lønsreserveposten på om lag 16,3 mill. kroner.
- Premieavviket viste ei meirinntekt på om lag 49,4 mill. kroner.
- Pensjonspremien viste ei meirutgift på om lag 43 mill. kroner.
- Det vart overført om lag om lag 8,9 mill. kroner meir til investeringsrekneskapet, enn det som var budsjettert på rammeområda.
- Netto finansutgifter vart om lag 8,3 mill. kroner lågare enn budsjettert (kap. 1.3)
i 1000 kroner | Rekneskap 2023 | Budsjett 2023 | Avvik | Rekneskap 2022 |
---|---|---|---|---|
Netto driftsresultat | 58 347 | 114 726 | -56 379 | 212 753 |
Disponering eller dekking av netto driftsresultat: | ||||
Overføring til investering | 237 935 | 229 000 | 8 935 | 230 184 |
Avsetting til bundne driftsfond | 377 816 | 165 117 | 212 699 | 330 654 |
Bruk av bundne driftsfond | -382 743 | -160 851 | -221 892 | -302 299 |
Avsetting til disposisjonsfond | 150 361 | 206 481 | -56 120 | 132 102 |
Bruk av disposisjonsfond | -325 021 | -325 021 | 0 | -177 888 |
Bruk av tidligere års mindreforbruk | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum disp. eller dekking av netto driftsresultat | 58 347 | 114 726 | -56 379 | 212 753 |
Det er i 2023 netto brukt 56,1 mill. kroner meir av disposisjonsfondet enn det som var budsjettert. Disposisjonsfondet per 31.12.2023 var på 727 mill. kroner, dvs. 9,7 prosent av brutto driftsinntekter. Dette er under måltalet på 10 prosent.
1.2 Brutto driftsinntekter
i 1000 kroner | Rekneskap 2023 | Budsjett 2023 | Avvik | Rekneskap 2022 |
---|---|---|---|---|
Rammetilskot | 3 899 080 | 3 886 556 | 12 524 | 3 528 112 |
Inntekts- og formueskatt | 1 820 205 | 1 801 600 | 18 605 | 1 926 252 |
Andre generelle driftsinntekter | 73 665 | 66 200 | 7 465 | 71 429 |
Inntekter fra drift (inkl. øyremerka statl.overføringar) | 1 711 807 | 1 524 005 | 187 802 | 1 642 817 |
Brutto driftsinntekter | 7 504 757 | 7 278 361 | 226 396 | 7 168 610 |
Brutto driftsinntekter var i 2023 på totalt 7 504,8 mill. kroner, som er 226,4 mill. kroner høgare enn budsjett og 336,1 mill. kroner høgare enn rekneskap i 2022.
Rammetilskotet
Rammetilskotet var på 3 899,1 mill. kroner inkl. skatteutjamninga i 2023, som gir ein meirinntekt på 12,5 mill. kroner sett i samanheng med budsjett.
Meirinntekta skyldast høgare skatteutjamning mot slutten av året enn føresett i budsjettet. Auka skatteutjamning har samanheng med skatteinngangen i Møre og Romsdal, sett i samanheng med skatteinngangen i resten av landet.
Inntekts- og formuesskatt
Inntekts- og formuesskatt var på 1 820,2 mill. kroner i 2023, som er 18,6 mill. kroner høgare enn budsjettert, men 106 mill. kroner lågare enn i 2022.
Andre generelle driftsinntekter
Andre generelle driftsinntekter var på 73,7 mill. kroner i 2023, som er ein auke på 7,5 mill. kroner samanlikna med budsjett. Endringa skyldast i hovudsak at overføringa frå Havbruksfondet vart på 14,8 mill. kroner, som er 4,8 mill. kroner høgare enn budsjettert (10 mill. kroner). I tillegg vart rentekompensasjonsmidlar knytt til skolebygg om lag 1,8 mill. kroner høgare enn budsjettert, grunna høgare husbankrente enn det som var lagt til grunn i budsjettet.
Andre inntekter (inkl. øyremerka statlege overføringar)
Posten viser alle inntektene til fylkeskommunen sett i samanheng med sal av tenester (ferje, buss, hurtigbåt m.m.), samt overføringar av statlege ordningar for regional utvikling på ymse områder (spelemidlar, Innovasjon Norge, kulturtanken, regionalt forskingsfond m.m.).
Motposten er Andre utgifter (inkl. øyremerka statlege overføringar), sjå tabell 4 under. Dei to postane er inkludert i den totale økonomiske oversikta og må sjåast i samanheng. Vil normalt påverke netto driftsresultat i liten grad.
1.3 Brutto driftsutgifter
Rekneskap 2023 | Budsjett 2023 | Avvik | Rekneskap 2022 | |
---|---|---|---|---|
Sum bevilling drift, netto | 5 204 174 | 5 111 510 | -92 664 | 4 893 009 |
Avskrivingar | 567 702 | 542 800 | -24 902 | 481 778 |
Andre utgifter (inkl. øyremerka statl. overf.) | 1 722 369 | 1 524 005 | -198 364 | 1 647 340 |
Brutto driftsutgifter | 7 494 245 | 7 178 315 | -315 930 | 7 022 127 |
Brutto driftsutgifter var i 2023 på totalt 7 494,2 mill. kroner, som er 315,9 mill. kroner høgare enn budsjett, og 472,1 mill. kroner høgare enn rekneskap i 2022.
Sum bevilling drift, netto
Sum løyvingar drift netto, består av driftsrammene (fylkestingsrammene) til avdelingane korrigert for overføring til investering, bruk av bundne fond, premieavvik, pensjonspremien m.m. (jf. tabell 5).
Budsjettavvik på rammeområda
Fylkestinget deler dei frie inntektene på 10 fylkestingsrammer, utanom reserveposten. Driftsbudsjettet blir vedtatt som nettorammer, og hovudutvala kan omdisponere mellom sine utvalsrammer, jf. tabell 5:
tal i 1000 kroner | Rekneskap 2023 | Budsjett 2023 | Avvik 2022 | |
---|---|---|---|---|
D01 | Fellesutgifter og utgifter til fordeling | 81 356 | 84 531 | 3 175 |
D02 | Politisk verksemd | 31 972 | 29 313 | -2 659 |
D03 | Stabsfunksjonar | 229 446 | 242 872 | 13 426 |
D04 | Reservepost | 0 | 16 299 | 16 299 |
D05 | Kompetanseområdet | 1 974 271 | 1 920 460 | -53 811 |
D06 | Fagskolane i Møre og Romsdal | 20 546 | 30 118 | 9 572 |
D09 | Tannhelseområdet | 212 882 | 217 031 | 4 149 |
D10 | Kulturområdet | 147 581 | 146 938 | -643 |
D11 | Næring | 84 343 | 85 271 | 928 |
D12 | Samferdselsområdet | 2 559 971 | 2 467 362 | -92 609 |
D14 | Sentrale kontrollorgan | 4 978 | 8 300 | 3 322 |
Sum netto bevillingar drift på rammeområda | 5 347 346 | 5 248 495 | -98 851 | |
Overføring til investering frå rammeområder | -8 935 | 0 | 8 935 | |
Avsetting til bundne fond rammeområder | -377 816 | -165 117 | 212 699 | |
Bruk av bundne fond rammeområder | 382 743 | 160 851 | -221 892 | |
Ufordelte utgifter (premieavvik) | -182 155 | -132 719 | 49 436 | |
Ufordelte utgifter (premiereduksjon KLP/SPK) | 42 991 | 0 | -42 991 | |
Sum bevillingar drift, netto | 5 204 174 | 5 111 510 | -92 664 |
Driftsrammene (Sum netto løyvingar drift, netto) var på 5 204,2 mill. kroner i 2023, som er 92,7 mill. kronar høgare enn budsjett. Rammeområda har eit samla netto meirforbruk på om lag 98,9 mill. kroner.
D01 Fellesutgifter og utgifter til fordeling viser eit samla mindreforbruk på 3,2 mill. kroner i 2023. Dette skyldast i hovudsak forseinkingar på fleire postar, som opplæringstilbod finansiert av Miljødirektoratet, avtale for sikkerheitstenester, organisasjonsutviklingsprosessar, utfasing ePhorte (arkivssystem) m.m.
D03 Stabsfunksjonar har totalt sett et mindreforbruk på 13,4 mill. kroner. Av dette utgjer:
- Stabsfunksjonar eksklusiv BYE: 1,9 mill. kroner
- Bygg- og eigedomstenester (BYE): 11,5 mill. kroner
Mindreforbruket på stabsfunksjonar ekskl. BYE skyldast i hovudsak forseinkingar i bruken av prosjektmidlar til opplæring i universell utforming og planlegging, planlagt utviklingsarbeid i ombodsordninga og framdrift knytt til digitalisering.
Mindreforbruket på BYE skyldast i hovudsak auka inntekter knytt til straumforvaltning, men også utsett oppstart av prosjekt Sørsida og forsinka framdrift knytt til digitalisering av eigedomsforvaltninga.
D04 Lønnsreservepost viser ein mindreutgift på 16,3 mill. kroner i 2023. Dette skyldast at det lokale lønsoppgjeret for kap. 3 og kap. 5 vart lågare enn føresett i budsjettet.
D05 Kompetanseområdet har eit meirforbruk på 53,8 mill. kroner sett i samanheng med budsjett. 5 skolar har mindreforbruk og 17 skolar har meirforbruk i 2023. I korte trekk er årsaka til meirforbruket følgande:
- Kompetanseområdet har ikkje klart å tilpasse struktur og tilbod til strammare økonomiske rammer. Skolane har ikkje klart å redusere lønsutgiftene i takt med reduserte budsjettrammer. Talet på tilsette har auka med 13 årsverk sidan 2021, medan talet på klassar er redusert med 17
- Det blir starta for mange klassar med få elevar
- Større andel dyre yrkesfagklassar fører til auka ressursbruk
- Auka flyktningstraum grunna krigen i Ukraina har ført til oppretting av ekstra klassar i grunnleggande norsk/innføringsklassar, i tillegg til auka ressursbruk i skolane
- Auka utfordringar knytt til psykisk helse, fråvær og åtferd (rus, vald og truslar) hos elevane, har ført til auka behov for miljøpersonell for å sikre oppfølging og eit trygt og godt læringsmiljø
Dei tre siste faktorane er med å forklare kvifor det er litt fleire tilsette i 2023, på tross av at talet på klasser har gått ned.
Dei 17 skolane med meirforbruk vil dekke dette inn gjennom trekk på rammene i åra 2024-2027.
D06 Fagskolen i Møre og Romsdal har eit mindreforbruk på 9,6 mill. kroner i 2023. Mindreforbruket skyldast i hovudsak lærarmangel. Fagskolen jobbar kontinuerleg med å rekruttere relevant og varig undervisningspersonell til skolen, men har ikkje lukkast å fylle alle stillingar i 2023.
D09 Tannhelseområdet har eit mindreforbruk på 4,1 mill. kroner sett i samanheng med budsjett. I 2023 fekk tannhelse styrka ramma som eit resultat av nye rettar for brukarar i gruppe G21-24 åringar. Tilbodet er nytt og det tar tid før brukargruppa blir kjend med og nytter seg av tilbodet. Dette er hovudårsaka til mindreforbruket i 2023.
D12 Samferdselområdet har eit samla meirforbruk på 92,6 mill. kroner sett i samanheng med budsjett. Store delar av meirforbruket skyldast inntektssvikt på dei tre kollektivrammene; lokale bilruter (buss o.l.), ferje og båtruter (hurtigbåt). I sum utgjer inntektssvikten 63,1 mill. kroner. Passasjertalet på buss og ferje er tilbake på om lag same nivå som før koronaen, men inntektene er for låge. Passasjertalet på hurtigbåt er framleis lågare enn før pandemien.
Resten av meirforbruket gjeld i hovudsak indeksutviklinga på kontraktar knytt til kollektivtransport og vedlikehald fylkesvegar, inklusiv 27 mill. kroner pga. av endring i rekneskapsprinsipp av lønn- og prisendring. Endringa medførte at det vart belasta fem kvartal i 2023, mot normalt fire. Endringa gjeld berre for 2023, og i 2024 vil det på nytt belastast for fire kvartal, som normalt. Endringa i prinsipp vil m.a.o. berre ha resultateffekt i 2023.
1.3 Netto finansutgifter
Netto finansutgifter var på 519,9, dvs. 8,3 mill. kroner lågare enn budsjett, men heile 104,4 mill. kronar høgare enn i 2022, jf. tabell 1. Auken i netto finansutgifter frå 2022 skyldast i hovudsak auka renteutgifter som eit resultat av høg lånegjeld i kombinasjon med auka rentesats. Les meir om lånegjeld/gjeldsgrad i kap. 3.3.
1.4 Netto avsetning til eller bruk av fond
Dersom dei statlege overføringane ikkje vert brukt i løpet av kalenderåret, så er det mogleg å avsetje midlane som bundne fond til seinare år. I 2023 var netto avsetjing til bundne fond på 4,9 mill. kroner, jf. tabell 1. Det vil sei at vi har brukt meir av dei bundne fonda enn vi har satt av. Sidan dette ikkje er frie midlar til fylkeskommunen sin eigen disposisjon, så kjem dette som ein korreksjon til netto driftsresultat. Avsettinga til bundne fond er ikkje kjent før ved avslutninga av årsrekneskapen
2. Investeringsrekneskap
Sum investeringsutgifter i 2023 utgjorde om lag 1,677 mrd. kroner mot budsjettert 2,123 mrd. kroner. Dette er om lag 446 mill. kroner lågare enn budsjettert.
i 1000 kr. | Rekneskap 2023 | Budsjett 2023 | Avvik | Rekneskap 2022 |
---|---|---|---|---|
Investeringar i varige driftsmidlar | 1 672 006 | 2 106 332 | -434 326 | 2 101 226 |
Tilskot til andres investeringar | 323 | 0 | 232 | 411 |
Investeringar i aksjar og andelar i selskap | 4 889 | 17 134 | -12 245 | 54 349 |
Utlån av eigne midlar | 139 | 0 | 139 | 2 469 |
Avdrag på lån | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsutgifter | 1 677 266 | 2 123 466 | -446 200 | 2 315 539 |
Kompensasjon for meirverdiavgift | 276 621 | 392 780 | -116 159 | 382 659 |
Tilskot frå andre | 154 807 | 192 671 | -37 864 | 303 745 |
Sal av varige driftsmidlar | 72 | 0 | 72 | 951 |
Sal av finansielle anleggsmidlar | 9 390 | 0 | 9 390 | 0 |
Utdeling frå selskap | 0 | 0 | 0 | 0 |
Mottatte avdrag på utlån av eigne midlar | 0 | 0 | 0 | 39 775 |
Andre inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bruk av lån | 1 013 784 | 1 260 800 | -247 016 | 1 315 236 |
Sum investeringsinntekter | 1 454 673 | 1 846 251 | -391 578 | 2 042 366 |
Videreutlån | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bruk av lån til videreutlån | 0 | 0 | 0 | 0 |
Avdrag på lån til videreutlån | 0 | 0 | 0 | 0 |
Mottatte avdrag på videreutlån | 0 | 0 | 0 | 0 |
Netto utgifter videreutlån | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføring frå drift | -237 935 | -229 000 | -8 935 | -230 185 |
Avsettingar til bundne investeringsfond | 22 199 | 15 000 | 7 199 | 24 999 |
Bruk av bundne investeringsfond | -6 857 | -46 081 | 39 224 | -51 165 |
Avsettingar til ubunde investeringsfond | 0 | 0 | 0 | -2 280 |
Bruk av ubundne investeringsfond | 0 | -17 134 | 17 134 | -16823 |
Dekking av tidlegare års udekka beløp | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføring frå drift og netto avsettingar | -222 593 | -277 215 | 54 622 | -273 173 |
Framført til inndekking i seinare år (udekka beløp) | 0 | 0 | 0 | 0 |
Nedanfor har vi kommentert nokon av dei største avvika.
Kompetanseområdet
Det er investert til saman om lag 219,9 mill. kroner i utstyr og bygningar for kompetanseområdet i 2023. Prosjekta viser totalt eit mindreforbruk på om lag 63,4 mill. kroner. Det er forsinka framdrift på fleire prosjekt i høve til budsjett. Dei største avvika er kommentert nedanfor.
- Utstyr/universell utforming/ped.ombygging viser eit mindreforbruk på om lag 8,3 mill. kroner som skyldast forseinka framdrift på nokre av prosjekta.
- Hustadvika vgs-marine fag viser eit mindreforbruk på om lag 17,5 mill. kroner i 2023. Mindreforbruket ved årets slutt skyldast manglande avklaringar og godkjenningar for realisering av prosjektet.
- Ørsta vgs viser eit mindreforbruk på om lag 15,8 mill. kroner i 2023. Mindreforbruket ved årets slutt skyldast forsinka framdrift på prosjektet. Det blir no arbeidd med avklaringar knytt til ombruk og/eller nybygg, sal og erverv av eigedommar.
- Gjermundnes vgs, driftsbygning viser eit mindreforbruk på om lag 14,9 mill. kroner i 2023. Mindreforbruket skyldast forseinka framdrift/periodisering mellom 2023 og 2024. Bygget vil bli overtatt i 2024.
Samferdselområdet
Det er investert til saman om lag 1,398 mrd. kroner på samferdselsområdet i 2023. Av dette utgjer 1,273 mrd. kroner investeringar i fylkesvegar. Resterande, om lag 124,7 mill. kroner, er system og utstyr knytt til Fram, bussdepot og trafikkterminaler. Dei største avvika er kommentert nedanfor.
- Totale investeringar kollektiv viser eit mindreforbruk på om lag 16,3 mill. kroner i 2023. Mindreforbruket skriv seg frå fleire prosjekt og skyldast forseinka framdrift. Det største avviket gjeld prosjekt 6712 Nytt billetteringssystem med eit mindreforbruk på om lag 8,4 mill. kroner i 2023, men arbeidet er no godt i gang.
- Bussdepot Kristiansund viser eit mindreforbruk på om lag 37,6 mill. kroner i 2023. Mindreforbruket ved årets slutt skyldast forseinka framdrift, planlagt overtaking er august 2024.
- Bussdepot Molde viser eit mindreforbruk på om lag 7,6 mill. kroner i 2023. Mindreforbruket skyldast forseinka framdrift.
- Investeringane i fylkesvegar (prosjekt 6B35) viser eit mindreforbruk på om lag 246,6 mill. kroner i 2023. Mindreforbruket skriv seg frå netto meir- og mindreforbruk på fleire prosjekt. Dei største avvika er som følgjer:
- Lade- og infrastruktur knytt til Nordmørspakken og Ytre Sunnmøre viser eit samla mindreforbruk på om lag 41,5 mill. kroner i 2023. Mindreforbruk knytt til Nordmørspakken, på om lag 5 mill. kroner, blir overført til 2024 for å dekke inn meirforbruk på anleggsbidrag på del 2 av Romsdalspakken. Resten av mindreforbruket gjeld Ytre Sunnmøre, der formell avslutning av prosjektet og utgiftsføring vil skje i 2024.
- Ferjekaier viser eit mindreforbruk på om lag 100 mill. kroner i 2023. Mindreforbruket skyldast store periodiseringsavvik (om lag 80 mill. kroner), pga. at anleggsarbeidet på Ytre Sunnmørspakken og arbeidet med liggekaia på Sølsnes kom seinare i gang enn føresett, i tillegg til forseinka framdrift på Eidsdal ferjekai. Det er også venta eit varig mindreforbruk på totalt 20 mill. kroner knytt til Sølsnes - Åfarnes-prosjektet og utbetringsarbeidet på Aukra – Hollingsholm.
- Bruer viser eit samla mindreforbruk på om lag 83 mill. kroner i 2023. Om lag 68 mill. kroner gjeld periodiseringsavvik på Nerlandsøybrua og skyldast forseinking pga. utfordringar med grunntilhøva. Det er også forseinka oppstart, eller framdrift knytt til fleire andre bruer, som til dømes Slettebakkbrua, Bollielvbrua og Geirangerbruene.
- Trafikktryggingstiltak viser eit mindreforbruk på om lag 19 mill. kroner. Mindreforbruket skriv seg frå periodiseringsavvik på fleire prosjekt og skyldast m.a. at kontrakt for gjennomføring av diverse mindre TS-tiltak kom seint i gang.
- Prosjekt «6B39 Nordøyvegen» viser eit mindreforbruk på om lag 23,2 mill. kroner i 2023. Mindreforbruket kjem av fleire uavklara forhold knytt til utbetring i tunnelane og pågåande sak om oppryddingsarbeid, samt attståande kostnader til grunnerverv og oppmåling.
- Bypakke Ålesund viser eit mindreforbruk på om lag 27,7 mill. kroner i 2023. Mindreforbruket ved årets slutt er eit periodiseringsavvik og er knytt til avvikande framdrift på enkeltprosjekt i bypakke Ålesund.
Finansiering
Lånemidlar har finansiert 1 013,8 mill. kroner av investeringane i 2023, noko som er 247 mill. kroner lågare enn budsjettert. Dette skyldast lågare investeringsutgifter enn det som var føresett. Kjøp av aksjar er i heilheit finansiert ved sal av aksjar, i staden for budsjettert bruk av ubundne investeringsfond. For meir informasjon sjå sak «Rekneskap med resultatvurdering og årsmelding for 2023».
Overføring frå drift
Overføring frå drift på 237,9 mill. kroner består i hovudsak at tilskot til ras- og tunnelsikringsinvesteringar på 229 mill. kroner. Desse midla er gitt som særskilte midlar i statsbudsjettet, men blir utbetalt som rammetilskot (driftsinntekter). Vi overfører tilskotet til investering for å finansiere ras- og tunnelsikringsprosjekt.
3. Finansielle måltal
Kommunelova set krav til at fylkestinget sjølv skal vedta sine finansielle måltal for fylkeskommunen sin økonomi. Formålet med finansielle måltal er å synleggjere fylkestinget sitt ansvar for å ivareta det økonomiske handlingsrommet i eit langsiktig perspektiv. Møre og Romsdal fylkeskommune har følgande måltal:
3.1 Netto driftsresultat
Teknisk beregningsutvalg (TBU) for kommunal og fylkeskommunal økonomi har anbefalt at fylkeskommunane bør ha eit måltal for netto driftsresultat på om lag 4 prosent (korrigert for bundne midlar) som ein buffer mot:
- Svingingar i rentenivået og drivstoffprisar
- Kapitalslit (avskrivingar) - spesielt viktig sett i samanheng med fylkesvegreforma i 2010, som har ført til auka vedlikehaldsetterslep for fylkeskommunane
- For å bygge opp reservar til framtidige investeringar
Møre og Romsdal fylkeskommune sitt måltal i 2023 var på 3,3 prosent.
Figur 1 viser netto driftsresultat dei siste 5 åra, samt budsjett for inneverande økonomiplanperiode.
Møre og Romsdal fylkeskommune hadde i 2023 eit netto driftsresultat korrigert for bundne midlar på 0,8 prosent. I 2022 var tilsvarande tal på 2,6 prosent. Dette er 2,5 prosentpoeng lågare enn målsettinga på 3,3 prosent. Økonomiplan for 2024-2027 viser at netto driftsresultat (sannsynlegvis) vert lågare dei komande åra. Dette skyldast mellom anna auka prisvekst spesielt på samferdsel, samt auka renteutgifter og avdrag som eit resultat av store investeringar dei siste åra (ref. økonomiplan med handlingsprogram 2024-2027).
3.2 Disposisjonsfond
Den finansielle handlefridomen i drift kan styrkast gjennom å auke frie driftsfond/ disposisjonsfond, slik at fondsmidlane kan nyttast til å dekke uventa meirutgifter i enkelt år.
Størrelsen på disposisjonsfondet viser kor stor økonomisk buffer fylkeskommunen har til den løypande drifta, og kor stor økonomisk handlefridom fylkeskommunen har i åra som kjem. TBU og Kommunenes Sentralforbund (KS) anbefaler at størrelsen på driftsfondet helst bør vere på minst 10 prosent av brutto driftsinntekter. Vedtatt måltal for Møre og Romsdal fylkeskommune er på 10 prosent.
Per 31.12.2023 var disposisjonsfondet på 9,7 prosent mot 12,6 prosent i 2022. Figur 2 viser at MRFK for første gong sidan 2019 har eit disposisjonsfond under målsettinga på 10 prosent. Figur 2 viser også at disposisjonsfondet vil fortsette å falle dei 4 neste åra pga. av fallande netto driftsresultat (sjå omtale under kap. 3.1 Netto driftsresultat).
Utviklinga i disposisjonsfond dei siste åra, samt ytterlegare fall i åra som kjem, viser tydeleg at den økonomiske handlefridomen til fylkeskommune vil verte lågare dei komande åra.
3.3 Langsiktig lånegjeld og gjeldsgrad
Ved utgangen av 2023 var Møre og Romsdal fylkeskommune si lånegjeld på 9746,3 mill. kroner. Dette er ein auke på 719,5 mill. kroner frå året før.
For å berekne ei meir korrekt lånegjeld for Møre og Romsdal, så har vi korrigert for ubundne investeringsfond og for ekstraordinære inntekter (ferjeavløysingsmidlar og lån dekt av andre) som er spesielle for Møre og Romsdal fylkeskommune. Korrigert lånegjeld vert då på 7666 mill. kroner, dvs. at lånegjelda er redusert med 2260 mill. kroner.
Korrigert gjeldsgrad var ved utgangen av 2023 på 102 prosent av brutto driftsinntekter. KS og TBU sin anbefaling er at fylkeskommunane bør ligge på om lag 60 prosent for å ha økonomisk handlingsrom til investeringar. Ei lånegjeld på over 90 prosent definerer dei som «rød sone», dvs. at fylkeskommunen har lite handlingsrom til investeringar. Figur 3 viser at Møre og Romsdal allereie i 2020 var over anbefalinga på 90 prosent. Ny målsetting vart av fylkestinget satt til 110 prosent for perioden 2024-2027. Lånegjelda vil i inneverande økonomiplanperiode auke til om lag 126 prosent i 2027.
Den høge lånegjelda, i kombinasjon med auka rentesats, har ført til at fylkeskommunen betaler 181,4 mill. kroner meir i renter og avdrag i 2023 enn i 2022. Fylkeskommunen er m.a.o. svært sårbar sett i samanheng med endringar i rentesatsen. Stresstesten i finansrapporten per 31.12.23 viser at Møre og Romsdal fylkeskommune vil få ein årleg auka driftsutgift på om lag 111,1 mill. kroner ved en renteauke på 2 prosentpoeng. Gjeldsgraden bør derfor snarast reduserast til minimum 90 prosent for at fylkeskommunen skal kunne auke sitt handlingsrom.
Av renteeksponert gjeld utgjer fastrenteavtalar 43 prosent. Finansreglementet krev at minst 30 prosent av fylkeskommunale innlån skal vere til fast rente. Til samanlikning var andelen fastrenteavtalar i 2022 på 47,3 prosent.
4. Handlingsprogram
Fylkeskommunedirektøren har vektlagt gode samanhengar i plansystemet som gir moglegheit for oversikt og oppfølging til tross for kompleksiteten som følger av berekrafts-tilnærminga. Heile plansystemet, slik det er vedtatt i Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2021-2024 (RPS), er utleia frå dei tre berekraftsdimensjonane og bygger på 4 knaggar:
- Samarbeidsfylket: Møre og Romsdal skal vere eit føregangsfylke på samarbeid
- Miljøfylket: Møre og Romsdal skal vere miljøfylke nr. 1
- Inkluderings- og kompetansefylket: Møre og Romsdal skal vere eit attraktivt og mangfaldig fylke der folk vel å bu
- Verdiskapingsfylket: Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt leiande næringsliv og ein innovativ offentleg sektor
Desse fire knaggane er gjennomgåande i regional planstrategi, fylkesplan, fylkesstrategiane, resultatmål, handlingsprogrammet i økonomiplanen og verksemdsplanane.
Plan og bygningsloven har krav om at alle regionale planar skal ha eit handlingsprogram
der det går fram ressursbehov, kven som er ansvarleg organ og samarbeidspartnarar for
gjennomføringa av planen. Handlingsprogrammet skal ikkje berre vere eit styringsdokument for fylkestinget, men også vise fylkeskommunen sine samarbeidspartnarar kva vi vil prioritere. Handlingsprogrammet skal etter plan og bygningslova vedtakast av fylkestinget sjølv.
4.1 Samarbeidsfylket
Fylkeskommunen som byggeigar er viktig samarbeidsaktør for utviklingsprosjekt i kommunane. Viktige felles prosjekt i 2023 har vore Campus Kristiansund og ny Ørsta vidaregåande skule og kulturhus.
I trafikktryggingsarbeidet er det også vektlagt samarbeid med andre aktørar, for eksempel gjennom konseptet Trafikksikker kommune og sykkelopplæring i 15 grunnskolar. For tannhelse er dei 2 394 timane med førebyggande arbeid utanfor klinikkane og 242 besøka i helseinstitusjonar, viktige samhandlingsarenaer med kommunane.
Det internasjonale samarbeidet har teke seg opp att etter pandemien. Fylkeskommunen har deltatt i europeiske nettverk, interesseorganisasjonar, prosjekt og utvekslingar. Dette femner eit breitt spekter av tema, alt frå kompetansebehov i skipsbyggings-industrien til bruk av kulturminne, gründerhjelp for ukrainarar, visualisering av klimaendringar i planlegging og ungdomsmedverking.
Det er i 2023 gjort fleire grep for å forbetre informasjonen frå fylkeskommunen. Mellom anna har vi fått nye internettsider, det blir sendt ut nyheitsbrev kvar fredag og det er laga podkastar om dei store samfunnsutfordringane.
Ein viktig jobb for demokratiet i 2023 var å legge til rette for, gjennomføre og kontrollere kommune- og fylkestingsvalet. Det er også gjennomført ein brei medverknadsprosess for ny fylkesplan.
I tillegg har fylkeskommunen større tverrfaglege satsingar og prosjekt i samarbeid med kommunane. Døme på slike satsingar er:
- Møre og Romsdal 2025. Fylkeskommunen er pådrivar og koordinator for eit program der offentleg sektor samarbeider for å styrke regionen
- Berekraftfylket Møre og Romsdal. Fylkeskommunen er pådrivar og koordinator for berekraftsarbeidet i fylket
- Program for berekraftig by- og tettstadsutvikling. Formålet er å gjere byane og tettstadane i fylket meir attraktive og berekraftige.
- Skaparkraft. Fylkeskommunen si 10-årige satsing på berekraftig eksport
4.2 Miljøfylket
Fylkestinget vedtok i juni 2023 fylkesstrategi for miljø, klima og energi. Her sett vi retninga for Møre og Romsdal sitt arbeid med å følge opp globale, nasjonale og regionale mål for klimagassutslepp og klimatilpassing, bevaring av naturmangfald og grøn omstilling. Saman med klimabudsjettet og – rekneskapen, legg denne grunnlag for betre styring av klimainnsatsen til fylkeskommunen.
Det er på samferdselsområdet at fylkeskommunen har dei største klimagassutsleppa, og her er det også gjort innsats for å redusere klimagassutsleppa i 2023. Dette gjeld både kollektivtrafikken og i vegdriftskontraktane og asfaltkontraktene. Den omfattande elektrifiseringa av ferjesambanda har ført til ein nedgang i CO2-utsleppa frå ferjedrifta på 36 prosent frå 2021 til 2023. Men ikkje alle måleindikatorane er nådd. Behovet for ressursar til klimaomstilling på samferdselsområdet er mykje større enn fylkeskommunen har moglegheit til å klare på eiga hand. Nasjonale myndigheiter må ta ein større del av rekninga for elektrifisering av ferjesambanda dersom fylkeskommunane skal lykkast med å elektrifisere dei resterande sambanda.
Bygg og eigedomsavdelinga er heller ikkje i mål med sin ambisjon om å kartlegge utslepp frå energibruken i fylkeskommunale bygg, som er utsett til 2024.
Fylkeskommunen har for første gong laga ein arealrekneskap for Møre og Romsdal som kommunane kan bruke i si planlegging. Dette gir kunnskap om kva type areal kommunane har og kva dei er brukt til og avsett til i planar.
Saman med Statsforvaltaren er det gjennomført fleire kompetansehevande tilbod for kommunane, mellom anna i klimabudsjett, energieffektivisering og ivaretaking av naturmangfald. Fylkeskommunen søkte og fekk tildelt midlar frå Miljødirektoratet til ei kursrekke for kommunane i naturbaserte løysingar på klimatilpassing. Fylkeskommunen har levert fleire utgreiingar og kunnskapsgrunnlag knytt til fornybar energi og kraftsituasjonen i Møre og Romsdal.
4.3 Inkluderings- og kompetansefylket
Fylkeskommunen har etter folkehelselova eit definert ansvar for oppfølging av kommunane. I 2023 er dette mellom anna følgt opp med nye God helse-samarbeidsavtaler med kommunane. Det er også utarbeidd og publisert ny oversikt over folkehelsa. Denne gir kunnskap om levekår og helseutfordringar i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal har aldri hatt høgare gjennomføringstal for vidaregåande opplæring. Det er også auke i gjennomførte karriererettleiingar, der ukrainarar var ei stor målgruppe. Målet om 1 300 nye lærekontraktar vart nådd med god margin, men det er ein liten nedgang i talet på elevar som har fullført og bestått skoleåret. Det er også nedgang i talet på elevar som får oppfylt førsteønske om utdanningsprogram, og fråværet i vidaregåande skole er høgare enn måltalet.
Gjennom ordninga Den kulturelle skolesekken har kulturtilbod nådd ut til alle barn og unge i fylket. 41 000 elevar fekk eit tilbod i 2023 og 82 produksjonar har vore på vegen.
Den offentlege tannhelsa har også i 2023 arbeidd med å ta att etterslep som følgje av pandemien, og er nær målsettingar som er sett for dekningsgrad for dei ulike målgruppene. Det er målt dårlegare tannhelsa for 3 av 5 indikatorårskull. Ei ny oppgåve i 2023 var å etablere rabattert med 25 prosent eigenbetaling for unge vaksne i alderen 21 til og med 24 år. Det vart gjennomført ei vellukka rekrutteringskampanje som gav 20 nye tannbehandlarar.
Saman med kommunane og næringsliv har fylkeskommunen vore med å realisere sentrumsutviklingsprosjekt i både byar og tettstader. Fylkeskommunen har bidratt med kompetanseheving på alt frå parkering til rekkehus og innkjøp av arkitektkompetanse. Rammene for det vidare arbeidet er lagt i Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader som vart vedtatt av fylkestinget i april.
4.4 Verdiskapingsfylket
Skaparkraft, programmet for langsiktig omstilling av næringslivet og satsing på berekraftig eksport, delte ut 14,1 millionar kroner i tilskot til 23 ulike prosjekt i 2023. Formålet med programmet er å styrke eksportnæringane i fylket og stimulere til utvikling av nye næringar gjennom samarbeidsprosjekt og tilskotsordningar innanfor fire satsingsområde: Grøne industrielle løft, Smart teknologi, Fornybar energi og Kompetanse i og for næringslivet.
Gründertenesta hoppid.id bidrog til 418 nye forretningsidear, 80 fleire enn i 2022. Det er lagt grunnlag for vidareutvikling av kulturell og kreativ næring i fylket gjennom ei innsiktsanalyse. Filmbransjen i fylket har positiv utvikling, og ti filmprosjekt frå Møre og Romsdal har fått støtte frå Vestnorsk Filmsenter. Fylkeskommunen har også støtta fem pilotprosjekt innan reiselivs- og kulturnæringa for å gjere Møre og Romsdal meir attraktivt som reisemål.
Fleire avdelingar i fylkeskommunen deltok også i 2023 i fleire forskings- og innovasjonsprosjekt for å utvikle våre tenester. Regionalt forskingsfond og MoPro har gitt 32,2 mill. kroner i tilskot til forskingsprosjekt og mobilisering til auka FOU-innsats. Prosjektet Digi Møre og Romsdal har bidratt til kompetanseheving på digitalisering i alle kommunane og er no gått over i eit medlemsfinansiert samarbeid.
2023 var året for digital omstilling i fylkeskommunen. Fylkeskommunen har innført nye digitale verktøy for sak og arkiv, plan, økonomi- og verksemdstyring, kvalitetsleiing, og HR og rekruttering. Ikkje minst har FRAM (kollektivt) lansert ny nettstadbutikk og ny app i 2023.
Fylkeskommunen når måla for regularitet og gjenståande køyretøy per ferjesamband, og også for kundetilfredsheit med FRAM. Det er også gjort nye tiltak for utvikle bestillingstransporten og betre trafikktryggleiken. Vi ligg etter målet for dekketilstanden og utbetring av tunnelar og ei kartlegging av vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane viser no at dette er auka til 16,8 milliardar kroner.
Ein viktig føresetnad for å ta del i det grøne skiftet, er å ha tilgang på klimanøytral energi. Fylkeskommunen har ein aktivt dialog med Statnett, regionale nettselskap og næringsliv for å stimulere til nettutbyggingsplanar og kapasitetstilgang.
5. Tvistar
Det blei i 2022 inngått eit forlik med Fjord1 i saka om rabattkompensasjon. Forliket innebar ei utbetaling til fylkeskommunen på 28,4 mill. kroner, og beløpet blei innbetalt i januar 2023. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner framleis å ha eit tilgodehavande mot Fjord1 på om lag 20,9 mill. kroner for årsoppgjera 2018 og 2019. Fjord1 meiner eit eventuelt krav for 2018 og 2019 er oppgjort i rabattkompensasjonsforliket. Fylkeskommunen er ueinig i dette, og tok i februar 2023 ut stemning i saka. Fylkeskommunen tapte saka, men har anka. Ankebehandlinga er venta å skje i mai 2024.
6. Likestilling, inkludering og mangfald
Tiltak som sikrar inkludering og deltaking for alle er prioritert av fylkeskommunen. Universell utforming handlar om at alle skal kunne delta på ein likeverdig måte. Våre rådgivande utval; eldrerådet, ungdomspanelet og rådet for likestilling av
funksjonshemma er viktige for å lykkast med dette. Desse har jamlege møte gjennom året og gir råd til utviklinga av fylkeskommunen. Universell utforming skal ligge i botn for vårt tenestetilbod på alle fagområde.
For å møte krava til universell utforming av offentlege nettstadar og digitale løysingar, har vi i 2023 utarbeidd tilgjengelegheitserklæring for nettsider knytt til fylkeskommunen. Vi har og gjennomført kurs i universell utforming av dokument til dei tilsette. Ved kjøp av nye digitale tenester og verktøy, som fylkeskommunen har behov for, blir det stilt krav om universell utforming.
Fylkesplan for Møre og Romsdal er overordna plandokument for all regional utvikling. Eit av resultatmåla er likestilling og inkludering med mål om reelle valmoglegheiter innanfor utdanning og arbeidsliv for alle.
All rekruttering til Møre og Romsdal fylkeskommune skal legge vekt på likestilling mellom kjønn og mellom minoritetar og majoritetar i alle delar av organisasjonen.
Grunnlaget for vurdering i all rekruttering skal vere:
- Utdanning, kompetanse, erfaring, kjønn og mangfald, jf. Lov om likestilling og forbod mot diskriminering.
- Likestilling og mangfald skal være ein del av vurderinga ved samansetting av team og organisasjon.
I rekrutteringsprosessen blir ikkje enkeltgrupper nemnd særskilt, men ved utlysinga av stillingar oppfordrar fylkeskommunen om at alle med relevant kompetanse er velkomne til å søke på alle stillingar. Leiarar med ansvar for rekrutteringa er også pålagt, og har ansvaret for, at all rekruttering er i tråd med krava i lova. Dette vert også poengtert ved tilsetting av nye leiarar.
Ved utgangen av 2023 var det i Møre og Romsdal fylkeskommune totalt 2675 tilsette fordelt på 2462 årsverk. Av desse var 1 653 kvinner (62 prosent) og 1 022 menn (38 prosent). Toppleiargruppa i fylkeskommunen, består av 5 kvinner og 5 menn. Kjønnsfordelinga i leiande stillingar er på 59 prosent kvinner og 41 prosent menn.
Møre og Romsdal fylkeskommune kartlegg kvart år lønnsforhold etter kjønn. Resultatet av kartlegginga publiserast i årsrapporten. Møre og Romsdal fylkeskommune har som målsetting at likt arbeid skal gi lik lønn uavhengig av kjønn.
Fylkeskommunen vedtok i 2023 ein handlingsplan for likestilling. I steg 1 inneheld planen innsatsområda, som vart anbefalt av Europakommisjonen og forskningsrådet. Kvart innsatsområde inneheld fleire delmål som konkretiserer og målrettar arbeidet med likestilling. Handlingsplanen vil i steg 2 vidareutviklast til å ta opp i seg alle områda som er nemnt i likestilling- og diskrimineringslova. Handlingsplan for likestilling skal sikre at alle arbeidstakarar skal ha like moglegheiter til arbeid, utvikling (fagleg og personleg), opplæring, avansement og lønsvekst uavhengig av kjønn.
HMS-system
Arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) inngår som ein del av den heilskaplege verksemdstyringa og kvalitetsarbeidet i fylkeskommunen. Styrande dokument for HMS-arbeidet og dokumentasjon på korleis vi følgjer dette opp inngår i fylkeskommunen sitt kvalitetssystem. Nytt kvalitetssystem vart tatt i bruk i 2023, og HMS-rammeverket er no implementert i dette.
Kvart år blir det utarbeidd ein eigen HMS-årsrapport som blir behandla i Hovudsamarbeidsutvalet (HSAMU). Rapporten vart behandla den 01.03.24 og er offentleg tilgjengeleg.
7. Styring og kontroll
I samsvar med i kommunelova har fylkeskommunedirektøren innretta verksemda på ein slik måte at den er underlagt forsvarleg styring og kontroll, derunder risikobasert, på alle ansvarsområde. Det er etablert heilskapleg verksemdsstyring med nødvendige styrande prosessar, dokument og delegeringar med bakgrunn i organisasjonsstrategien. I det daglege har kvar direktør ansvar for å etablere og følge opp styringsprosessar og styrande dokument som sikrar etterleving av regelverk innafor sitt fag- og tenesteområde. Fylkeskommunedirektøren har regelmessige møter med toppleiargruppa og stab.
Den heilskaplege verksemdsstyringa, som er etablert gjennom «Program nye digitale arbeidsformer», ivaretek dimensjonane planlegging, utføring, kontroll og korrigering (sjå under i figuren) i tråd med ISO 9001:2015. I programmet er det sju prosjekt. Dei har som felles mål å forbetre arbeids- og samhandlingsformene i heile organisasjonen, samt løyse lovpålagte krav knytt til internkontroll/eigenkontroll, informasjonssikkerheit og personvern, kommunikasjon, saksbehandling, arkiv og HR-prosessar. I 2023 har dei ulike prosjekta vore i implementeringsfase for oppstart og opplæring for bruk av nye verktøy og bruk av nye arbeidsmåtar og samhandlingsformer.
Figur 4 viser PUKK–hjulet som er den etablerte metodikken for kvalitetsarbeid – og internkontroll. Heilskapleg verksemdstyring/kvalitetsleiing inneber å «gjere dei rette tinga» og «gjere tinga rett»:
- Styre/leie arbeidsprosessane i samsvar med gjeldande lover og forskrifter på ein slik måte at vi kan nå måla i den regionale planstrategien og FN sine berekraftsmål.
- Lage planar for å gjennomføre politiske vedtak og rapportere på disse.
- Følgje opp alle verksemdsområda fylkeskommunen har ansvar for ved å sjekke tilstand (eigenkontroll/intern kontroll), vurdere behov og forbetringar, risikovurdere kva som er viktigast og prioritere tiltak/korrigeringar.
Program nye digitale arbeidsformer inneheld følgande 7 prosjekt:
- Informasjonsforvaltning og lagring
- Revisjons, kommunikasjons – og kanalstrategi
- Nytt intranett og nettsideutvikling
- Nytt sak– og arkivsystem, i tillegg kjem skjemamodul på plass våren 2024
- Verksemdstyringssystem
- Kvalitetssystem
- Heilskapleg HR-løysing (ny rekrutteringsløysing er på plass)
Fylkeskommunedirektøren er opptatt av å følge opp anbefalingane frå kontrollutvalet på bakgrunn av dei undersøkingar og forvaltningsrevisjonar som vart gjennomført i 2021- 2023.
For å gje betre oversikt over aktivitetane i den heilskaplege verksemdstyringa er det utvikla eit styringsårshjul der kvalitetsaktivitetar, intern kontroll, planaktivitetar, økonomiaktivitetar og HMS aktivitetar inngår. I verksemdstyringa er det lagt opp til tertialvis rapportering av økonomien i fylkeskommunen. Fylkesplanmåla med resultatmål og tilhøyrande måleindikatorar, vert rapportert tertialvis til administrasjonen og årleg til fylkestinget. Leiinga sin kvalitetsgjennomgang er etablert med tilhøyrande prosessar (i tråd med ISO 9001:2015) er gjennomført for første gang i 2023. Det er m.a. etablert eit eige fagnettverk for kvalitetsarbeid og intern kontroll som har kopling til fylkeskommunen si plangruppe.
8. Etikk
FN sine berekraftmål utgjer det overordna rammeverket for utviklinga av Møre og Romsdal som region og for organisasjonen vår. Det er ein føresetnad for berekraftig utvikling at det er tilgang til rettsvern for alle, med velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle område. Møre og Romsdal fylkeskommune sin visjon og verdigrunnlag er den raude tråden og den etiske grunnmuren som skal sikre fylkeskommunen, som ein velfungerande, ansvarleg og inkluderande institusjon. Det etiske reglementet konkretiserer korleis medarbeidarane skal opptre for å handle på ein måte som sikrar god etisk praksis.
Felles refleksjon over praksis som involverer både politisk nivå og tilsette, er ein føresetnad for at visjonen og verdigrunnlaget skal bli ein del av vår organisasjonskultur. Våre leiarar skal legge til rette for at tilsette er kjent med, og har forstått fylkeskommunen sitt etiske reglement. Leiarar har eit særleg ansvar for å tydeleggjere kva som er etisk forsvarleg åtferd, legge til rette for etisk refleksjon over praksis, og byggje ein kultur basert på openheit og tillit.
Med bakgrunn i fylkestinget sitt vedtak i sak om «Fylkeshuset AS sine kjøp av aksjar i R8Me – rapport» og organisasjonsstrategien vedtatt i oktober 2020, er det gjennomført ein samla revisjon av tidlegare etiske retningslinjer. Etter ein prosess som involverte toppleiargruppa og samarbeidsorgana med tillitsvalde, vedtok fylkestinget i desember 2023 det som no har fått status som etisk reglement. Reglementet gjeld for alle leiarar og tilsette. Fylkeskommunedirektøren har utarbeidd tilhøyrande rutinar, som skal sikre etterleving av reglementet. Til støtte for implementeringa er det utarbeidd ei verktøykasse for etisk refleksjon som inneheld case for dilemmatrening knytt opp mot sentrale tema i reglementet. Reglementet med tilhøyrande rutinar og verktøykasse legg eit godt grunnlag for forståing av kva som er god etisk praksis. Ein god etisk standard på alt vi gjer er avgjerande for at dei som tek i mot våre tenester, eller som vi samarbeider med, skal ha tillit til oss. Fylkestinget har vidare vedtatt at det i løpet av 2025 også skal utarbeidast eit eige etisk reglement for dei folkevalde.
9. Utfordringane framover
Møre og Romsdal fylkeskommune har store utfordringar i åra som kjem. Dei viktigaste utfordringane kan vi summere opp slik:
- På grunn av den høge lånegjelda er Møre og Romsdal fylkeskommunen spesielt utsett for endringar i rentesatsen. I løpet av 2023 har Norges Bank auka styringsrenta frå 2,75 prosentpoeng til 4,5 prosent. Styringsrenta vil truleg ligge på dette nivået ei god stund framover.
- Nytt inntektssystem vart vedteke i 2023. Møre og Romsdal var eit av dei fylka som ikkje fekk redusert inntektsramme. Inntektssystemet skal evaluerast på nytt allereie i 2027.
- Fylkeskommunen slit framleis med at prisveksten, spesielt på samferdsel, ikkje vart full ut kompensert i 2022. Indeksane har vore høge også i 2023, men vart i stor grad dekt av justeringa av prisveksten i revidert statsbudsjett våren 2023. Kostnadane på drift- og vedlikehald av vegane har auka betydeleg dei siste åra, noko som gjeld heile landet. Ikkje kompensert prisvekst, fører til at tenestenivået må reduserast dei komande åra for å kompensere for dei auka kostnadane.
- Risiko knytt til svingingar i kostnadsindeksar på buss-, hurtigbåtar- og ferjekontraktar.
- Det er stor usikkerheit knytt til korleis finansieringa av dei resterande sambanda vil vere, etter at krav til nullutslepp i ferjedrifta kjem i 2027. Møre og Romsdal fylkeskommune vil i perioden 2018-2026, etter at 10 av 20 ferjesamband er hybridelektrifiserte, ha brukt om lag 750 mill. kroner (nominelle kroner) til infrastruktur knytt til miljøteknologi på sine ferjekaier. Ein stor del av dette beløpet er ikkje kompensert av Staten.
- Inntektene til kollektivt har gått betydeleg ned dei siste åra. I 2023 er inntektssvikten på 63 mill. kroner. Sjølv om talet på reisande no er tilbake på om lag same nivå som før pandemien på buss og ferje, så er inntektene lågare. Når det gjeld hurtigbåt er passasjertalet lågare enn før pandemien. Det kan sjå ut som at dei reisande har endra reisemønster, noko som har ført til at inntektene har gått ned.
- Møre og Romsdal fylkeskommune har ikkje store nok rammetilskot til å redusere, eller halde vedlikehaldsetterslepet på fylkesveg uendra (asfalt, vegforsterkning og liknande). Kartlegginga frå hausten 2023 viser at det vil koste om lag 16,8 mrd. kroner å fjerne etterslepet.
- Manglande statleg dekning av auka ferjekostnader (m.a. som følgje av overgangen til miljøteknologi).
- Etterleve tunnelsikkerheitsforskrifta
- Risiko knytt til klimaendringar, dvs. auka skredaktivitet (jordskred, flaumskred og sørpeskred).
- Klima- og miljøutfordringane – «det grøne skiftet» krev store investeringar mellom anna innan samferdselssektoren.
- Bygningsmassen er i hovudsak i god teknisk stand. Likevel har enkelte skolebygg til dels store behov for opprusting.
- Demografiske endringar – aldrande befolkning og for fylkeskommunen sin del, mindre overføringar frå staten pga. færre ungdommar i alderen 16-19 år.
- Teknologiutvikling/digitalisering krev nye arbeidsformer og nye verktøy.