- Forside
- Resultat og aktivitetar
- Inkluderings- og kompetansefylket
Inkluderings- og kompetansefylket
Møre og Romsdal skal vere eit attraktivt og mangfaldig fylke der folk vel å bu
Oppsummering av status for 2023:
Fylkeskommunen har etter folkehelselova eit definert ansvar for oppfølging av kommunane. I 2023 er dette mellom anna følgt opp med nye God helse-samarbeidsavtaler med kommunane. Det er også utarbeidd og publisert ny oversikt over folkehelsa. Denne gir kunnskap om levekår og helseutfordringar i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal har aldri hatt høgare gjennomføringstal for vidaregåande opplæring. Det er også auke i gjennomførte karriererettleiingar, der ukrainarar var ei stor målgruppe. Målet om 1 300 nye lærekontraktar vart nådd med god margin. Men det er ein liten nedgang i del elevar som har fullført og bestått skoleåret, det er også nedgang i tal elevar som får oppfylt førsteønske om utdanningsprogram, og fråværet i vidaregåande skole er høgare enn måltalet.
Fylkeskommunen har frå 2020 fått auka ansvar for kompetansetilbodet i fylket, og i desember vedtok fylkestinget Fylkesstrategi for kompetanse. Strategien gjer det tydeleg korleis ulike regionale aktørar skal samarbeide om å sikre næringslivet og offentleg sektor kompetansane vi treng.
Gjennom ordninga Den kulturelle skolesekken har kulturtilbod nådd ut til alle barn og unge i fylket, 41 000 elevar fekk eit tilbod i 2023, 82 produksjonar har vore på vegen.
Den offentlege tannhelsa har også i 2023 arbeidd med å ta att etterslep som følgje av pandemien og er nær målsettingar som er sett for dekningsgrad for dei ulike målgruppene. Det er målt dårlegare tannhelsa for 3 av 5 indikatorårskull. Ei ny oppgåve i 2023 var å etablere rabattert med 25 prosent eigenbetaling for unge vaksne i alderen 21 til og med 24 år. Det vart gjennomført ei vellukka rekrutteringskampanje som gav 20 nye tannbehandlarar.
Talet på kollektivreiser var 9 prosent høgare i 2023 enn 2019, før koronapandemien. Det er særleg bybussane i Ålesund og Kristiansund som har auke. Molde hadde nedgang samanlikna med 2019. Andelen periodebillettar har auka, noko som gir lågare inntekter for fylkeskommunen, men er positivt for å auke kollektivbruken.
Saman med kommunane og næringsliv har fylkeskommunen vore med å realisere sentrumsutviklingsprosjekt i både byar og tettstader. Fylkeskommunen har bidratt med kompetanseheving på alt frå parkering til rekkehus og innkjøp av arkitektkompetanse. Rammene for det vidare arbeidet er lagt i Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader som vart vedtatt av fylkestinget i april.
Også i 2023 førte innvandring til at vi nådde målet om at fleire skal busette seg i Møre og Romsdal. Om lag 2 750 flyktningar vart busett i kommunane i Møre og Romsdal i fjor, blant desse ca 2 550 frå Ukraina. Folketalet i fylket auka med 2 259 personar eller 0,8 prosent og passerte dermed 270.000.
Møre og Romsdal skal ha nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer god fysisk og psykisk helse, og er prega av tillit, tilhøyrsle, tryggleik og tilgjenge
- God helse-samarbeidet vart evaluert og avtalane revidert våren 2023. Det ble starta inngåing av ny samarbeidsavtale for 2024-2027 med alle kommunane i fylket hausten 2023. Innan mars 2024 vil alle kommunane i fylket ha samarbeidsavtale.
- «Folkehelsa i Møre og Romsdal 2023» vart revidert og publisert våren 2023. Dokumentet gir ei oversikt over helsetilstand og utfordringar i fylket. Det var identifisert tre hovudutfordringar i fylket: sosial ulikskap i helse, utanforskap og psykisk helse.
- Det er satt i gang seks tiltak i Folkehelseprogrammet og eit av tiltaka blei avslutta i 2023 (Vanylven). Sentrale tema i programmet er livskvalitet, rusførebygging, psykisk helse og barn og unge.
- Vi arrangerte saman med Statsforvaltaren og Møre og Romsdal idrettskrets konferansen “Aktiv heile livet!”. Tema for folkehelsekonferanse var livslang helse, sosial inkludering og psykisk helse.
- Møre og Romsdal har færre trafikkulykker, samanlikna med 2022. Dette er betre enn tala for resten av landet. Talet på personskade her i fylket, gjekk ned frå 162 til 122, medan talet på drepne var uendra frå året før (tre personar). Talet på hardt skadde gjekk ned frå 30 personar i 2022 til 22 personar i 2023.
Møre og Romsdal skal ha ei tannhelseteneste med god kvalitet, pasienttryggleik og høg kompetanse, som gir prioriterte grupper god tannhelse
- Dekningsgraden for den største pasientgruppa, barn og unge 3-18 år, var 96 prosent i 2023 og nærmar seg måltalet på 97 prosent.
- Også for eldre og uføre i institusjon har dekningsgraden auka. 85 prosent i denne pasientgruppa er no under tilsyn, og vi nærmar oss måltalet på 90 prosent.
- Dekningsgraden for desse to pasientgruppene er på veg opp etter nedgangen som var ein konsekvens av strenge smitteverntiltak og restriksjonane på behandlingsomfanget i pandemiåra mellom 2020 og 2022. For eldre og uføre i heimesjukepleie ligg dekningsgraden i 2023 på 72 prosent, som er godt over måltalet på 65 prosent.
- Den offentlege tannhelsetenesta har frå mars 2023 etablert eit rabattert behandlingstilbod med 25 prosent eigenbetaling for unge vaksne i alderen 21 år til og med fylte 24 år.
- Tannhelsetilstanden, målt i førekomst av karies, har blitt litt dårlegare for indikatorårskulla 3-, 5- og 15-åringar i 2023. For 12-åringane ser vi ein liten reduksjon i karies, medan 18-åringane ikkje har endring i tannhelsetilstanden frå føregåande år.
- Tannhelse for dei to yngste indikatorårskulla (3- og 5-åringar) er betre enn gjennomsnittet for fylka. Dei andre indikatorårskulla har dårlegare tannhelse enn fylkesgjennomsnittet.
- 18 nye tannhelsesekretærar er utdanna i 2023 i fylkeskommunal regi i eit samarbeid mellom tannhelsetenesta og BORK karriere og kompetanse ved Borgund VGS. Utdanningstilbodet er oppretta for å møte ei auke i etterspurnaden i offentleg og privat tannhelseteneste etter autoriserte tannhelsesekretærar.
- Rekrutteringskampanjen våren 2023 har vore ein suksess, med tilsetting av 20 nye behandlarar. Så godt som alle ledige stillingar er besatt ved utgangen av 2023.
- Alle nær 200 tilsette i tannhelsetenesta var samla til fagleg påfyll, dialog og erfaringsutveksling 19. og 20. september i Geiranger.
- Sjukefråveret er 10,6 prosent, og ligg framleis over måltalet på 7 prosent. Fråveret ligg likevel under gjennomsnittet for den offentlege tannhelsetenesta i landet (11,6 prosent).
Møre og Romsdal skal ha spesialisthelsetenester med høg kvalitet som gjer at innbyggarar i alle delar av fylket er trygge på at dei får nødvendig helsehjelp når dei treng det
- Fleire av tenesteområda i fylkeskommunen samarbeider med helseføretaket i si oppgåveløysing, dette gjeld folkehelse, planlegging, samferdsel, tannhelse, utdanning og forsking.
- Helse Midt og Helse Møre og Romsdal deltok på nyttårskonferansen, og Helse Møre og Romsdal er medlem av referansegruppa for den regionale samarbeidssatsinga Møre og Romsdal 2025.
- Kompetansesenter for rusfeltet i Midt-Norge (KORUS midt), Seksjon Møre og Romsdal, deltek i Folkehelseprogrammet som fylkeskommunen koordinerer. KORUS er ansvarleg for UNG DATA undersøkinga, den skal gjennomførast i alle kommunane i fylket våren 2024. Her er det også eit samarbeid med fylkeskommunen.
Møre og Romsdal skal ha eit utdannings- og kompetansetilbod som møter behova i samfunnet og fører til inkludering, integrering, verdiskaping, nytenking og livslang læring
- Det er utarbeidd og vedtatt fylkesstrategi for kompetanse, i samhandling med utdanningsinstitusjonar, offentleg sektor og næringsliv (fylkestingssak 112/23).
- 83 prosent av elevane som starta i vidaregåande opplæring i 2016 har fullført med studiekompetanse etter 5 år eller yrkeskompetanse etter 6 år. Dette er lågare enn målet på 85 prosent, men er likevel det høgste gjennomføringstalet for Møre og Romsdal nokon gong.
- 88,2 prosent av elevane har fullført og bestått skoleåret. Dette er ein nedgang frå 89,6 prosent året før og er lågare enn målet på 90 prosent. Dette vil føre til lågare gjennomføringstal på 5 og 6 år.
- 84 prosent av søkarar med ungdomsrett fekk oppfylt primærønsket sitt om val av utdanningsprogram, dette er noko lågare enn målet på 90 prosent og ein nedgang frå 89 prosent i 2022.
- Fråværet i vidaregåande skole skoleåret 2022/2023 var 6,6 prosent. Dette er høgare enn målet på 4,5 prosent.
- 1 580 ungdommar har fått lære- og opplæringskontrakt i 2023, noko som er godt over målsettinga på 1300 .
- Resultat frå elevundersøkinga viser at elevane får god støtte frå lærarane.
- Fylkeskommunen har gjennomført 688 ordinære karriererettleiingar, 488 karriererettleiingar for flyktningar og karriererettleiing i grupper for til saman 408 ukrainarar.
- Minst 80 prosent av søkarane til vidaregåande opplæring for vaksne har fått tilbod om opplæring.
- Minst 60 prosent av vaksne som startar på eit opplæringstilbod har fullført, og signala tyder på at gjennomføringsprosenten er god (tal kjem i juni).
- Fylkeskommunen har via Campusprosjektet hjelpt Høgskulen i Volda i deira arbeid med å etablere lærarutdanning i Kristiansund. Frå hausten 2023 er det etablert PPU-tilbod og prosjekt for ny lærarutdanning frå 2024 er i gang.
- Prosjekt for nye utdanningar på Campus Kristiansund har fått Oslo nye Høgskule til å etablere tilbod i Kristiansund frå 2024.
- Det er tildelt fylkeskommunale midlar til fire samarbeidsprosjekt i arkiv, bibliotek og museumssektoren. Mål for alle prosjekta er å ta i bruk nye arenaer, vise fram kultur og historie frå fylket og bidra til å bygge lokal og regional tilknyting.
- I ADA-prosjektet testar ein ulike arena innan kunst- og realfag der skoleelevar får undervisning i tråd med måla i læreplan utanfor skolen. Tilboda er anten bredde- (til alle), eller spisstilbod til elevar med spesielle talent, interesse eller behov.
- Fire kommunar har i 2023 arrangert forfattarmøte på biblioteket og i den kulturelle skolesekken har inntil 10 besøk i den kulturelle skolesekken vore på eit av musea i regionen.
- I løpet av 2023 har om lag 41 000 elevar i grunnskolen og den vidaregåande skolen hatt besøk av Den kulturelle skolesekken. 82 produksjonar har vore på vegen, 20 av desse var valfrie tilbod som skolane sjølv har bestilt.
Møre og Romsdal skal ha inkluderande og trygge byar- og tettstader med særpreg, som tilbyr gode bumiljø og offentlege rom, attraktive arbeidsplassar, eit variert kultur- og tenestetilbod, og miljøvennleg transport
- Fylkestinget vedtok Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstadar i april (fylkestingssak 6/23)
- I program for berekraftig by- og tettstadutvikling er fem byrom og møteplassar ferdigstilt i 2023 (Aure, Molde, Langevåg, Ørsta, Volda). Ein eigen rapport frå programmet, blir lagt fram for Kultur- og folkehelseutvalet 13. mars.
- Program for berekraftig by- og tettstadutvikling arrangerte by- og tettstadseminar i Kristiansund 13.-14. juni 2023 som samla 126 deltakarar frå kommunane og regionale statsetatar.
- Det vart gjennomført seks frukostwebinar med ulike tema innan by- og tettstadutvikling i 2023.
- Vi har fulgt opp Averøy kommune som har kome inn som ny deltakar i GNIST-ordninga til Doga i 2023.
- Program for berekraftig by- og tettstadutvikling har i 2023 løyvd tilskot til 11 prosjekt i Tettstadprogrammet, og 11 prosjekt i Byen som regional motor.
- Program for berekraftig by- og tettstadutvikling har skrive læringsartikkel i samarbeid med Distriktssenteret, som er nasjonalt publisert.
- Fylkeskommunen og Statsforvaltaren tok initiativ overfor Aure og Smøla og bidrog til at dei søkte om bygdevekstavtale. I januar 2024 fekk dei positivt svar på søknaden, fylkeskommunen vil følgje opp arbeidet.
- Program for berekraftig by- og tettstadutvikling har drive rådgivingsarbeid i kommunane, vore førespurt både regionalt og nasjonalt om å halde foredrag om by- og tettstadutvikling.
- Fylkeskommunen har igjennom innlegg og foredrag formidla særpreget og utviklingshistoria til gjenreisingsbyane Molde, Kristiansund og Åndalsnes, og deltek i arbeidet med ny fargepalett for Åndalsnes.
- Det vart delt ut ti kunstnarstipend i 2023 på til saman 1 million kroner. I tillegg vart det delt ut tilskot for til saman 1 620 000 kroner til 34 ulike prosjekt innan profesjonell kunst og kultur.
- I samarbeid med Trøndelag fylkeskommune er det utarbeidd ein rettleiar for kommunar for kunstprosjekt i offentlege rom.
- Dagsturhytteprosjektet Stikk innom! har i 2023 utvikla skissekonsept for ei dagsturhytte og ein gapahuk. Kultur- og folkehelseutvalet gjorde i november vedtak om å gå vidare med prosjektet.
- Talet på kollektivreiser med buss (utan skoleskyss) har auka med 9 prosent samanlikna med 2019. Her er det spesielt bybussane i Ålesund og Kristiansund som dreg opp snittet med 23 og 9 prosent auke.
- Innføring av bompengar i Ålesund og ruteendringar både i Ålesund og Kristiansund i perioden har nok vore ein sterk bidragsytar til den positive utviklinga for bussreiser. I tillegg ser ein at delen av periodebillettreiser har auka frå 54 prosent i 2019 til 65 prosent i 2023.
- Talet på reiser med hurtigbåt (utan skuleskyss) har auka med 3 prosent samanlikna med 2019, kor Langevågsruta utpeikar seg med ein auke på over 14 prosent.
Møre og Romsdal skal ha eit kultur og fritidstilbod som er relevant og tilgjengeleg for alle, og frivillige lag- og organisasjonar som skaper mangfald og engasjement
- Litteraturhus i Møre og Romsdal er eit viktig strategisk grep for litteraturformidlinga i fylket. Saman med Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum og folkebiblioteka i alle kommunane, er det gjennomført 111 arrangement i 2023
- Det er gjennomført 15 kompetansehevande tiltak for bibliotektilsette i fylket, for eksempel kurs i det å leie forfattarsamtalar, kurs i lesarsørvis til barn og vaksne, introduksjonskurs for nye biblioteksjefar, ABM-konferanse og biblioteksjefmøte.
- Gjennom den ti-årige satsinga UNG kunst og kultur, stimulerer vi til at ungdom får fleire arenaer og møtestader til å uttrykke seg, lære, erfare og utvikle seg gjennom digitale media. I 2023 vart det tildelt midlar til fem prosjekt til utvikling av møteplassar for datakultur.
- Fylkeskommunen deltok med innlegg om seniorgaming – eit samarbeid mellom bibliotek og frivillige organisasjonar på konferanse for medverknadsorgan.
- UKM fylkesfestival vart i 2023 arrangert i Herøy kulturhus og var eit samarbeid mellom Herøy kommune, Sande kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. 210 ungdommar frå 18 kommunar deltok på fylkesfestivalen.
- 89 søknader om arrangørtilskot til innleige av profesjonelle frilansmusikarar har blitt innvilga. Dette stimulerer samspelet mellom den profesjonelle og den frivillige kulturen.