- Forside
- Resultat og aktivitetar
- Samarbeidsfylket
Samarbeidsfylket
Møre og Romsdal skal vere eit føregangsfylke på samarbeid
Oppsummering av status for 2023:
Fylkeskommunen er bindeleddet i norsk forvaltning og har i 2023 gjennomført ein rekke møteplassar og tilbod for å få til samarbeid, kompetanseutvikling og felles tiltak i Møre og Romsdal. Viktige samarbeidsaktørar er kommunane, Statsforvaltaren, andre statsetatar, kulturinstitusjonar, FoU-miljø og organisasjonar i arbeidslivet og frivilligheita. Digitale plattformar har auka deltakinga på desse felles arrangementa. I 2023 var utanforskap, integrering, tilbod til eldre, sirkulærøkonomi og utvikling av folkebiblioteka tema som fekk auka merksemd.
Fylkeskommunen som byggeigar er viktig samarbeidsaktør for utviklingsprosjekt i kommunane, og viktige felles prosjekt i 2023 har vore Campus Kristiansund, Sørsida i Ålesund og ny Ørsta vidaregåande skule og kulturhus.
I trafikktryggingsarbeidet er det også vektlagt samarbeid med andre aktørar, for eksempel gjennom konseptet Trafikksikker kommune og sykkelopplæring i 15 grunnskolar. For tannhelse er dei 2 394 timane med førebyggande arbeidet utanfor klinikkane og 242 besøka i helseinstitusjonar viktig samhandlingsarenaer med kommunane.
Det internasjonale samarbeidet har teke seg opp att etter pandemien, fylkeskommunen har deltatt i europeiske nettverk, interesseorganisasjonar, prosjekt og utvekslingar. Dette femner eit breitt spekter av tema, alt frå kompetansebehov i skipsbyggingsindustrien til bruk av kulturminne, gründerhjelp for ukrainarar, visualisering av klimaendringar i planlegging og ungdomsmedverking.
Det er i 2023 gjort fleire grep for å forbetre informasjonen frå fylkeskommunen, mellom anna har vi fått nye internettsider, det blir sendt ut nyheitsbrev kvar fredag og det er laga podkastar om dei store samfunnsutfordringane.
Ein viktig jobb for demokratiet i 2023 var å legge til rette for, gjennomføre og kontrollere kommune- og fylkestingsvalet. Det er også gjennomført ein brei medverknadsprosess for ny fylkesplan.
Møre og Romsdal skal utvikle eit tettare og meir forpliktande samarbeid mellom offentlege aktørar, frivilligheit, næringsliv og kulturliv for å følgje opp FNs berekraftsmål
- Møre og Romsdal 2025 arrangerte for femte gong Nyttårskonferansen for toppleiarar frå alle tre forvaltningsnivåa i Møre og Romsdal 10-11. januar. Alle kommunane deltok, dei fleste både med ordførar og kommunedirektør. I tillegg deltok leiinga frå 25 andre statlege aktørar.
- Fylkeskommunen har bistått Ålesund kommune med å etablere Klimapartner, med mål om å jobbe saman med verksemder om det grøne skiftet.
- Det er gjennomført seks webinar om forholda mellom berekraftsmåla, berekraft i det politiske landskapet, verktøy i plan- og styringsprosessar og berekraftig areal- og naturforvaltning.
- Det er gitt samordna uttale til 1 218 plansaker, der søknader om dispensasjon frå kommuneplan og reguleringsplan utgjorde omlag 920. Det er reist motsegn til 34 saker, fire færre enn i 2022.
- Saman med Statsforvaltaren har vi sendt ut fire nyheitsbrev til planleggarar i kommunane. Du finn nyheitsbrev om plan på mrfylke.no
- Vi har saman med Distriktssenteret og Statsforvaltaren utarbeidd eit nytt opplegg for opplæring i plan for kommunepolitikarar, der korte opplæringsfilmar er ein del av tilbodet. Du kan lese meir om opplæringsfilmane på mrfylke.no
- Fylkeskommunen har arbeidd med prosjektet “Bibliotek og berekraft i Møre og Romsdal” saman med folkebiblioteka i kommunane Sunndal, Hareid, Sula og Ålesund.
- Vi deltek i det nasjonale samarbeidsprosjektet “Formidlingskompetanse i folkebibliotek”, eit prosjekt som utviklar og utvekslar kompetanse på tvers av fylkesgrensene gjennom digitalt samarbeid.
- Vi har etablert eit årleg møte for eigarar av freda hus og anlegg i Møre og Romsdal, med Foreningen Fredet og fylkeskommunen som regional kulturmiljømynde.
- Vi har laga ein avtale om forvaltning og overføring av tilskot til kommunane som forvaltar den historiske postvegen som går frå Bergen til Trondheim. Les meir om Den Trondhjemske postvei på postvei.no
- Vi har i 2023 samarbeidd med Statsforvaltaren, aktørar frå frivillig sektor og Møre og Romsdal idrettskrets i Folkehelseforum. Her blir ulike folkehelsetema løfta opp og det genererer samarbeid rundt konferansar, samlingar og kunnskapsinnhenting.
- Det er gjennomført FrivilligFORUM der fylkeskommunen samlar frivillige organisasjonar og kommunalt tilsette.
- Fylkeskommunen samarbeider med dei to fotballkretsane i fylket, idrettskretsen og Statsforvaltaren om konsekvensane av forbodet som kjem mot omsetting av gummigranulat. Dette får følger for rundt 150 banar i fylket.
- Vi samhandlar med Ålesund kommune og Sørsiden AS om utvikling av sørsiden i Ålesund. Prosjekt er i startfasen og mange aktørar vil bli involvert for å utvikle området.
- Saman med Volda kommune jobbar vi med utviklinga av Aasenkvartalet ved Høgskulen i Volda. Aasenkvartalet er meint som eit kompetansesenter for å utvikle nye næringar med utgangspunkt i lokal kompetanse bygd på mellom anna forsking ved Høgskulen i Volda.
- Ørsta kommune og fylkeskommunen samhandlar om utvikling av Ørsta videregåande, kulturbygg og andre skolebygg.
- Samferdselsområdet har i løpet av 2023 gjennomført møte med fleire aktørar, mellom anna med andre fylkeskommunar, kommunar, departement, ulike statlege etatar, forskingsinstitusjonar og andre organisasjonar, leverandørar og entreprenørar. Eksempel på dette er møte i forskingsprosjektet SUSTAIN og møte knytt til Bypakke Kristiansund.
- Samferdselsområdet er fast deltakar i fleire forum med andre fylkeskommunar, som til dømes Vestlandsrådet, Samarbeidsforum for samferdsel mellom Møre og Romsdal og Trøndelag, og Jernbaneforum for Dovre- og Raumabanen.
- Fylkeskommunen har eit ansvar for å tilrå og samordne tiltak som fremmer trafikktryggleik. Samferdselsområdet vurderer trafikktryggleik i alle saker på offentleg ettersyn og dispensasjonssaker på høyring.
- I 2023 behandla plan- og trafikkseksjonen 1 218 saker etter plan- og bygningslova og sendte i tillegg ut 2263 brev knytt til forvaltning av vegnettet og som svar på førespurnader frå publikum.
- Innanfor det haldningsskapande trafikksikkerheitsarbeidet har det i 2023 vore lagt særleg vekt på samarbeid med andre aktørar. Eksempel på dette er å informere kommunar informere om konseptet «Trafikksikker kommune».
- Vi har vore på 15 skolebesøk i samband med prøveprosjekt med praktisk sykkelopplæring i grunnskolen i samarbeid med m.a. Trygg Trafikk, NAF og Syklistenes Landsforening.
Møre og Romsdal skal samordne dei offentlege ressursane og kompetansen for å møte samansette behov hos eldre, barn og unge, innvandrarar, personar med nedsett funksjonsevne og andre utsette grupper
- Møre og Romsdal 2025 deltok i eit forprosjekt i regi av KS sitt Partnarskap for radikal innovasjon med mål om å skape betre moglegheiter og system for unge menneske i overgangen frå ungdom til ung vaksen. Basert på arbeidet ble det utarbeidd ein prosess skildring for korleis ein kan arbeide med systemiske problem med ungt utanforskap «Frå ungdom til ung vaksen».
- Saman med Nordland fylkeskommune og Nordlandsforskning har Møre og Romsdal 2025 starta eit forprosjekt for å undersøke risikofaktorar for langvarig utanforskap frå skole og arbeidsliv. Prosjektet er det første som undersøker risikofaktorar i Norge.
- Saman med Statsforvaltaren bidrog Møre og Romsdal 2025 til to samlingar i Levekårsnettverket.
- Møre og Romsdal 2025 har etablert månadlege møte for å koordinere arbeid mot utanforskap med deltakarar frå ulike avdelingar i fylkeskommunen, KS, statsforvaltaren, NAV og Høgskolen i Molde.
- Vi leverte rapporten «Utgreiing om arbeid mot ungt utanforskap i Møre og Romsdal fylkeskommune» basert på fylkestingsvedtaket i fylkestingssak 56/23 "strategisaka" på tvers av avdelingane. Du kan lese meir i fylkestingsak 100/23.
- Saman med KS Møre og Romsdal og NAV arbeidslivssenter deltek vi i eit samarbeid for å styrke kommunane som arbeidsgivarar for unge i utanforskap.
- Vi har gjennomført to prosessar og sendt anbefaling om busetting av flyktningar til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.
- I samarbeid med andre regionale myndigheiter har vi gjennomført fleire møte med kommunane for å auke kompetansen om integrering. Sjå sak 20/24 i fylkesutvalet.
- Gründertenesta hoppid.no, NAV og kommunar har gjennomført to pilotar retta mot ukrainske kvinner som vil starte eigen bedrift. Du kan lese meir i artikkelen Hjelper ukrainske kvinner til å starte bedrift (mrfylke.no)
- Tannhelsepersonell utførte 2394 timar førebyggande arbeid utanfor klinikkane i 2023, som er ein nedgang frå 2022. Nedgangen frå 2022 skuldast både vakanse i tannpleiarstillingar og auka vekt av screening på klinikkane for å redusere etterslep.
- Tannhelsepersonellet sin besøksfrekvens på helseinstitusjonane nærmar seg målet for den eldste pasientgruppa, målet er totalt 254 besøk og er sett i “Strategi og tiltaksplan for folkehelsearbeidet.
- I Folkehelseprogrammet er det arbeidd med ei langsiktig styrking av kommunane sitt arbeid med å fremme befolkninga si helse og livskvalitet. Barn og unge, psykisk helse og rusførebygging er sentrale tema.
- Vi har deltatt i eit forprosjekt om styrketrening for eldre saman med Høgskolen i Molde, Kristiansund og Molde kommunar.
- Vi har eit tett samarbeid med folkebiblioteka i kommunane om felles innkjøpssamarbeid for e-bøker, inkludert felles finansiering og innkjøpsgruppe, koordinering og møteverksemd.
- Vi deltar i prosjektet Digin/Bibliotek24 som er eit felles nasjonalt innkjøpssamarbeid for digitale innhaldstenester i folke- og vgs-biblioteka.
- Det vart delt ut to millionar kroner til kommunar gjennom ordninga Den kulturelle spaserstokken. Målet med ordninga er å sørge for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre og medverke til at eldre får eit tilpassa kulturtilbod.
- Eldrerådet, rådet for personar med nedsett funksjonsevne og ungdomspanelet gjennomførte fellessamlinga “Eit samfunn for alle – korleis kan vi medverke” i desember.
- Det vart i 2023 tildelt tilskot til ulike prosjekt for integrering av flyktningar i Møre og Romsdal. Innhaldet i prosjekta har vore svært variert, alt frå sjakk, symjemetrening, innkjøp av e-sport- utstyr, Jonsokfeiring, å få med flyktningar på ulike festivalar med meir.
Møre og Romsdal skal samarbeide med europeiske interesseorganisasjonar og aktørar for å bidra til politikkutforminga i EU, hente kunnskap og midlar til utviklingsprosjekt, samt etablere samarbeid med eit «vennskapsfylke» om berekraftmåla i EU
- Nær alle vidaregåande skolar i fylket har gjennomført internasjonale aktivitetar i 2023. EU-programmet Erasmus+ er heilt sentralt for det internasjonale engasjementet, og fylkeskommunen saman med skolane, fekk tildelt over 12 mill. kroner totalt til samarbeidsaktivitetar i Europa. Du kan lese meir om Erasmus+ på rbnett.no
- Borgund vgs. vart tildelt Willy Brandt-prisen for sitt årelange samarbeid med tyske partnarar innanfor yrkesfag. Du kan lese meir på nettsida til Willy Brandt stiftinga
- Gjennom Erasmus+ prosjektet LeaderSHIP skal vi samarbeide om kompetansebehova i europeisk skipsbyggingsindustri. Dette er eit prestisjetiltak i Erasmus+ som samlar 19 nøkkelaktørar i Europa.
- EU-prosjektet DistanceLAB starta opp. Prosjektet skal utvikle digitale verktøy som skal gjere bedrifter betre på å få til fjernarbeid for samhandling og samskaping. Erfaringar frå lokalt næringsliv og klynger er henta inn, og 12 verktøy er klar for uttesting.
- I EU-prosjektet BSI_4Women samarbeider fylkeskommunen med næringslivet om eit inkubasjonsprogram for ukrainske flyktningar, med fokus på kvinnelege entreprenørar. mrfylke- lenke
- I Prosjektet Capital of Dacia – Living museum of European Cultural Heritage, med varigheit 2022-2024, har Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Hunedoara fylke i Romania arbeidd med tema «Involving local citizens in the creation of cultural heritage assets» og «Revitalizing the monuments for younger generations».
- Fylkeskommunen er aktiv deltakar i EU-nettverket Circular Citites and Region Initiative (CCRI) gjennom prosjektet Berekraftsfylket, og deltar i tre arbeidsgrupper med forankring på tvers av avdelingar; ressurshandtering, bygg og anlegg og industriell symbiose.
- CREST er eit EU-prosjekt i Berekraftsfylke-satsinga, og der vi på visualisering av klimaendringar i kystbyar som et samfunnsplanleggingsverktøy. Det er arrangert workshopar og ei omfattande byundersøking om kristiansundarar sitt forhold til klimaendringar. Prosjektet er løfta fram av Norges Forskningsråd som eksempel på godt samarbeid mellom kommune og fylkeskommune på EUs samfunnsoppdrag på klimatilpassing.
- Ung-koordinator deltok på Partnerfinding-seminar i Tblisi, Georgia og Oslo i regi av Erasmus+ Norge/Bufdir. Dette endte i to søknadar om gjensidig ungdomsutveksling med partnarar i Vesterålen i Noreg, i Moldova og Armenia. Tema for søknadane er elevrådsarbeid og berekraft. Begge søknadane fekk tilsegn, og utvekslinga vil bli gjennomført i løpet av 2024.
- Det vart levert ein søknad for ungdomsmedarbeidarar med partnarar i Finland, Sverige og Danmark. Tema for denne søknaden var ungdomsmedverking på nasjonalt nivå. Prosjektet blir gjennomført i løpet av 2024.
- Ung-koordinator søkte òg om, og fekk plass på eit kurs i regi av Erasmus+ om kvalitet i søknadsprosess og gjennomføring av Erasmus+-prosjekt. Kurset er i januar 2024.
- Vi deltek i Nordregio si arbeidsgruppe Green and Inclusive Urban Development in the Nordics (2021-2024)
- Det er utarbeidd ei eiga sak om fylkeskommunen sitt internasjonale engasjement og politisk deltaking som vart behandla i fylkesutvalet i februar 2024 ( sak 21/24).
- Årsrapport for internasjonalt arbeid 2023 blir lagt fram for fylkesutvalet 8. april
Møre og Romsdal skal ha eit levande lokaldemokrati der alle innbyggarane, uansett bakgrunn, kan vere med å påverke det offentlege tenestetilbodet og delta i utforminga av sine lokalsamfunn
- Det er gjennomført ein brei medverknadsprosess for ny regional planstrategi og fylkesplan som skal vedtakast av fylkestinget i juni 2024. Du kan lese meir om arbeidet med regional planstrategi og ny fylkesplan på mrfylke.no
- Det vart i vår utarbeidd kunnskapsgrunnlag til ny regional planstrategi og fylkesplanen, i tillegg kunnskapsgrunnlag for plansamarbeidet på Nordmøre.
- I 2023 utvikla og lanserte vi ny brukarorientert nettside for Møre og Romsdal fylkeskommune, mrfylke.no.
- I 2023 tok vi initiativ og gjennomførte nasjonal kampanje for auka valdeltaking ved kommune og fylkestingsvalet. Vidare laga vi ein podkast frå ein av skoledebattane i forkant av valet.
- Fylkesvalstyret godkjente 16 listeforslag til fylkestingsvalet 2023. Det var 210 629 som hadde rett til å stemme ved valet i Møre og Romsdal valdistrikt. Frammøteprosenten ved valet var 56,6 prosent
- Vi streama dei fire fylkestingssamlingane, og enkelte møte i utval som har vore gjennomført som fjernmøte jf. Kommunelova § 11-7.
- Vi har laga fleire podkastar med ulike tema knytt til samfunnsutvikling og vi har laga podkastintervju med den nye fylkesordføraren.
- Vi har utvikla og køyrt ei kampanje "Trill terning” i sosiale medium, der vi gjennom spørjeskjema, har oppmoda innbyggarar om å kome med innspel til regional planstrategi.
- Det er gjennomført eit forprosjekt med mål om å utvikle ein felles statistikkportal for Møre og Romsdal.
- Som grunnlag til samfunnsdebatten og avgjerder i fylkeskommunen og kommunen er det utarbeidd fylkesstatistikk og kommunestatistikk
- Det er gjennomført tre regionale dialogmøte om ung medverknad for dei som jobbar med ungdomsråda i kommunane.
- Det er gjennomført åtte samlingar for ungdomspanelet. Aktiviteten i 2023 vil ligge i årsrapporten som blir lagt fram på Ungdommens fylkesting i mars 2024.
- Fylkeskommunen har deltatt i KS sitt kommunenettverk for universell utforming, der det blir delt informasjon om universell utforming av bygg, uteområde og sosiale møteplassar.
- I satsinga Kulturminne i kommunane har fleire kommunar engasjert innbyggarar og frivillige til å bidra med synspunkta sine på kva som er viktige kulturmiljø i sine lokalsamfunn. Fylkeskommunen har vore rettleiar og tre kommunar har vedtatt planane politisk.
- UFA (ungdommen sine fylkesarrangørar i UKM) er 18 engasjerte unge frivillige mellom 15 og 20 år frå heile fylket. Dei var essensielle i all planlegging av fylkesfestival i Ung Kultur Møtes, og for gjennomføring av sjølve festivalen.
- Fylkeskommunen samarbeider med kommunane og den vidaregåande skolen om samansetting av program for Den kulturelle skolesekken.
- Det har blitt arrangert to kompetansehevande kurs i tilgjenge og universell utforming for tilskotsmottakarar på kulturområdet. Norske Kulturarrangørar, som skriv ut sertifiseringa Tilgjengelegheitsmerket, var kurshaldar.