ÅRSRAPPORT 2023

Fylkeskommunedirektøren har ordet

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak

2023 har vore både eit krevjande og spanande år. Vi har levert gode tenester til innbyggarane og vi har fullført den første fylkestingsperioden som berekraftsfylke. Trass i økonomiske utfordringar har vi oppnådd mange gode resultat.

Fylkeskommunen har for første gong laga ein arealrekneskap for Møre og Romsdal som kommunane kan bruke i planlegginga si. Dette gir kunnskap om kva type areal kommunane har og kva dei er brukt til og avsett til i planar.

Som byggeigar er fylkeskommunen ein viktig samarbeidsaktør for utviklingsprosjekt over heile fylket. Eit av dei store prosjekta står klart til hausten, og då flyttar fylkeskommunen saman med fleire andre aktørar inn i Campus Kristiansund.

Det internasjonale samarbeidet har teke seg opp att etter pandemien. Vi har deltatt i europeiske nettverk, interesseorganisasjonar, prosjekt og utvekslingar. Dette femner eit breitt spekter av tema, alt frå kompetansebehov i skipsbyggingsindustrien til bruk av kulturminne, gründerhjelp for ukrainarar, visualisering av klimaendringar i planlegging og ungdomsmedverknad.

Den offentlege tannhelsa har også i 2023 arbeidd med å ta att etterslep som følgje av pandemien og er nær målsettingar som er sett for dekningsgrad for dei ulike målgruppene. Det er målt dårlegare tannhelse for tre av fem indikatorårskull. Det vart gjennomført ei vellukka rekrutteringskampanje som gav 20 nye tannbehandlarar.

Samferdselsområdet sitt bidrag for å redusere klimagassutsleppa også i 2023 er betydeleg og det er her vi har dei største klimagassutsleppa. Bidraga kjem frå buss, ferje, hurtigbåt, i vegdriftskontraktane og asfaltkontraktene.

Målet om 1 300 nye lærekontraktar vart nådd med god margin, og Møre og Romsdal har aldri hatt høgare gjennomføringstal for vidaregåande opplæring. Samstundes er det ein liten nedgang i elevar som har fullført og bestått skoleåret. Det er også nedgang i talet på elevar som får oppfylt førsteønske om utdanningsprogram. Fråværet i vidaregåande skole er høgare enn måltalet. Sjølv om vi har gode resultat i den vidaregåande opplæringa vår, må vi fortsett jobben i åra framover.

2023 var året for «det digitale hamskiftet» i fylkeskommune. Vi har innført nye system for sak og arkiv, plan,-økonomi- og verksemdstyring, intranett, kvalitetsleiing og HR og rekruttering. FRAM har lansert ny nettbutikk og ny app, og både mrfylke.no og frammr.no har fått nye nettsider.

Rekneskapstala for 2023 viser at vi har eit driftsresultat på 63,3 mill. kroner, noko som er 47 mill. kroner lågare enn budsjettert. På grunn av høg gjeld og auka rente- og avdragskostnader vil det vere behov for betydeleg omstilling i fylkeskommunen si drift dei komande åra. Dette vil krevje ekstra innsats frå heile organisasjonen.

Eg har no hatt rolla som fylkeskommunedirektør i litt over eitt år, og eg har blitt kjent med ein organisasjon med kunnskapsrike og dyktige medarbeidarar. Medarbeidarar som kvar dag jobbar for at vi skal levere gode tenester til innbyggarane i Møre og Romsdal. Sjølv om det blir krevjande, har eg trua på at vi skal levere gode resultat, også i tida framover.

Toril Hovdenak, fylkeskommunedirektør

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.