Notar
Rekneskapsprinsipp og vurderingsreglar
Rekneskapen er avlagt i henhold til god kommunal rekneskapsskikk, herunder kommunale rekneskapsstandardar (KRS) utgitt av Foreningen for god kommunal regnskapsskikk (GKRS).
Kommunerekneskapen er finansielt orientert, og skal vise all tilgang på og bruk av midlar i året. Inntekter og utgifter skal tidsmessig plasserast i det året som følger av anordningsprinsippet. Anordningsprinsippet betyr at alle kjende utgifter og inntekter i løpet av året som gjeld kommunens verksemd skal gå fram av drifts- eller investeringsregnskapet i året enten dei er betalt eller ikkje. For lån er likevel berre den delen som er brukt i året ført i investeringsrekneskapen. Den delen som ikkje er brukt er registrert som memoriapost.
Vesentlege utgifter, utbetalingar, inntekter og innbetalingar som ikkje kan fastsetjast eksakt ved rekneskapsavslutninga, blir registrert med eit rundt rekna beløp i årsrekneskapen.
Klassifisering av anleggsmidlar, omløpsmidlar og gjeld
Anleggsmidlar er eigedelar som er bestemt til varig eige eller bruk i fylkeskommunen. Andre eigedelar er omløpsmidlar. Driftsmidlar blir ført som anleggsmidlar når anskaffingskost er minimum 100 000 kroner og har ei økonomisk levetid på minst 3 år.
Utgifter som påløp for å oppretthalde anleggsmiddelets relative standard utgiftsførast i driftsrekneskapen. Utgifter som representerer ei standardheving av anleggsmiddelet ut over standarden ved anskaffinga utgiftsførast i investeringsrekneskapen og aktiverast på anleggsmiddelet i balansen. Alle nye anlegg, både fylkesvegar, tunellar og bruer og skolebygg utgiftsførast i investeringsrekneskapen og aktiverast som anleggsmiddel i balansen. Større rehabiliteringar som får anleggsmiddelet eller vesentlige delar av dette til å framstå som heilheitleg nytt, og gir ei auke i forventa utnyttbar levetid, utgiftsførast i investeringsrekneskapen og aktiverast på anleggsmiddelet i balansen, sjølv om rehabiliteringa kan innehalde element av vedlikehald. Løpande reparasjons- og vedlikehaldsutgifter som ikkje gir antatt auke i verdien eller levetida på anleggsmiddelet utgiftsførast i driftsrekneskapen. Enkelte utgifter ligg i grenseland mellom investering og drift og det gjerast da ei konkret vurdering for den aktuelle utgifta. Ei forventa auke i anleggsmiddelets levetid kan da være avgjerande for vurderinga.
Fordringar knytt til eigen vare- og tenesteproduksjon og marknadsbaserte verdipapir som inngår i ei handelsportefølje er omløpsmidlar. Aksjar og andelar i bedrifter som fylkeskommunen har ei spesiell interesse av å engasjere seg i er klassifisert som anleggsmidlar.
Langsiktig gjeld er lån i samsvar med §14-14 i kommunelova med unntak av eventuell likviditetstrekkrett/likviditetslån, jf. kl § 14-15 3. ledd. All anna gjeld er kortsiktig gjeld. Neste års avdrag på utlån inngår i anleggsmidlar og neste års avdrag på innlån inngår i langsiktig gjeld.
Anskaffingskost
Alle eksterne utgifter som er ei direkte konsekvens av anskaffinga blir behandla som ein del av kostprisen. Interne utgifter til løn som er direkte relatert til det aktuelle prosjektet inngår i kostprisen. Løn er belasta med ei kalkulatorisk timesats som inkluderar sosiale kostnadar og indirekte kostnadar som husleige mm. Ved lånefinansiering av investeringar er renteutgifter lagt til anskaffingskost i samsvar med anbefalt løysing i KRS nr. 2. for store vegprosjekt (byggjelånsrente). Store vegprosjekt er definert som nye veglenker med budsjettert anskaffingskost på meir enn 1 mrd. kroner. Renteutgifta er fastsett som fylkeskommunens gjennomsnittlege lånerente multiplisert med lånefinansiert andel av samla investeringsutgifter, tatt hensyn til prosjektets framdrift. Renteutgifta utgiftsførast i investeringsrekneskapen og aktiverast som ein del av anskaffingskost på anleggsmiddelet. For tida er ingen slike prosjekt under bygging. Øvrige byggjelånsrenter inngår ikkje og førast som ordinære renter i driftsrekneskapen.
Vurderingsreglar
Marknadsbaserte finansielle omløpsmidlar er vurdert til verkeleg verdi. Andre omløpsmidlar er vurdert til lågaste verdi av anskaffingskost og verkeleg verdi.
Uteståande fordringar er vurdert til pålydande med frådrag for venta tap.
Anleggsmidlar er vurdert til brutto anskaffingskost. Ved varig verdifall som antas å ikkje være forbigåande blir det gjort ei nedskriving til verkeleg verdi.
Avskrivingar
Anleggsmidlar med begrensa økonomisk levetid blir avskrivne med like store årlege beløp over antatt utnyttbar levetid for eigedelen. Avskriving startar året etter aktivering, uansett om anleggsmiddelet er tatt i bruk eller ikkje. Avskrivingsperiodane følgjer i utgangspunktet $ 3-4 i forskrift om økonomiplan, årsbudsjett, årsregnskap og årsmelding for kommuner og fylkeskommuner, men der levetida på anlegget er lågare enn normal avskrivningstid, settes avskrivningstid til forventa utnyttbar levetid. For anlegg som består av mange komponentar blir avskrivningstida i praksis berekna til ein gjennomsnittleg levetid for alle komponentane.
Normal avskrivingstid: | |
It-utstyr, kontormaskinar ol. | 5 år |
Inventar og utstyr, transportmiddel, maskiner ol. | 10 år |
Større nyttekjøretøy, anleggsmaskinar mv. | 20 år |
Skolar, vegar, bustader ol. | 40 år |
Adm.bygg, kulturbygg, forretningsbygg ol. | 50 år |
Mva-plikt og mva-kompensasjon
Delar av tenesteområda, til dømes bruttoavtalar med trafikkselskap om levering av kollektiv transport og tannhelsetenester til vaksne mot betaling, kjem inn under mva-lova. For den øvrige verksemda får fylkeskommunen mva-kompensasjon.
Fleirårlege tilskot til andres investeringar
Fleirårlege tilskot til å dekke renter og avdrag på lån til finansiering av andres investeringar blir ført i driftsrekneskapen det enkelte år tilskota blir utbetalt.
Endra rekneskapsprinsipp
Prinsippendringar som påverkar arbeidskapitalen blir ført direkte mot eigen konto under eigenkapitalen.
Organisering av fylkeskommunens verksemd
Fylkeskommunen er underlagt politisk styring med fylkestinget som øvste organ og fylkesordførar som øvste leiar. Fylkeskommunedirektøren er administrasjonssjef og leier dei administrative einingane i fylkeskommunen.
Fylkeskommunen er delt inn i fire linjeavdelingar (kompetanse og næring, samferdsel, kultur og tannhelse) og fire stabsavdelingar (stab for strategi og styring, stab for organisasjon og tenesteutvikling, stab for juridiske og administrative tenester og bygg- og eigedomstenester).
Møre og Romsdal fylkeskommune driv 21 vidaregåande skuler, 1 fagskule og 27 tannhelseklinikkar.
Den samla verksemda til fylkeskommunen er i hovudsak organisert innanfor fylkeskommunens ordinære organisasjon. Fylkeskommunen har ikkje oppretta eigne fylkeskommunale føretak (FKF).
Heileigde aksjeselskap og interkommunale selskap fylkeskommunen er medeigar i:
Eigardel | |
AS Kirkegaten 1A, Kristiansund | 100,0 % |
Møre og Romsdal Utvikling AS, Kristiansund | 100,0 % |
Ocean Industry School AS, Ålesund | 100,0 % |
MRFK Holding AS | 100,0 % |
Ocean Seaweed Centre AS | 100,0 % |
GassROR IKS, Aukra | 11,1 % |
IKA Møre og Romsdal IKS, Ålesund | 17,1 % |
VIGO IKS, Skien | 9,1 % |
Møre og Romsdal fylkeskommune har fem heileigde aksjeselskap. AS Kirkegaten 1A i Ålesund ble kjøpt i 2017 med formål om å sikre tenleg areal for mogleg vidareutvikling av bygget til museumsføremål. Stiftelsen Kulturkvartalet driv i dag museum i bygget. Møre og Romsdal Utvikling AS er etablert med føremål å leggje til rette for samfunnsmessige utviklingsprosjekt. Ocean Industry School AS er etablert for å auke elevanes kunnskap om, og interesse for, de arbeids- og karrieremulegheitar som finns i dei havbaserte næringane. MRFK Holding AS (tidlegare Møre og Romsdal Såkornfond AS) blei overdradd til fylkeskommunen vederlagsfritt i 2022 som oppgjer for lån fylkeskommunen hadde på selskapet, slik at fylkeskommunen indirekte overtok eigarandelane i dei underliggande selskapa. Føremålet er eigarskap i aksjar. Ocean Seaweed Centre AS har som føremål å yte service- og rådgivningstenester knytt til dyrking og bearbeiding av makroalgar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er medeigar i tre interkommunale selskap. GassROR IKS har til formål å medverke til utvikling av fysisk infrastruktur og tilrettelegging for næringsutvikling i regionen. IKA Møre og Romsdal IKS er eit interkommunalt selskap eigd av alle kommunane i fylket og Møre og Romsdal fylkeskommune. Selskapet skal arbeide for at arkivmateriale frå medlemane blir teke vare på og gjort tilgjengeleg til ulike formål og har forretningsadresse Ålesund. Eigardelane blir justert kvart fjerde år på grunnlag av folketal, og fylkeskommunen sin eigardel er no 17,1%. VIGO IKS vart stifta i 2012 for å oppnå gode, enkle og framtidsretta IKT-system for eigarar og brukarar.
Samarbeid med andre:
Møre og Romsdal deltar saman med alle fylkeskommunane utanom Oslo i samarbeidet Nasjonal digital læringsarena NDLA. Hordaland fylkeskommune er kontorkommune.
Kollektiv transport
Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått avtalar med private trafikkselskap om levering av kollektiv transport, skoleskyss og TT-tenester. Fylkeskommunen har bruttokontraktar, det inneber at fylkeskommunen har ansvar for inntektssida.
Sammanlikningstal
Rekneskapen for 2022 og 2023 er satt opp etter same prinsipp og same obligatoriske oppstillingar.
Note 1 Endring i arbeidskapital
Balanserekneskapet : | 31.12. | 01.01. | Endring |
2.1 Omløpsmidlar | 3 019 896 | 3 018 928 | |
2.3 Kortsiktig gjeld | 1 685 106 | 1 572 408 | |
Arbeidskapital | 1 334 790 | 1 446 520 | -111 730 |
Drifts- og investeringsrekneskapet : | Beløp | ||
Driftsregnskapet | |||
Sum driftsutgifter | 6 926 543 | ||
Sum driftsinntekter | 7 504 757 | ||
Netto finansutgifter | 519 866 | ||
Netto driftsresultat | 58 347 | ||
Investeringsrekneskapet | |||
Sum investeringsutgifter | 1 677 266 | ||
Sum investeringsinntekter | 1 454 673 | ||
Netto utgifter videreutlån | 0 | ||
Netto utgifter i investeringsrekneskapet | -222 593 | ||
Netto tilgang/bruk i drifts- og investeringsrekneskapet | -164 246 | ||
Endring ubrukte lånemidlar (auke +/reduksjon-) | 52 516 | ||
Endring i rekneskapsprinsipp ført direkte mot eigenkapital | 0 | ||
Endring arbeidskapital i drifts- og investeringsrekneskapet | -111 730 | ||
Differanse | 0 |
Note 2 Kapitalkonto
Kapitalkonto | 31.12.2023 | 1.1.2023 | Endring |
Anleggsmidler | 18 994 450 | 17 702 140 | 1 292 310 |
Langsiktig gjeld | -12 665 749 | -11 895 213 | -770 537 |
Endring i ubrukte lånemidler | 247 305 | 194 789 | 52 516 |
Endring i regnskapsprinsipp som påvirker anleggsmidler | 0 | ||
Endring i regnskapsprinsipp som påvirker langsiktig gjeld | 0 | ||
UB Kapitalkonto | 6 576 005 | 6 001 717 | 574 289 |
Saldo 01.01. | 6 001 717 |
Auke av kapitalkonto (kreditposteringar) | |
Aktivering av fast eigedom og anlegg | 1 589 578 |
Reversert nedskriving av fast eigedom og anlegg | 0 |
Aktivering av utstyr, maskinar og transportmidlar | 80 302 |
Kjøp av aksjar og andelar | 3 033 |
Reversert nedskriving av aksjar og andelar | 0 |
Utlån | 139 |
Aktivert eigenkapitalinnskot pensjonskasse | 1 856 |
Avdrag på eksterne lån | 346 769 |
Auke pensjonsmidlar | 218 033 |
Reduksjon pensjonsforpliktingar | |
Nedskrive lån | |
Reduksjon av kapitalkonto (debetposteringar) | |
Avgang fast eigedom og anlegg | 0 |
Av- og nedskriving av fast eigedom og anlegg | 523 841 |
Avgang utstyr, maskinar og transportmidlar | 365 |
Av- og nedskriving av utstyr, mask. og transportm. | 56 149 |
Avgang aksjar og andelar | 10 756 |
Nedskriving av aksjar og andelar | 9 523 |
Avdrag på utlån | 0 |
Avskriving utlån | 0 |
Reduksjon eigenkapitalinnskot pensjonskasse | 0 |
Bruk av midlar frå eksterne lån | 1 013 784 |
Reduksjon pensjonsmidlar | 0 |
Auke pensjonsforpliktingar | 51 006 |
Urealisert kurstap utenlandslån | 0 |
Saldo 31.12. | 6 576 005 |
Note 3 Vesentlege endringar i rekneskapsprinsipp og rekneskapsestimat og vesentlege korrigeringar av tidlegare års feil
Konto for endring av rekneskapsprinsipp
Verknad av endringar i rekneskapsprinsipp førast mot eigne eigenkapitalkontoar for endring av rekneskapsprinsipp. Positiv saldo på desse kontoane kan ikkje disponerast og negativ saldo skal ikkje dekkast inn. Det har ikkje vært endringar i rekneskapsprinsipp i 2023.
Prinsippendringar som påverkar arbeidskapitalen:
2023 | 2022 | 2021 | |
Rest feriepengar 1992 | 58 585 | 58 585 | 58 585 |
Investeringsdel | 58 585 | 58 585 | 58 585 |
Varelagre (sjukehus, apotek) | 25 086 | 25 086 | 25 086 |
Renter påløpt 2000, betalt i 2001 | 20 661 | 20 661 | 20 661 |
Mva-kompensasjon for 1999 | -12 845 | -12 845 | -12 845 |
Lærlingetilskot hausten 2001 | 8 045 | 8 045 | 8 045 |
Driftsdel | 40 947 | 40 947 | 40 947 |
Note 4 Varige driftsmidlar
IT-utstyr, kontor-maskinar | Anleggs-maskinar mv. | Boliger, skoler, veier | Veg | Adm.-bygg mv. | Tomte-områder | SUM | |
Anskaffingskost 01.01.2023 | 187 881 | 454 384 | 3 760 562 | 14 726 348 | 46 782 | 7 930 | 19 183 887 |
Akk avskrivingar 1.1 | -136 677 | -237 345 | -1 243 357 | -2 725 867 | -18 442 | -4 361 688 | |
Netto akk. og rev. nedskrivingar 1.1 | -126 | -874 | -35 310 | -36 310 | |||
Bokført verdi pr 1.1.2023 | 51 204 | 216 913 | 2 516 331 | 11 965 171 | 28 340 | 7 930 | 14 785 889 |
Årets tilgang | 31 549 | 48 752 | 216 192 | 1 371 341 | 2 046 | 1 669 880 | |
Årets avgang | -365 | -365 | |||||
Årets avskrivingar | -16 908 | -39 241 | -95 202 | -415 412 | -939 | -567 702 | |
Årets nedskrivingar | -12 288 | -12 288 | |||||
Reverseringar av nedskrivingar | |||||||
Bokført verdi pr. 31.12.2023 | 65 845 | 226 059 | 2 637 321 | 12 908 812 | 29 447 | 7 930 | 15 875 414 |
Tap ved sal av anleggsmidlar | |||||||
Gevinst ved sal av anleggsmidlar | |||||||
Utnyttbar levetid, inntil | 5 år | 10 år | 40 år | 40 år | 50 år | ||
Avskrivingsplan | Lineær | Lineær | Lineær | Lineær | Lineær | Ingen avskr. |
Løn til eigne tilsette
Løn til eigne tilsette er belasta investeringsprosjekt og aktivert med 79,6 mill. kroner (72,6 mill. kroner i 2022).
Nedskrivingar
I forbindelse med Nordøyvegprosjektet er det gjennomført omklassifisering av veg kor fylkeskommunen har hatt investeringar. Sidan fylkeskommunen ikkje lenger eig dei aktuelle vegane er det gjennomført nedskriving av anleggsmidlar med 12,288 mill. kroner.
Vederlagsfri overtaking av vegprosjekt
I forbindelse med vederlagsfri overtaking av vegprosjekt forskotert og utført av andre er det i 2023 utgiftsført i investeringsrekneskapen og aktivert følgjande:
Kulvert FV 45, Volda kommune | 1 590 | |
Totalt | 1 590 |
Tilsvarande beløp er ført som inntekt under "Overføringar" i investeringsrekneskapen.
Note 5 Aksjar og andelar i varig eige
Aksjar og andelar som er bestemt til varig eige og er næringspolitisk eller samfunnsmessig motivert blir klassifisert som anleggsmidlar.
Selskapets namn | Eigarandel i selskapet | Balanseført verdi 31.12.2023 | Balanseført verdi 01.01.2023 | Opphaveleg kostpris |
100% eigde selskap: | ||||
AS Kirkegaten 1 A (917623716) | 100,0 % | 15 897 | 15 897 | 15 897 |
Møre og Romsdal Utvikling AS (996345084) | 100,0 % | 107 | 107 | 107 |
Ocean Industry School AS (889280662) | 100,0 % | 100 | 100 | 100 |
Trafikkterminalen i Kristiansund AS (981320018) | 0 | 10 756 | 10 756 | |
MRFK Holding AS (991173110) | 100,0 % | 15 500 | 15 500 | 39 775 |
Ocean Seaweed Centre AS (931939858) | 100,0 % | 3 000 | 0 | 3 000 |
Andelar i IKS: | ||||
GassROR IKS (989633902) | 16,7 % | 200 | 200 | 200 |
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS (982330459) | 17,1 % | 0 | 0 | 0 |
Vigo IKS (998283914) | 9,1 % | 0 | 0 | 0 |
Deleigde selskap: | ||||
Akvainvest Møre og Romsdal AS (991498281) | 1,2 % | 104 | 104 | 104 |
AS Regionteateret i Møre og Romsdal (930569046) | 44,0 % | 264 | 264 | 264 |
Astero AS (919635657) | 31,0 % | 0 | 370 | 370 |
Brisk AS (925996432) | 0,0 % | 0 | 150 | 150 |
Braatthallen AS (968018590) | 30,0 % | 30 | 30 | 30 |
Bølgen Invest AS (986606890) | 5,0 % | 1 900 | 1 900 | 4 500 |
Campus Kristiansund Drift AS (928827347) | 50,0 % | 250 | 250 | 250 |
Festspillene i Kristiansund AS (820693922) | 25,0 % | 0 | 300 | 300 |
Fjord Norge AS (966091118) | 8,9 % | 370 | 370 | 370 |
Fosnaporten AS (983825281) | 10,0 % | 0 | 20 | 20 |
Furene Holding AS (926080377) | 10,6 % | 0 | 30 | 30 |
Fylkeshuset AS (930591114) | 51,0 % | 51 | 51 | 51 |
Geitbåt Eiendom AS (915726879) | 0,0 % | 0 | 0 | 6 200 |
Halsafjordsambandet AS (996199665) | 12,4 % | 0 | 0 | 263 |
Hareid Fastlandssamband AS (939743863) | 3,3 % | 0 | 0 | 300 |
Hellesylt Turist og beredskapskai AS (929349415) | 33,3 % | 0 | 5 000 | 5 000 |
Helseinnovasjonssenteret AS (923766553) | 16,7 % | 150 | 150 | 150 |
Høgskolesenteret i Kristiansund AS (991237313) | 18,2 % | 22 | 22 | 22 |
Imarfinans AS (977237432) | 0,0 % | 0 | 13 | 13 |
Kommunekraft AS (866818452) | 0,3 % | 1 | 1 | 1 |
Langfjordforbindelsen AS (886281692) | 22,0 % | 0 | 0 | 2 331 |
Molde Bærekraftshub AS (929667417) | 50,0 % | 7 000 | 7 000 | 7 000 |
Molde Lufthavnutvikling AS (985615462) | 1,3 % | 0 | 240 | 240 |
Muritunet AS (961721652) | 22,3 % | 3 200 | 3 200 | 3 200 |
Møbelkraft AS (913581628) | 0,0 % | 0 | 0 | 2 000 |
Møre og Romsdal Revisjon SA (923746552) | 20,1 % | 700 | 700 | 700 |
Møreaksen AS (942390742) | 20,3 % | 0 | 0 | 1 500 |
Møreforsking AS (991436502) | 47,5 % | 5 200 | 5 200 | 5 200 |
Nasjonalt Vindenergisenter Smøla AS (996153185) | 33,3 % | 0 | 500 | 500 |
Nordic Light Event AS (989685414) | 36,4 % | 0 | 172 | 1 650 |
Nordmørsmusea AS (930544582) | 40,0 % | 0 | 600 | 600 |
Norsk Fjordsenter AS (967715328) | 41,4 % | 2 390 | 2 390 | 5 700 |
Norsk Tindesenter Eiendom AS (992524685) | 34,5 % | 10 100 | 10 100 | 10 100 |
OMKK Eiendom AS ()925174475) | 41,7 % | 12 500 | 12 500 | 12 500 |
Operaen i Kristiansund AS (963886705) | 29,4 % | 820 | 820 | 820 |
Protomore Kunnskapspark AS (981036093) | 4,8 % | 700 | 700 | 700 |
Riss Testlab AS (976778200) | 28,2 % | 200 | 200 | 200 |
Rovdefjordsambandet AS (996605949) | 3,8 % | 0 | 250 | 250 |
Runde Miljøbygg AS (989736027) | 25,9 % | 2 349 | 2 349 | 3 900 |
Runde Miljøsenter AS (987410752) | 40,0 % | 400 | 400 | 800 |
Svorka Holding AS (923819126) | 25,0 % | 10 325 | 10 325 | 10 325 |
The North West AS (919549904) | 20,6 % | 0 | 262 | 1 300 |
Tingvoll Økopark Eiendom AS (916176678) | 43,1 % | 4 026 | 4 026 | 7 500 |
Tjeldbergodden Utvikling AS (979615361) | 3,9 % | 500 | 500 | 500 |
Todalsfjordprosjektet AS (946532347) | 59,6 % | 0 | 0 | 5 000 |
Trollheim AS (991323848) | 37,7 % | 0 | 100 | 100 |
United Cities Internship Program AS (930154482) | 50,0 % | 26 | 26 | 26 |
Varde Arbeid og Inkludering AS (926427563) | 0,0 % | 0 | 270 | 270 |
Vegamot AS (935162718) | 33,3 % | 1 050 | 1 050 | 1 050 |
Vestnorsk Filmsenter AS (974332981) | 33,3 % | 33 | 0 | 33 |
ÅKP AS (tidl. Ålesund Kunnskapspark AS) (981575679) | 2,4 % | 200 | 200 | 200 |
ÅKP Blue Innovation Arena AS (912190641) | 19,2 % | 0 | 1 246 | 2 000 |
Øvrige: | ||||
KLP Eigenkapitalinnskot (938708606) | 56 552 | 54 696 | 54 696 | |
Innovasjon Norge - innskotskapital (986399445) | 2,6 % | 505 | 505 | 505 |
Diverse andelar | 87 | 87 | 87 | |
Sum | 156 809 | 172 198 | 231 705 |
Kommentarar:
Der bokført verdi avvik frå opphaveleg kostpris er det gjort ei nedskriving av verdien som følgje av verdinedgang som ikkje er forventa å være forbigåande.
I 2023 er det gjennomført nedskriving av aksjepostar for tilsamman 9,090 mill. kroner.
Det visast for øvrig til note 14 om sal av aksjar og andelar i året.
Note 6 Utlån
Utlån finansiert med eigne midlar | Uteståande 31.12. | Uteståande 01.01. | |
Campus Kristiansund Drift AS | 2 401 | 2 262 | 1) |
Sum eigenfinansierte utlån | 2 401 | 2 262 |
1) I samband med avtale om ansvarleg lån mellom Campus Kristiandsund Drift AS og Møre og Romsdal fylkeskommune er det utbetalt eit lån stort 2,25 mill. kroner i 2022. Berekna renter leggjast årleg til lånesaldo. Lånet skal gjerast opp når selskapets likviditetssituasjon tilseier det, og seinast innan 7. november 2031.
Note 7 Marknadsbaserte finansielle omløpsmidlar og derivater
Aktivaklasse | Finans-forvaltnings-reglement | Anskaffings-kost | Balanseført verdi 31.12. | Balanseført verdi 01.01. | Resultatført verdiendring | |
Aksjefond | Pkt. 2c | 19 435 | 46 634 | 39 867 | 6 767 | |
Pengemarknadsfond | Pkt. 2a og 2c | 210 972 | 233 477 | 222 388 | 7 526 | * |
Obligasjonar | Pkt. 2c | 18 352 | 17 775 | 16 577 | 198 | |
Totalt | 248 759 | 297 886 | 278 832 | 14 491 |
* Pengemarknadsfond inkluderar sertifikat og obligasjoner/rentepapirar med flytande rente.
Marknadsbaserte verdipapir (m.a. sertifikat/pengemarknadsfond, obligasjonar og aksjar) er klassifisert som omløpsmiddel og vurdert til verkeleg verdi. Verkeleg verdi er fastsett til marknadsverdi pr. 31.12 i rekneskapsåret.
Note 8 Rentesikring
Renteutgiftene på kommunens lånegjeld sikrast i samsvar med gjeldande reglement for finans og gjeldsforvaltning.
Langsiktig gjeld med fast rente
I henhold til Finansreglement for Møre og Romsdal fylkeskommune, pkt. 2.b.5. skal til ein kvar tid vere minst 30% av fylkeskommunens innlån (inklusive lån sikra med FRA’er og SWAP’er) vere til fast rente (dvs. rentebinding lenger enn 12 månadar). Lån med fast rente utgjer pr. 31.12.2023 43,35% av den totale låneportefølja. Ei spesifisert oversikt over lån med rentesatsar og bindingstid vil vere tilgjengeleg i Finansrapport for 2023.
Rentebytteavtalar
Fylkeskommunen har ikkje rentebytteavtalar på sine lån.
Note 9 Langsiktig gjeld
Lånesaldo 31.12.2023 | Fylkeskommune-kassa | Gj.snittlig løpetid (år) | Gj.snittlig rente |
Lån til eigne investeringar | 9 741 999 | 3 | 3,87 % |
Lån til eigne investeringar - forskotteringar | 22 570 | 0,00 % | |
Lån til andres investeringar | |||
Lån til innfrielse av kausjonar | |||
Lån til videreutlån | |||
Sum bokført langsiktig gjeld | 9 764 569 | ||
Herav finansielle leigeavtalar | 0 | ||
Lån som forfaller i 2023* | 2 252 000 | ||
Herav lån som må refinansierast * | 2 252 000 | ||
Fordeling av langsiktig gjeld etter rentebetingelsar | Langs. Gjeld 31.12.2023 | ||
Langsiktig gjeld med fast rente : | 4 222 983 | ||
Langsiktig gjeld med flytande rente : | 5 519 016 | ||
Langsiktig gjeld uten rente (forskotteringar) : | 22 570 | ||
Sum | 9 764 569 |
* Lån som forfaller i 2024 tilsvarar sertifikatlån, som alle må refinansierast.
Andre lån er ført opp under Langsiktig gjeld i balansen med totalt 64,570 mill. kroner. Dette gjeld forskotteringar frå kommunar og andre, samt lån frå private. Tilbakebetaling av forskotteringar skjer etter vedtak i fylkesting, normalt innan 10 år.
Lånesaldo er 18,244 mill. kroner høgare enn sum langsiktig lån i balansen. Dette skuldas at berekna minimumsavdrag ved ein inkurie vart berekna for lavt med 18,244 mill. kroner. Beløpet er rekneskapsført som avdrag og reduserer lånesaldo i balansen. Se for øvrig note 10.
Note 10 Avdrag på lån
Avdrag på lån til investeringar i varige driftsmidlar
Fylkeskommunen skal betale årlege avdrag som samla skal være minst lik størrelsen på fylkeskommunens avskrivingar i rekneskapsåret, justert for forholdet mellom størrelsen på lånegjelda og størrelsen på fylkeskommunens avskrivbare anleggsmidlar.
Berekninga gjerast ved hjelp av følgande formel:
"Sum årets avskrivingar x Lånegjeld pr. 1.1 i rekneskapsåret" delt på "Bokførte avskrivbare anleggsmidlar pr. 1.1 i rekneskapsåret".
Forholdet mellom betalte avdrag og minimumsavdrag | 2023 | 2022 |
Sum avskrivingar i året | 567 702 | 481 778 |
Sum lånegjeld pr 1.1. | 9 026 795 | 8 120 645 |
Avskrivbare anleggsmidlar pr. 1.1 | 14 777 959 | 13 009 559 |
Berekna minimumsavdrag | 346 768 | 300 729 |
Utgiftsførte avdrag i driftsrekneskapen | 346 769 | 318 700 |
Avvik | -1 | -17 971 |
I 2023 er det tilbakebetalt forskotteringar til Sula og Ørskog kommune på tilsamman 42,7 mill. kroner. Denne tilbakebetalinga er refinansiert med låneopptak.
På grunn av ein inkurie er det betalt 18,244 mill. kroner lågare avdrag i 2023 enn berekna minimumsavdrag. Jf. kommunelova skal det utgiftsførast avdrag tilsvarande berekna minimumsavdrag, uavhengig av om betaling har skjedd. Beløpet er rekneskapsført som avdrag og satt av som kortsiktig gjeld. Det vil bli betalt ekstra avdrag på eit PT-rente lån i 2024. Avdrag belasta driftsrekneskapen er etter dette tilstrekkeleg iht berekna minimumsavdrag.
Note 11 Pensjonsforpliktingar
Generelt om pensjonsordningane i fylkeskommunen
Fylkeskommunen har kollektive pensjonsordningar i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) og Statens pensjonskasse (SPK) som sikrar ytelsesbasert pensjon for dei tilsette.
Pensjonsordninga omfattar alders-, uføre-, ektefelle-, barnepensjon samt AFP/tidlegpensjon og sikrar alders- og uførepensjon med samla pensjonsnivå på 66% saman med folketrygden. Pensjonane samordnast med utbetaling frå NAV.
Premiefond
Premiefondet er eit fond for tilbakeført premie og overskudd. Eventuelle midlar på premiefondet kan bare brukast til framtidig premiebetaling. Premiefondet går fram ikkje av rekneskapen, men bruk av fondet reduserer faktisk betalte pensjonspremiar.
2023 | 2022 | |
Inneståande på premiefond 01.01. | 206 851 | 167 991 |
Tilført premiefondet i løpet av året | 22 459 | 58 860 |
Bruk av premiefondet i løpet av året | 40 000 | 20 000 |
Inneståande på premiefond 31.12. | 189 310 | 206 851 |
Rekneskapsføring av pensjon
Etter § 3-5 og § 3-6 i årsrekneskapsforskrifta skal driftsrekneskapen belastast med pensjonskostnadar som er berekna ut frå langsiktige forutsetningar om avkastning, lønnsvekst og G-regulering. Pensjonskostnadane bereknast på ein anna måte enn pensjonspremien som betalast til pensjonsordninga, og det vil derfor normalt være forskjell mellom desse to størrelsane. Forskjellen mellom betalt pensjonspremie og berekna pensjonskostnad betegnes premieavvik, og skal inntekts- eller utgiftsførast i driftsrekneskapen. Premieavviket tilbakeføres igjen neste år.
Rekneskapsføringa av pensjon inneberer eit unntak frå dei grunnleggande prinsippa for kommunerekneskapen om at alle kjende utgifter og inntekter i året skal tas med i årsrekneskapen for vedkommande år (kl § 14-6, 2. ledd nr c). Rekneskapsføringa av premieavvik og amortisering av premieavvik har hatt innverknad på netto driftsresultat i 2023 ved at rekneskapsførte pensjonsutgifter er 157,781mill. kroner lågare enn faktisk betalte pensjonspremiar.
Bestemmelsane inneber også at berekna pensjonsmidlar og pensjonsforpliktingar er oppført i balansen som henholdsvis anleggsmidlar og langsiktig gjeld.
Økonomiske forutsetningar for berekning av pensjonskostnaden | KLP | SPK |
Forventa avkastning pensjonsmidlar | 4,00 % | 3,50 % |
Diskonteringsrente | 3,50 % | 3,50 % |
Forventa årleg lønnsvekst | 2,48 % | 2,48 % |
Forventa årleg pensjonsregulering | 1,71 % | |
Forventa årleg G-regulering | 2,48 % | 2,48 % |
Spesifikasjon av samla pensjonskostnad, premieavvik, pensjonsforpliktingar og estimatavvik
Pensjonskostnad og premieavvik | 2023 | 2022 | |
Årets pensjonsopptening, noverdi | 169 110 | 168 610 | |
Rentekostnad av påløpt pensjonsforplikting | 96 251 | 81 719 | |
Forventa avkastning på pensjonsmidlane | - 106 026 | - 87 612 | |
Administrasjonskostnad | 6 984 | 6 352 | |
A | Berekna netto pensjonskostnad (inkl. adm) | 166 320 | 169 070 |
B | Forfalt pensjonspremie (inkl. adm.kostnader) | 325 043 | 202 722 |
C | Årets premieavvik (B-A) | 158 723 | 33 652 |
Pensjonsutgifter i drifts- og investeringsrekneskapet | 2023 | 2022 | |
B | Forfalt pensjonspremie (inkl. adm.kostnader) | 325 043 | 202 722 |
C | Årets premieavvik | -158 723 | -33 652 |
D | Amortisering av tidlegare års premieavvik | 33 652 | 62 246 |
E | Brutto pensjonsutgift etter premieavvik og amortisering (SUM B:D) | 199 972 | 231 316 |
G | Pensjonstrekk tilsette | 32 709 | 30 692 |
Årets rekneskapsførte pensjonsutgift (F-G) | 167 262 | 200 624 | |
Akkumulert premieavvik | 2023 | 2022 | |
Sum gjenståande premieavvik tidlegare år (pr. 01.01.) | 33 652 | 62 246 | |
Årets premieavvik | 158 723 | 33 652 | |
Sum amortisert premieavvik dette året | - 33 652 | - 62 246 | |
Akkumulert premieavvik pr. 31.12 | 158 723 | 33 652 | |
Arbeidsgjevaravgift av akkumulert premieavvik | 21 681 | 4 597 | |
Sum akkumulert premieavvik inkl. arb.g.avgift | 180 404 | 38 249 | |
Pensjonsmidlar og pensjonsforpliktingar | 2023 | 2022 | |
Brutto pensjonsforplikting pr. 01.01. | 2 853 200 | 2 714 682 | |
Estimatavvik (ført direkte mot eigenkapitalen) | -149 311 | -36 121 | |
Virkning av planendringar (ført direkte mot eigenkapitalen) | |||
Årets pensjonsopptening | 169 110 | 168 610 | |
Rentekostnad av påløpt pensjonsforplikting | 96 251 | 81 719 | |
Utbetalingar | -82 271 | -75 691 | |
Brutto pensjonsforplikting pr. 31.12. | 2 886 979 | 2 853 200 | |
Brutto pensjonsmidlar pr. 01.01. | 2 741 791 | 2 658 436 | |
Estimatavvik (ført direkte mot eigenkapitalen) | -123 781 | -124 935 | |
Virkninga av planendringar (ført direkte mot eigenkapitalen) | |||
Innbetalt pensjonspremie (inkl. adm.) | 325 043 | 202 722 | |
Administrasjonskostnad/rentegaranti | -6 984 | -6 352 | |
Utbetalingar | -82 271 | -75 691 | |
Forventa avkastning | 106 026 | 87 612 | |
Brutto pensjonsmidlar pr. 31.12. | 2 959 824 | 2 741 791 | |
Netto pensjonsforplikting pr. 31.12. | -72 845 | 111 409 | |
Arbeidsgjevaravgift av netto pensjonsforplikting | 32 445 | 15 218 |
Note 12 Fylkeskommunens garantiansvar
Låntakar | Sak | Formål | Långivar | Type garanti | Vedteken garanti-ramme | Tillegg for renter og omkostn.) | Saldo 31.12.2023 (i 1000 kr) | Forventa låneopptak (utover saldo) | Godkjenning | Garanti går ut | |
AS Regionteatret i Møre og Romsdal | (T-28/10) | Bygg | Kommunal-banken | Skjølvskyldnar | 75 000 | 7 500 | 26 946 | Godkjent av departementet | 2051 | 1) | |
AS Regionteatret i Møre og Romsdal | (T-28/10) | Bygg | Kommunal-banken | Skjølvskyldnar | 7 306 | Godkjent av departementet | 2027 | 1) | |||
Stift. Molde Intern. Jazzfestival | (T-28/10) | Bygg | Kommunal-banken | Skjølvskyldnar | 9 981 | Godkjent av departementet | 2050 | 1) | |||
Stift. Molde Intern. Jazzfestival | (T-28/10) | Bygg | Kommunal-banken | Skjølvskyldnar | 2 730 | Godkjent av departementet | 2027 | 1) | |||
Muritunet AS | (T-84/11) | Bygg | Kommunal-banken | Skjølvskyldnar | 18 600 | 1 860 | 8 305 | Godkjent av departementet | 2042 | 2) | |
Muritunet AS | Bygg | Kommunal-banken | Skjølvskyldnar | 3 473 | 2042 | 2) | |||||
Stift. Romsdalsmuseet | (T-43/13) | Bygg | Kommunal-banken | Skjølvskyldnar | 74 250 | 7 425 | 31 315 | Godkjent av departementet | 2042 | ||
Stift. Romsdalsmuseet Renteswap | (T-43/13) | Bygg | Skjølvskyldnar | 15 000 | 15 000 | 2025 | 3) | ||||
Norsk Tindesenter Eiendom AS | (T-75/14) | Bygg | Kommunal-banken | Skjølvskyldnar | 10 000 | 1 000 | 8 171 | Godkjent av departementet | 2045 | ||
Tingvoll Økopark Eiendom AS | (T-60/16) | Bygg | Kommunal-banken | Skjølvskyldnar | 2 500 | 1 818 | Godkjent av departementet | 2040 | |||
Vegamot AS | (T-84/21) | Veg | Obligasjonslån (Nordic Trustee AS) | Skjølvskyldnar | 720 000 | 80 000 | 610 000 | Godkjent av departementet | 2030 | 4) | |
Vegamot AS | (T-16/18) | Veg | Obligasjonslån (Nordic Trustee AS) | Skjølvskyldnar | 1 080 000 | 108 000 | 660 000 | 420 000 | Godkjent av departementet | 2028 | 5) |
Sum garantiansvar | 1 995 350 | 205 785 | 1 385 045 | 420 000 |
1) I sak T-28/10 blei det gitt ei total garantiramme på 82,5 mill. kroner (inkl. 10% tillegg for renter og omkostningar) for samla opplåning som A/S Regionteatret i Møre og Romsdal og Molde International Jazz Festival tek opp til finansiering av sine eigardelar i Teater og jazzhuset i Molde (Plassen).
2) Opphaveleg lån er etter første låneopptak delt opp i to lån, med føremål om gjere om ein del av lånet til eit fastrentelån.
3) Møre og Romsdal fylkeskommune stiller sjølvskyldnargaranti avgrensa til 15 mill. kr som sikkerheit for eventuelle rentebytteavtalar Romsdalsmuseet inngår knytt til lånet (T-43/13). Garantiperioden er 12 år rekna frå tidspunktet for inngåing av rentebytteavtalen/avtalane.
4) Fylkestinget vedtok i sak T- 89/16 med seinare oppdatering i sak T-84/21 å stille sjølvskyldnargaranti på 720 mill. kroner, (med tillegg av 10% av til ein kvar tidgjeldande hovudstol for dekking av renter og omkostningar, totalt 800 mill. kroner) for lån som bompengeselskapet tar opp til finansiering av Nordøyvegen. Garantien gjeld frå første opptrekk og gjennom innkrevjingsperioden på 20 år. Nordøyvegprosjektet er ferdigstilt og det vil ikkje bli gjort fleire opptrekk knytt til garantien.
Vegamot AS nyttar Nordic Trustee AS som tillitsmann for obligasjonslån. Långjevar er ikkje kjent.
5) Fylkestinget vedtok i sak T-16/18 å stille sjølvskyldnargaranti på 1 190 mill. kroner for lån som bompengeselskapet tar opp til finansiering av ny E39 Lønset - Hjelset. Garantien gjeld frå første opptrekk og gjennom innkrevjingsperioden på 15 år. Det er til nå trekt opp 660 mill. kr.
Vegamot AS nyttar Nordic Trustee AS som tillitsmann for obligasjonslån. Långjevar er ikkje kjent.
I tillegg har fylkestinget gjort følgjande vedtak om garantiar:
Fylkestinget vedtok i sak T-32/19 (med påfølgande sak i fylkesutvalet U-147/20) å stille sjølvskyldnargaranti på 1600 mill. kroner med tillegg av 10 prosent av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av renter og omkostningar, totalt 1750 mill. kroner, til finansiering av bypakke Ålesund.
Fylkesutvalet vedtok i sak U-130/22 å stille sjølvskyldnargaranti på inntil 242 mill. kroner med tillegg av 10% til dekning av eventuelle påløpne renter og omkostningar for lån OMKK Eiendom AS tek opp for bygging av Normoria - Kulturhuset i Kristiansund. Garantiansvaret skal etter to år frå første opptrekk reduserast i takt med lånet over 28 år. Garantien vil då gjelde i 30 år med tillegg av 2 år, jf. Garantiforskriftens § 3. (Vedtak er gjort av fylkesutvalet med heimel i Kommunelova § 11-8, 1.ledd "hasteparagrafen").
Note 13 Bundne fond
Bundne fond | Behaldning 1.1.2023 | Avsetningar | Bruk av fond | Behaldning 31.12.2023 |
Bundne driftsfond | ||||
Kompetanse/vidaregåande opplæring | ||||
SUTD - Permitt. og ledige uten fullført vgo - Covid19 (pr. 4087) | 37 611 | 13 806 | -3 455 | 47 962 |
SUTD - KON Kvalifisering og formidling læreplass VGS (pr. 2008) | 20 093 | 25 302 | -3 462 | 41 933 |
SUTD - Tilskudd til yrkesfaglig rekvalifisering 2021 (4097) | 8 661 | 8 123 | -5 899 | 10 885 |
SUTD - Utdanning - Tilskudd til fagbrev på jobb (pr. 4090) | 8 058 | 2 740 | -5 500 | 5 297 |
SUTD - Molde Landslinje (2018) | 5 349 | 0 | -685 | 4 664 |
SUTD - Utvidet tilbud til de som ikke får læreplass (pr. 2001) | 4 308 | 0 | 0 | 4 308 |
SUTD - Utdanning og Rekrutteringsstipend | 3 865 | 178 | 0 | 4 043 |
SUTD - Dekom skole (p.4086) (2020) | 2 932 | 1 200 | -553 | 3 579 |
SUTD - Erasmus+ Mobilitet VET (pr. 2013) | 0 | 2 793 | 0 | 2 793 |
FMR - Fagskolen MR - UMFAG-2022/10049-MOD-EL (pr. 5011) | 2 198 | 550 | -4 | 2 744 |
VKRI - Kristiansund vgs - fond sjåføropplæring (pr. 2634) | 1 139 | 1 240 | 0 | 2 379 |
FMR - Fleksible studier Maritim - Fleks 2023-10384 (pr. 3995) | 0 | 1 712 | 0 | 1 712 |
VBOR - Borgund vgs - Dekom midler (pr. 2164) | 454 | 1 035 | -195 | 1 294 |
SUTD - Utdanningsavd. I Ung 20 (prosj. 4063) | 1 225 | 0 | 0 | 1 225 |
FMR - Velferdsteknologi (pr. 5014) | 0 | 1 216 | 0 | 1 216 |
VBOR - Borgund vgs Erasmus+ KA121-VET-000129849 (pr. 2181) | 0 | 1 125 | 0 | 1 125 |
SUTD - IMDI tilskudd min språklige vaksne 2021 (4098) | 798 | 264 | 0 | 1 062 |
Øvrige | 32 645 | 9 940 | -29 269 | 15 194 |
Sum Kompetanse/vidaregåande opplæring | 129 336 | 71 223 | -49 022 | 153 414 |
Næring | ||||
SNM - Fond kap. 551.60 midlar | 22 126 | 77 734 | -74 839 | 25 021 |
SNM - Vannforvaltning | 8 552 | 0 | -2 279 | 6 273 |
SNM - Fond kap. 551.61 midlar | 21 922 | 17 568 | -33 385 | 6 105 |
SNM - Interne tildelinga | 8 564 | 0 | -4 889 | 3 675 |
SNM - Fond VRI midler | 3 526 | 0 | 0 | 3 526 |
SNM - Regional Forskningsfond | 6 164 | 11 588 | -16 355 | 1 398 |
SNM - Kompetansemidlar for landbruk | 502 | 4 844 | -3 997 | 1 349 |
Øvrige | 6 263 | 1 429 | -4 309 | 1 506 |
Sum Næring | 77 619 | 113 164 | -140 052 | 48 854 |
Kultur | ||||
SKUL - FOND - 7751, Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet | 3 218 | 124 540 | -120 382 | 7 376 |
SKUL - 7715, Den kulturelle skolesekken grunnskole - vår | 0 | 0 | 4 785 | 4 785 |
SKUL - FOND - 1988, Ein Bit av Historia | 2 326 | 1 600 | -958 | 2 968 |
SKUL - 7716, Den kulturelle skolesekken vgs - vår | 0 | 0 | 2 800 | 2 800 |
SKUL - FOND - 1197, Folkehelseprogrammet | 836 | 6 150 | -4 229 | 2 757 |
SKUL - FOND - 7905, Spelemidlar til lokale kulturbygg | 3 647 | 5 857 | -6 983 | 2 521 |
SKUL - FOND - 7722, Kulturlauget | 1 820 | 3 612 | -3 509 | 1 923 |
SKUL - FOND - 1155, Lokale kulturminneplaner | 1 594 | 0 | -101 | 1 493 |
Øvrige | 19 602 | 37 294 | -49 465 | 7 431 |
Sum Kultur | 33 043 | 179 053 | -178 041 | 34 055 |
Samferdsel | ||||
SSAM - Forsøksprosjekt TT | 8 940 | 8 083 | -8 562 | 8 462 |
Sum Samferdsel | 8 940 | 8 083 | -8 562 | 8 462 |
Tannhelse | ||||
STHT - Helsedirektoratet TOO | 4 205 | 6 167 | -7 066 | 3 306 |
Sum Tannhelse | 4 205 | 6 167 | -7 066 | 3 306 |
Øvrige formål | ||||
Øvrige | 2 948 | 125 | 0 | 3 074 |
Sum Øvrige formål | 2 948 | 125 | 0 | 3 074 |
Sum bundne driftsfond | 256 092 | 377 816 | -382 743 | 251 165 |
Bundne investeringsfond | ||||
Øyremerka statstilskot | ||||
Bypakke Ålesund | 0 | 8 232 | 8 232 | |
Øyremerka kommunale tilskot | ||||
Rundkjøring Holamyra Hustadvika kommune | 0 | 13 911 | 13 911 | |
Øvrige bundne investeringsfond | ||||
Øvrige bundne investeringsfond | 10 437 | 56 | -6 857 | 3 636 |
Sum bundne investeringsfond | 10 437 | 22 199 | -6 857 | 25 779 |
Enkelte fond har ikkje hatt bevegelse eller bruk av midlar i 2023. Dette skuldast fleire ting, mellom anna forsinka progresjon, at midlar er mottekne i 2023 medan prosjekt får oppstart i 2024 eller at det av forskjellige årsakar ikkje har vore behov for å nytte midlane inneverande rekneskapsår.
Note 14 Sal av finansielle anleggsmidlar
Fylkeskommunen har i 2023 realisert følgande aksjar:
Trafikkterminalen Kristiansund AS | Totalt | |
Salssum | 9 390 | 9 390 |
Inntektsført i driftsrekneskapen | 0 | 0 |
Inntektsført i investeringsrekneskapen | 9 390 | 9 390 |
Sum inntektsført salssum | 9 390 | 9 390 |
Trafikkterminalen Krisitansund AS vart avvikla i 2023. Ved avvikling vart selskapets eigedelar overført til fylkeskommunen. Eigedelar besto i hovudsak av ein bankkonto og ein lekter. Eigedelar utover bankinnskot vart overført til bokført verdi, som var antatt å tilsvare verkelig verdi. Totalt er det i forbindelse med avviklinga inntektsført ein salssum/likvidasjonssum på 9,390 mill. kr.
I tillegg kjem følgjande realisasjonar utan vederlag:
Imarfinans AS vart avvikla i 2023. Ved avvikling vart restmidlar fordelt til Midt-norsk Fergeallianse AS og Nordre nordmøre Bru og Tunnelskelskap AS, til samferdselsføremål på Nordmøre.
Møbelkraft AS vart avvikla i 2023. Ved avvikling var det ikkje att midlar i selskapet til utdeling til aksjonærane.
I tillegg til ovanståande er følgjande selskap overdratt vederlagsfritt frå fylkeskommunen til andre aksjonærar:
Brisk AS (T-21/23)
Geitbåt Eiendom AS (T-39/22)
Varde Arbeid og Inkludering AS (T-89/23)
Note 15 Ytelser til ledande personar
Ytelser til ledande personar | Lønn og anna godtgjersle | Godtgjersle for andre verv | Tilleggs-godtgjersle | Natural-ytelser |
Fylkeskommunedirektør | 1 438 | 0 | 0 | 4 |
Ordførar | 1 556 | 0 | 0 | 4 |
Ytelser til ledande personar inkluderar etterlønn til avtroppande ordførar ut året, etter at ny ordførar overtok vervet frå 1.11.2023.
Note 16 Godtgjersle til revisor
Fylkeskommunen sin revisor er Møre og Romsdal Revisjon SA
Godgjersle til revisor | Fylkes-kommunekassa |
Finansiell og forvaltningsrevisjon | 1 528 |
Andre undersøkelser | 74 |
Rådgiving | 0 |
Samla godtgjersle | 1 602 |
Note 17 Resultatoppstillingar - tannhelsetenesta
Forutan å sørge for tannhelsetenester til prioriterte grupper iht. tannhelsetjenesteloven, behandlar tannhelsetenesta også vaksne betalande pasientar. Behandling av betalande pasientar skjer i konkurranse med privatpraktiserande tannlegar og skal ikkje være subsidiert av fylkeskommunen.
Tannhelsetenestas verksemd kan delast inn som følger:
a) Tannhelsetenester som tilbys helt eller delvis vederlagsfritt til prioriterte pasientar
b) Tannhelsetenester som tilbys vaksne mot betaling i områder der det ikkje føreligger anna tilstrekkeleg tilbod
c) Tannhelsetenester som tilbys vaksne mot betaling i områder med konkurranse frå private tannlegar
Pkt. b) er vurdert å ikkje vere aktuell for tannhelsetenesta i Møre og Romsdal.
Direkte utgifter er delt på grunnlag av kor stor del betalande pasientar utgjer av samla behandla pasientar. I 2023 var andelen 4,5 prosent. Øvrige utgifter er delt med utgangspunkt i kor stor del av netto driftsutgifter (utanom avskrivingar) tannhelse utgjer av netto driftsutgifter på rammeområda samla.
Rekneskapssamandrag for dei ulike delane av verksemda
a) Offentleg tannhelse | b) Tenester av allmenn øk. betydning | c) Konkurranse-utsett | |
Direkte inntekter | 22 628 | 12 332 | |
Direkte utgifter | 230 686 | 10 870 | |
Henførte indirekte utgifter | 7 464 | 235 | |
Kapitalkostnader | 11 566 | 545 | |
Resultat | -227 088 | 681 |
Etter at 21-24-åringane fekk rettar i Den offentlege tannhelsetenesta har andelen vaksne betalande pasientar gått ned frå 7,5% i 2022 til 4,5% i 2023. Den nye gruppa unge vaksne skal ha tilbod om tannbehandling til 25% eigenbetaling. Ein aukande andel nyttar tilbodet, og saman med eit vedvarande høgt vakansenivå gir dette lågare kapasitet til å behandle vaksne betalande pasientar.
Note 18 Usikre forpliktingar, betinga eigedelar og hendelser etter balansedagen
Vedlikehaldsetterslep på fylkesvegnettet
Fylkesvegane i Møre og Romsdal har eit omfattande vedlikehaldsetterslep, og dette aukar behovet for investeringar og vedlikehald av fylkesvegnettet, samstundes som det blir utfordrande å drifte vegane på ein effektiv måte. Statens vegvesen berekna vedlikehaldsetterslepet i 2019 til å utgjere om lag 8,6. mrd. kroner (2019-kroner). Fylkesvegavdelinga har i 2023 gjennomført ei oppdatering av forfallskartlegginga, som viser at det vil koste om lag 16,8 mrd. 2023-kroner å fjerne etterslepet. Med vidareføring av dagens løyvingar til drift og vedlikehald, vil forfallet på fylkesvegane halde fram å auke i åra framover. Dette er utfordrande både m.o.t. økonomi, sikkerheit og framkome på vegnettet. Særleg utgjer manglande oppfylling av krav etter tunnelsikkerheitsforskrifta ein risiko. Forskrifta skal sikre eit minimum sikkerheitsnivå for trafikantar i tunnel, og fylkeskommunen har fått ein forlenga frist til å innfri krava til 31.12.2024. Denne fristen vil det ikkje være mogleg å nå. Kostnaden f.o.m 2024 med oppgradering av tunnelane i samsvar med forskriftskrava er rekna til om lag 3,6 mrd. 2023-kroner. I økonomiplanperioden 2024-2027 er det føreslått ei løyving på 650 mill. kroner. Med tilsvarande løyvingar i åra som kjem, vil ikkje fylkesvegtunnelane tilfredsstille forskriftskrava før i 2042. Manglande utbedring i samsvar med krava i forskrifta gir risiko for stengde tunnelar og at tida trafikantane må leve med avvik, manglar og svakheiter i tunnelane blir vesentleg forlenga.
Tvistar
Det blei i 2022 inngått forlik med Fjord1 i sak om rabattkompensasjon. Forliket innebar ei utbetaling til fylkeskommunen på 28,4 mill. kroner. Beløpet blei innbetalt til fylkeskommunen i januar 2023. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner framleis å ha eit tilgodehavande mot Fjord1 på om lag 20,9 mill. kroner for årsoppgjera 2018 og 2019. Fjord1 meiner eit eventuelt krav for 2018 og 2019 er oppgjort i rabattkompensasjonsforliket. Fylkeskommunen bestrider dette, og tok i februar 2023 ut stevning i saka. Fylkeskommunen tapte saka, men har anka. Ankebehandling er venta å skje i mai 2024.
Tilskot til andre
Fylkestinget har gjort følgjande vedtak om å gi årlege driftstilskot til å dekke renter og avdrag til andres investeringar:
I sak T-13/09 er det gjort vedtak om å dekke renter og avdrag over 15 år (fram til 2025) på eit lån på totalt 30 mill. kroner, knytt til finansiering av kulturhuset Plassen for Teatret Vårt AS og Stiftelsen Molde International Jazz Festival. Tilskotet er begrensa oppad til 2,89 mill. kroner pr. år.
I sak T-43/13 er det gjort vedtak om å dekke renter og avdrag over 30 år (fram til 2042) på eit lån på totalt 48,5 mill. kroner, knytt til finansiering av museumsbygget Krona for Stiftelsen Romsdalsmuseet. Tilskotet dekker faktiske avdrag og renter, samt kostnadar til rentesikring, og det vart i 2023 utbetalt 2,2 mill. kroner.
I sak T-12/19 er det vedtatt å gi tilskot til finansiering av Opera og kulturhus i Kristiansund (Normoria), med ein andel på 150 mill. kroner. I sak T-40/22 er Møre og Romsdal fylkeskommune sin andel oppdatert til 194,5 mill. kroner, begrunna med ekstraordinær lønns- og prisstigning. Finansieringa vil bli dekka gjennom årlege tilskot til dekning av renter og avdrag. Tilskot vil gis første gong i 2025.
Hendingar etter balansedagen
Det føreligg ikkje anna informasjon om forhold som eksisterte på balansedagen, eller hendingar etter balansedagen som er av ei slik betyding at manglande informasjon vil påverke rekneskapsbrukarens evne til å foreta korrekte vurderingar og beslutningar på bakgrunn av årsrekneskapen.
Note 19 Spesifikasjon av vesentlege postar og transaksjonar
Spesifikasjon av andre sals- og leigeinntekter:
Rekneskap 2023 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2022 | ||
Andre sals- og leigeinntekter: | ||||
Inntekter kantine, kost mv vidaregåande skule | 27 190 | 25 996 | 23 686 | |
Inntekter elevarbeid mv vidaregåande skule | 2 616 | 1 364 | 2 644 | |
Sal av kurs mv | 137 | 30 | 1 914 | |
Husleigeinntekter | 13 384 | 17 366 | 13 648 | |
Kollektivinntekter buss og hurtigbåt | 329 221 | 380 282 | 294 797 | 1) |
Kollektivinntekter ferge | 231 303 | 259 360 | 272 295 | 2) |
Ymse andre inntekter | 82 402 | 21 240 | 62 204 | |
Sum | 686 253 | 705 638 | 671 188 |
1) Kollektivinntekter buss og hurtigbåt består i hovudsak av sal av billettar til persontrafikk.
2) Kollektivinntekter ferge består av både persontrafikk og næringstrafikk.