Note 14 Sal av finansielle anleggsmidlar
Fylkeskommunen har i 2021 solgt følgande aksjar:
Atlanterhavs-tunnelen AS | Runde Miljøsenter AS | Totalt | |
Innløysingssum | 2 080 | 200 | 2 280 |
Inntektsført i driftsrekneskapen | |||
Inntektsført i investeringsrekneskapen | 2 080 | 200 | 2 280 |
Sum inntektsført salssum | 2 080 | 200 | 2 280 |
Atlanterhavstunnelen AS blei oppløyst i 2021 som følge av at bompengeinnkrevjinga, som var selskapets verksemd, opphøyrde. Bokført verdi og kostpris på aksjane var på 2,050 mill. kroner. Restmidlane i selskapet er vedtekne nytta til delfinansiering av ny gang- og sykkelveg Bådalen-Vebenstad, i same område som bompengeinnkrevjinga. Det er i samband med dette utbetalt eit beløp til fylkeskommunen på 9,571 mill. kroner. Ved endeleg oppgjer av selskapet var det igjen ein restsum som blei fordelt på aksjonærane etter eigarandel, som for fylkeskommunen utgjorde eit beløp på 0,03 mill. kroner.
Eigarandelen i Runde Miljøsenter AS blei i 2021 redusert gjennom eit nedsal. Fylkeskommunen solgte 10000 av sine 20000 aksjar, til ein salspris på 0,2 mill. kroner. Bokført verdi og kostpris på aksjane var på 0,4 mill. kroner. Eigarandelen er redusert frå 40% til 20%.