- Forside
- Organisasjonen
- Organisasjonsutvikling
Organisasjonsutvikling
Med over 2400 tilsette fordelt på større og mindre lokasjonar i heile fylket, er fylkeskommunen ein av dei største arbeidsgivarane i Møre og Romsdal. For at fylkeskommunen skal levere tenester av høg kvalitet, er gode støttefunksjonar avgjerande.
Omstilling av organisasjonen
Møre og Romsdal fylkeskommune mot 2020 skal arbeide for å tilpasse fylkeskommunen sin tenesteproduksjon og rolla som utviklingsaktør, til dei økonomiske rammeendringane kjem dei komande åra. I tillegg til det økonomiske perspektivet skal omstillingsprosjektet ta opp i seg behovet for å modernisere, effektivisere og profesjonalisere den fylkeskommunale organisasjonen.
Prosjektet er gjennomført i samsvar med fastsett framdriftsplan. I desember vart rapporten for prosjektfase 2 behandla i fylkestinget. Rapporten gjer greie for korleis det gjennom prosjektorganisasjonen har vore arbeidd med alle tiltaksområda i prosjektet, og omtalar både prosessen, dei viktigaste tiltaka, avgjerder som er tatt på administrativt nivå, og viser til eigne saker som vert lagt fram for politiske vedtak. Her kan du lese heile rapporten for prosjektfase 2
Prosjektet har ved inngangen til 2020 gått over i siste prosjektfase gjennomføringsfasen (fase 3). Mange av tiltaka vil bli gjennomført i linjeorganisasjonen med støtte frå prosjektstaben.
Dei viktigaste tiltaka for fase 3 er:
- Innføring av ny administrativ organisering
- Utvikling av verksemdstrategi og tiltak for oppfølging av strategien
- Utvikling av Campus og lokalisering av arbeidsplassar i Kristiansun
- Prosjekt for å utgreie administrativ samanslåing av Fagerlia og Ålesund vgs
- Gje støtte til gjennomføring av vedtekne tiltak for å omstille organisasjonen og redusere driftsnivået
Arbeidsgivarpolitikk i 2019
Arbeidsgivarpolitikken, med tett kopling til oppgåveløysing og tenestekvalitet, står i sentrum for utvikling av organisasjonen vår. Viktige tiltak er introduksjon av nye leiarar og medarbeidarar, leiarutvikling, leiardialog, personalseminar, opplæringstiltak og konferansar, samt OU-tiltak både i fagavdelingar og i ytre einingar. I regi av Omstilling 2020, er det i 2019 vedtatt samordning av verksemdsstrategi og arbeidsgivarpolitikk. Overordna mål for ny verksemdsstrategi og organisasjonspolitikk er: «Møre og Romsdal fylkeskommune er ein lærande organisasjon, samfunnsutviklar og tenesteleverandør som møter framtidige behov med bærekraftige løysingar.» Arbeidet med å utvikle innhald til verksemdsstrategien er starta opp, og vil fortsette i 2020.
300 leiarar, tillitsvalde og verneombod deltok på arbeidsgivarkonferansen i 2019
Kompetanseutvikling
Kompetanseutvikling skal skje etter prinsippa om kompetansestyring. Kompetansestyring er eit viktig verkty for leiarar til å utvikle medarbeidarane sin kompetanse i takt med utviklingstrekka i organisasjonen og omgjevnadane.
Fylkesakademiets sin kurskatalog for 2019, kompetansetilbod på arbeidsgivar- og organisasjonsområdet, presenterte eit breitt utval av kompetansetilbod til målgruppene. Kompetansetiltak som er gjennomført i 2019 er:
- arbeidsgivarpolitikk-konferansen
- HMS-kurs
- kurs i prosjekt- og prosessleiing
- kompetansetiltak innan kommunikasjon, språk, økonomi, juridisk
- administrativ fagutvikling saman med kompetanseutvikling på digitale verktøy.
E-læringskursa har også eit stort omfang.
HMS
Arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) er ei prioritert oppgåve. Gjennom eit godt utvikla kvalitetssystem er lokal HMS-dokumentasjon frå alle einingane våre samla og tilgjengeleg for alle tilsette på intranett. Gjennom årlege evalueringar av HMS-dokumentasjonen, har vi det siste året sett ei betring av kvaliteten. I 2019 var det nær 86 prosent av dokumentasjonen som fylte krava.
Vi arbeider kontinuerleg med å få alle innhaldselementa i dei lokale HMS-mappene oppdatert med dei krava vi har sett for HMS. HMS-arbeidet er knytta tett opp mot kvalitetsstyring. Det er viktig at korrigerande og risikoreduserande aktivitetar blir sett i verk så snart som råd. Vi har skjerpa inn krav om at alle må ha eit operativt HMS-årshjul ved starten av året, og at bedriftshelsetenesta skal delta på minst fire AMU-møte kvart år. Dette er i tråd med forskriftene. Vi har intensivert arbeidet med å redusere sjukefråveret innan tannhelse. Gjennom den modulbaserte HMS-opplæringa og e-læringsmodular har vi sett søkelyset på risikovurderingar og at HMS-arbeidet skal vere risikostyrt. Du kan lese meir om HMS-arbeidet i HMS årsrapport
Rekruttering i fylkeskommunen
Som følge av omstilling 2020, endra fylkesrådmannen rutinane for rekruttering, for å sikre merksemd på bemanningsplanlegging og grundige vurderingar/analyse før eventuell rekruttering.
Fylkeskommunen rekrutterte omlag nye medarbeidarar i 2019. Overføring av fylkesvegadministrasjonen frå Statens vegvesen til Møre og Romsdal fylkeskommunen var eit omfattande rekrutteringsprosjekt. Om lag 120 nye medarbeidarar er frå 1. januar 2020 tilsett i vegavdelinga i samferdselsavdelinga.
Lønsutvikling
I 2019 er det gjennomført lokale forhandlingar for tilsette i HTA kapitel 3 og 5, der all lønsdanning skjer lokalt. Forhandlingsklimaet med organisasjonane er godt, og det vart ingen forhandlingsbrot. Gjennomsnittleg lønsutvikling i kap. 3 vart på 3,23 prosent, og i kap. 5 på 3,20 prosent. Ramma for den sentrale reguleringa i kap. 4 vart stipulert til ei gjennomsnittleg lønsutvikling på 3,20 prosent.
Ramma for den sentrale reguleringa i kap. 4 vart stipulert til ei gjennomsnittleg lønsutvikling på 2,8 prosent.
Partsamarbeid
Fylkeskommunen legg vekt på gode samarbeidstilhøve mellom partane i organisasjonen. Det er etablert mange møteplassar for informasjon, drøfting og samarbeid på ulike nivå i organisasjonen. Hovudsamarbeidsutvalet er arena for partane sentralt, og i 2019 vart det behandla 39 saker i utvalet. I tillegg blir tillitsvalte og verneombod inviterte til å delta på viktige møteplassar som læringsnettverk, kompetansetiltak og i arbeidsgrupper for utforming av retningslinjer og organisasjonsutvikling.
Innkjøp- og anbodskonkurransar
Det er lagt ned store ressursar i arbeid med innkjøp/anbodssaker/bistand under oppfølging av store utbyggingssaker, samferdselssaker og arbeid med informasjonstryggleik for heile organisasjonen.
Innkjøpsseksjonen har i 2019 gjennomført omlag 120 enkeltanskaffingar på varer og tenester.
Kommunikasjon, digitalisering og teknologi
Den digitale utviklinga stiller nye krav til både kommunikasjonsflater og arbeidsformer. I 2019 fekk vi på plass ei ny, funksjonell og brukartilpassa nettside for fylkeskommunen. Dette har vore eit omfattande arbeid, og vi tek sikte på å få på pass nye nettsider for skolane i løpet av første halvår av 2020. Det har også i 2019 blitt arbeidd med å få ein endå større del av inngåande og utgåande fakturabehandling over på elektronisk løysingar. IT-området er heile tida i rask endring og har jamleg behov for fornying. Dette fører igjen til at mellom anna løysingane for tryggleik må oppgraderast. Arbeidet med digitalisering blir svært sentral i åra som kjem.