- Forside
- Økonomi
- Utfordringar framover
Utfordringar framover
Møre og Romsdal fylkeskommune vil ha store økonomiske utfordringar i åra som kjem. Dei viktigaste utfordringane kan vi summere opp slik:
- Aukande vedlikehaldsetterslep for investeringar og vedlikehald av fylkesvegnettet.
- Manglande statleg dekning av auka ferjekostnader(m.a. som følgje av overgangen til miljøteknologi)
- Omfattande behov for investeringar i ferjekaier, som følgje av overgangen til miljøferjer
- Omfattande behov for investeringar i og vedlikehald av skolebygg.
- Etterleve tunnelsikkerheitsforskrifta.
- Aukande lånegjeld som belastar drifta.
- Utbygginga av Nordøyvegen.
Med bakgrunn i dei utfordringane som Møre og Romsdal fylkeskommune står overfor i komande økonomiplanperiode 2020-2023 (spesielt i åra 2022 og 2023), så vedtok Fylkestinget i desember 2019 betydelege tiltak for å redusere det samla kostnadsnivået.
Målsetjinga med tiltaka er at økonomien i Møre og Romsdal fylkeskommunen skal vere styrka nok til å bere dei aukande kostnadane i åra som kjem. Omstilling tek tid, og i dette arbeidet må fylkeskommunen ha eit langsiktig perspektiv. Nokre gevinstar kan hentast ut på kort sikt, medan andre krev arbeid over fleire år før dei kan realiserast.