ÅRSRAPPORT 2019

Notar

Rekneskapsprinsipp

Rekneskapen er utarbeidd etter reglar fastsett i kommunelova, bokføringslova, forskrifter og god kommunal rekneskapsskikk (GKRS).

All tilgang og bruk av midlar i året som vedkjem fylkeskommunal verksemd skal framgå av driftsrekneskapen eller investeringsrekneskapen. Alle utgifter, utbetalingar, inntekter og innbetalingar er rekneskapsført brutto. Vidare er anordningsprinsippet lagt til grunn. Det betyr at alle kjente utgifter, utbetalingar, inntekter og innbetalingar i året skal takast med i rekneskapen for vedkomande år, anten dei er betalt eller ikkje i rekneskapsåret. For lån er likevel berre den delen som er brukt i året ført i investeringsrekneskapen. Den delen som ikkje er brukt, er registrert som memoriapost.

Vesentlege utgifter, utbetalingar, inntekter og innbetalingar som ikkje kan fastsetjast eksakt ved rekneskapsavslutninga, blir registrert med eit rundt rekna beløp i årsrekneskapen.

Klassifisering av anleggsmidlar, omløpsmidlar og gjeld

Anleggsmidlar er eigedelar som er bestemt til varig eige eller bruk i fylkeskommunen. Andre eigedelar er omløpsmidlar. Driftsmidlar blir ført som anleggsmidlar når anskaffelseskost er minimum 100 000 kroner og har ei økonomisk levetid på minst 3 år. Utgiftar som påløper for å oppretthalde anleggsmiddelets relative standard utgiftsførast i driftsrekneskapen. Utgifter som representerer ei standardheving av anleggsmiddelet ut over standarden ved anskaffinga utgiftsførast i investeringsrekneskapen og aktiverast på anleggsmiddelet i balansen. Alle nye anlegg, både fylkesvegar, tunellar og bruer og skolebygg utgiftsførast i investeringsrekneskapen og aktiverast som anleggsmiddel i balansen. Større rehabiliteringar førast i sin heilheit som påkostning, utgiftsførast i investeringsrekneskapen og aktiverast på anleggsmiddelet i balansen, sjølv om rehabiliteringa kan innehalde element av vedlikehald. Løpande reparasjons- og vedlikehaldsutgifter som ikkje gir antatt auke i verdien eller levetida på anleggsmiddelet utgiftsførast i driftsrekneskapen. Enkelte utgifter ligg i grenseland mellom investering og drift og det gjerast da ei konkret vurdering for den aktuelle utgifta. Ei forventa auke i anleggsmiddelets levetid kan da være avgjerande for vurderinga. Alle eksterne utgifter som er ei direkte konsekvens av anskaffinga blir behandla som ein del av kostprisen. Interne utgifter til løn som er direkte relatert til det aktuelle prosjektet inngår i kostprisen. Byggjelånsrenter inngår i kostpris for vegprosjekt med nye veglenker når budsjettert anskaffingskost utgjer meir enn 1 mrd. Øvrige byggjelånsrenter inngår ikkje og førast som ordinære renter i driftsrekneskapen.

Fordringar knytt til eigen vare- og tenesteproduksjon og marknadsbaserte verdipapir som inngår i ei handelsportefølje er omløpsmidlar. Aksjar og andelar i bedrifter som fylkeskommunen har ei spesiell interesse av å engasjere seg i er klassifisert som anleggsmidlar.

Langsiktig gjeld er knytt til formåla i §50 i kommunelova med unntak av eventuell likviditetstrekkrett/ likviditetslån, jf. kl § 50 nr 5. All anna gjeld er kortsiktig gjeld. Neste års avdrag på utlån inngår ianleggsmidlar og neste års avdrag på innlån inngår i langsiktig gjeld.

Vurderingsreglar

Marknadsbaserte finansielle omløpsmidlar er vurdert til verkeleg verdi. Andre omløpsmidlar er vurdert til lågaste verdi av anskaffelseskost og verkeleg verdi.

Uteståande fordringar er vurdert til pålydande med frådrag for venta tap.

Anleggsmidlar er vurdert til brutto anskaffelseskost. Ved varig verdifall som antas å ikkje være forbigåande blir det gjort ei nedskriving til verkeleg verdi.

Avskrivingar

Anleggsmidlar med begrensa økonomisk levetid blir avskrivne med like store årlege beløp over levetida til eigedelen. Avskriving startar året etter aktivering. Avskrivingsperiodane følgjer i utgangspunktet $ 8 i forskrift om årsrekneskap og årsmelding, men i særskilte tilfelle, der levetida på anlegget er lågare enn normal avskrivingstid, settes avskrivingstid til forventa levetid.

Normal avskrivingstid:
5 år: It-utstyr, kontormaskinar ol.
10 år: Inventar og utstyr, transportmiddel, maskiner ol.
40 år: Skolar, vegar, bustader ol.
50 år: Administrasjonsbygg, kulturbygg, forretningsbygg ol.

Mva-plikt og mva-kompensasjon

Delar av tenesteområda, til dømes bruttoavtalar med trafikkselskap om levering av kollektiv transport og tannhelsetenester til vaksne mot betaling, kjem inn under mva-lova. For den øvrige verksemda får fylkeskommunen mva-kompensasjon.

Fleirårlege tilskot til andres investeringar

Fleirårlege tilskot til å dekke renter og avdrag på lån til finansiering av andres investeringar blir ført i driftsrekneskapen det enkelte år tilskota blir utbetalt. Vedtekne tilskot blir omtala i note.

Endra rekneskapsprinsipp

Prinsippendringar som påverkar arbeidskapitalen blir ført direkte mot eigen konto under eigenkapitalen.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.