- Forside
- Resultat og aktivitetar
- Samferdsel
Samferdsel
Fylkeskommunen har ansvaret for over 20 mill. kollektivreiser i året, fordelt mellom buss (11,9 mill.), ferje (9,1 mill.) og båt (580 000). 20 av 24 ferjesamband i fylket er fylkeskommunale. Dei fylkeskommunale sambanda blir trafikkert av 27 hovudfartøy, og har stoppestad på 57 ferjekaier. Fylkeskommunen ansvaret for i overkant av 3200 km veg, det vil seie om lag 47 prosent av vegnettet i fylket. Det var 61 tunnelar og om lag 1100 bruer og berande konstruksjonar på det fylkeskommunale vegnettet i 2019.
Resultat og aktivitetar
Måleindikator | Mål for 2019 | Resultat for 2019 |
---|---|---|
Kollektivandelen skal aukast, og tilbodet skal vere attraktivt, effektivt og tilpassa kundegrunnlaget | ||
Auke talet på busspassajerar - heile fylket | 2,5 % | 2,4 % |
Auke talet på busspasajerar (Ålesund, Giske og Sula) | 4,5 % | 3,1 % |
Kundetilfredsheit - for kundar som reiser kollektivt meir enn ein gong per mnd | 68,0 % | 50 % |
Moglegheitene i ferjetrafikken skal utnyttast og tilbodet skal ha tilpassa kapasitet og enkle betalingsløysingar | ||
Autopass på sambandet Hareid - Sulesund | Ja | Nei |
Transportsystemet skal utviklast og haldast ved like, samt vere effektivt, tilgjengeleg og trafikksikkert for alle typar trafikantar | ||
Ferdigstilt utbedring av ferjekai Sykkylven - Magerholm | Ja | Ja |
Oppfylling av krav i driftskontrakter - del av kontrakter med planlagd stikkprøver | 95 % | 88 % |
Oppfylling av krav i driftskontrakter - gjennomførte kontrollar utan manglar | 97 % | 63 % |
Forholdet mellom talet på utførte stikkprøver og stikkprøver angitt i kontrollplan (SVV) | 95 % | 125 % |
Frekvens for entreprisedriften (F-verdi) | <=50 | 140 |
Nestenulykkefrekvens for entreprisedriften (N-verdi) | >1 000 | 1 095 |
Personskadefrekvens for entreprisedrifta ( H2-verdi) | <=15,0 | 10,4 |
Fraværskadefrekvens for entreprisedriften (H1- verdi) | <=5,0 | 3,4 |
Transportsektoren skal omstillast mot eit samfunn med lågutslepp og overgang til fornybar energi, og negative miljøkonsekvensar skal minimaliserast | ||
Mål om Co2-utslepp Hareid- Sulesund | 12 500 | 0 |
Transportulykker med drepne og hardt skadde skal reduserast ytterlegare | ||
Barnehageprosjekt "Sikring av barn i bil" - besøk barnehagar | 10 | 10 |
Barneteateret "Ville veier og vrange skilt" | 10 | 10 |
Trygg Trafikk i skolene - skolebesøk | 2 | 2 |
team #- Trafikktryggingsprosjekt for ungdom | 48 | 48 |
Gang- og sykkelvegnett skal byggast ut som eit verkemiddel for betre framkomme, trafikksikring, folkehelse og klima | ||
Gjennomføring og fullføring av prosjekt gang- og sykkelvegar | 6 | 0 |
Dette jobba vi med i 2019:
- Med miljøvenlege driftsavtalar på ferje og buss, har vi fortsett arbeidet med å redusere miljøskadelege utslepp.
- Ved utgangen av 2019 har fylkeskommunen inngått kontrakt om miljøferjer på totalt 10 ferjesamband og 16 ferjer.
- januar 2019 begynte ordninga med AutoPASS-betaling å gjelde for ferjestrekningane. Les meir om AutoPASS på frammr.no
- Fylkeskommunen samarbeider med SINTEF, NTNU, Ålesund og Kristiansund kommune i prosjektet «Smartere Transport i Norge». Prosjektet ser på løysingar for eit framtidsretta system for sjøvegs kollektivtransport med autonome passasjerbåtar i byar.
- Møre og Romsdal fylkeskommune er ein av partnarane i pilotprosjektet «Batterielektrisk hurtigbåt mellom Langevåg og Ålesund» gjennom Grønt Skipsfartsprogram.
- Vi gjekk inn ein ny busskontrakt for Ålesund, Giske og Sula. Den nye kontrakten skal starte opp i 2021 og omfattar ma. elektriske bussar og leddbussar.
- Travel like the locals er no eit etablert reiselivsprodukt som strekk seg langs hele vestlandskysten. I Møre og Romsdal vart det seld i overkant av 6000 billettar i 2019.
- Møre og Romsdal fylkeskommunen har i 2019 fått gjennomført ei oppdatert kartlegging av etterslep på fylkesveg. Kartlegginga viser at vedlikehaldsetterslepet i Møre og Romsdal no er på om lag 10,9 mrd. kroner inkl. veglysanlegg. fylkeskommunen arbeider opp mot nasjonale myndigheiter for at det blir oppretta eigne program for å ta igjen vedlikehaldsetterslepet på fylkesveg og at kompensasjon for iverksetjing av krav i tunnelsikkerheitsforskrifta blir vidareført og auka.
- I 2019 er utbetring av ferjekaiene i Sulapakken (Sykkylven – Magerholm og Hareid – Sulesund) ferdigstilt. Ferjekaiene i Nordmørspakken (Sandvika – Edøy og Seivika – Tømmervåg) er under arbeid og vil bli ferdig i løpet av 2020.
- Steinvågbrua i Ålesund blei ferdig rehabilitert i 2019. Fleire mindre bruer er også utbetra i 2019.
- Fylkeskommunen har i samarbeid med Innovasjon Norge og Leverandørutviklingsprogrammet starta eit prosjekt for å finne ein meir effektiv og mindre kostbar måte å handtere vedlikehald og bygging av bruer på i tida framover.
- Vi laga sykkelparkering på ni ferjekaier/haldeplassar i 2019: fv. 64 ved Hagelin (Kr.sund), fv. 60 Aursneset ferjekai (Sykkylven), fv. 658 holdeplass ved Ytterland (Giske), fv. 661 haldeplass ved Digernes (Skodje), fv. 680 ved Seivika ferjekai (Kr.sund), fv. 680 ved Tømmervåg ferjekai (Aure), fv. 662 ved Hollingsholm ferjekai (Aukra) og fv. 64 haldeplass Eide.
- Fylkeskommunen sitt største vegprosjekt nokon sinne, Nordøyvegen, starta opp for fullt i 2019. I 2019 er det bora og sprengt 3,8 av totalt 12,9 km tunnel, samt utført store delar av pele- og fundamentarbeid for bruer og vegfyllingar. Du kan lese meir om prosjektet på mrfylke.no/nordoyvegen
Økonomi
I 2019 brukte vi om lag 1,6 mrd. kroner til drift av kollektivtrafikken og fylkesvegane i Møre og Romsdal.
Fylkesvegferjer | 402 mill. kroner |
Bussdrift | 417 mill. kroner |
Hurtigbåtar | 127 mill. kroner |
Totalt | 945 mill kroner |
I tillegg har fylkeskommunen om lag 594 mill. kroner i inntekter som i stor grad blir brukt til kollektivtenester.
Fylkesveg
Drift av fylkesvegar kosta vel 454 mill. kroner. Dette er fordelt på drift og vedlikehald.
På vedlikehald gjekk 79 mill. kroner til dekkelegging og oppmerking, vel 29 mill. til bru og ferjekai.
Det vart brukt om lag 1,6 mrd. kroner til investering på samferdselsområdet. Det aller meste er knytt til fylkesvegar: Nordøyvegen, rassikring og nybygg/rehabilitering
Satsingar i 2020
- Vere ein effektiv og tydeleg vegeigar med god eigarstyring. Fylkesvegadministrasjonen er overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunen frå 1.1.20. Det blir viktig at administrasjon og drift av fylkesvegnettet fungerer frå start.
- Nye informasjons-, betalings- og bestillingsløysingar i kollektivtrafikken
- Vidareutvikle Fram Flexx
- Planlegging av vegnett og tilstøytande areal skal gi trafikantane auka tryggleik
- Redusere miljøskadeleg utslepp frå transportsektoren vesentleg gjennom nye og eksisterande driftsavtalar på ferje, buss og hurtigbåt