- Forside
- Økonomi
- Styring og kontroll
Styring og kontroll
Fylkesrådmannen er etter kommunelova pålagt å innrette verksemda på ein slik måte at den er underlagt ein forsvarleg kontroll. I det daglege har kvar avdelingssjef ansvar for å etablere og følge opp rutinar innanfor eigen sektor som sikrar etterleving av lover og reglar. Eit av tiltaka for å følge opp dette er fylkeskommunedirektørene sine faste møte med toppleiargruppa og stab kvar 14 dag. I fylkeskommunen har vi fleire system med faste rutinar, prosedyrar og planar for å sikre internkontroll i tenester og støtteprosessar.
Beredskap
I samband med overføringa av fylkesvegoppgåver, har vi også fått nye oppgåver innan beredskap. Fylkesrådmannen har difor anskaffa CIM som er ein digital løysing for heilskapeleg styring av tryggleik og beredskap.
Fylkeskommunen har med heimel i forskrift om sivil transportberedskap eit ansvar for å organisere den regionale transportberedskapen, og skal legge til rette for at det er ein transportberedskap ved ekstraordinære krisehendingar i fredstid og i krig. Saman med aktørane har fylkeskommunen utarbeida transportberedskapsplanen som viser ansvaret og rutinane fylkeskommunen har for å ivareta pliktene sine innanfor transportberedskapen.
Gjennomgang av budsjett og økonomistyringa
Fylkeskommunedirektøren er også opptatt av å følge opp anbefalingane frå kontrollutvalet på bakgrunn av dei revisjonshandlingar og forvaltningsrevisjonar som vart gjennomført i løpet av året. I 2019 starta kontrollutvalet ein gjennomgang av budsjett- og økonomistyringsprosessen i fylkeskommunen, som skal leggast fram i 2020. I tillegg er det planlagd ein gjennomgang av risikostyring og internkontroll, som skal ferdigstillast i løpet av hausten 2020.
Delegasjonsreglement
Det er starta opp arbeid med delegasjonsreglement, og dette vil bli lagt fram for fylkestinget i løpet av 2020.
Omstilling 2020
I prosjekt omstilling 2020 har eit av delprosjekta vore å utvikle og tilpasse ein verksemdstrategi. Dette er no samla i eit større prosjekt, og arbeidet med nytt felles plan- og kvalitetssystem skjer samtidig med at vi held på å utarbeide ny regional planstrategi og ny fylkesplan. Eit felles styringssystem skal og bygge på arbeidet som organisasjonen no gjer med gevinstrealisering, digitalisering og ny arbeidsgivarpolitikk.
Etikk
I 2018 vedtok fylkestinget, etter ein brei prosess internt i fylkeskommunen, dei nye etiske retningslinjene. Desse legg eit godt grunnlag for forståing av kva som er god etisk praksis. Ein god etisk standard på alt vi gjer er avgjerande for at dei som tek i mot våre tenester, eller som vi samarbeider med, skal ha tillit til oss.
Det er gjennomgåande positive tilbakemeldingar på retningslinjene. Det blir mellom anna peika på at dei sett tydelege forventingar til alle tilsette i fylkeskommunen, og at dei blir opplevd som ryddige og eigna til bruk i arbeidskvardagen.