- Forside
- 2019 i korte trekk
- Hendingar i 2019
Hendingar i 2019
Januar
Nyttårskonferansen 2019 om fylket si framtid
Fylkeskommune, NAV, KS og Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterte leiarar i offentleg sektor til ny konferanse for å drøfte moglegheiter og utfordringar for fylket.
Barnehagebarn kan reise gratis med FRAM-bussane
Frå januar slapp barnehagebarn å betale for bussbiletten mellom kl. 9 og 13 alle kvardagar.
Hjerneforskar til konferanse om kreativitet og læring i framtidas skole
På dialogkonferansen argumenterte professor Kjeld Fredens for at elevar lærer betre viss heile kroppen – gjennom kunst og kultur – får meir plass i skolen.
Februar
Over 1 million kroner til kulturminne
Eit staseleg murbygg på Aspøya, ein fjellgard i Gjemnes og eit kvernhus i Aukra var blant dei 15 prosjekta som fekk støtte til restaurering og vern i fylket.
Konkurrerte om nytt utdanningstilbod for fjellførarar og ski-guidar
Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal lokka med ein halv million kroner dersom Norsk Høgfjellskole skolen vart lagt til Åndalsnes. Og det vart den!
Martinus Giske Skrede kåra til Årets lærling
Ambulansefagarbeider Marius har gått Fagerlia vidaregåande skole og hatt praksisplass i Helse Møre og Romsdal HF. Det er første gongen Årets lærling er kåra i Møre og Romsdal.
Mars
Kva utdanningsprogram er mest pop på vidaregåande skole?
I alt søkte 3654 ungdommar om skoleplass på Vg1 i fylket. Teknikk og industriell produksjon og helse og oppvekstfag toppa lista over dei mest populære faga.
Kan algeproduksjon bli ei ny grøn næring?
Det var spørsmålet då vi inviterte aktørar innan næringsmiddel, fiskefôrprodusentar, utdanning, forsking og forvaltning til seminar i Kristiansund. Vi talte over hundre påmeldte.
Slik står det til med folkehelsa i Møre og Romsdal
I ein rapport over helsetilstanden i befolkninga, kom det fram at dei største utfordringane er manglande kvardagsaktivitet, psykiske plagar og sosiale forskjellar.
Oppstart av det største utbyggingsprosjektet i fylket nokon gong
Bygginga av Nordøyvegen starta for alvor med sjøarbeid på Lepsøyrevet og første salve på Haramsfjordtunnelen og Nogvafjordtunnelen og Fjørtoftfjordtunnelen. Nordøyvegen er det første prosjektet i Noreg som inneheld bygging av tre undersjøiske vegtunnelar samtidig.
April
28 tidlegare barnevernsbarn fekk orsaking og økonomisk oppreisning for omsorgsvikt og overgrep
Då den to-årige oppreisningsordninga var avslutta, hadde 17 menn og 14 kvinner søkt om oppreisning. Gjennom ordninga kunne tidligare barnevernsbarn søke om kommunal oppreisning for omsorgssvikt og overgrep.
Riksantikvaren ga millionstøtte til postvegen i Møre og Romsdal
Støtta skal gjenopplive postvegen som går gjennom heile fylket og bygge opp ei ferdselsåre av turløyper og andre aktivitetar.
Ungdomspanelet har gitt 13 ungdomsaktivitetar økonomisk støtte
Ballettshow, innovasjonscamp, utstyr til ungdomsklubb, escape room, sveiseverkstad og skredkurs var nokre av tiltaka som fekk tildelt totalt 135 000 kr.
Mai
hoppid.no lanserte digital gründerteneste
Tenesta skal gjere det enklare å starte bedrift, uansett kvar gründeren bur. Søke midlar, finne gründertips, rådgiving er nokre av funksjonane.
Byen som regional motor løyvde over 26 mill. kr. til byutvikling
No kan det bli leikeplass i Byparken i Ålesund, innandørs skateanlegg i Molde og gratis sundbåt i Kristiansund og andre tiltak.
Opna Ålesund kompetansetannklinikk
Kompetanseklinikken måler heile 1500 m² og inneheld totalt 22 behandlingsrom. Klinikken er ein av dei største i landet.
Juni
Nye samferdselssjefar og 130 nye stillingar
Ole Jan Tønnesen vart tilsett som fylkesvegsjef og Stig Helle-Tautra som kollektivsjef. Dei nyoppretta stillingane er ein del av den nye organiseringa av samferdselsområdet, etter at fylkeskommunen fekk overført nye oppgåver som tilsvarar 130 stillingar frå Statens vegvesen.
Fylkestinget sa ja til bypakke i Ålesund
Ein bypakke består av fleire samferdsels- og bymiljøtiltak i og rundt byane. Eit fleirtal i fylkestinget vedtok pakken.
85 millionar til idrettsanlegg i Møre og Romsdal
Vi fordelte 85 millionar kroner i spelemidlar til idrettsanlegg. Det er den største spelemidelpotten nokon gong i fylket.
Juli
Vil at fleire innvandrarar skal starte bedrift
hoppid.no inviterte til kurs for innvandrarar som ønsker å skape sin eigen arbeidsplass i Molde og Kristiansund.
Vil ha hovudkontor for ferje-Noreg
Eit nasjonalt ferjekontor må bli lagt til landets største ferjefylke, heiter det i ein uttale frå fylkesutvalet.
Signerte busskontrakt for Ålesund, Giske, Sula og Skodje
Det var Vy Buss AS som vann anbodet om å levere rute- og skolekøyringa i Ålesund, Giske,
August
92 prosent av elevane fekk oppfylt ønsket om utdanningsprogram
Etter andreinntaket til vidaregåande skole har alle søkarar, i alt 9858 elevar, no fått tilbod om skoleplass.
Bør det bli produsert hydrogen på Smøla?
I følge ein analyse kan det bli lønsamt med hydrogenproduksjon på Smøla. Prosjektet er finansiert av EU, gjennom prosjektet G-PaTRA
September
To millionar kroner til smart planlegging av kommunale tenester
Ålesund kommune får støtte til å samle inn store mengder data og utvikle digitale simuleringsmodellar, i samarbeid med Kristiansund og Molde kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Birgit og Liv vann novellekonkurransen
Til saman kom det inn 41 bidrag til novellekonkurransen fylkesbiblioteket arrangerte i samarbeid med Bjørnsonfestivalen og Dei nynorske festspela. I ungdomsklassa vann Birgit Sæther Åsgård (18 år) med novella «Hundedager». I vaksenklassa vann Liv Osnes Dalbakken med novella «Mot kveld».
Lanserte elektronisk varsel om mobbing
Med nokre få tastetrykk kan elevane melde frå om at dei ikkje har det bra på skolen. Den nye varselknappen mot mobbing er tilgjengeleg på nettsidene til alle vidaregåande skolar.
Oktober
Møre og Romsdal vart berekraftfylket
Fylkesordførar Tove Lise Torve og leiar for FN sitt smartbyprogram, Kari Aina Eik, signerte ein samarbeidsavtale, der Møre og Romsdal som første norske fylke er tatt opp i FN sitt smartbyprogram.
Fylkespolitikarane uroa over underfinansieringa av ferjedrifta
Ein delegasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune deltok på høyringar i Stortinget, om statsbudsjettet. Hovudbodskapen var at den statlege finansieringa av fylkeskommunale ferjer på langt nær er nok til å dekke kostnadane.
Fylkeskommunen gav 2,5 millionar kroner i støtte til Skaparhuset i Ulstein
Skaparhuset skal vere staden der næringsliv, elevar, studentar og offentleg tilsette møtast for å nyskape, lære og løyse utfordringar i samarbeid.
November
Ungdom på dagsorden hos ministeren
Leiar i ungdomspanelet i Møre og Romsdal, Urtė Karanauskaitė, deltok i dialogforum mellom ungdomsrepresentantar frå fylka og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.
Over tusen år gammalt skip funne på Edøy i Smøla
Ved hjelp av georadar har arkeologar frå fylkeskommunen og Norsk institutt for kulturminneforskning avdekka spor av eit skip i Smøla kommune. Oppdaginga skjedde på Edøy, i regi av prosjektet Ein bit av historia.
Skapar grøne jobbar i internasjonalt prosjekt
Vi deltar i EØS-prosjektet YENESIS for å redusere arbeidsløyse blant unge ved å utvikle kompetansen på entreprenørskap og grøne jobbar. I november var partnarar frå åtte land samla på Åndalsnes.
Desember
Innførte AutoPASS takstregulativ
Fylkestinget vedtok at Møre og Romsdal fylkeskommune skal innføre AutoPASS takstregulativ frå 01.07.20.
Fekk 2 mill. kroner til prosjekt for utsleppsfrie hurtigbåtar
Vi fekk midlar frå Klimasatsordninga i Miljødirektoratet til å utvikle null- og lågutsleppsløysingar i hurtigbåtsamband i fylket.
Fleire utdanningstilboda blir ikkje starta opp i 2020
Fylkestinget vedtok å ikkje starte opp fleire tilbod på vg 1, vg2 og vg3 i forbindelse med behandlinga av økonomiplanen 2020.