Fylkesrådmannen har ordet

Stort engasjement, omstilling og nye oppgåver prega 2019
Korleis oppsummerer vi eit år? I dette tilfellet 2019?
Vi kan begynne med å vise til samfunnsoppdraget vårt. Vi har mellom anna:
- levert tenester til innbyggarane i fylket. Reparert tenner, undervist elevar i vidaregåande skole, levert kulturtenester, drifta kollektivtrafikken med buss og ferjer på kryss og tvers i heile regionen.
- forvalta oppgåver på vegner av staten. Delt ut løyve til akvakultur, forvalta vassdrag og sjøareal, følgt opp plan og bygningsloven, delt ut drosjeløyve, drive kulturminnevern, forvalta hjortebestanden. og ikkje minst funne det som kan vere eit vikingskip.
- bidratt til å utvikle regionen med våre samarbeidspartar. Utvikla ei digital gründerteneste, sett i gang med innovative bruløysingar, lansert berekraftsfylket, tatt initiativ til å bygge opp eit forskingsmiljø i Kristiansund. Vi er godt i gang med prosjekta Omstilling av organisasjonen mot 2020 og Møre og Romsdal 2025, det første for å omstille og utvikle organisasjonen, det andre for å bidra til betre utvikling og samarbeid mellom offentlege etatar i fylket. To sider av same sak: begge handlar om å tilpasse seg regionreforma og dei nye oppgåvene som følger med og ein ny og krevjande økonomisk situasjon.
- gjennomført val, fått på plass eit nytt fylkesting med nye og gamle fylkestingspolitikarar og fått ein ny fylkesordførar.
Men det er heller ikkje til å kome i frå, at 2019 var eit krevjande år. Vi har blitt sett på prøve av fleire grunnar:
2019 var året då Møre og Romsdal bestod som eigen region, medan dei fleste av dei andre fylka slo seg saman, og vi fekk ei rekke nye oppgåver frå staten. Vi har mellom anna planlagt for å kunne ta over drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane frå Statens vegvesen.
Vi starta bygginga av Nordøyvegen, og vi oppdaterte ferjeflåten vår, med nye kontraktar på el-ferjer, utan at vi fekk tilstrekkeleg finansiering frå staten. Og oppå der, etterslep av vedlikehald på fylkesveg, sikring av tunnelar, oppdatering av kaier etter nye miljøkrav. For å nemne noko.
Opp i dette, var 2019 eit godt økonomisk år for fylkeskommunen. Det var stang inn på det meste. Vi klarte å halde driftsnivået innanfor budsjettrammene, vi fekk større auke i skatteinntekter enn budsjettert, meirinntekter på finansområdet, auke i fondsavsetning og på tampen av året kom tunnelsikringsmidlar frå staten. Dette har gitt oss eit økonomisk resultat som gjer at vi står litt betre rusta til dei utfordringane som ligg framføre oss.

Ottar Brage Guttelvik, fylkesrådmann