Kultur
Kunnskapsgrunnlag og kompetansebygging har vore sentrale fokusområde for kultur i 2019. Det er innhenta kunnskapsgrunnlag innanfor bibliotek, kulturelle og kreative næringar, anleggsutvikling, kulturarv og frivilligheit. Desse har ført til fleire store og tverrgåande forskings- og utviklingsprosjekt som vil gå over dei neste 10 åra. Eksempel på kompetansebygging er kurs for frivillig sektor og leiarutviklingsprogram i folkebiblioteka i kommunane.
Visste du vi 2019 har behandla om lag 1000 søknader om økonomisk støtte?
Resultat og aktivitetar
Måleindikator | Mål for 2019 | Resultat for 2019 |
---|---|---|
Frivillige lag og organisasjonar skal skape mangfald og engasjement i lokalsamfunna | ||
Alle fylkeskommunale tilskot på ramme 57 er tildelt innan utgangen av september 2019 | Ja | Ja |
Utvikle, formidle og ta vare på kulturarven som kjelde til oppleving, kunnskap og bruk | ||
Prosjekt "Ein bit av historia" -innhenting av eksterne midlar | 2,0 | 1,65 |
Plan for etablering av eit kystpilgrimssenter i Møre og Romsdal | Ja | Ja |
Kunst og kulturformidlinga skal vere allsidig, kunnskapsbasert, av høg kvalitet for alle | ||
Salg av billettar til DKS-opplevingar (Den kulturelle Skolesekken) | 46 000 | 99 000 |
Kulturrabatt for ungdom -refundering av billettar | 20 000 | 13 042 |
UKM- fylkesfestival skal vere blant dei fem største i landet | 5 | 3 |
Auke i talet på deltakarar innanfor felta visuell kunst og film på UKM- fylkesfestival | 20 % | 17 % |
Arrangere Fylkeskulturkonferanse med tema barn og unge | 80 | 90 |
Nærmiljø og lokalsamfunn skal fremme god psykisk og fysisk helse | ||
Møre og Romsdal skal vere blant dei 10 fylka med høgast tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fys. aktivitet | 10 | 6 |
Godkjente mottekne søknader om spelemidlar skal minst vere: | 80 % | 84 % |
Talet på godkjente søknader som har fått tildelt midlar | 45 % | 54 % |
Biblioteka skal vere aktive formidlarar av kunnskap og kultur, ein uavhengig møteplass og debattarena | ||
Leiarutviklingsprogram for kommunale bibliotekleiarar er gjennomført | 15 | 18 |
Det er gjennomført minst eitt kurs i nye formidlingsformer for bibliotektilsette | 1 | 2 |
Bibliotekdagane er gjennomført, med deltaking frå alle kommunane | 35 | 25 |
Dette jobba vi med i 2019:
- Verkemidla på kulturområdet stimulerer til ønska samfunnsutvikling og gode kulturtilbod til innbyggarane. I 2019 er det arbeidd systematisk for å bevare og styrke rammevilkåra til kunst- og kulturinstitusjonar, frivillige lag og organisasjonar.
- Møre og Romsdal skal vere eit inkluderande samfunn der det blir lagt til rette for like moglegheiter for alle å delta i kulturlivet. I 2019 er det prioritert psykisk helse, rusførebyggande arbeid og tilkomst til kulturarrangement (tilgjengelighetsmerke).
- Eldresatsinga gir dei eldre ei tydleg stemme i samfunnsdebatten. Dei vil vere ein viktig ressurs i utvikling av gode samfunn i åra som kjem. I 2019 er det gjennomført opplæring av nye representantar i eldrerådet. Eldrekonferansen hadde 116 deltakarar med overordna tema "Leve heile livet".
- Vedtatt ny sjekkliste for ung kunst og kultur i Møre og Romsdal. Den har ti sjekkpunkt for evaluering av det offentlege sitt arbeid med kunst og kultur for, av og med barn og unge.
- Resultata frå ringverknadsanalysen på kulturområdet viser at fylket sine kunst og kulturinstitusjonar bidreg til samfunnsbygging og økonomisk verdiskaping i kulturelt og tradisjonelt næringsliv.
- Fylkeskommunen har i 2019 førebudd seg på nye oppgåver som følgje av regionreforma med verknad frå 2020. Dette gjeld fagområda friluftsliv, folkehelse, kulturminnevern og frisklivsentralar. Frå 2021 kjem det ytterlegare oppgåver frå kulturdepartementet.
- I 2019 har vi fortsett arbeidet med å systematisere og modernisere kulturhistoriske arkiv. Fleire arkiv er digitalisert, det er utarbeidd arkivplan og det er etablert ein pilot knytt til innsyn som kan integrerast med nasjonale løysingar.
- Tilstandsregistreringar knytt til Postvegen er gjennomført i Stranda, Ørskog, Vestnes, Surnadal, Tingvoll. Arbeidet har starta opp i Molde og Gjemnes. Det er eit mål at restaureringa skal finansierast gjennom løyve i Nasjonal transportplan.
- Det er starta utgreiing i samarbeid med Høgskulesenteret i Kristiansund (HIKSU) og Campus Kristiansund om kulturutdanning ved Campus i 2022.
- Som deltakar i eit fleirårig nasjonalt program for folkehelse i kommunane, fekk fylkeskommunen tildelt 2,43 mill. kroner for 2019 til satsinga med tema «Frå utanforskap til innanforskap». Midlane blir tildelt gode prosjekt i kommunane.
Visste du at morotur.no i 2019 hadde 740 000 sidevisningar?
Økonomi
Netto driftsramme til kultur var på 132,07 mill. kroner. Av desse var 91,82 mill. kroner brukt til kulturtilskot. I tillegg til driftsramma forvalta avdelinga statlege verkemidlar på 118,22 mill. kroner til regionalt utviklingsarbeid. Mellom anna:
- 103,35 mill. kroner i tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, lokale kulturbygg, Kultursekk i grunnskule og vidaregåande skule.
- 3,9 mill. kroner til tilrettelegging og sikring av friluftsområde
- 5,9 mill. kroner til fredag bygg og anlegg og verdsarv
- 1 mill. kroner til verdiskapingsprosjektet «Ein bit av historia»
- 1,64 mill. kroner i mindre prosjekttilskot (Nasjonalbiblioteket, Riksantikvaren (BARK/BERG), Norsk Sjømatråd (Fiskesprell)
- 2,43 mill. kroner til folkehelseprogrammet – «frå utanforskap til innanforskap»
I tillegg har avdelinga inntekter knytt til Kultursekken, Møremusikarordninga og arkeologi på omlag 16,25 mill. kroner.
Satsingar i 2020
Vi skal:
- vedta temaplan for utvikling og styring av frivilleg sektor i Møre og Romsdal
- arbeide for etablering av kunstfagleg utdanning ved Campus Kristiansund
- fremje inkludering og mangfald i kunst- og kulturlivet