Note 20 Overføring av SAMS vegadministrasjon til fylkeskommunen
Fylkeskommunane har ansvaret for alle fylkesvegoppgåver etter veglova. Gjennom SAMS vegadministrasjon har fylkeskommunane nytta seg av Statens Vegvesen (SVV) for å utføre dei fleste av sine fylkesvegoppgåver. I forbindelse med regionreform, gjeldande frå 1.1.20, vedtok Stortinget at ordninga med SAMS vegadministrasjon skulle opphøyre, og fylkeskommunane overtok sjølv oppgåvene som tidlegare blei utført av SVV.
I statsbudsjettet for 2020 (Prop. 1 S Tillegg 1 (2019-2020)) har fylkeskommunen fått ei rammeauke på 84,767 mill. kroner. Dette skal dekke kostnadane knytt til overføring av SAMS vegadministrasjon frå Statens Vegvesen til fylkeskommunane. Auka er berekna å utgjere 76 stillingar til ei årsverkskostnad på 1,115 mill. kronar. Konsulentkostnadar og omstillingskostnadar er ikkje finansiert i rammeauka, og er derfor ei underfinansiering av reforma. Rammeaukinga skal finansiere dei tilsette som jobbar med drift og forvaltning av fylkesveg. Tilsette knytt til investeringar har fylkeskommunen dekka sjølv gjennom belastning av timekostnadar frå SVV på investeringsprosjekt.
Tilsette er overført til fylkeskommunen dels gjennom ei verksemdsoverdraging og dels gjennom tilsetting etter ei mønsteravtale, via utlysing først internt i SVV, så i den opne marknaden.
Rekneskapsmessig oppgjer:
I forbindelse med overtakinga har fylkeskommunen overtatt ein del eigedelar knytt til vegadministrasjonen. Eigedelane er antatt å ikkje ha ein vesentleg verdi, og er ikkje ført inn i fylkeskommunen sitt rekneskap.