Kultur
Kulturavdelinga har arbeidd systematisk med kompetanseheving og kunnskapsinnhenting i 2020. Som grunnlag for å utarbeide fylkesstrategi for kultur, er det innhenta kunnskap om frivilligheit, kulturarv, kunst og kulturformidling. Det er retta eit særleg blikk på barn og unge og på behovet og moglegheiten for å etablere utdanning innan kulturområdet. Mangfald, inkludering og deltaking har vore eit satsingsområde i 2020 med tiltak innanfor kunst- og kulturformidling, folkehelse og bibliotekfeltet.
Visste du at vi fordelte 88 millionar kroner til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet i 2020? Dette er ny rekord.
Resultat
Frivillige lag og organisasjonar skal skape mangfald og engasjement i lokalsamfunna
Frivillig engasjement er sjølve føresetnaden for fylket sitt kulturliv. I 2020 er det arbeidd med fylkesstrategi for kultur, der frivillig sektor vil inngå som eit eige kapittel. For å sikre medverknad frå sektoren er det i 2020 arrangert innspelsrundar for kommunane og frivillige lag og organisasjonar i fylket. Det er også gjennomført eit digitalt kompetansehevande kurs for frivillige organisasjonar om korona og kva konsekvensar det kan ha for frivilligheita.
Utvikle, formidle og ta vare på kulturarven som kjelde til oppleving, kunnskap og bruk
Møre og Romsdal har ei rik kulturhistorie, og kulturarven er viktig for å bygge identitet, fellesskap, skape attraktivitet og som grunnlag for næringsutvikling. I 2020 har historiske vegar vore i søkelyset. Det er mellom anna gjennomført ei moglegheitsstudie for den Trondhjemske Postveg gjennom Møre og Romsdal. Sluttrapporten frå arbeidet får form som ei interaktiv nettside, der kvar kommune får si landingsside. For å bidra til utvikling av postvegen er det lyst ut tilskotsmidlar til tiltak langs vegen, med søknadsfrist i 2021.
Vidare er Regionalt Kystpilegrimssenter på Smøla etablert som ein del av Stiftinga Nordmøre museum. Senteret er eit av fire regionale pilegrimssenter mellom Rogaland og Trondheim langs Kystpilegrimsleia. Etableringa er gjort i samarbeid med Trøndelag fylkeskommune, og senteret vil ha ansvar for ti nøkkelstader i begge fylka.
Kunst- og kulturformidlinga skal vere allsidig, kunnskapsbasert, av høg kvalitet og for alle
Møre og Romsdal har eit variert kulturliv, og mangfald og inkludering har vore viktige satsingsområde i 2020. Hausten 2019 vart det lyst ut midlar til publikumsutviklingsprosjekt i folkebiblioteka og kunst- og kulturinstitusjonar. Arbeidet vart følgt opp i digitale nettverksmøte i 2020, og prosjekta blir vidareført i 2021. Kultur for barn og unge har eit eige kapittel i den nye fylkeskulturstrategien, for å sikre relevante tilbod til denne aldersgruppa.
Som eit ledd i satsinga på ei kunnskapsbasert kunst- og kulturformidling, er det i 2020 arbeidd med å etablere tilbod om ei kunstfagleg utdanning ved Campus Kristiansund. Det er gjennomført to kartleggingar, og det blir jobba med å utvikle nye gjennomgåande utdanningsløp innan digital formidling. Det er og gjennomført eit forprosjekt for etablering av eit regionalt kompetansesenter for dans ved Operaen i Kristiansund. Arbeidet er noko forsinka på grunn av covid-19.
Visste du at vi vedtok og fordelte 22 millionar i tiltakspakke til kulturlivet under koronapandemien?
Nærmiljø og lokalsamfunn skal fremme god fysisk og psykisk helse
Det viktigaste folkehelsearbeidet skjer i lokalsamfunna, der vi lever våre liv og legg grunnlaget
for helsa vår. I 2020 er det inngått nye samarbeidsavtalar om folkehelsearbeid med 23 av 26 kommunar i fylket, og gjennom Program for folkehelsearbeid i kommunane 2019-2024 har fem kommunar fått tilskot til folkehelsetiltak.
Gode moglegheiter til fysisk aktivitet i nærmiljøet er viktig for å auke aktiviteten i grupper som er inaktive. Det er utarbeidd og vedtatt ein ny anleggspolitikk, som prioriterer nærmiljøanlegg, friluftlivsanlegg og mangfald i anlegg og aktivitetar. I prosjektet Jenteløftet har vi sett søkelys på utvikling av klubbar som har ein heilskapleg strategi for rekruttering til og utvikling av jentefotballen.
Biblioteka skal vere aktive formidlarar av kunnskap og kultur, ein uavhengig møteplass og debattarena
Biblioteka skal vere ein formidlar av kunnskap og kultur, ein stad for oppleving og inkludering, ein offentleg debattarena og møteplass. Eit ledd i det arbeidet har vore kompetansehevande kurs innan litteraturformidling til bibliotekstilsette, og å teste nye former for litteraturformidling i biblioteka. I 2020 har det mellom anna vore gjennomført kurs i barnebokbad, formidlingsturné for barnehagebarn, forfattarturné for vaksne, samt fleire leseleiarkurs i prosjektet Litterære pusterom –Shared Reading for større livskvalitet. Leseleiarkursa er ein god arena for rekruttering av frivillige.
Vi jobbar med å utvikle biblioteka som ein stad for oppleving, inkludering og deltaking. I denne samanhengen har det vore gjennomført tre webinar om publikumsutvikling i biblioteka, samarbeid og nettverksbygging og arrangørkompetanse for bibliotekstilsette i fylket.
Måleindikator | Mål for 2020 | Resultat for 2020 |
---|---|---|
Frivillige lag og organisasjonar skal skape mangfald og engasjement i lokalsamfunna | ||
Vedta temaplan for frivilligheit i 2020 | Vedta | Ikkje vedtatt |
Utvikle, formidle og ta vare på kulturarven som kjelde til oppleving, kunnskap og bruk | ||
Ferdigstille moglegheitsstudie for den Trondhjemske Postveg | Ferdigstille | Ferdigstilt |
Etablere regionalt kystpilegrimssenter i Møre og Romsdal | Etablere | Etablert |
Kunst og kulturformidlinga skal vere allsidig, kunnskapsbasert, av høg kvalitet for alle | ||
Gjennomføre nettverkssamlingar for profesjonelle kunst- og kulturinstitusjonar | 2 | 0 |
Inngå avtale med FOI-institusjonar om utvikling av nye utdanningstilbod innan kunst, kultur og kreative fag ved Campus KSU. | 2 | 1 |
Auke i tildeling av midlar frå Kulturrådet til kunstnarar og kunst- og kulturinstitusjonar i Møre og Romsdal | 8,8 % (tildelingsprosent) | 5,4 % |
Forprosjekt for etablering av regionalt dansesenter ved Operaen i Kristiansund er ferdig. | Ja | Nei |
Nærmiljø og lokalsamfunn skal fremme god fysisk og psykisk helse | ||
Inngå samarbeidsavtalar med kommunane om folkehelsearbeid | 23 | 23 |
Tildele midlar til programkommunar «Program for folkehelsearbeid» | 4 mill. kr | 4 mill. kr |
Auke tildelinga av spelemidlar til friluftslivsanlegg | 13 % | 8 % |
Auke talet på godkjente søknadar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet | 85 % | 93 % |
Biblioteka skal vere aktive formidlarar av kunnskap og kultur, ein uavhengig møteplass og debattarena | ||
Tilby kompetansehevande tiltak for tilsette i folkebiblioteka | 20 | 11 |
Auke talet på arrangement i biblioteka | 15 per 1000 innbyggar | 10 per 1000 innbyggar |
Økonomi
Netto driftsramme var på 148,2 mill. kroner. Av desse var 114,1 mill. kroner i kulturtilskot. I tillegg forvaltar avdelinga statlege verkemidlar på 126,7 mill. kroner til regionalt utviklingsarbeid:
- 104 mill. kroner i spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, lokale kulturbygg og den kulturelle skolesekken i grunn- og vidaregåande skole.
- 5,4 mill. kroner til tilrettelegging og sikring av friluftsområde
- 8 mill. kroner til freda bygg og anlegg, verdsarv, fartøyvern og lokale kulturminneplanar
- 5,5 mill. kroner til folkehelseprogrammet og frisklivssentralar
- 2,8 mill. kroner i mindre prosjekttilskot (Nasjonalbiblioteket, Norsk sjømatråd, Norsk scenekunstbruk, Kulturtanken mm)
- 1 mill. kroner til verdiskapingsprosjektet Ein bit av historia
Avdelinga har også inntekter knytt til Den kulturelle skolesekken, feltarkeologi og møremusikarordninga på 19,7 mill. kroner
Satsingar i 2021
Vi skal:
- Utarbeide og vedta ny fylkesstrategi for kultur
- Etablere programmet digiTALT - med fokus på ungdom, utdanning og digitalisering
- Sette tydelege krav til og vere pådrivar for val av miljøvennlege løysingar for gjennomføring av aktivitet i Den kulturelle skolesekken.
- Gjennomføre og formidle resultat frå folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal
- Gjennomføre tiltak og vidareutvikle verdiskapingsprogrammet Ein bit av historia.