Fylkeskommunedirektøren har ordet

2020 har vore det mest spesielle og utfordrande året i moderne tid. Aldri har vi stått ovanfor ein så stor og verdsomfattande pandemi, og aldri før har det vore sett i verk så store og inngripande tiltak.
Pandemien og dei inngripande tiltaka førte til at vi over natta måtte legge om og tilpasse den fylkeskommunale tenesteproduksjonen. Smitteverntiltaka har mellom anna ført til at vi i periodar har hatt digital undervisning, heimekontor, redusert behandlingstilbod i tannhelsetenesta, redusert kapasitet og inntektsbortfall i kollektivtrafikken, og digitale møte for det folkevalde nivået.
Sjølv om året har vore krevjande, har det likevel skjedd mykje positivt:
- Samanlikna med resten av landet har vi prosentvis flest elevar som fullførte og bestod sist skoleår, og vi ligg også over landssnittet for gjennomføring av det vidaregåande skoleløpet. Færre elevar sluttar - og fleire unge får lærekontrakt.
- Fylkeskommunen har gjennom regionreforma fått fleire nye ansvarsområde; ansvar for fylkesveg og nye oppgåver innan både kulturfeltet og kompetanse- og næringsområdet. Samtidig har vi levert og tilpassa eit godt tenestetilbod innan vidaregåande opplæring, tannhelse og kollektiv. Vi har arbeidd aktivt for å etablere 40 fylkeskommunale arbeidsplassar, som er ein del av satsinga vår i Campus Kristiansund.
- Vi har hatt god framdrift på utbygginga av Nordøyvegen, og vi har starta opp det omfattande rassikringsprosjektet Korsmyra - Indreeide.
- Gjennom prosjektet «Omstilling 2020» har vi som organisasjon gjennomført store endringar for å tilpasse oss eit berekraftig driftsnivå, og vidareutvikle organisasjonen vår, noko vi allereie no ser resultat av. Som følge av regionreforma og nye oppgåver har vi fått nesten 140 nye medarbeidarar.
Rekneskapstala for 2020 vitnar om at vi har klart oss godt gjennom dette utfordrande og spesielle året. Hovudårsaka er at vi har fått ekstra overføringar frå staten, vi har fått overført midlar for å dekke opp mellom anna inntektsbortfall i kollektivtrafikken, kompensasjon i vidaregåande opplæring og stimuleringsmildar til andre (BIO, kompetanse, lærlingtilskot og karriererettleiing). Dette gir eit netto driftsresultat på 47,1 mill. kroner i 2020, noko som utgjer 0,7 prosent av fylkeskommunen sine totale inntekter.
Sjølv om vi ikkje har nådd måltalet om eit netto driftsresultat på 2 prosent, er dette likevel eit godt resultat i ei utfordrande tid for fylkeskommunen.
Koronapandemien har vist at endring kan vere utfordrande, men ikkje umogleg. Erfaringane frå 2020 skal vi ta med oss vidare, og vi må tru at dei har gjort oss som fylkeskommune både sterkare og meir robuste.

Ottar Brage Guttelvik, fylkeskommunedirektør