ÅRSRAPPORT 2020

Organisasjonsutvikling

Omstilling av organisasjonen

For å tilpasse tenesteproduksjonen og rolla som utviklingsaktør, til dei økonomiske rammeendringane som kjem dei komande åra, har fylkeskommunen gjennomført eit omfattande omstillingsprosjekt. Prosjektet Omstilling 2020 vart fullført i 2020.

Fylkestinget behandla rapport for siste fase i prosjektet oktober 2020. Rapporten kan du laste ned som pdf.

Nokre av resultata etter prosjektet:

  • Økonomien er tilpassa eit berekraftig drifts- og investeringsnivå
  • Det er fastsett ny administrativ organisering for å nå fastsette omstillingsmål og kunne ivareta ansvar for nye oppgåver i samband med regionreforma. Organiseringa finn du på mrfylke.no
  • Fylkestinget har i oktober 2020 vedtatt ein ny organisasjonsstrategi. Strategien blir følgt opp av arbeids- og referansegrupper som arbeider med ulike til tiltaksområde.
  • Det er etablert 40 fylkeskommunale arbeidsplassar i eit tverrfagleg miljø i Kristiansund, ein forløpar til Campus Kristiansund.
  • Det er føretatt justeringar av skole- og tilbodsstrukturen for den vidaregåande opplæringa
  • Fagerlia vgs og Ålesund vgs blir slått saman til ein skole
  • Fylkesvegadministrasjon er overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunen
  • Det er fastsett ny klinikkstruktur i tannhelsetenesta
  • Fagskoletilbodet blir samla i ein fagskole

Organisasjonsstrategi

Organisasjonsstrategien skal medverke til enklare styring gjennom tydelege grep for heilskapleg og berekraftig verksemdstyring. Samfunnsoppdraget, visjon og verdigrunnlag, samt prinsippa for utvikling av ein lærande organisasjon er berebjelkane i strategien. Her kan du laste ned strategien som pdf.

Organisasjonsstrategien er den felles plattforma vår for korleis vi som organisasjon skal løyse samfunnsoppdraget vårt best mogleg, slik at vi når måla i den regionale planstrategien (RPS) og FN sine berekraftsmål.

I strategien omtalar vi:

  • Visjon og verdiar
  • Plansystem og verksemdstyring
  • Organisasjons- og tenesteutvikling
  • Leiar- og medarbeidarskap i ein lærande ein organisasjon
  • Arbeidsmiljø og HMS

Visjonen vår om at vi skal vere ein tydeleg medspelar er vidareført.
Verdigrunnlaget vårt er: Møre og Romsdal fylkeskommune er ein lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Vi står no framfor nye og spennande satsingar for å vidareutvikle organisasjonen og bygge felles kultur og identitet. Mellom anna blir det etablert eit program med fleire delprosjekt for utvikling av nye digitale arbeids- og samhandlingsformer.

Kompetanseutvikling

Strategisk kompetansestyring inneber ein målretta og heilskapleg satsing på kompetanse, med vekt på planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak for å sikre organisasjonen og den enkelte medarbeidar nødvendig kompetanse for å nå definerte mål.

På grunn av smitteverntiltaka er det gjennomført færre opplæringstiltak enn tidlegare år. Mange planlagde kurs og konferansar har enten blitt utsett eller avlyst. Dette har også utfordra organisasjonen på nye metodar for opplæring der sosial distanse må ivaretakast. Det er utvikla og gjennomført fleire nye kompetansetiltak gjennom digitale samlingar og webinar. Det har også vore brukt hybridløysingar der digitale samlingar har vore kombinert med fysiske samlingar i mindre grupper. Utrulling av Microsoft 365 har vore svært viktig for å ivareta oppgåveløysinga og bidratt til utvikling av nye digitale samhandlings- og opplæringsformer.

HMS

I den nye organisasjonsstrategien er det lagt vekt på eit heilskapleg arbeidsmiljø- og HMS-perspektiv, eit systematisk arbeid som tar opp i seg alle faktorar som kan ha innverknad på arbeidsmiljøet til den enkelte tilsette. Formålet er å redusere negative belastingar i arbeidsmiljøet, og auke opplevinga av kompetanse og personleg meistring. Vidare skal arbeidet med arbeidsmiljø og HMS vere tilpassa dei ulike arbeidsmiljøa og ulike bransjane/yrkesgruppene i organisasjonen.

Smitteverntiltaka med Covid19 har i større grad ført til at arbeidsmiljøet har blitt meir individualisert, noko som har påverka tradisjonelle samhandlingsformer. Det er derfor nødvendig å ha meir merksemd på korleis nye samhandlings- og arbeidsformer påverkar den enkelte si helse, motivasjon og yteevne.

Rekruttering i fylkeskommunen

Dei nye rutinane for bemanningsplanlegging og behovsvurderingar-/analysar før eventuell rekruttering, som vart innført ved prosjektet Omstilling 2020, har vore vidareført også etter at prosjektet vart avslutta.

Fylkeskommunen fekk 126 nye medarbeidarar ved overføringa av fylkesvegadministrasjonen frå Statens vegvesen. Dei fleste kom frå Statens vegvesen, medan ein del vart rekruttert utanom. I tillegg til dette rekrutterte fylkeskommunen omlag 190 nye medarbeidarar i faste stillingar i 2020.

Lønsutvikling

I 2020 er det gjennomført lokale forhandlingar for tilsette i HTA kapitel 3 og 5, der all lønnsdanning skjer lokalt. Forhandlingsklimaet med organisasjonane er godt, og det vart ingen forhandlingsbrot. På grunn av koronasituasjonen vart det ein relativt låg årslønsvekst, som spegla det sentrale oppgjeret i kap. 4, med ei ramme på 1,7 %. Dei lokale partane vart samde om at alle lokale tillegg vart gitt som eit likt prosentuelt tillegg for dei tilsette om vart omfatta av tillegg. Intensjonen med det generelle tillegget er å oppretthalde kjøpekrafta for våre tilsette.

Gjennomsnittleg lønsutvikling i kap. 3 og kap. 5 vart på 1,7 prosent.

Partsamarbeid

Fylkeskommunen legg vekt på gode samarbeidstilhøve mellom partane i organisasjonen. Det er etablert mange møteplassar for informasjon, drøfting og samarbeid på ulike nivå i organisasjonen. Hovudsamarbeidsutvalet er arena for partane sentralt, og i 2020 vart 35 saker behandla i utvalet. I tillegg blir tillitsvalte og verneombod inviterte til å delta på viktige møteplassar som læringsnettverk, kompetansetiltak og i arbeidsgrupper for utforming av retningslinjer og organisasjonsutvikling.

Innkjøp- og anbodskonkurransar

Det er lagt ned store ressursar i arbeid med innkjøp/anbodssaker/bistand under oppfølging av store utbyggingssaker, samferdselssaker og arbeid med informasjonstryggleik for heile organisasjonen.
Innkjøpsseksjonen har i 2020 gjennomført omlag 120 enkeltanskaffingar på varer og tenester.

Kommunikasjon, digitalisering og teknologi

Elevane våre har i store periodar fått digital undervisning og mange tilsette har hatt heimekontor i tråd med nasjonale retningslinjer for smittevern. På kort tid vart store delar av samfunnet digitalt, og det har krevd bruk av både nye kommunikasjonsflater og arbeidsformer.

Like før pandemien vart Microsoft 365 rulla ut til heile organisasjonen, og funksjonane her har erstatta mykje av det som tidlegare var fysiske møteplassar. Sidan mars 2020 har både politikk og administrasjon tatt i bruk Teams og streaming for gjennomføring av møte.

Om lag ti skolar fekk lansert nye nettsider i 2020, og det blir jobba med å få til resten i første halvdel av 2021. Det er starta planlegging for å anskaffe eit digitalisert verksemdstyringsverktøy for økonomiplan, kommunale planer, rapportering, leiardialog og politisk.

2020 var eit oppstartsår for arbeidet med robotisering i organisasjonen. Det betyr ikkje at vi får ekte robotar som kollegaer. Vi snakkar her om programvarerobotar eller digitale medarbeidarar som kopierer menneskelege operasjonar i dataprogram. Prosessautomatisering gjennom programvarerobotar er eit godt alternativ for manuelle prosessar som ikkje krev menneskeleg vurdering. Det er også eit rimeleg alternativ når det er for ressurskrevjande eller ikkje mogleg å bruke tradisjonell IT for å utvikle integrasjonar mellom datasystem. Teknologiutviklinga går fort, og vi ser at bruk av ulike løysingar for automatisering aukar raskt overalt i offentleg sektor.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.